God torsdag frå Florøida. Her skin sola, det er rikelig med kaffi i koppen og eg har jammen fått ny telefon som eg skal fikle med å setje opp i kveld.
Elles er det eit stadig tilbakevendande tema i toppetasjen om eg skal ta med eldstemann på spontantur til USA i påska. Han fyller fem år andre påskedag og er allereie blitt veldig flyinteressert. Madammen meinar ei trampoline er ei høveleg bursdagsgåve. Hovudpersonen sjølv ynskjer seg eit nytt hus og ein live size søppelbil...
Last edited: 30. mars 2023