Reisebrev: Amundsen-genet fører to karar til Argentina

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 23. mars 2018.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 18: Laurdag 3/3-18 – andre akt: Urbanitet i passeleg mengde
    Den opphavlege planen hadde vore å kome til Tilcara såpass tidleg dagen før at vi kunne gjere unna besøket ved Salinas Grandes same dag. Sidan vi i eit hjernedaudt sekund valde å køyre riksveg 9, så utgjekk det med skyhøge kneløft, hornmusikk og flaggborg.

    0258.jpg
    Tilcara i dalføret Quebrada de Humahuaca ligg i fine omgjevnader

    Apropos hornmusikk og flaggborg, så var det opptog begge kveldane vi hadde i Tilcara. Det var nesten som syttande mai her heime, men med eit litt anna musikkutval. Vi vart fortald at dette øvinga til ei storhending i området. Måndag etter palmesundag samlar tusenvis av menneske seg til pilegrimsferd. Dei går opp i fjellet for å to dagar seinare bringe heim til kyrkja i Tilcara ei svart jomfru. Så mange som 20 000 menneske kan samla seg for å følgje jomfrua til kyrkja onsdag før påske. Dette skjer medan ein taktfast slår på trommer og speler på panfløyter.

    0259.jpg
    Tilcara er kanskje litt unnseleg å sjå til

    Dersom vi hadde fått gjort unna Salinas Grandes på same dag som vi køyrde frå Salta til Tilcara, hadde vi fått tid til å køyre 230 km nordover til ein stad som heiter Javi og ligg ved grensa til Bolivia og skal vere ein fin plas. Vel, ikkje alt går alltid heilt som etter planen, men det var ein fin dag likevel.

    0260.jpg

    0261.jpg
    På eit merkeleg vis har då Tilcara litt sjarm ved seg

    0262.jpg
    Og vekas kaktus går til…

    0263.jpg
     
    Avixlo, Are, Edin and 9 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 18: Laurdag 3/3-18 – tredje akt: Mat og overnatting i Tilcara
    Vi hadde to netter i Tilcara. Det er for så vidt nok dersom du utnyttar tida godt (og betre enn oss). Vi betalte 1 260 kroner per rom på Gaia Habitaciones Boutique. Her er standarden i og for seg enkel, men det er ein triveleg plass. Vertinna, Eileen, styrte og stelte med seks rom og fortalde villig om både området og meir til – på engelsk. Dersom du toler det bittelitt rustikt, er dette ein brillefin plass:
    0265.jpg

    0264.jpg

    I Tilcara fekk eg for første gong smake på ein dessert som blanda kvit geitost, hasselnøtter og noko meir. Det var eit interessant forsøk, sjølv om det var frykteleg mektig. Ein må jo prøve nye ting innimellom:

    0267.jpg

    Det er ikkje mange plassar for mat i Tilcara og på overnattingsplassen vår fekk vi gode tips. Eitt av desse tipsa førte oss til restauranten El Nuevo Progreso og der fekk vi eit herremåltid som vanskeleg lar seg gløyme. Vi bestilte begge to lama og det var fullklaff:
    0266.jpg

    Her fekk vi òg tidenes mest sjarmerande kvittering (som no er plassert i glas og ramme):
    0268.jpg
     
    Durek, Avixlo, wilhelm and 21 others like this.
  3. WannaBeFrequentFlyer

    WannaBeFrequentFlyer EBD (Lifetime Gold), Strawberry Platinum Lifetime

    Innlegg:
    1,230
    Likes mottatt:
    1,358
    Bonuspoeng:
    113
    Du må tydeligvis sette av flere poster til innledningen neste gang da.. :) Strålende reisebrev dette. Helt klart en inspirasjon hvis jeg klarer å komme meg til Argentina en gang (altså litt lenger enn over grensa fra Iguazu på casinotur som jeg har vært :D)
     
    Kristian liker dette
  4. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,362
    Likes mottatt:
    7,559
    Bonuspoeng:
    183
    Utrolig kul kvittering, skjønner den måtte i glass og ramme :D
    Men jeg regner med at prisen ikke er i US selv om dollartegn står nederst? Forholdsvis stiv pris i så fall...
     
    Kristian liker dette
  5. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    1,895
    Likes mottatt:
    12,810
    Bonuspoeng:
    183
    Etter et par-tre dager på restene av en utvandret isbre (noen kaller det Jylland) har jeg lest meg opp og kommet ajour med etappene igjen. Imponerende reiserute og blikk for de spesielle detaljer. Igjen takk for rapportene!
     
    Kristian liker dette
  6. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,659
    Likes mottatt:
    32,507
    Bonuspoeng:
    293
    Helt fantastisk Kristian. Spørsmål ad matforgiftning, vil du si dette er et større problem i Argentina enn andre reisemål du har vært på? Når man er på mc tur er ikke noe slikt så greit...
     
    Kristian liker dette
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk for det! Ja, mitt inntrykk er (her kan eg ta feil) at Argentina har litt meir enn eit casino å by på ;) :)
     
    WannaBeFrequentFlyer liker dette
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Ein brukar dollarteiknet for å oppgi pris, men det er i argeninske pesos, ja. Dette kan ha samanheng med at ein på 1990-talet køyrde ein økonomisk politikk der 1 argentinsk pesos var lik 1 amerikansk dollar.

    Denne fastkurspolitikken var delvis årsaka til at den argentinske økonomien kræsjlanda grundig rundt 2001. Det var alltid fleire pesos i omløp enn dollar.

    No veit eg ikkje om denne fastkurspolitikken er årsaka til at dei brukar dollarteiknet eller ikkje, men det var berre noko som slo meg her og no.
     
    Earl liker dette
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Jylland er jo fint :) Og velkomen tilbake! Tusen takk for triveleg tilbakemelding! :)
     
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk for triveleg tilbakemelding!

    Ja, eg kan forstå at ufin mat kan gjere MC-turen litt ugrei...

    Reisefølgjet har vorte matforgifta to gongar i sitt liv: I San Martín de los Andes og på Røros. Fellesnemnaren her har eg vanskar med å få auga på :)

    For min eigen del må eg seie at eg har ei litt uvøren tilnærming til mat i utlandet og Argentina kjem vel kanskje ikkje i ei særstilling. Eg et det som kjem på bordet. Det har eg lært av mor og far at slik gjer ein...

    I Baku åt eg salat, frukt og grønt utan hemningar og vart veldig godt kjent med ein porselensinstallasjon. På same tur etterlot ein kamerat av meg ein såpass potent ladning i Kaukasus at eg trur det til dags dato ikkje veks noko bak akkurat den steinen.

    I Syria (dette var i 2007 (altså før Ragnarrok inntrefte der)) var eg på same frukt- og grøntkøyret som i Aserbajdsjan (lærte ingenting, tydelegvis), men på dette tidspunktet hadde eg oppdaga legemidlet Immodium.

    Japan, New Zealand, Jugoslavia og USA har gått utan problem. Så kanskje var eg litt meir uggen i Argentina enn på lenge...

    Dette trur eg det er lett å unngå ved å faktisk gjere bittelitt research på matplass før ein går ut og et. Vi opererte berre etter måfåmetoden. Då kan ein vere litt uheldig.

    Så svaret på spørsmålet ditt blir eit klokkeklårt tja... :rolleyes:

    Likevel håpar eg at det var til hjelp og at du ikkje føler at du no må skrote alle planar om å ta turen til eit fantastisk land!
     
  11. morradi

    morradi Senior Medlem

    Innlegg:
    510
    Likes mottatt:
    660
    Bonuspoeng:
    93
    Nei, det er ikke grunnen. Det vi ofte kaller dollartegnet var i bruk i Hispanoamerika før det kom i bruk i USA/Canada. Alle sedler og mynter i Argentina bruker $ og det tipper jeg at det gjør i de andre landene som har pesos som myntenhet også, uten at jeg har sjekket det.
     
    Are, Earl, RoadKing and 1 other person like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Med fly frå Salta til Puerto Iguazú
    – Jomfruturen med Austral

    SLA–IGR: Ein tur i E190
    Køyreturen frå Tilcara til flyplassen i Salta var lang, men denne gongen tok vi motorvegen, så vi brukte berre tre timar. Rundt tre mil før Salta starta bensinlampa å lyse, men eg tenkte at dette nok går bra. Innstillinga skifta brått då bensinmålaren plutseleg datt ned til eit nivå faretruande nært null. Heldigvis fann vi ein bensinstasjon ganske kjapt, men det var likevel nokre nervepirrande minutt.

    0270.jpg
    Opptil fleire uprøvde flyselskap opererer ut frå SLA

    Og så dei tekniske detaljane for den andre flyturen denne dagen:
    – Frå: SLA (Aeropuerto Internacional de Salta "Martín Miguel de Güemes")
    – Til: IGR (Aeropuerto Internacional Cataratas del Iguazú)
    – Avgang: 16:00
    – Landing: 17:45
    – Dato: 4/3-18
    – Flytype: E190
    – Sete: 5B (midtgang)
    – Pris: 1 500 kroner

    Vi kom fram til flyplassen kl. 1300, men innsjekkinga hos Aerolíneas Argentinas opna ikkje før kl. 1400, fekk vi informasjon om. Reelt sett opna innsjekkinga først kl. 1430 etter at damene bak skranken hadde kyssa og klemt kvarandre samt snakka med kvarandre om dette og hint. Alt dette medan vi stod tolmodige (?) og venta…

    0271.jpg
    Opptil fleire uprøvde flyselskap opererer ut frå SLA

    Salta lufthamn har så godt som ingenting å by på utover ein godt under middels «snackbar». Òg til denne flyginga hadde eg lagt inn bod om oppgradering på Plusgrade, men denne gongen fekk eg avslag. Det var no litt pussig, tenkte eg, for då vi gjekk om bord var det ikkje eitt menneske som reiste framom gardina.

    0272.jpg

    Denne flyginga vart altså operert av Austral på vegner av Aerolíneas, så sånn sett var det berre ein annan flytype. I notata mine finn eg ingenting om denne flyturen anna enn eit kort stikkord som tyder på at vi fekk tilbod om (alkoholfri) drikke og at kapteinen opplyste om flytid på 1 ½ time. Embraer 190 har to sete på kvar side av midtgangen og var etter min smak ein ålreit flytype.

    0273.jpg
    IGR (Aeropuerto Internacional Cataratas del Iguazú)

    For å gi deg som lesar litt underhaldning undervegs i denne flyturen, kan vi jo ta ein aldri så liten trudelutt. Som nemnd tidlegare er eg altså av den lettrørte typen, og denne songen er kanskje litt slitsam i stilen, men det er fullt av rørande scener her (med mindre du har eit hjarta av stein):
     
    Avixlo, Are, Edin and 6 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Aha, det er slik det heng saman!
     
  14. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,145
    Likes mottatt:
    869,598
    Bonuspoeng:
    293
    De bruker $ tegnet om mexicanske pesos også, og jeg ble skikkelig forvirret fordi det stemte jo aldri når vi betalte med US$.

    Sikkert noen som lurte meg eller ble skikkelig glad for han rause bergenseren med rikelig tips ..
     
    Chrisbgg, Earl and Kristian like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Eit fuktig klima
    – Vatn, vatn, vatn

    Dag 19: Sundag 4/3-18 – eit drama i éi akt: Jungeltaxi
    Det varte og rakk før vi fekk koffertane våre. Sånn er det vere statuslaus i Skyteam. Ikkje ulikt å vente på bagasjen sin på Gardermoen, eigentleg… Vel, vi fann oss ein drosje – her gjekk vi for den første og beste – og ganske kjapt etter avgang frå flyplassen var vi midt inne i jungelen.

    Bittelitt uti drosjeturen vart vi litt usikre på om vi kom til å overleve. Vi kom nemleg til ein plass der fartsgrensa vart justert ned frå 60 km/t til 40 km/t. Omtrent på dette tidspunktet dirra nåla på speedometeret rundt 100-talet. Aldri har eg sett regnskog fyke forbi augo mine så fort. Heldigvis overlevde vi...

    Fleire notat frå denne dagen har eg ikkje, så vi går vidare.
     
    Avixlo, Earl, Stuttfeiten and 4 others like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 20: Måndag 5/3-18 – første akt: Eksotisk fauna
    I Puerto Iguazú bur det om lag 40 000 menneske, men det som er hovudattraksjonen i området er Cataratas del Iguazú, eller Iguazù-falla om du vil. Nei, det handlar ikkje om tryning, knall og fall. Heng med, så blir du kanskje opplyst.

    0275.jpg

    Iguazú-falla ligg inne i Iguazú nasjonalpark [Parque Nacional Iguazú] og frå hotellet vårt kunne vi ta vanleg rutebuss. Vi vart fortalt at denne bussen gjekk kvar heile time frå kl. 0800 og kosta 90 pesos. Det viste seg at denne bussen hadde avgang kvart tjuande minutt og kosta 75 pesos. At dei i hotellresepsjonen ikkje visste dette, synst eg er noko merkeleg. Vi tok bussen kl. 0900 og var innanfor nasjonalpark porten litt før kl. 1000. Inngangsprisen låg på 500 pesos.

    0276.jpg
    Dette var det første teiknet til «ville» dyr i nasjonalparken

    Gjennom heile dagen såg vi representantar for ein type fauna som vi ikkje finn heime i Noreg. Dette var første gongen nokon av oss var i ein regnskog, så det vart knipsa eit par bilete – mildt sagt. Reisefølgjet tok visstnok over tjue kulørte fotografi av éin fugl. Det er godt at minnekorta no til dags har god plass! Eg nøydde meg mykje med å sjå, men her er fuglane (Vesaas-style?):
    0278.jpg

    Som du kan sjå av bilete, i alle fall innimellom, er eg ingen skarping. Det ber vi (rojalt fleirtal) audmjukt om orsaking for. Fleire stader stod det skilt som skulle minne oss på at vi var i jaguarterreng og at det var ei kjent sak at jaguaren kan gå til åtak på menneske. Desse karane er ikkje full stå farlege:
    0279.jpg

    0280.jpg

    Det var sommarfuglar i alle fargar overalt i nasjonalparken. For dei som er glad i den typen vesen, er nok Iguazú eit aldri så lite mekka. Ikkje for det, andre plassar kan vel ha fleire sommarfuglar per kvadratmeter for alt eg veit, men likevel.

    Etter å ha tusla litt rundt i nasjonalparken, oppdaga vi ein fyr som mangla den eine foten. Vi gløtta ut i vatnet og der låg denne karen klar til å kaste seg over det neste beinet som tilfeldigvis skulle dingle for nært vassoverflata:
    0277.jpg

    Greitt, ein spøkjer kanskje ikkje med slikt, men der og då var det vanskeleg å la vere. At krokofanter (eller elediller) kan finne på forsyne seg av forbipasserande menneske etter eige ønske er jo ei kjend sak.
     
    Last edited: 01. april 2018
    Avixlo, Are, Edin and 8 others like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 20: Måndag 5/3-18 – andre akt: Æ bli’ pessatrængt!
    Vi har no kome fram til den delen av reisebrevet som nok må vere den fuktigaste delen. Årsaka til at Puerto Iguazú hamna på besøkslista var, er verdsarvplassen Iguazú-falla. Dette er ikkje eitt fossefall, men mange. Det var så mykje rennande vatn på alle kantar at eg konstant var på utkikk etter eit toalett (som nok òg kan ha samanheng med at eg drakk som ein idiot i varmen).

    0290.jpg

    Starten av dagen vår var overskya, men etter kvart kom sola. Og varmen. Det er berre å ha ei dugeleg stor vassflaske tilgjengeleg fordi det er eit nokså stort område der du berre kan bruke apostlanes hestar. Det einaste unnataket er Djevelkjeften [Garganta del Diablo], dit går det tog – gratis.

    Det at Iguazú nasjonalpark legg opp til at du må gå ein del, er eigentleg ganske fint. Kor ofte kan ein eigentleg tusle rundt omgitt av regnskog? Inne i parken er det tilbod om elvesafari, jungelsafari og kva-veit-eg-safari. Det er altså rom for å vere med på organiserte utflukter. Vi vurderte det, men det vart aldri noko av det. Vi fekk vel sett nok vatn likevel:
    0291.jpg

    0292.jpg

    0294.jpg

    Tidvis måtte eg jobbe heftig med å ikkje få med folk på bileta mine, for vi var ikkje åleine – slett ikkje:
    0295.jpg

    Vi tusla altså inn i nasjonalparken kl. 1000. Etter kvart som sola kom, vart det såpass varmt at sjølv to heite karar som oss fekk nok. Rundt kl. 1530 tok vi bussen tilbake til byen og hotellet og kl. 1600 tok vi ein etterlengta siesta. På dette tidspunktet hadde temperaturen kome seg opp til +30 og luftfuktigheita var på minst 348 759 %.

    0293.jpg
    Garganta del Diablo

    Siestaen brukte eg til å skrive postkort. I Argentina er frimerke er så godt som umogleg å oppdrive. Og dersom du finn frimerke, så blir du jo sjølvsagt blakka fordi dei kostar 90 pesos per stykk (altså rundt 35 kroner). Frå denne turen sendte eg rundt 40 postkort. Det er sånn omtrent som forventa. På toppen av det heile har Argentina tre «postvesen». Dei seier at alt blir så mykje betre når det offentlege ikkje tar seg av ting, men eg seier som følgjer: Privatisering meg langt oppi Litauen! Det er ein uting!

    Og med den brannfakkelen overtent, avsluttar vi dagen med eit flott bilete frå Iguazú:
    0296.jpg
     
    Last edited: 01. april 2018
    Avixlo, Are, Markal and 8 others like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 20: Måndag 5/3-18 – tredje akt: Mat og overnatting i IGR
    Dersom du vil finne god mat i Puerto Iguazú, ligg unna nedre del av sentrum. Når du kjem inn mot byen frå flyplassen eller nasjonalparken, ta heller til høgre inn rett etter YPF-bensinstasjonen og vips er du i matistan! Her ligg det godplassar på rad og rekke! På ein sånn grillrestaurant fekk eg ei nydeleg grilla ferskvassmalle med potetmos. Herrefred, som det smakte!
    0297.jpg

    Elles budde vi på Grand Crucero Iguazú hotel. For to netter betalte vi 1 770 kroner per rom. Dette er ein sånn plass med folk som insisterer på å bere kofferten din og vil vise deg heile vegen til rommet ditt og så vidare. Slikt synst jo eg er kjempeplagsamt, men av og til er det ikkje til å unngå. Utsikten var ikkje akkurat det eg hadde håpa på:
    0298a.jpg

    Heldigvis kan hotellet by på store og luftige rom med eit ganske velfungerande luftkondisjoneringsanlegg. Som nemnd har vi stort sett fått ganske magre frukostar: loff med skinke og kvitost. Her var det både eggerøre og pølser og meir til samt frukostblanding. Likevel var det eit slikt kakebord (tørre og kjipe kaker for det meste) som utgjorde 75 % av frukostbufféen. Og desse kakene hadde vi møtt overalt i Argentina. Det er kanskje slik at når du et middag nærmare midnatt, så treng du vel berre ein espressokaffi for å få i gang systemet på morgonkvisten.

    0298b.jpg

    0298c.jpg


     
    Avixlo, Are, Eddie47 and 6 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Vi òg vart litt forvirra i starten over alle $-teikna, men ingen av oss hadde med oss ein einaste amerikansk dalar, så vi prøvde oss med dei argentinske :)
     
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk til alle som har heldt ut så langt, kommentert og levert ein oppoverretta tommelfinger! Det set eg pris på :) Det er ikkje så altfor mykje igjen no!
     
    jgroneng liker dette

Del denne siden