Reisebrev: Æ ska farsken ta mæ på ferie! – Ei uventa reise dit og tilbake... (Island)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 09. juli 2022.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Reisebrev: Æ ska farsken ta mæ på ferie!
    – Ei uventa reise dit og tilbake...
    Det er ferietid. Sommar. 2022. SAS er i streik. Korleis i svarten kjem ein seg då ut av Finnmark utan å avlevera nyrer og andre kroppsdelar som delbetaling til inkassobyrået?

    Turen går til Island, nærmare bestemt til Island for å oppleva nordkysten av landet ved å køyra nokre hundre kilometer langsmed Norðurstrandarleið (Nordkystleia).

    Dette blir eit reisebrev der eg skal prøva å gi oppdateringar undervegs og dersom alt går etter planen dukkar det nok opp eit og anna fargefotografi. Vi får sjå korleis dette blir.

    20220630_001043.jpg
    Aust-Finnmark, ein del av midnattssolas rike

    ***

    Direktelenker til dei ulike delane av reisebrevet
    1) Ei uventa reiserute til Island
    2) Norðurstrandarleið – ei reise langs nordsida av Island i sju delar
    3) Ei delvis uventa reiserute heim frå Island
    4) Kort om overnattingingsplassane og kart over dagsetappane
     
    Last edited: 17. sept 2022
    pgaa, Stuttfeiten, Liza and 28 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Intermesso: Opphaveleg reiseplan
    Eigentleg skulle Hurtigruten frakta meg over Varangerfjorden slik at SAS kunne fly meg frå Høybuktmoen via Gardermoen til Keflavik på Island før leigebil rett nordover til Hvammstangi som er omtrent der Norðurstrandarleið byrjar. Reisa skulle starta kl. 0600 laurdag 9. juli.

    upload_2022-7-9_5-32-47.png
    Reiseruta om SAS ikkje hadde streika
     
    Last edited: 09. juli 2022
    pgaa, Stuttfeiten, Arvid1410 and 15 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Ei uventa reise dit og tilbake
    Då streiken i SAS vart eit faktum vart gode flyreiser dyre, spesielt frå Aust-Finnmark. Eg sat på gjerdet nokre dagar før eg valde å hoppa på ei for meg, og fleire rundt meg, ei ganske så uventa reise både til Island og tilbake.

    Då eg til slutt hoppa ned frå gjerdet, rundt kl. 2000 på onsdag 6/7 og vips sat eg med ei ny reise i handa som skulle byrja kl. 0600 laurdag 9. juli. Heilt likt som opphaveleg plan, seier du? Ja, oppstartstidspunktet er likt, men det meste anna er ulikt.

    Dette reisebrevet vil inkludera eit møte med både nye flyselskap og nye flyplassar. Vil du vera med, så heng på! Vi (royalt fleirtal) vil litt etter kvart avsløra reiseruta. I tillegg blir det gjort forsøk på oppdateringar frå Island, sjølvsagt.
     
    Last edited: 30. april 2023
    pgaa, Stuttfeiten, Liza and 17 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Etappe 1: Skal han køyra til Island?
    Så var den uventa reisa i gang. Langs landevegen enn så lenge. Kor går turen?

    20220709_064046.jpg
     
    pgaa, Stuttfeiten, Liza and 19 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Den uventa reisa er kome til ein stad der det dukka opp ein uventa tanke: Samelandsbrua, eit nødvendig samferdsleinstrument for å binda moderne samfunn i hop eller eit plaster over eit gapande sår som følgje av storsamfunnets mangeårige undertrykking av det samiske folket? Kanskje litt av begge delar...

    20220709_091806.jpg
     
    pgaa, Stuttfeiten, Liza and 18 others like this.
  6. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    1,895
    Likes mottatt:
    12,810
    Bonuspoeng:
    183
    Noen får tårer av slike bilder. Visstnok med minner fra subsidiert julehandel i Nuorgam, langt tilbake i tid.
    God tur, håper du rekker bilferga til Island!
     
    Calling and Kristian like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Denne turen til Island tar uventa lang tid! Og det er tilbakelagt uventa mange mil på landevegen. Ivalo stilte som vanleg med rein i bygatene, men ikkje uventa var eg ute av stand til å få fram fotografiapparatet i tide. I staden byr eg på eit krigsminnesmerke som du finn i nemnde by:
    20220709_113515.jpg
     
    Last edited: 09. juli 2022
    pgaa, Stuttfeiten, Liza and 15 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Uventa nok har eg vald å køyra cirka 600 km for å koma meg på ferie... Det betyr at eg no, uventa nok, er hos julenissen!
    20220709_160540.jpg

    Og her ser den ivrige lesar eit kartutsnitt som viser køyreruta så langt:
    upload_2022-9-17_6-40-1.png
     
    Last edited: 17. sept 2022
    pgaa, Stuttfeiten, Liza and 15 others like this.
  9. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,145
    Likes mottatt:
    869,598
    Bonuspoeng:
    293
    Du må hilse nissen fra meg, han glemte den Teslaen han lovet meg.
    God tur videre på nye og spennende veier.
     
    Stuttfeiten, Liza, Earl and 2 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Det er djevelsk varmt her sør av moralsirkelen...!

    20220709_161525.jpg
     
    Stuttfeiten, Are, paron and 10 others like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Nissen helsar tilbake og seier at du flyr for lite... Med fleire bonuspoeng i lomma så er sjansen for tesla større, sa han...
     
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Nissen kunne fortelja meg at det finst ein flyplass rett i nærleiken. Så no er eg for tredje gong i mitt liv, trur eg, på Rovaniemi lufthamn:
    20220709_171835.jpg

    Roleg stemning her på bruket:
    20220709_171933.jpg

    Det store spørsmålet: finn eg flyet mitt?
    20220709_171921.jpg

    Jada, førstereisgut med Finnair her!
     
    pgaa, Stuttfeiten, ChrisTW and 20 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Etappe 2: Får han fly til Island?
    Gliset (bilen, altså) vart etterlate på langtidsparkeringa. Her bomma eg med éin dag då eg betalte på automaten, så no har eg lovleg parkering éin dag for lite. Om det blir 50 € i bot eller ei, det vil framtida visa...

    Innsjekken hos Finnair var køfri og gjekk smidig. Skrankedamene var høflege og smilande og passa på å spørja om eg ville ha ut bagasjen på neste flyplass eller ei.

    Deretter bælma eg ei flaske Solo medan sikkerheitskontrollfolka glante inn i mobiltelefonane sine eller sparka i mattene og plystra litt for seg sjølv. Det var ikkje noko å utsetja på kontrollen, kjapt og effektivt.

    Deretter gjekk eg rett i loungen... Nei, vent no litt... Hos Finnair er eg berm. Og Rovaniemi lufthamn, RVN, har ikkje lounge. Så då måtte eg i kaféen. Ein god handfull nordmenn her, fleire har nok køyrt sjølv for å koma seg fram no i desse streiketider.
     
    Last edited: 12. juli 2022
    pgaa, Stuttfeiten, Liza and 15 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Dagens fugl er på veg:
    Screenshot_20220709-181219_Flightradar24.jpg

    20220709_182728.jpg
     
    Last edited: 09. juli 2022
    pgaa, Stuttfeiten, Liza and 16 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Ombordstigning hos Finnair (i dag med fly operert av Norra) skjer etter gruppeprioritet. Til skilnad frå hos SAS så brukar dei gruppesystemet og seier tydeleg frå om kven sin tur det er. Eit triveleg velkomen servert av begge to i kabinen. Smekkfull balje og ok plass til knyttneven.

    20220709_183957.jpg

    20220709_184529.jpg

    20220709_184155.jpg

    Boarding completed!
     
    pgaa, Stuttfeiten, Liza and 19 others like this.
  16. Flyingdutchman

    Flyingdutchman Veteran

    Innlegg:
    3,401
    Likes mottatt:
    21,153
    Bonuspoeng:
    183
    God tur!
    Kreativ rute legger du opp til.
     
    Kristian liker dette
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Jo, takk! No har eg gleda meg i vekesvis, for ikkje å seia månadsvis, til denne Island-turen. Då SAS gjekk ut i streik, byrja ei febrilsk leiting etter alternativ. Resultatet blir tilkjennegjort i dette vetle lesarbrevet :)
     
    Flymunda, Earl and Flyingdutchman like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Når ein flyg bermeklasse med Finnair så er vatn og blåbærjuice (Finnairs signaturdrikk?) alltid inkludert. Eg stod over vatnet og meska meg med blåbær i flytande form. Ålreit på smak, men heimelaga er betre, sjølvsagt.

    Elles må eg få seia at ATR-72 er eit ufatteleg langsamt fly. Mellom Rovaniemi og Helsinki brukte balja heile 1:40! Ein CRJ eller E190 hadde nok kome fram på 1:15, kanskje. Ja-ja, fram kom ein no.

    Sjølvsagt var eg så urutinert at eg valde sete 2C på ein ATR-72. Det betyr lengst mogleg unna utgangen, som jo er bak... Eg får skulda på koronatida...og at det er lenge sidan eg flaug denne flytypen, kanskje fleire år sidan?

    På Vantaa (HEL) vart det ein uventa lang gåtur. Grunna ombygging var utgangen til bagasjebandet flytta. Det var inga krise, men det var litt sånn 'går og går og kjem aldri til døra'-kjensle. Vel framme ved bandet, etter litt feilnavigering, var det berre å plukka opp kofferten og tassa ut til flyplasshotellet (Hilton).

    I morgon venter Island! Æ glær mæ!
    20220709_205856.jpg
     
    Last edited: 09. juli 2022
    pgaa, Stuttfeiten, Liza and 22 others like this.
  19. Nordlands

    Nordlands EBD

    Innlegg:
    570
    Likes mottatt:
    1,798
    Bonuspoeng:
    93
    Ser på flightradar at E190 flygningen tidligere på dagen gikk på bare 1:03 :p God tur videre!
     
    Kristian liker dette
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Sjå der, ja! Det var veldig raskt! Og tusen takk :)
     

Del denne siden