BGO-OSL (via FRA-MUC-BOS-ZUR): LH F og Swiss C

Tråd i 'Reisebrev' startet av oleredv, 26. nov 2022.

  1. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    847
    Likes mottatt:
    3,788
    Bonuspoeng:
    93
    I desse dagar er det ganske nøyaktig 3 år sidan eg var på egotrip til Mexico City t/r i LH F. Eg var også heldig og fekk tak i LH F når eg og madammen reiste til Tokyo i desember 2019. Sidan den tid har det å reise i LH F stått veldig høgt i kurs (naturlig nok) og tilgangen på seter post-pandemi har tilnærma virka fråværande for oss bonusnissar. Men for kort tid sidan blei håpet tent når @kjeeli på ekstremt kort forvarsel heiv seg rundt på LH424 til Boston i førsteklasse på jakt etter ny pysj.

    Eg sit allereie med tilgang til AF og EF og dermed begynte tankane å kverne på om det gjekk an å komme i same situasjon sjøl, og joda: Torsdag 24.11 framstod som ein veldig god kandidat; fram til 20.11 viste AF 5 seter ledig i F-kabinen og det var ingen seter booka. Natt til måndag 21.11 blei tilgjengeligheita auka til 7 seter (!) og då greide eg ikkje å holde meg lenger. Kasta meg på telefonen kl 09 og fekk kjapt svar om at joda, her var det ledig og tilgjengelig! Tida er nok ein gong kritisk då eg skal på hyttetur fredag kveld, så følgande rute blei booka:

    Tur: BGO-FRA-MUC-BOS,
    hhv i business og first hos Lufthansa.

    Bakkeopphold på ca 3,5 time i BOS

    Retur: BOS-ZRH-OSL. Første leg hos Swiss business og ZRH-OSL med SAS i Plus.

    Nokre høgdepunkt i forkant:

    • Etter å ha lest meg opp litt på 330'en til Swiss så var det tydelig at troneseta er dei ein skal sikte på. Eg var ikkje intressert i å betale for dette, men 48 timar før avreise var 6A framleis ledig så eg kapra dette. Trur det blir heilt supert!
    • Gate E10 som eg kjem til å både ankomme i og forlate USA i (sidan Lufthansa og Swiss deler på denne) tillet boaring direkte frå Lounge. Det må jo vere heilt knall!
    • Eg får kjapt besøkt Satellitt-terminalen i Zürich, så då eg jo innom Swiss sin senator-lounge der. Blir kjekt å sjekke ut sidan eg om drøye to veker også skal ein tur til Japan som går via ZRH.
     
    Last edited: 17. des 2022
  2. kjeeli

    kjeeli Veteran

    Innlegg:
    2,386
    Likes mottatt:
    25,576
    Bonuspoeng:
    183
    Så artig at du begynner å legge ut fra denne turen, satt akkurat å tenkte på hvordan turen gikk for deg :)
     
    oleredv liker dette
  3. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    847
    Likes mottatt:
    3,788
    Bonuspoeng:
    93
    Vi spolar fram til 24.11:

    Etter ei heller urolig natt med dårlig søvn på Comfort Hotel Flesland ringde alarmen kl 0400. Så då var det berre å komme seg ut døra ned på flyplassen.

    Flesland.jpg

    Tenkte det var greit å stikke innom innsjekkingsskranken berre for å avklare om det var noke dokumentasjon dei ville sjå. Dei kikka kjapt på ESTA og så var alt good to go. Ingen First Class mappe i denne omgang, men eg fekk boardingpass til heile turen i ein smell. Agenten kunne ikkje dy seg og spurte kva jobb eg hadde som medførte slike reiser, men eg kunne avkrefte at dette var jobbrelatert. Trur egentlig ikkje han blei så veldig mykje klokare :)

    Gjennom sikkerhet og inn på ein rolig og døsig Flesland. Tok ein kjapp sjekk på flight status i forkant av boarding og til mi store glede stod ankomstgate "ASW" i Frankfurt, noke som innebærer bussgate og dermed henting med bil som passasjer med firstclass billett.

    ASW.jpg



    Sjølve flyginga nedover til Frankfurt var relativt begivenhetslaus, vi var 4 stk i business, og relativt fullt i resten av kabinen. Kjapt og godt måltid blei servert og straks gjekk vi inn for landing. PS: Om noken i SAS leser dette. Sånn kan frukost leverast!

    LH_C.jpg

    Frokost.jpg
    Når vi nærma oss parkering observerte eg at det stod ei svart Porsche Cayenne klar. Sidan eg hadde 1A var eg først ut døra og sjåføren var på plass ved trappa så då var det berre å slenge seg inn.

    Porsche.jpg

    Sidan eg hadde i underkant av ein time transfer spurte eg om hans anbefaling FCT vs FCL og vi enda med at FCL var like greit. Så eg svinga innom den i 25 minutt før eg gjekk til flyet som skulle ta meg vidare til Munchen.
     
    Last edited: 17. des 2022
    kjeeli, Kristian, Kalsnes and 24 others like this.
  4. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    847
    Likes mottatt:
    3,788
    Bonuspoeng:
    93
    Flyet til Munchen var tilnærma fullt. Alle seta i Business var fulle og ellers var det lite spennande som skjedde bortsett frå at når vi nærma oss Munchen kom purser med ein beskjed om at eg skulle begi meg direkte til Førsteklasseloungen i terminalen, dette fordi den på satelitten er stengd. Vi hadde gate rett ved og parkerte ved sida av eit ørlite større fly frå EVA:

    EVA.jpg

    God service når dama i skranken strålande kunne konstatere at beskjeden var mottatt og eg blei ønska hjertelig velkommen. Her blei passet levert inn og førsteklassemappa blei levert ut. Kort tid etter at eg hadde funne meg ein plass var champagne på plass.

    FCL.jpg

    Eg fekk gjort unna litt arbeid før eg bad om å få lånt et dusjrom, viktig å vere representabel når ein er ute på tur!



    Etter dusjen var tatt så var det på tide med litt lunsj, og det måtte jo bli Schnitzel med ein god Riesling til.

    Schnitzel.jpg

    Verdt å bemerke at det no eksisterer eit valg av forskjellige poteter. Som den observante sjåar vil legge merke til har eg vore dramatisk nok til å velge vekk den opprinnelige potetsalaten med fries. "Excellent choice" som servitøren kunne bemerke :)

    På dette tidspunktet var det berre ein god halvtime igjen til det var på tide å begi seg til gate via toget som går ut til satelitten. På veg ut blei det ein hyggelig samtale med damene i resepsjonen før eg fekk med meg ei badeand med Porsche-tema. Dei ville opprinnelig gi meg den orginale (svarte), men eg sa at eg gjerne tok ei anna sidan eg har to sånne allereie. Så då blei det ei med Porsche-tema denne gongen.

    Badeand.jpg

    Sidan det er passkontroll i loungen så slepp ein unna ei hindring der og sjølve transporten gjekk raskt og effektivt unna. Ein kjapp sjekk av pass måtte dog uansett gjerast ved gate. Når eg ankom gate L21 kunne det konstaterast at flyet (D-AIHU) stod klart.

    340.jpg

    Ellers var det rimelig raskt ombordstigning og det viste seg at @hphp med reisefølge og meg var dei første som steig om bord.

    Litt komisk at døra var lukka når vi kom til flyet, men ikkje lenge etter så var vi om bord. Hyggelig å helse på dei medreisande og ekstra kjekt at F-kabinen var besatt av kun nordmenn og kun bonsjegarar. Ekstra hyggelig at @hphp hadde tatt med seg ei ekstra badeand frå FCT, det set eg veldig pris på!
    Badender.jpg

    Det tok ikkje lang tid før både champagne og nøtter var på plass på sedvanlig vis.

    LH_F.jpg

    Sjampis.jpg
     
    Last edited: 17. des 2022
    mathiasfe, kjeeli, Kristian and 30 others like this.
  5. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    847
    Likes mottatt:
    3,788
    Bonuspoeng:
    93
    Eg hadde sete 1A og erfarte fort at skjermen der var litt kranglete, den gjekk kun an å kontrollere via fjernkontroll og ikkje med touch, i tillegg var det ei utfordring med sjølve sete, når ein gjorde høgdejustering falt det berre ned i lavaste mulige høgde og einaste måten å få det opp igjen var å køyre ei slags nullstilling. Så det var mykje armar og bein der ei stund der 3-4 av betjeninga jobba iherdig med å få løyst problemet. Enda med at eg sat det var ikkje noke problem og at eg like godt kunne slenge meg nedpå i nabosetet om det skulle vere behov for det. Men det var tydelig at betjeninga blei stressa av det.

    Etter take off blei det fort servert Amuse Bouche med eit nytt glas med champagne før ein gjekk rett vidare på kaviaren. Her bad eg om vodka til, men var ikkje forberedt på å få 2dl rein vodka servert! Sidan det var i same type glas som vatnet blei servert førte det etterkvart til at det oppstod forvekslingar mellom vatn og vodka. Til slutt endte med at eg berre måtte sende den bort. Å bøtte i seg alt det ville uansett ikkje vere anstendigl

    Kaviar.jpg

    Vatn lengst bak til venstre, vodka i glaset til høgre.

    På dette tidspunktet hadde gutta på rad to starta å drikke på denne:


    2012 Château Cos Labory, Grand Cru Classé, Saint-Estèphe, Frankreich


    Hovedretten var allereie vald (biff), men før det blei alle forretane servert på mindre fat og etter å ha vore gjennom det så måtte eg be om å avvente litt med resten. Så det blei gjort ein avtale om at når eg var klar skulle eg gi beskjed, konge! Samtidig bad eg om å smake på denne Portugiseren (noke som passa bra sidan eg hadde eit halvt auge med Portugal-kampen i VM på det tidspunktet:

    2017 Vale D. Maria VVV Valleys, Christiano van Zeller, Douro, Portugal

    Mesterparten av fokuset var dog på solnedgongen ut vindauget.

    Stemning.jpg

    Etterkvart kom det til at biffen blei levert. Denne var dog ein liten skuffelse. Særdeles tørr og overstekt, åt halve og var i grunn solid mett etter det.

    Biff.jpg


    På dette tidspunktet hadde vi tre i F-kabinen køyrt ned eit par champagne-flasker og var godt i gang med 2. rødvinsflaska i tillegg til ei halv vodkaflaske. Stemninga var avslappa og god! Underveis i måltidet hadde eg noken små samtalar med det hyggelige reisefølget og etter å ha gjort ferdig middagen og kikka litt på Ronaldo tok eg mot til meg og stakk bak til gutta på rad 2. Endte med ei veldig trivelig samtale og etter meir vin, champagne og night-cap bestemte to av oss seg for å ta ein liten høneblund. Når eg vakna var det ca 1,5 time igjen til landing og betjeninga lurte på om eg var svolten. Måtte seie som sant var at det var eg ikkje, men fekk servert frukt og takka denne gongen nei til meir champagne.

    Kort tid etter var vi på bakken og eg hadde forventa at vi blei tatt i mot ved gate slik andre har erfart, men det blei vi ikkje. Så vi gjekk direkte til immigrasjonen på eiga hand.
     
    mathiasfe, kjeeli, Kristian and 31 others like this.
  6. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    847
    Likes mottatt:
    3,788
    Bonuspoeng:
    93
    I immigrasjonen vart det fort stilt ein del kritiske spørsmål til mitt 3,5 timer lange opphold i Boston og enden på visa vart at eg blei tatt inn til avhør hos politiet. Det kunne virke som ein ny opplevelse både for dei og meg, men når eg etterkvart fekk dei til å forstå kva det gjekk i blei det god stemning og eg blei ønske god tur vidare og dei beklaga ubehaget. Før immigrasjonen var planen opprinnelig at eg skulle slå følge med mine nye vennar for eit par drinkar på hotellet deira, men denne seansen hos politiet tok si tid, og vi hadde blitt adskilt undervegs også så eg endte med å få gitt beskjed via PM på forumet her at eg ikkje rakk planen vår og ønska dermed @hphp og reisefølget god tur vidare til Cancun dagen etter.

    Eg troppa opp i Swiss-skranken for å sjekke inn før turen gjekk smidig gjennom ein sikkerhetskontroll utan vidare kø. Eg vandra litt rundt på flyplassen før eg fann ut at eg like gjerne kunne oppsøke Lufthansa sin lounge. Denne som tidlegare nevnt i tilknytning til gate E10 som er den som Lufthansa og Swiss brukar fast til sine flygingar, og her kan ein boarde direkte. Når eg kom meg inn der så stod 340'en vi hadde komt med framleis ved gate.

    340en.jpg

    Boarding starta ikkje lenge etterpå og etter det blei loungen rimelig tom, det var kun ein handfull personar igjen og dermed veldig rolig. På dette tidspunktet var det ein stk nordmann som begynte å blir relativt seig i augeloka så løysinga blei å spankulere rundt samt fylle på med Cola og følge med på det intense dramaet som låg i kulissane og vaka.

    For mens Lufthansa låg an til å komme avågrde med sin avgang tilbake til München i rute så var Swiss-flyet frå Zurich (min returflight) ca 45 min tidlegare ute enn planlagt og akkurat i det 340'en til Lufthansa er blitt pusha ut til vanlig plass og tug'en er på veg til å bli kobla til så rundar 330'en til Swiss hjørnet og blir ståande. Her var det altså ein situasjon der hverken 340'en ville komme seg ut og 330'en ville ikkje kunne komme seg inn til gate. Så litt hektisk aktivitet på bakken med febrilsk gestikulering og koordinering så blei i allefall løysinga å få pusha 340en et godt stykke lenger bak. Dermed fekk Swiss parkert og komt seg ut av veien og Lufthansa kom seg avgårde som normalt.

    330.jpg

    Sjølve loungen i Boston var ikkje det heilt store å trakte etter. Maten var under middels, men dei hadde betjent bar og rikelig med plass. Også pluss for god utsikt til det som foregikk på bakkenivå, og ikkje minst direkte boarding frå lounge. Etterkvart var ein klar for boarding så då var det berre å komme seg forbi ansiktsgjenkjenninga og så var det å begi seg om bord og finne 6A.

    6A.jpg

    Som nevnt lenger oppe var dette eit av troneseta som eg karra til meg 2 dagar før avreise. Heilt foran på høgresida. Sjølve setet var behagelig og det er godt med armrom rundt deg, og god beinplass. IFT-skjermen var ikkje det heilt store og det skorta gjerne litt på lagringsplassen også. Kabinen var ca halvfull i biz og det var vel inntrykket mitt av heile flyet både til og frå Boston også; belegg på 50-60%.

    Etter å ha komt på plass i setet blei det straks levert ut champagne. For min del var eg såpass trøtt no at eg gav beskjed om at eg stod over "kvelds" og bad heller om å bli vekt til frukost. Swiss er i grunn fine sånn sett med at dei leverer ut bestillingsskjema på frokost så då fyller ein berre inn det ein ønsker og så blir det levert når ein er klar for det. Eg rigga meg til i liggemodus umiddelbart etter at setebelte-skiltet blei skrudd av og sov gjennom heile natta. Einaste gongane eg var delvis våken var i litt turbulens undervegs.

    Swiss.jpg

    Så rundt kl 09 norsk tid blei eg vekt og etter eit kjapt besøk på badet blei det servert ein god frokost. Pluss i margen for å kunne velge varm sjokolade å drikke, kanskje ikkje anna å forvente sidan det tross alt er eit sveitsisk selskap. Måltidet blei avrunda med ei Lindt-kule og det går rett heim her i gården.

    Lindt.jpg

    Og så her landa vi godt (ca 40 min) før tida. Dermed blei det god tid til å besøke Swiss sine utmerka lounger på satellitt-terminalen (E-gates). Litt lett lunsj litt flyspotting og ein dusj seinare var det på tide å begi seg med toget til hovudterminalen.

    ZRH.jpg

    Finalen på denne reisa stod SAS for der dei enkelt og greit frakta meg tilbake til Oslo og endemålet for denne reisa.

    SAS.jpg


    Avreise frå Bergen 24.11 kl 0600, touchdown i Oslo var då fredag 25.11 kl 1530. Kanskje ikkje den mest effektive turen, men veldig komfortabel!

    Benytta poeng på reisa var 76250 og ein CT. Det kosta drøyt 2400 kr i avgifter.
     
    mathiasfe, kjeeli, Kristian and 31 others like this.
  7. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    847
    Likes mottatt:
    3,788
    Bonuspoeng:
    93
    Oppsummert:
    • Bakketilbudet som reisande i Lufthansa F er framleis heilt rått. Både Lounger i Frankfurt og München leverer og gutta som hadde vore innom FCT i Frankfurt kunne berette om det samme. Eg var også heldig å få køyre Porsche i Frankfurt, så berre det set ein spiss på det heile.
    • Servicen om bord var som alltid veldig korrekt og bra. Vi hadde ei flyvertinne som var litt yngre og ho var nok medvirkande til at det blei litt meir laussluppent enn det gjerne kan vere med dei litt eldre tyske. No følte nok vi oss veldig fort varme i trøya sidan vi var tre nordmenn om bord og det var ingen andre. Det kunne nok fort blitt ei anna stemning med andre passasjerer om bord, og kanskje spesielt tyske medreisande. Mi erfaring er at dei gjerne får endå eit hakk bedre service pga tilhørighet eller språk.
    • Skal eg pirke på noke når det gjeld Lufthansa så virka flyet vi hadde litt slitt. Det var problem med fleire IFT-skjermar og fleire seter. Maten var heller ikkje heilt det store. Eg blei litt skeptisk når eg bad om å få biffen og den blei levert 4 min etter. Når den så kom så var den stekt "i hjel" og skal eg vere kresen så hadde eg forventa bedre enn dette.
    • Sjøl om eg ikkje "maksa ut" Swiss sitt produkt så sit eg med eit veldig godt inntrykk. God mat (det eg hadde), godt sete og god service. Behagelig flyging og å stoppe nokre timar i loungen i Zürich for å kike utover ankommande fly slår ikkje feil for ein flynerd. Gler meg allereie til Japan-tur om to veker der Swiss skal frakte meg nedover (via ZRH).

    Til slutt gjenstår det å takke for turen! Spesiell takk til @hphp med reisefølge som var med på å gjere denne turen ekstra minnerik!
     
    mathiasfe, kjeeli, Kristian and 32 others like this.
  8. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    17,442
    Likes mottatt:
    62,249
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for reisebrev! Det er godt å se at det fortsatt er mulig å skaffe LH F, selv om man må være litt fleksibel. :)
     
  9. indahla

    indahla Flyr for lite...

    Innlegg:
    6,784
    Likes mottatt:
    21,893
    Bonuspoeng:
    293
    Godt å se det ikke bare er meg som har "utfordringer" med immigrasjonen ved korte bonusturer .. :p
     

Del denne siden