God morgon frå Aust-Finnmark!
Underteikna har vinterferie!
Reiseplanar? No skal du høyra...:
Plan A for inneverande veke var KRS og LYR. Etter at LYR viste til krav om negativ koronatest før innreise, gjekk eg i tenkeboksen. Norsk helsevesen har betre ting å ta seg til enn å testa meg som berre vil på ferie. LYR vart kansellert.
Plan B altså KRS og TOS (i staden for LYR), men så auka flaggermussjuka i KRS og eg mistenkte nedstenging. KRS vart kansellert.
Plan C medførte litt ekstra tid i TOS mot det plan B sa. No var planlegginga kome så tett opp til avreise at langtidsvarselet på Yr lovte +4 og striregn. Ikkje lenge etter dukka det opp nokre flaggermus, òg. TOS vart kansellert.
Plan D er reiseplanen som blir gjennomført: Heimeferie! Det trur eg ikkje at eg har hatt sidan 80-talet...
Sånn går no dagane...
Ha ein fin måndag, gode medforumistar!
Last edited: 01. mars 2021