Berlin, London og Paris er stappfulle av nordmenn og kjende landemerke, men kva med ein tur til Beograd, Sarajevo eller Zagreb? Her kjem nokre ord og bilete frå mitt møte med dei tre byane. Alle tre er tilgjengelege for ein helgetur (kanskje av den ovale varianten) Beograd Den kvite byen ved Donau er visstnok blant dei eldste byane i Europa. Arkeologiske utgravingar har gjort funn av busetjingsspor tilbake til 6 000 år før Kristus. I nyare tid er byen mest kjend som hovudstaden i Jugoslavia og etter kvart Serbia. Utsnitt frå gatebiletet i Beograd Sidan mitt besøk i Beograd utgjorde ein del av ein større tur rundt omkring på Balkan, hadde eg berre to netter i byen. Det er vel strengt tatt for lite til å kunne gjere seg kjent, men eit lite inntrykk fekk eg danna meg. Overnattinga skjedde på Radisson Blu Old Mill. Herifrå inn til bykjernen er det drygt førti minutt å gå. Det hadde eg ikkje sjekka før eg bestilte. Det skal seiast at eg knapt hadde undersøkt noko som helst om Beograd før eg kom dit, så alt skjedde litt ad hoc. Titos gravstad Det første eg gjorde var å ta ein tur bort til Josip Titos gravstad, mest fordi dette ligg ganske nært hotellet. Det er altså ikkje slik at Tito er balsamert og utstilt slik som Lenin. Tito var, for dei som ikkje hugsar det, statsleiar i det kommunistiske Jugoslavia frå slutten av andre verdskrigen og fram til han døydde i 1980. Inngangspartiet til Museet for jugoslavisk historie Titos gravstad, eller mausoleum for å vere korrekt, er omkransa av Museet for jugoslavisk historie. Namnet skulle tilseie at dette er ein interessant plass for historienerdar som meg, men det er vel litt overforenkla sagt ei samling av gjenstandar som Tito fekk gitt i gåve opp gjennom åra. Det var inga kritisk tilnærming til leiarskapen hans eller den historiske arva frå Jugoslavia-tida. Eg fekk nesten kjensla av at alle gåvene var som Tito-relikviar å rekna. Døme på gåver gitt til Tito Titos gravstad Skulpturar i hagen rundt gravstaden til Tito Det var to delar av muséet som var stengt då eg var der utan at eg heilt forstod kva som var der eller kvifor det var stengt. Ærleg talt er eg nok litt skuffa, men eg visste heller ikkje kva eg gjekk til. Samstundes er det kanskje verdt å ta turen innom likevel om ein har tid. Det går bussar frå sentrumskjernen. Gåturen tek vel 30 minutt. Frå Tito til sankt Sava Sidan eg synst tassing til fots er best, og fordi eg ofte er for lat til å orke å setje meg inn i kollektivsystemet på ein ny plass, rusla eg av garde frå Tito og justerte kursen i retning Sankt Sava-katedralen. Du ser kyrkjekuppelen frå muséet, så orienteringa var ikkje direkte vanskeleg. Litt tilfeldig gatekunst Beograd vart bomba av NATO-styrkar så seint som i 1999. Den dag i dag er det ei og anna bygning som ikkje ser heilt frisk ut, men dei fleste arkitektoniske spor etter Balkan-krigen er viska ut. Eit av verdas største kyrkjebygg er Sankt Sava-katedralen i Beograd. Grunnarealet er på 3 500 kvadratmeter. Dette er ikkje eit gammalt bygg, byggeoppstart var i 1935. Katedralen er tileigna helgenen som blir rekna som grunnleggjaren av den serbisk-ortodokse kyrkja, sankt Sava. Vel, ein verdskrig, ein kommunistrepublikk og eit par andre ting har fått byggeprosessen til å ta tid. No er det meste ferdig, bortsett frå den innvendige dekoren. Som nemnd var min kunnskap på førehand svært mangelfull, så då eg kom inn og fekk sjå eit kyrkjerom fullt av murpuss og elles såg veldig uferdig ut, vart eg såpass forfjamsa at eg rygga ut og lurte på om eg hadde sett riktig. Sankt Sava-katedralen Beograd festning Etter å ha komme til hektene tassa eg inn til den eldste delen av den serbiske hovudstaden. Rundt omkring meg på alle kantar dukka det eine praktbygget etter det andre opp. Meir om det litt lenger ned. Utsikt frå Beograd festning mot Donau Festningen vart visstnok bygd på 500-talet og tidlegare var heile Beograd samla innanfor festningsmurane. I dag finn du ein park, Militærmuseet og ein dinosaurpark her. Området er fint til å berre slappe litt av og ta seg ein is eller noko anna avkjølande. Då eg var i Beograd, rundt 1/5-17, låg temperaturen på rundt +20 grader og sola viste seg villig vekk, så innimellom var det naturleg å ta ein liten siesta. Utandørsdelen til Militærmuseet i Beograd inne på festningen Eit område prega av frydefulle barnehyl inne på festningsområdet Dinosaurar kan jo vere artig for ungane. Det spesielle her er at dinosaurane faktisk rører litt på seg og lagar lyd. Om dette er ein permanent ting eller om det var ei mellombels utstilling er eg sanneleg ikkje sikker på, men det såg ikkje ut som at dei skulle nokon stad med det første. Nikola Tesla I forkant av turen til Beograd hadde eg tenkt at ein tur på nasjonalmuséet hadde vore interessant. Det viste seg at det er stengt for oppussing fram til 2018. På grunn av elendig førehandsrekognosering kom eg ikkje på andre museum som kunne ha vore verdt turen, men no i ettertid har eg sett at både Serbias historiske museum, Folkemordsmuseet, og Bymuseet hadde vore verdt å leite opp. Snakk om amatørturist! Oppfinnaren Nikola Tesla Vel, nesten litt tilfeldig gjekk eg meg på eit museum dedikert oppfinnaren og fysikaren som ein ikkje ukjent elektrisk bil er oppkalla etter, Nikola Tesla-museet. Han var vel blant dei første som sysla med vekselstraum og hadde elles mange meir eller mindre skrudd idéar. Kvar dag har universitetsstudentar omvisingar på engelsk der dei demonstrerer nokre av oppfinningane til Tesla. Vel verdt turen, sjølv for ein som knapt veit opp-ned på ein stikkontakt, spesielt grunna omvisinga. (fortsettelse følger pga mange bilder)
Diverse tassing I storbyar blir det gjerne til at ein tassar litt omkring på måfå. Slik òg denne gong. Ikkje for det, Beograd har mange fine bygningar å by på. Som trondheimar er eg glad i breie bygater, men òg i tronge veiter. Den serbiske hovudstaden er mest prega av dei luftige områda. Mellom Sankt Sava-katedralen og festningen ligg nasjonalforsamlinga Stari dvor (Det gamle slottet) som i dag huser Beograds byråd Ei bygning som eg ikkje hugsar heilt kva var for noko Andre ting om Beograd: Totalinntrykk og prisnivå Trass i elendig research er det mogleg å få ei ganske grei stund i Beograd. Byen er fin å sjå til og folk verkar å vere trivelege og sørvisinnstilte. Prismessig kjem vi oljeaper ganske billig frå det. No skal det seiast at eg ikkje sjekka kursen mellom norske kroner og serbiske dinarar, så her er det meste i «dimman», men eg trur ikkje at eit greitt måltid treng å koste mykje over ein norsk hundrelapp. Middag i Beograd med sushi på menyen Kva eg åt til lønsj, hugsar eg ikkje, men middagen var aldeles utsøkt! Kva plassen heiter, veit eg ikkje, men han ligg like ved ein stad som heiter «Kafé Den balkanske spion» (Кафе Балкански шпиjун (Kafe Balkanski sjpijun)), eit par–tre kvartal unna festningen. Det som kanskje er mest uvand for oss nordmenn, er at det innimellom kjem tiggarar inn på uteserveringa for å be om pengar. Enkelte kelnerar er då raskt på pletten for å be dei gå, andre bryr seg ikkje. Sånn sett er fattigdommen meir synleg i Beograd enn i til dømes Zagreb. Ein av dei opne plassane i Beograd, her like ved gågata Etter no i etterkant å ha funne ut kva meir den serbiske hovudstaden har å by på, er eg slett ikkje framand for å ta turen tilbake. Lufthansa flyg til Nikola Tesla lufthamn tre gongar dagleg frå Frankfurt, så her er det rom for ein helgetur, gjerne av den ovale sorten. Som nemnd var Beograd-besøket ein del av ein rundtur på Balkan. Eg har tidlegare skrive litt om Žjabljak i Montenegro og Prizren i Kosovo. Denne tråden får plutseleg ei oppdatering, då med nokre ord om hovudstaden i Bosnia og Herzegovina: Sarajevo, ein stad der aust møter vest – eller omvendt. På eit seinare tidspunkt er planen å skrive litt om Zagreb òg.
Tusen takk for at du deler @Kristian! Jeg er nok litt som deg og tar mye på sparket når jeg er på tur og for meg fungerer det stort sett veldig greit. Noen ganger går man kanskje glipp av noe, mens andre ganger snubler man over noe som man kanskje ellers ikke ville ha fått med seg. Og uansett er det viktig å sette av (nok) tid til å bare sette seg ned, ta ett glass eller en is og nyte folkelivet og kjenne ut-på-tur følelsen senke seg Ser frem til fortsettelsen!
Tusen takk Kristian! Knas! Eg sat faktisk i gå kveld og sjekka fly til Beograd neste helg. Blir det tur så er det berre å trykke på "print".
Veldig bra! Har selv minner fra byen som ikke egner seg på trykk (og det sier litt når det kommer fra meg!). Og andre forlystelige som de vi ankom sjekkpunkt i et rally med 500 000+ mennesker ventende/heiende på oss før vi fløy drøyt 100 biler videre mot Asia i de største Antonov transportflyene og fortsatte der.
Det er mange spennende reisemål i øst europa, det som er så synd er at med noen unntak er tilgjengeligheten tidkrevende og dyr.
Berre hyggelig å dele Ja, å se på folket er slett ikke ueffent Denne gangen merker jeg at jeg nok burde ha lest meg opp litt mer på forhånd, men det betyr jo at man har en grunn til å reise tilbake seinere – sikkert på en ny måfårunde Ver så god! Du må gjerne dele ditt inntrykk av Beograd dersom du kjem deg av garde så i lende Minner som ikke egner seg på trykk? Nå tror vi bare det aller verste, så det er nok best at du røper hva dette handlet om slik at ditt rykte blir renvasket først som sist Takk for tilbakemelding Ja, det går ikke så overvettes mange fly og det blir gjerne ei mellomlanding eller to fra Norge. Vi sjekka i lang tid prisen fra Værnes til Nikola Tesla (Beograd) og prisen hos SAS (SK+LH) lå "bom fast" på rundt tre laken (én veg). Nå er jeg vant til innenrikspriser fra Øst-Finnmark, så den prisen var ikke veldig avskrekkende for meg
Takk for en fin rapport Kristian. Virker som Beograd absolutt er ett spennende reisemål! Ser fram til å lese mer fra de andre hovedstadene som ble besøkt
Sarajevo Av og til tar ting tid, men her kjem den etterlengta (?) fortsetjinga Hovudstaden i Bosnia-Hercegovina ligg i eit nokså trongt dalføre eit godt stykke inn i landet. Eg visste ikkje heilt kva eg hadde forventa, men nesten frå første minutt likte eg Sarajevo. Nesten overalt kor eg snudde meg var det noko å sjå på. Baščaršija-torget i Sarajevo Nerdeavdelinga Busetjinga i byen har nok eksistert eit par tusen år, men byen Sarajevo oppstod ikkje før 1461. Du har vel høyrt om «skotet i Sarajevo»? I 1914 vart prins Frans Ferdinand, arvingen til Habsburg (Austerrike-Ungarn), skoten og drepen av ein lokal innbyggjar som ønskte at Bosnia skulle bli sjølvstendig. Det som lokalt vart sett på som ein heltedåd i frigjeringskampen, skulle bli den utløysande årsaka til 1. verdskrig (ein krig som ville ha starta okke som, ifølgje historikarane). Her fall «skotet i Sarajevo» i 1914 Byen vart hardt ramma av Balkan-krigen på 90-talet, byen var omringa av styrkane til Ratko Mladic og Slobodan Milosevic i nesten fire samfulle år. Meir om dette lenger ned. I dag er dette ein høveleg plass for å berre sjå på eit yrande folkeliv. Både kyrkjeklokker og bønnerop frå dei mange moskéane er å høyre og det er ingen tvil om at Sarajevo er ganske så multikulturell. Sarajevo-dalen sett frå festningen For dei som er interessert, kjem namnet, Sarajevo, frå ordet «saraj» som i tyrkiske (eller var det arabiske?) språk om ein stad der du kan overnatte og få deg ein matbit. Du finn same ordet fleire plassar i form av «karavan-saraj» som den dag i dag blir brukt om overnattingsplassar der du òg kan få mat. Om eg er språknerd? Hah, berre faktainteressert! Tassing rundt omkring Vårt besøk i Sarajevo var ein del av ein større Balkan-tur, så vi hadde berre to netter her. Det yter sjølvsagt ikkje byen rettferd, men eit kort besøk er betre enn å ikkje å ha vore der. Vi starta byvandringa vår i rundt +20 og solgløtt. Turen gjekk først opp til festningen. Dette var for å få sett byen litt ovanfrå. Det må seiast at sjølve festningen ikkje er så mykje å skryte av. Han er nokså falleferdig og (dei relativt ferske) kulehola er mange. Husa rundt festningen er òg litt krigsherja. Litt av festningsområdet i Sarajevo Fordelen med Sarajevo er at byen har eit nokså avgrensa bysentrum der det meste av interesse er samla. Etter å ha sett festningen tassa vi ned til sentrum. Det tok under ein halvtime kvar veg, så avstandane er ikkje så store. Baščaršija-torget i Sarajevo med tilstøytande moské Ein typisk suvenir frå Sarajevo er bygd av ammunisjon Både på dagtid og kveldstid var Sarajevo sentrum nesten som ei heksegryte, men ikkje på negativt vis. Det var folk overalt og det var små butikkutsal i eit stort område. Det du ikkje får kjøpt her, treng du strengt tatt ikkje. Eg er vanlegvis ikkje glad i folk, men her var stemninga roleg, så då synst eg alt var berre fint. Litt av butikkutvalet i Sarajevo Midt iblant alle butikkane ligg det kaffisjapper, små fortauskaféar, restaurantar og meir til. Her sit ungdom i siste mote medan dei røykjer vasspipe og sørfar på smarttelefonane sine, her sit gamle karar med tyrkisk eller bosnisk kaffi og Fjøsbok, det slarvast og jabbast. På mange vis ser Sarajevo ut som ein stad der Austen møter Vesten. Det ser ein òg på at det er både kyrkjer og moskéar i byen. Her er det berre å tasse innom – dersom det er ope. Vi nøydde oss med å sjå på ting utanfrå. Den katolske katedralen og Ferhadija-moskéen Gate med britisk tilsnitt i Sarajevo Eit lite sidespor Det må seiast at mitt første møte med Bosnia var eit merkeleg eitt. Vi hadde parkert ved eit fossefall, Kravitsa, ikkje langt unna Mostar. Der var det ei billettbu med to karar inni. Han eine ropte og veiva med armane, men kunne ikkje ta ei einaste avgjerd. Det måtte vi ta med sjefen. Sjefen var mutt(er?) som ein skrue og sa ingenting. Dei sleit med å formidle kva det kosta, men vi kunne betale i kroatiske kuna, euro, dollar, bosniske mark og i gull. Alt var mogleg. Det tok ei stund før eg skjønte at dette var lokal humor. Berre her møtte eg på høgrøysta bosniarar, men godt humør var det på dei fleste Tilbake til saka Biblioteket, totalskadd på 90-talet, i dag ei flott bygning Inskripsjonen på døra til biblioteket over Møte med det krigsherja Sarajevo Som ein serber vi møtte i Montenegro sa: Før var vi eitt stort og sterkt land som hadde mange sosiale gode, var langt framme i medisin og velferd. I dag er vi fem små, svake land der fattigdommen er stor. I tillegg hatar alle kvarandre utan å vite kvifor. Som nemnd var Sarajevo omringa av styrkane til Milosevic og Mladic frå 1992 til 1996. Ein verkeleg gripande og god presentasjon av denne perioden kan du sjå rett ved den katolske katedralen i Sarajevo. Plakatar frå det okkuperte Sarajevo Utstillinga dekkjer berre to rom, men det er to dokumentarfilmar som er verdt å sjå her inne. Den eine dokumentaren er omtrent 20 minutt lang og handlar om folkemordet i Srebrenica. Her er det intervju med soldatar frå den nederlandske NATO-kontingenten som var i området og med personar som aldri fekk sjå sine søner, menn og familiemedlemmar igjen etter at styrkane til Mladic og Milosevic rykka inn i byen og tok livet av fleire tusen sivile. Den andre dokumentaren, «Miss Sarajevo» er britisk og viser dagleglivet i Sarajevo: Snikskyttarar plaffar ned sivile i gatene, ungdom syng «All that she wants», dåtidas hit med Ace of Base, symfoniorkesteret øver i eit utbomba TV-hus, folk som med fare for sine liv hentar vatn, alt medan dei spør seg: Kvifor får vi ikkje hjelp frå Vesten og Europa? Dokumentaren varar i rundt 30 minutt, men er vel verdt å få med seg. Her er eit lite utdrag: Eit kort utdrag frå dokumentaren «Miss Sarajevo» Plakatar frå det okkuperte Sarajevo Etter besøket går du ut i dei same gatene som du nettopp har sett i dokumentaren. Og no legg du kanskje merke til alle kulehola i veggane overalt. Du ser kanskje for deg dei utbomba bilvraka, snikskyttarane på taka, trikkevraka og husa som manglar veggar. Kontrasten mellom ein varm vårdag i mai og livet slik det var i byen for litt over 20 år sidan kunne vel knapt ha vore større. Gul trikk i Sarajevo Den evige flamme i Sarajevo (fortsettelse følger pga mange bilder)
Overnatting Vi overnatta på Hotel Old Town som ligg midt i gamlebyen, derav namnet. Hotellrommet på Hotel Old Town og utsikten Personalet var vennlege og veldig sørvisinnstilte. Gode senger, fine rom og god mat. Alt til 470 kroner per natt. Det var vi veldig godt fornøgde med. Trass i at hotellet ligg midt i byen, var det veldig roleg på natta, i alle fall då vi var der. Matauk i Sarajevo Mitt mantra er at så lenge ein blir mett, er maten god. Med andre ord: Eg er ikkje ekstremt kresen. Likevel skal eg trekkje fram to plassar som serverer hakket over middels mat i Sarajevo. Den første er Café Revoljutsija (veldig usikker på stavemåte). Denne ligg godt synleg langs hovudgata gjennom Sarajevo og tilbyr veldig god mat. Du kom langt med ein norsk 50-lapp: Revolusjonær salat på Café Revoljutsija Den andre matplassen fekk vi vite om på hotellet og heiter Dveri. Restauranten ligg eitt kvartal unna Baščaršija-torget. Står du med ryggen til festningen, går du eitt kvartal rett fram og så inn til høgre. På venstre hand finn du staden. Inngangen er ganske anonym, men sjå etter namnet Dveri. Her serverer dei god lokal mat til ein ganske så billig penge, kanskje ein stad mellom 70 og 100 kroner (litt usikker på valutakursen): Snitzelrull på restaurant Dveri Eit forsøk på konklusjon I mine auge har Sarajevo mykje å by på. Det er éin ting eg gjerne skulle ha fått med meg, nemleg tunellen som vart grave ut under Balkan-krigen. Folk flykta gjennom desse, mat kom inn til dei som var igjen. Tunellen ligg ute ved flyplassen og det er omvisingar der. Det får bli neste gong eg er i byen. Elles er det eit yrande folkeliv, mykje artig å få kjøpt, god mat og fleire gode museum. Akkurat den dagen vi tenkte oss på nasjonalmuséet var det ost- og vinkveld der, så vi kom oss ikkje inn. Det for òg bli neste gong. Ei langhelg i Sarajevo er slett ikkje feil, spør du meg. Sarajevoelva i…Sarajevo Baščaršija-torget i gamlebyen Som nemnd var Sarajevo-besøket ein del av ein rundtur på Balkan. Eg har tidlegare skrive litt om Žjabljak i Montenegro og Prizren i Kosovo. Heilt plutseleg kjem siste del i denne triologien, då nokre meir eller mindre velvalde ord om Zagreb.
Sarajevo ser virkelig ut som en spennende og fin by Mye historiske hendelser som har skjedd der, og de nyeste er ganske fæle å tenke på at det bare er 20 år siden. Når det gjelder skuddene i Sarajevo klarer jeg ikke å unngå å tenke på denne. Archie Duke shot an Ostrich because he was hungry
Flotte reisebrev! Jeg sliter meg at bildene ikke laster, flere som har problemer med det? Får åpnet dem når jeg åpner hvert enkelt i egen fane. Har det noe å gjøre med bildehostingen her? Har ikke samme problem når bildene er hostet eksternt.
Tusen takk Når det gjelder IT-relaterte spørsmål er eg omtrent like udugeleg som Baldrick i videosnutten over.
Prøvde å laste inn bildene på nytt (i den første Sarajevo-posten), veit ikke om det gjorde susen. Har opplevd at bilder ikke laster når jeg er innlogget på IF og bruker pc, men har da prøvd via telefon (type smart) og fått opp bilder uten å logge meg inn (overraskende nok). Ting som å prøve en annen nettleser og slikt er jo litt styrete, men kan funke. Utover dette er min IT-kompetanse er noe begrenset