Montenegro: Eit kloster, eit mausoleum og nokre gamle byar I mai var ein kamerat og eg innom Montenegro, eit land eg synst var ganske så fint. Dette blir ikkje noko grundig reisebrev, men heller nokre glimt frå dei ulike stadene vi var innom i løpet av den korte veka vi hadde på oss. Den observante lesar har kanskje fått med seg at eg har skrive nokre ord om ein stad som heiter Zjabljak. Det kan du lese meir om her. Dette skriveriet tar føre seg 'resten av landet'. Kanskje litt overflødig med eit kart, men eg liker kart Landet utgjer ein del av det gamle Jugoslavia og har fjell som ragar over 2 000 m.o.h. samt ei god kyststripe langsmed Adriaterhavet. Det går vel fly til eit par plassar i Montenegro, men frå Skandinavia er vel Dubrovnik i Kroatia lettast tilgjengeleg. Derifrå er det ikkje rare svippturen med bil før du er i Montenegro. Her kjem bilete frå noko av det vi såg rundt omkring. Tidlegare har eg skrive om Zjabljak som ligg oppe i fjella og ved Durmitor nasjonalpark. I dette reisebrevet blir det kloster, mausoleum og gamle byar som står i fokus. Dersom du er uthaldande, får du kanskje med deg ein forfriskande tur på sjøen til slutt. Ta deg ein bolle og gå i kloster! Omtrent 10–12 mil inn frå kysten ligg eit kloster som er hogd ut i ei fjellside. Dette er eit serbisk-ortodoks kloster som fungerer som eit pilgrimsmål for mange. Klosteret er bygd til ære for heilage Vasilije Ostrosjki og vart etablert på 1600-talet. Ostrog-klosteret (Manastir Ostrog), 900 m.o.h. Det er mogleg å køyre bil omtrent til klosterdøra, men vi parkerte lenger ned i fjellsida og tassa opp nokre ganske greie trappetrinn før vi kom opp til sjølve Ostrog. Nokre av eit utal trappetrinn på veg opp til klosteret Problemet med slike plassar er at det er ofte mykje folk her. Ein skulle kanskje tru at det var litt ro og fred ved eit kloster, men det var ganske hektisk stemning, spesielt inne i klosterforretninga der det nærmast kokte. Slikt er vanskeleg å finna ut av på førehand, men det var likevel spennande å sjå ein stad som ikkje er heilt A4. Ostrog-klosteret sett frå litt nedi dalsida Montenegro er full av hårnålssvingar Utsikten var heller ikkje upåklageleg. Utsikten frå Ostrog-klosteret utover dalen under Naar de døde vaagner Sidan vi først var på aparte stadar som ligg litt høgt over havet, kva var vel meir naturleg enn å ta turen til eit mausoleum som Montenegros statsleiar og nasjonaldiktar, Petar II Petrovitsj Njegosjev, fekk reist over seg? Inngangspartiet til passasjen som leier opp til Njegosjev-mausoleet Herr Njegosjev var prins-metropolitt i Montenegro frå 1830 til 1851. Han skal ha vore involvert i kampen for sør-slavisk sjølvstende frå Det osmanske riket og han var både filosof og poet. Særleg glad var han i fjella i Dalmatia og skreiv fleire dikt om desse, mellom anna om Lovtsjen-fjellet. Han ønskte at hans grav skulle bli bygd som eit mausoleum på ein topp like ved sitt høgt elska Lovtsjen-fjell. Som sagt, så gjort. Inngangspartiet til sjølve mausoleet Dette er visstnok Lovtsjen-fjellet som Njegosjev lovpriste i sin poesi Ein statue av Njegosjev og bilete av brosjyren som vi fekk låne under besøket Mausoleet sett frå baksida På sett og vis var dette ein merkeleg plass, men veldig fint. Mausoleet ligg midt i Lovtsjen nasjonalpark (eller Национални парк Ловћен med kyrilliske bokstavar) som er ganske så fint. Det er både mogleg å ta seg ein fottur eller berre køyre den halsbrekkande vegen opp frå eller ned til Kotorbukta. Her er det rundt tretti hårnålssvingar og undervegs ser du døden i kvitauga såpass ofte at du nesten blir vand til det. Naturleg nok har eg ingen bilete herifrå… Så til dei meir kystnære strøka Tre gamle byar: Sveti Stefan, Budva og Kotor Vi budde i Budva, men brukte mest tid i Kotor som ligg knappe timen unna i bil. Sveti Stefan kjem du berre inn i dersom du bur der, denne ligg eit drygt kvarter unna Budva. Som du kanskje forstår er ikkje avstandane i Montenegro spesielt store. Sveti Stefan Byen blir første gong omtalt på 1400-talet og på avstand ser det ganske fint ut der. Sidan vi ikkje budde der, kom vi ikkje nærmare enn stranda langsmed moloen ut til byen. Det var no eit par greie bilete ut av det. Og dersom du lurte, ordet sveti skulle ein kunne omsetja med heilag. Sveti Stefan Sveti Stefan Budva Med sine knappe 15 000 innbyggjarar er ikkje Budva særleg stort, men byen har ei historie som strekk seg 2 500 år tilbake i tid. I dag er det, som mange andre stader langs den montenegrinske delane av Adriaterhavskysten mange russiske turistar her. Det kan vel endra seg no sidan Montenegro nyss vart medlem av Nato. Mitt inntrykk av Budva er at det går fint an å hoppe over eit besøk til denne byen, men dersom eg skal vere ærleg, gav eg vel aldri byen ein sjanse sidan vi var der omtrent berre på natta for å sove. Gamlebyen i Budva Gamlebyen i Budva
Kotor Inst i Kotorbukta ligg ein by som står på Unescos verdsarvliste med ei historie tilbake til år 168 før Kristus, nemleg Kotor. Gamlebyen i Kotor er større enn den i Budva, men mindre enn den i Dubrovnik, til dømes. Eg synst det var ganske fint her. Vi gjorde det obligatoriske då vi svinsa innom Kotor: Klatra opp til festningen over byen, trødde rundt i gamlebyen og åt mat. Med andre ord heilt greitt. Gamlebyen i Kotor Viktig å dingle med beina når ein kan Når du går opp til festningen over byen, ver obs på at det er eit godt stykke. Eg hadde med vatn frå butikken. Det er mogleg å kjøpe vatn på veg oppover, men prisen blir stivare og stivare etter kvart som mjølkesyra og varmen gjer seg gjeldande. Utsikten frå festningen utover Kotorbukta I Kotor er det trongt om plassen. Når det kjem gigantiske cruiseskip innom har heile byen ein tendens til å kollapse. Samstundes er det vel mogleg å unngå dette, spesielt om ein held seg unna området i juni, juli og august. Stemningsbilete frå gamlebyen i Kotor Stemningsbilete frå gamlebyen i Kotor Her i stad prøvde eg å forklåre kvifor eg ikkje likte Budva noko spesielt. Det gjekk ikkje så bra. Kvifor Kotor fall meg i smak, har eg heller ikkje noko godt svar på. Som kanskje du har forstått, er eg ikkje direkte lykkeleg når eg har store folkemengder rundt meg. Likevel synst eg Kotor var fint. Kanskje er det sjøturen som eg skildrar i neste avsnitt som gir meg gode minne frå området. Eg kan sjå for meg at Kotor er ein grei stad å ha som base for utflukter til området rundt, både til Lovtsjen, Perast, Herceg Novi, Budva og Bars samt alle dei andre stadane langs med Adriaterhavskysten. Ikkje for det, alle desse stadene er like gode baser, så her er det berre å velgje fritt frå øvste hylle. Gamlebyen i Kotor Ein forfriskande sjøtur Det siste vi gjorde i Montenegro var å hive oss med på ein drygt to timar lang båttur i Kotorbuka (Kotorski zaliv). Vi vart ei gruppe på fem personar, to fjældaber og tre jankianarar. Båtførar var ein serbar som hadde budd i området i drygt 15 år. Han fungerte òg som guide. Vi fekk vite mykje om historia til området og til alle plassane vi såg frå sjøen. Diverre er det meste gløymt no. Det eg hugsar best er det nydelege vêret og den fine stemninga om bord. Heilt greitt sjøvêr Etter å ha fått vite litt om Kotor og området rundt, tassa vi forbi nokre russiske torpedoar som låg på land under open himmel på ein russisk base ikkje langt unna Kotor. Vår serbiske guide sa at dei har fått klar melding om å halde avstand. Rart det der… Titos ubåthamn Etter å ha gløtta litt på dei russiske torpedoane, gjekk vi inn i ein gamal ubåtbunkers. Under andre verdskrigen bygde herr Tito fire tunellar som ubåtane kunne gøyme seg i rett ved Kotor. For nokre år tilbake samla ein masse folk seg i desse tunellane og hadde ei heidundrande fest. Vår guide hadde vore der. Han hugsa ingenting frå festen… Ubåttunell som tydelegvis er eit ypparleg festlokale Kotorbukta i møte med Adriaterhavet Innseglinga til Kotorbukta Fjella rundt Kotorbukta Nokre oppsummerande ord Montenegro er etter mi mening i aller høgste grad verdt å ta turen innom. Det er greitt å køyre bil og det er korte avstandar mellom ting det er verdt å stoppe for. Maten er god og folk er sørvisinnstilte og trivelege. Billig er det òg. Og med dette skulle det meste av Balkan-turen vere dokumentert: – Storbylivet i Beograd, Sarajevo og Zagreb – Småbylivet i Prizren, Kosovo – Fjellivet i Zjabljak/Durmitor, Montenegro Dubrovnik, Split og Hvar har eg med viten og vilje droppa. 'Alle' kjenner vel nokon som har vore der Eg kunne vel ha skrive nokre ord om Mostar. Førebels skal eg nøye med meg to: Ta turen! Over og ut!
Ja, og dersom man ønsker hjelp til å barbere den lista, er ikke dette forumet den beste plassen å begynne...
Tusen takk skal du ha for endå eit kjempefint reisebrev. Det er ei fryd å lese, og bokmerket er lagra som framtidig oppslagsverk. Så no lettar eg på hatten til øst og vest, og satsar på å treffe di omtrentlege retning
Takk for turen litt utenfor "stamrutene". Alltid trivelig å se litt andre plasser, og mange av de havner som flere poengterer på den berømte lista...
Takk for fin rapport! Ang. Sveti Stefan så slapp vi inn for å spise lunch selv om vi ikke bodde der for 3-4 år siden, var ikke avskrekkende dyrt heller...
Heller lettkokt etter varmen der nede Men takk! Forhåpentligvis får du kryssa av stadig flere steder på lista Takk for hyggelig tilbakemelding! Vi prøvde ikke på å gå inn, det var uansett ganske seint på kvelden, men kjekt å vite at det er mulig uten å ha hotell i byen
Takk for et supert reisebrev! Har enda mer lyst til å besøke Montenegro nå, men usikker hvor jeg får klemt det inn i lista mi...