Då var vi stasjonerte på SilverKris loungen på T2. Det vart litt smådramatisk på siste halvdelen av turen. Både yngstemann og madammen kasta opp, men yngstemann er i det minste i brukbar form. 1t35min til avgang til MNL med ein 787 no.
Crewet til SQ var heilt fantastisk. Hjalp til med dei som var sjuke og var voldsomt ivrige på å få i meg både vått og tørt. Om lag som mi gamle bestemor var. Ho som stod for mesteparten av servicen fekk eit halvt kilo melkesjokolade. Det kom nok litt brått på ho, og ho takka både på flyet og då vi traff ho i terminalen etterpå. Utruleg god service.
Kort oppsummert var det igrunn berre setet eg hadde noko å utsetje på. Ein måtte bruke handa til å hjelpe til bak hovudstøtta for å hjelpe til når ein skulle justere mellom liggande og sitjande stilling, men det gjekk greit når ein fann ut av det. Det kunne og vore betre å sove i. Her er nok både SAS og United betre, men elles var det storsiger til SQ. Eg fekk «french toast» (arme riddere) til frukost og det var framifrå.
View attachment 118829
Vi får berre krysse dei kryssbare kroppsdelane vi har for at tilgongen på bonusbillettar til EB blir betre framover.
IFE var veldig bra. Fulle sesongar av some TV-seriar og rikeleg med filmar. Eg fekk sett 2,5 Indiana Jones-filmar.
Vis alt...