Reisebrev: Amundsen-genet fører to karar til Argentina

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 23. mars 2018.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 7: Onsdag 21/2-18 – første akt: Pingu og venene hans
    Tidleg på morgonkvisten kraup vi ut av sengene våre for klokka 0900 skulle vi ut på havet!
    0080.jpg

    Vi kjøpte billettane klokka 0800 av Canoero, eit selskap som tilbyr maritime ekskursjonar. Kva turen kosta, anar eg ikkje, men kanskje rundt 1 200 pesos. Vel, på ferie er alle summar definert som småpengar. Vi valde den ekskursjonen som heiter ‘Massimo’ og denne var ein veldig tur.

    0081.jpg

    Der andre ekskursjonar inkluderer Estancia Harberton, der vi var dagen før, var vi interessert i ein tur som berre inkluderte besøk til dyrelivskoloniane i området rundt Ushuaia. Etter å ha sett fuglekolonien på biletet over, kom vi til ein gjeng latsabbar:
    0082.jpg

    0083.jpg

    Sjøløver ser ut til å ha eit ganske greitt liv, sjølv om dei òg sikkert kan ha strevsame arbeidsdagar. Ekskursjonen starta altså kl. 0900 og rundt kl. 1400 var vi tilbake i Ushuaia.

    Det vart sagt at turen skulle ta fire timar, men eit uventa møte med kvalar og ein del motvind forlenga turen. Ikkje at vi klaga. Vêret var fint og i motsetnad til andre stader i Argentina var det her med ein guide som faktisk snakka både spansk og engelsk.

    0084.jpg

    Turens høgdepunkt var sjølvsagt besøket til denne pingvinkolonien:
    0086.jpg

    0085.jpg

    0087.jpg

    Og for deg som ikkje forstod kvifor overskrifta nemnde Pingu, snakk med ein vaksen, eller sjå her:
     
    Last edited: 27. mars 2018
    Avixlo, Are, Upsaker and 16 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 7: Onsdag 21/2-18 – andre akt: Togtur i forbrytarklasse
    Etter å ha sett Pingu og venene hans, køyrde vi ca. 30 minutt ut av Ushuaia for å ta tog. Her kunne vi velje mellom førsteklasse, premiumklasse og turistklasse på dette toget. Vi gjekk for forbrytarklasse:
    0090.jpg

    0091.jpg

    Dette er verdas sørlegaste jarnbane og har slett ikkje ei spesielt lystig forhistorie. Toget vart nemleg brukt til fangetransport. Fangeleiren låg i Ushuaia og fangane vart sendte inn med tog for å hogge skog og liknande. Somme av fangane var reelle forbrytarar, andre var kjend skuldige under meir tvilsame omstende. På mange vis var dette nesten ei turistfelle, men historia var interessant og tog er jo artig:

    0092.jpg

    0093.jpg
    Fangetoget skulle verkeleg få folk inn på den smale sti…

    Éin veg er turen tre kilometer. Vi gjekk for tur/retur og tenkte at det ikkje kunne ta så frykteleg lang tid. Togturen tok – hald deg fast – tett oppunder to timar. Vi kom vel fram til at kanskje var det ikkje verdt å ta denne turen trass i den interessante historia. Vel, ikkje kan gå på skjener:
    0095.jpg

    Når eg ser tilbake på togturen no nesten ein månad seinare, kan eg ikkje sjå at det var så ille som notata mine skulle ha det til. Eg får skrive det på kvota for lang tids paracetmisbruk og tendensar til turistmage. Sistnemnde dukka opp etter å ha drikke vatn rett frå krana i Ushuaia, noko ein kanskje ikkje bør gjere. Vel, eg var tørst og minibaren var tom…
     
    Avixlo, Are, Upsaker and 10 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 7: Onsdag 21/2-18 – tredje akt: By og land – hand i hand
    Etter den litt skuffande togturen, køyrde vi inn i Eldlandet nasjonalpark [Parque nacional Tierra del Fuego]. Planen hadde vore å få til ein fjelltur på ein av dei mange toppane på Eldlandet, men sidan helsa ikkje spelte heilt på lag, så heldt vi oss i låglandet. Det var fint det òg:
    0096.jpg
    På biletet ser du Cordon Piramides som ligg i Chile

    Eldlandet er godt lagt til rette for fotturar i skog, mark og fjell. Startpunkta er godt skilta og det er laga gode turkart. Somme område er det forbode å ferdast i, men slikt må ein vel ta høgde for i nasjonalparkar. Mitt inntrykk er at det er fullt mogleg å få til mange fine dagsturar med Ushuaia som base.

    0097.jpg

    0098.jpg
    Rocasjøen [Lago Roca] som ligg både i Argentina og Chile

    0099.jpg
    Lapataiabukta [Bahia Lapataia]

    0100.jpg
    Av og til er det godt å bli minna om kor langt unna ein er både det dette og hint

    For å tilfredsstille asfaltelskarane, bringer eg òg nokre bilete frå sjølve Ushuaia. Byen er administrasjonssentrum i provinsen Tierra del Fuego og er heim til omtrent 60 000 menneske, altså nesten like stort som Tromsø.

    Ushuaia er utgangspunkt for ekspedisjonar til Antarktis og vi såg folk kledd i Hurtigruten-klede, så eg vil tru at dei har eit kontor ein eller annan stad i byen. Ikkje at vi møtte på hordar av nordmenn, akkurat. At det maritime er viktig, ser vi av hamneområdet:
    0101.jpg
    0102.jpg
    0103.jpg

    Ushuaia er kanskje ikkje ein ekstremt vakker by, men han er ganske liten og stemninga er avslappa. Vi fekk god hjelp på turistkontoret til å finne det meste av det vi trengte, frå daglegvareforretning til turforslag. Her er nokre bilete frå sentrum:
    0104.jpg
    0105.jpg
    0106.jpg
    0107.jpg
    0108.jpg
     
    Avixlo, Are, Upsaker and 13 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 7: Onsdag 21/2-18 – fjerde akt: Mat og overnatting i USH
    I Ushuaia budde vi ganske usentralt, rundt 20 minutt med bil utanfor sentrum. Det skal seiast at vi ikkje hadde sjekka kartet så nøye. Vi budde på Posada Los Coihues og betalte den nette sum av 1 730 kroner for tre netter per rom. Dette er ein heilt ok plass med eit triveleg vertskap, men eg ville kanskje gått for ein meir sentral plass – då kan ein ta seg ein dram på kvelden utan å måtte tenkje på bilkøyring… Her er nokre bilete av interiør og eksteriør:
    0109.jpg

    0110.jpg

    0111.jpg

    Eg burde ha notert meg kvar vi åt god mat i Ushuaia, men det har eg ikkje. Her er bileta:
    0112.jpg

    0113.jpg
     
    Avixlo, Are, Upsaker and 10 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Med fly frå Ushuaia til El Calafate
    Transportetappe med LATAM

    USH–FTE: Litt generelt om flyturen
    Òg på Ushuaia lufthamn må ein sjekke inn seinast éin time før avreise. Rundt kl. 0720 opna dei og vi fekk levert bagasjen. Vi fekk då vite at flyet var forseinka med rundt to timar. Dette gav oss ekstra god tid til å fylle bensin på leigebilen vår før levering som tidlegast var mogleg kl. 0800.

    0114.jpg
    LATAM (i LAN-drakt) på USH

    Det er ikkje noko poeng å gle seg til mange timar på denne flyplassen. Dei tilbyr faktisk ikkje mat, verken før eller etter sikkerheitskontrollen, med mindre fuglefrø (ei nøtteblanding) og loff (rett nok med pålegg) er å rekne for mat. Ta med matpakke. Vi hadde med kortstokk (UNO). Eg tapte så det ljoma!

    Litt over kl. 1100 starta ombordstiginga. Flyet var nokså fullt og skulle vidare til Buenos Aires etter eit kort bakkeopphald på El Calafate. På denne nokså korte turen fekk vi berre tilbod om (alkoholfri) drikke – vatn, brus og appelsinjuice stod på menyen. Etter serveringa var personalet veldig fråverande. LATAM-flya skal ha pluss for justerbar nakkestøtte med ‘brettefunksjon’.

    0115.jpg
    LATAM (i LAN-skrud) på CFT

    Vi kan gå gjennom dei tekniske detaljane for flyturen denne dagen:
    – Frå: USH (Aeropuerto Internacional de Ushuaia Malvinas Argentinas)
    – Til: FTE (Aeropuerto Internacional de El Calafate – Comandante Armando Tola)
    – Avgang: 09:05 (forseinka til nærmare 11:15)
    – Landing: 10:25 (forseinka til omtrent 12:30)
    – Dato: 22/2-18
    – Flytype: A320-200
    – Sete: 4J (D/E/F er erstatta av J/K/L)
    – Pris: 1 100 kroner

    Kort sagt var dette ein transportetappe som det kanskje ikkje er verdt å seie så mykje meir om.
     
    Avixlo, Are, Upsaker and 14 others like this.
  6. Thberget

    Thberget Medlem

    Innlegg:
    61
    Likes mottatt:
    161
    Bonuspoeng:
    33
    Fantastisk bra reiseskildring:)
     
    Kristian and geddi like this.
  7. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,357
    Likes mottatt:
    7,527
    Bonuspoeng:
    183
    Selv om det var litt nedtur å kun komme til en kystvaktstasjon ved enden av landet og at den smalsporede jernbanen ikke akkurat kan sies å ha vært effektiv så ser dette da likevel ut som noen fine dager i sørlige strøk :)
     
    Kristian liker dette
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk! Heng gjerne med videre! :)
     
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Ja, absolutt fint. Det som nok gjorde togopplevinga litt traurig var nok i all hovudsak det faktum at eg nok var litt sjaber. Det gjekk hardt unna med paracetomol-tablettar der (og etter kvart slike imodium-piller òg), men pytt sann :)
     
  10. Thomas123

    Thomas123 Senior Medlem

    Innlegg:
    553
    Likes mottatt:
    465
    Bonuspoeng:
    63
    Biff og Malbec på Moustacchios neste gang, så er livet topp! :)
     
    Kristian liker dette
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    I sørlege del av Patagonia
    – Is og lama

    Dag 8: Torsdag 22/2-18 – eit drama i éi akt: Er Kalle feit?
    Dersom du seier at du har vore i El Calafate, kan det vere at den personen som ikkje følgde heilt med spør ‘Er Kalle feit?’, men det er det ingen grunn til. Vel framme på flyplassen FTE skulle vi hente ut leigebilen vår. Det tok tid, så mykje tid at vi berre må spele litt musikk. Her kjem den store sommarhiten frå 2017 (garantert beverfri) som ber oss om å ta ting heilt med ro (noko som er det einaste riktige å gjere når ein står i kø og er på ferie):


    Òg i Ushuaia tok det frykteleg lang tid å få ut leigebilen, minst 30 minutt med papirsignering og alskens. I El Calafate var vi ikkje ein gong først i køa. Ei gruppe franskmenn stod og det tok år og dag. Hadde eg kunne, ville eg gjort som denne karen vi møtte i sentrum litt seinare:
    0120.jpg

    Av heilt uforståelege grunnar fekk vi ikkje den bilen vi hadde bestilt. Vi vart rett og slett oppgradert og vips (dersom 45 minutt i bilutleveringsskranken (etter at det har vorte din tur)) kan reknast som vips) stod vi der med ein Toyota Corolla.

    Frå flyplassen inn til byen var det ikkje lange køyreturen og resten av dagen surra vi rundt der.

    0121.jpg

    0122.jpg

    0123.jpg

    0124.jpg

    0125.jpg

    0126.jpg

    0127.jpg

    At El Calafate tar mål av seg å vere isbrehovudstaden er vanskeleg å tru utifrå desse bileta. I byen er det grønt og fint fordi der vatnast det heftig. Elles er landskapet rundt ganske goldt.
     
    Last edited: 28. mars 2018
    Avixlo, Are, kjeeli and 6 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 9: Fredag 23/2-18 – eit drama i éi akt: Lama-rama
    Etter frukost køyrde vi rundt 50 kilometer inn til Rocasjøen [Lago Roca], ikkje den same som på Eldlandet, og starta på ein aldri så liten fjelltur. Dagens mål var Cerro Cristal, ein frekkas som er 1 286 meter høg. Turen starta på rundt 200 m.o.h. og vi fekk oss ein real opptur. Heldigvis var det overskya i starten, elles hadde vi vel sveitta i hel! Her følgjer nokre bilete:
    0130.jpg

    0131.jpg

    0132.jpg

    0133.jpg

    Her er det verdt å nemne at vi på turistinformasjonen hadde spurd om det fast nokre fine fjellturar i området rundt El Calafate. Dama som sat der var kjempetriveleg, men ho kunne to ord på engelsk: glaciar og trekking – uttalt på spansk. Ho kunne fortelje at fjellturhovudstaden i Argentina er El Chalten og at det ikkje fanst ein einaste stad for fjellturar rundt El Calafate. Heldigvis fann eg omtale av Cerro Cristal i guideboka mi.

    Utruleg nok hadde fire franskmenn funne fram hit òg. Vi kom oss opp på toppen på rundt tre timar til ein fantastisk utsikt. Nedturen brukte vi halvannan time på. Tabben vi gjorde var å ikkje ta med mat og vi tok med litt lite drikke, men omtalen i guideboka var mildt sagt litt vag. Flott var det på toppen okke som:
    0134.jpg

    0135.jpg

    Nedturen vart slett ingen nedtur anna enn i rein bokstavleg forstand. Vi møtte nokre kameratar som fekk oss til å syngje på storhiten til Rocky Sharp and the Replays i dagevis etterpå:


    0136.jpg

    0138.png

    Kva lamaen livnærer seg på oppi denne golde fjellheimen, må no fuglane vita. Det var artig å få sett dei. Oppe på fjelltoppen fekk vi òg sett kondorar, nasjonalfuglen, på nært hald. Eit mektig syn.
     
    Avixlo, Are, Chrisbgg and 11 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 10: Laurdag 24/2-18 – første akt: Gi mæ is!
    Denne dagen starta med ein dryg times køyring inn til området som El Calafate er hovudstad for: Isbreen Perito Moreno [Glaciar Perito Moreno]. Isbreen er 250 kvadratkilometer stor og er verdas tredje største ferskvassreservoar.

    Isbreen Perito Moreno ligg inne i Den nasjonale isbreparken [Parque nacional los glaciares] og ein må betale 500 pesos per snute for å kome inn. Dette blir kjapt og effektivt løyst – så lenge du har kontantar. Det hadde vi. Deretter køyrde vi ein halvtime til enden av vegen og for eit syn som møtte oss der!

    0140.jpg

    Det er kanskje litt pussig at ein som nordmann reiser til andre sida av verda for å sjå på noko vi har flust av her heime, men det får så vere. På det høgste er isbreveggen her rundt 70 meter, men for det meste ligg høgda på rundt 50 meter.

    Av naturlege grunnar kjem du ikkje heilt innpå isbreen. Han er stadig i rørsle og heile tida medan vi stod der og kika ramla det små og store isblokker ned i innsjøen. Det var heilt fjetrande å stå der og høyre på all lyden frå isbreen.

    0141.jpg

    0142.jpg

    Medan vi var ved Perito Moreno var det litt gråvêr og heile tida kom det ein iskald vind nedover bretunga. Likevel stod vi som forheksa og venta på at den neste isblokka skulle ramle ut i innsjøen. For første gong fekk eg verkeleg forståinga av at ein isbre flyttar på seg.

    Isbretunga er stor, så stor at båten på biletet under nærmast blir borte. Det er nemleg mogleg å bli med ut i båt for å ta isbreen i augesyn derifrå, men vi synst at det var minst like bra å stå på land. Ein kjem ganske nærme utan å føle at ein er i fare. Dei største isblokkene flyttar på ein god del vatn når dei rasar ut, så det blir kanskje tidvis litt uroleg i båt – kva veit eg:
    0143.jpg

    Det er lagt opp fleire turstiar i området og alle er bygd slik at naturen tar minst mogleg skade av alle turistane som kjem til området. Ein kan velje å gå både ein lang og fleire korte rundar:
    0144.jpg

    Etter å ha brukt to timar av liva våre til å stirre på is, hadde vi heilt gløymt at det eigentleg var sommar i Argentina. Berre nokre hundre meter unna isbreen var temperaturen ein heilt annan og landskapet var langt mindre vinterleg:
    0145.jpg

    0146.jpg

    Den opphavelege planen vår var å ta turen bortom El Chalten for å rusle litt rundt i området der òg. El Chalten blir sett på som fotturhovudstaden i Argentina. All den tid køyreturen frå El Calafate til isbreen tok såpass lang tid og at El Chalten er nesten 200 km unna El Calafate, så tok vi heller ein roleg ettermiddag med is og litt væsketilførsel. Denne kvelden fekk eg den sterkaste mojitoen som er laga. Eg mistenkjer at det var rein sprit oppi der. Det var kanskje ikkje supergodt, men ned måtte det. Om ikkje anna så sløkte drinken alle sorger:
    0147.jpg
     
    Avixlo, Are, kjeeli and 9 others like this.
  14. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,357
    Likes mottatt:
    7,527
    Bonuspoeng:
    183
    Kanskje drinken var så sterk da den inneholdt is fra isbreen ;)
    Virker som en spennende opplevelse, og selv om vi har nok av isbreer her hjemme så er det jo en opplevelse uansett det der...

    Ja, det kan jeg skjønne... når man er litt "under the weather" som britene liker å si så er det meste litt mindre givende enn det ellers kunne vært :)
     
    Kristian liker dette
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Ja, uvêr skal ein alltid passe seg for :)

    Det er mogleg du var borte den O-fagstimen der vi lærte at is ikkje var laga av sprit, men det er òg mogleg at eg er vranglært på dette feltet... :rolleyes:

    Det var litt av ei oppleving, så det er berre å hive seg på første fly sørvestover! :cool:
     
    Earl liker dette
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 10: Laurdag 24/2-18 – andre akt: Mat og overnatting i FTE
    Sidan vi gjekk for innfallsmetoden etter måfånavigering, så har eg sjølvsagt ikkje sjans til å tipse om namn på matplassar. Så her må andre ta den støyten. Ikkje for det, Internett er vel fullt av slikt. Vi fann mat – godt smakte det òg:
    0148.jpg

    Vi hadde tre netter på Kõnke hotel & sabores som ligg litt i utkanten av El Calafate sentrum. Gåturen inn til der «alt» er tok vel knappe ti minutt. Det synst vi var heilt greitt. Pris per rom var 1 670 kroner for dei tre nettene. Komforten var det ingenting å seie på:
    0150.jpg

    0149.jpg

    0151.jpg

    0152.jpg
     
    Avixlo, Are, Stuttfeiten and 4 others like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Med fly frå El Calafate til Bariloche
    – Jomfruturen med Aerolíneas

    FTE–BRC: Innsjekk og sørvis om bord
    Allereie to døgn før avreise kom det ein e-post frå Aerolíneas Argentinas om at oppgraderingsbodet mitt via Plusgrade hadde gått gjennom. Minstebodet var 35 amerikanske dollar, eg small til med 40 dollar – utan at eg eigentleg forstod kva det var eg oppgraderte til. Det synst eg ikkje kom veldig tydeleg fram på nettsidene og i oppgraderingsbrevet. Vel, eg får skulda på at spansken min ikkje er heilt på topp. Oppgradering er no stas okke som!

    Etter ein sein frukost gjekk turen ut til flyplassen og eg må seie at han ligg i fine omgjevnader:
    0160.jpg

    Vi kan gå gjennom dei tekniske detaljane for flyturen denne dagen:
    – Frå: FTE (Aeropuerto Internacional de El Calafate – Comandante Armando Tola)
    – Til: BRC (Aeropuerto Internacional San Carlos de Bariloche Teniente Luis Candelaria)
    – Avgang: 13:05
    – Landing: 14:50
    – Dato: 25/2-18
    – Flytype: B737-800
    – Sete: 1C
    – Pris: 2 100 kroner (inkl. oppgradering)

    Som nemnd tidlegare har argentinske flyplassar ute i distriktet generelt lite å by på etter sikkerheitskontrollen. Slik sett er ikkje El Calafate lufthamn noko unnatak, men vi fekk tak i kaffi og muffins. Elles slo vi i hel tida etter innsjekk med UNO-speling. Som vanleg gjekk eg på tap etter tap etter tap…

    0162.jpg

    Tidlegare i dette reisebrevet har vi vore innom den økonomiske utviklinga i Argentina. Det er ingen tvil om at landet òg har vore plaga med utbreidd korrupsjon, mellom anna i samband med privatiseringsprosjekt:
    Og sidan vi er på temaet fly og korrupsjon i Argentina:
    Vel, hadde SAS vore villig til å leggje i nokre slantar i korrupsjonspengar, kunne eg kanskje ha reist rundt i Argentina og fått Eurobonus-poeng, men slik vart det ikkje. I dag er Aerolíneas Argentinas medlem i Skyteam.

    Vi opplevde litt av eit regime for ombordstiging. Først fekk alle med flotte fargar på Skyteam-korta sine gå om bord. Deretter var det dei ti bakarste radene sin tur og så dei ti nest bakarste radene osv.

    Min plass denne gongen var 1C og det viste seg at eg hadde hamna i det Aerolíneas kallar Club Economy. Kort sagt kan vi vel seie at med tanke på setet er vel dette ein slags businessklasse, men med tanke på serveringa snakkar vi ein slags premium economy. Vel, meir om dette straks.

    Det første eg såg då eg kom til plassen min, var ombordmagasinet. Det hadde unekteleg eit slags finnmarkspreg over seg. Deretter fekk eg summa meg og fann ut at eg hadde høveleg grei plass til tottelottane:
    0163.jpg

    0164.jpg

    Som nemnd hadde eg fått tildelt sete 1C. Totalt var det åtte seter framom gardina. Vi var vel tre eller fire passasjerar. Eg flytta meg ganske tidleg bort til 1E slik at eg òg kunne titte ut under flyginga. At Aerolíneas kallar dette for Club Economy fekk meg til å undre over kva dei kallar apeklasseområdet. Etter å ha undersøkt litt, kom eg fram til at det rett og slett heiter turistklasse. I dei fremre rekkjer var i alle fall sittekomforten grei:
    0165.jpg

    Vel oppe i lufta bydde Aerolíneas på enkel servering som fekk servering på SAS Plus i Europa til å framstå som nesten litt overdådig. På denne flyginga som tok nesten to timar fekk eg ei brødskive, ei kjeks og nøtter. I tillegg fekk eg tilbod om alkoholfri drikke. Her skal det seiast at eg fekk påfyll utan å måtte be om det og kabinsjefen var elles veldig sørvisinnstilt. Eg skulle ikkje gå tørst av flyet, nei. Maten vart eg ikkje mett av, i alle fall ikkje stappmett, trass i at kjeksa var premium og alle veit jo at «gourmet» betyr gørmett (altså veldig mett):

    0166.jpg

    0167.jpg
     
    Avixlo, Are, Chrisbgg and 9 others like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    FTE–BRC: Flytur med utsikt
    Sidan både 1C og 1E (1D finst ikkje) var ledig, flytta eg meg tidleg bort til vindauga for å ta nokre bilete. Det var eit spesielt, men vakkert landskap under oss frå då vi tok av frå CFT til vi nådde skybeltet litt sør av Bariloche:
    0168.jpg
    Aeropuerto Internacional de El Calafate – Comandante Armando Tola – CFT

    0169.jpg
    El Calafate og området rundt sett frå fugleperspektiv

    No er ikkje kvaliteten på bileta sånn all verda, men det var utruleg fint og sitje der på 1E og sjå den asurblå innsjøen under oss og elles det ganske aude landskapet. Patagonia er ikkje akkurat den trongaste plassen på jord. I det fjerne såg vi òg Andesfjella:
    0170.jpg

    0171.jpg

    0172.jpg

    Plutseleg var vi framme på Bariloche lufthamn, eller Aeropuerto Internacional San Carlos de Bariloche Teniente Luis Candelaria som det kjære barnet må heite. Det hadde vore ein fin jomfrutur med Aerolíneas Argentinas på ei av deira mange flyruter innanriks:
    0173.jpg
     
    Avixlo, Are, Stuttfeiten and 6 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Denne historia om at SAS vurderte oppkjøp av Aerolineas Argentinas, men ikkje ynskte å å betale korrupsjonspengar til dei argentinske forhandlingspartnarane verkar nesten litt snurrig. Henne har eg ikkje funne Internett-kjelder på, men Washington Post skreiv i 1988 at SAS vurderte å kjøpe 40 % av det argentinske selskapet:

    At SAS flaug til Afrika i 1988 var for meg nytt:
     
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Og frå snøen som kom i fjor skal vi tilbake til vår tid :)
     
    Avixlo, watchaddicted and Eddie47 like this.

Del denne siden