Reisebrev: Amundsen-genet fører to karar til Argentina

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 23. mars 2018.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Med fly frå Puerto Iguazú til Buenos Aires
    – Nok ein transportetappe

    IGR–AEP: Siste innanrikstur i Argentina
    Så var vi kome til nest siste dag i Argentina som involverte ein posisjoneringsflyging frå Puerto Iguazú til Buenos Aires før avreise tilbake til gamlelandet neste dag. Som dei andre argentinske flyplassane er heller ikkje IGR ein stad som gir ro i sjela.

    Og så dei tekniske detaljane for dagens flyging – med LATAM:
    – Frå: IGR (Aeropuerto Internacional Cataratas del Iguazú)
    – Til: AEP (Aeroparque Jorge Newbery (Buenos Aires))
    – Avgang: 13:15
    – Landing: 15:10
    – Dato: 6/3-18
    – Flytype: A320-200
    – Sete: 6J (J/K/L erstattar D/E/F)
    – Pris: 1 200 kroner

    0300.jpg

    På Iguazú lufthamn kom vi over denne tøtta som Andes linéas opererer, ein MD83 (?). Ein skulle jo tru at dei slit litt med å få tak i reservedelar til denne balja no om dagen, men kva veit eg. Først trudde eg at det var ein CRJ900, men det var berre på grunn av motorplasseringa.

    0301.jpg

    Vel, òg på IGR vart vi møtt av eit køhelvete. Eller, vel, ingen stor forskjell frå andre argentinske flyplassar, altså. Innsjekkinga starta offisielt kl. 1115 (to timar før avgang), reelt kl. 1130 (etter den obligatoriske klemminga, kyssinga og småsnakkinga blant innsjekkingspersonellet. Her er det freistande å ta i bruk emneknaggen #mañana-mañana, men kva har no firkanttasten å gjere i skriftspråket vårt?

    0302.jpg

    Sikkerheitskontrollen opna ikkje før kl. 1215 og ombordstigninga starta kl. 1300 og vi kom oss av garde rundt 20 minutt forseinka. Vel oppe i lufta kom damene gjennom kabinen med tralla til den tørste bermen. Som nemnd før køyrer LATAM berre rein økonomiklasse innanriks i Argentina. Vi fekk vatn, juice og brus på denne turen. Utover det gjorde eg eit forsøk på å studere innsida av augelokka.

    Vel framme i Buenos Aires på innanriksflyplassen Aeroparque, vart vi ståande ei god stund før bagasjen vår kom. Ikkje for det, eg har venta lenger på såkalla prioritert bagasje på Gardermoen, så direkte ille var det ikkje. At det var bagasje på alle ni banda på AEP seier litt om at dette er ein ganske tungt trafikkert flyplass.

    0303.jpg

    I løpet av dei flyreisene vi har hatt i Argentina har eg kome fram til at eksteriørmessig synst eg Aerolíneas Argentinas har dei finast dekorerte flya. Det er noko med den blåfargen mot den argentinske himmelen.

    For 200 pesos fekk vi drosje til hotellet og så var det tid for ein kjapp siesta. Denne gongen gjekk eg kjapt gjennom ting og tang i ryggsekk og koffert. Det er jo alltids slik at det hopar seg opp med skittenklede og ein gjer jo eitt og anna innkjøp. Denne rydderunden gjorde meg ganske forfjamsa, for i ryggsekken som fungerte som handbagasje fann eg noko som kan tyde på at sikkerheitssjekken på Puerto Iguazú ikkje var like grundig som eg kanskje hadde forventa – og er vand til heimanfrå:
    0304.jpg
    Trekvart liter vatn gjekk glatt gjennom sikkerheitskontrollen
     
    Avixlo, Are, Kvalvaag and 10 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Harald, du er konge!
    Å, Sonja – din stil og din sjarm!

    Dag 21: Tysdag 6/3-18: Eit drama i éi akt: Å leve som ein konge
    Det var litt pussig å vere tilbake i Buenos Aires og igjen sjå kjende landemerke som Torre Monumental og den omkringliggjande parken – nesten som å vere heime igjen:
    0305.jpg

    Vel, langt meir heime skulle vi føle oss då vi i det gamle hamneområdet, Puerto Madero, kom over det argentinske flagget i lag med det norske flagget:
    0307.jpg

    Vi visste på dette tidspunktet at ein større delegasjon med norske dignitærar var på statsbesøk i Argentina. I etterkant har eg funne ut at på staden der det norske flagget hang, Puerto Madero yacht-klubb, skulle det vere mottakingsmiddag i regi av Inovasjon Noreg. Vi stilte oss no i alle tilfelle opp for å vente. Ka-anskje kommer kongen, som det heiter seg i songen.

    Etter å ha stått og venta i ein liten time kom næringsminister Torbjørn Røe-Isaksen, utanriksminister Ine Søreide, Statoil-sjef Eldar Sæthre og Norwegian-sjef Bjørn Kjos. Sistnemnde var der i samband med opninga av ruta mellom London og Buenos Aires.

    0306.jpg

    I nydelege omgjevnader venta vi enda ei stund og plutseleg høyrde vi sirener i det fjerne. Vi tenkte at dette må vere eskorten av sjølvaste sjefen over alle sjefar! Og ja, etter at vi hadde stått der med rumlande mager i nesten to timar kom sanneleg hans majestet kong Harald i følgje med dronning Sonja.

    Eg hadde frykteleg lyst til å rope: Harald, du e konge! Reisefølgjet meinte at slikt gjer ein då ikkje overfor kongen og var bombesikker på at han ikkje ville sjå humoren i eit slikt utrop. Vel, eg valde å la vere, men Harald har jo uttalt at forskingsstasjonen Troll i Antarktis må vere oppkalla etter kona – mannen har jo humor:


    Her er kongehusets eige fotografi frå statsbesøket:
    0311.jpg

    Å få sjå kongen og dronninga berre 10 meter unna seg var stor stas! Ingen tvil!

    0309.jpg

    0308.jpg

    Resten av kvelden rusla vi rundt i Buenos Aires som tar seg godt ut i kveldslys òg, spesielt hamneområdet Puerto Madero. Hotellet vårt var ikkje så langt unna, så det var ein relativt kort tur tilbake dit.

    0310.jpg

    Etter å ha fått sett kongeparet var stemninga såpass god at eg her trur vi her lar deg som lesar få stifte kjennskap med ein av dei songane og musikkvideoane som stadig vekk vart spelt på argentinsk radio og fargefjernsyn – og som får meg i godt humør – kvar einaste gong:
     
    Last edited: 22. aug 2022
    Avixlo, Are, Edin and 12 others like this.
  3. jgroneng

    jgroneng Fastboende

    Innlegg:
    5,217
    Likes mottatt:
    17,283
    Bonuspoeng:
    293
    Leser, nyter og er skikkelig misunnelig ...
     
    Kristian liker dette
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Takk-takk :) Argentina skal ingen steder – hverken med det første eller det andre, så det er (i teorien) bare å fiske fram en dertil egnet nettside og la bookingfingeren gjøre jobben og vips må du selv skrive et reisebrev fra det store utland :)
     
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 22: Onsdag 7/3-18: Eit drama i éi akt: Vår siste time er nær
    Denne siste natta i Argentina og Buenos Aires budde vi på hotellet NH Buenos Aires Crillón til 870 kroner per rom. Hotellet ligg sentralt og etter min ringe forstand er standarden heilt innanfor det akseptable. Slik ser det ut der:
    0315.jpg

    0316.jpg

    0317.jpg

    Etter det rojale møtet i dagen i forvegen hadde vi ete som kongar. Det gjorde vi på ein veldig triveleg liten sushirestaurant på Puerto Madero. Prisnivået var litt over det som kanskje er vanleg i Argentina, men det smakte himmelsk:
    0314.jpg

    Denne siste dagen i Argentina brukte vi til å tusle omkring i sentrum av Buenos Aires. Flyet vårt skulle ikkje gå før kl. 1805, så vi hadde føremiddagstimane. Denne gongen var det rundt +20 i byen, ikkje +30 som tre veker tidlegare. Og byen viste seg frå si beste side:
    0313.jpg

    Kl. 1400, fire timar før flyavgang, var vi tilbake på hotellet for å hente bagasjen vår og for å bestille drosje til flyplassen. Vi vart av resepsjonisten lova bil til 1415. Då kl. var 1420 ringde resepsjonisten på ny og fekk vite at det var ein feil med det automatiske bestillingssystemet denne dagen, men no skulle vi få bil til kl. 1430.

    Då uret viste 1435 ringde resepsjonisten tilbake til drosjesentralen og fekk vite at bilen vår stod fast i trafikken og dermed strena han ut i gata for å stoppe ein tilfeldig forbikøyrande drosje til oss. Det lukkast han med kl. 1445. Det skulle vise seg at trafikken utover til den internasjonale flyplassen, Ezeiza, var ganske så tett med tidvis full stopp, så den køyreturen som vanlegvis tar rundt 30 minutt, denne gongen tok 60 minutt.

    0312.jpg

    Drosjesjåføren var ein supertriveleg kar som faktisk ønskte å prate med oss. Det var på ei blanding av spansk og engelsk, men han fortalde om at Buenos Aires skal vere vertskap for junior-OL seinare i 2018 og andre ting.

    Vi fekk karen verkeleg på gli då vi kunne fortelje at vi hadde vore tre veker i landet hans og synst det var ein veldig bra land. Argentinarar er veldig stolte av landet sitt – trass i alle dei problema som råka opp gjennom åra.
     
    Avixlo, Are, Kvalvaag and 8 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Eit etterlengta møte
    – Lufthansa – her er vi!

    Innsjekk og lounge på EZE

    Innsjekkinga for oss med gullkort i Star Alliance var effektivt unnagjort. Deretter kom vi til tryggingskontrollkøa. Her venta vi i maksimalt fem minutt. Det som tok lengst tid var passkontrollen. Dette tok 10–15 minutt. Innsjekkingshallen på Ezeiza er ganske romsleg:

    0320.jpg

    Når eg er på nye flyplassar, er eg ikkje den typen som må inn på loungen fortast mogleg. Det er liksom litt av sjarmen å tusle i butikkane for å sjå om dei tilbyr noko som eg kan ta med heim. Reisefølgjet svidde av sine siste pesos på store mengder sjokolade. Eg hadde gjort unna sjokohandelen i Bariloche, så eg svima mest rundt.

    Vi tok turen innom det eg trur må vere den einaste loungen Star Alliance har på Ezeiza. Der var det smekkfullt. Folk var stabla i høgda inni der og det var meir tettpakka der enn på eit kjent gatekryss i Tokyo – eller som i innanriksbua til SAS på Gardermoen ein torsdag ettermiddag i pendlarrushet. Heldigvis fann vi ein liten sitjeplass slik at vi kunne få i oss litt mat og drikke. Grunna folkemengda fekk eg meg ikkje til å ta noko bilete der inne. Vi slo i hel ventetida med eit par slag UNO før vi gjekk ut for å helse på fuglen vår som skulle fly oss heim.
     
    Avixlo, Are, Kvalvaag and 8 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    EZE–FRA: Sørvis om bord
    La meg her informere herskapet om flyruta vår på denne heimreisa med LH:
    – 1805 Buenos Aires Ezeiza – Frankfurt 1120 +1
    – Sete: 25H (økonomi starta på rada bak meg)
    – Klasse: Premium economy
    – Flytid: 13 timar og 15 minutt

    0321.jpg

    0322.jpg

    Lufthansa stilte med ein B747-8 og eg loffa bort til plassen min, 25H, på høgre side av flyet – omtrent over vengen, ut mot midtgangen. På dette flyet var det 2+4+2-konfigurasjon i premiumkabinen. I økonomikabinen var det 3+4+3-konfigurasjon, i alle fall så langt bak som eg greidde å sjå. Hos meg på 25H såg det slik ut:
    0323.jpg

    0324.jpg

    Knyttnevetesten trengt eg vel ikkje å gjennomføre (sjølv om det ikkje var all verdas med tumleplass her, men betre enn hos KLM på bermeklasse):
    0326.jpg

    Her var det fotstøtte (ikkje beinstøtte), men eg kom fram til at alt i alt kunne Lufthansa tilby ein ganske så god sitjekomfort til ein litt sliten Argentina-farar. Før vi tok av, vart det delt ut drikke – juice eller vatn – og meny:
    0327.jpg

    0328.jpg

    0329.jpg

    Ein annan ting som Lufthansa hadde i sete 25H (og sikkert dei andre i premium economy) var ei slik nakkestøtte som ein kan «brette rundt skallen». Det gjer det mogleg å byggje ei fin støtte slik at hovudet har noko å kvile mot når ein etter kvart går inn for eit grundig studium av innsida på eigne augelokk.

    Vi fekk òg ei lita utstyrsmappe (eg ser alle bruke eit eller anna fancy ord på engelsk for dette, men eg kjem ikkje på kva det heiter) med det mest nødvendige: Tannkrem og tannkost, augemaske og eit par andre småting. Eg opna henne ikkje før eg kom heim:
    0330.jpg

    Det pussige på denne flyginga var at vi ikkje fekk utdelt slike lyttepluggar (eller heiter det øyrepluggar?) før etter at vi var kome opp i marsjhøgde. Desse vart òg samla inn før vi gjekk inn for landing. Etter mi meining burde dette ha vore tilgjengeleg frå ein kom til setet sitt og til ein gjekk. Dei øyredingsebomsane som blir delt ut, skal pluggast i nede i armlenet. Eg leita som ein idiot i sikkert ti minutt før eg fann ut av det. Først då eg løfta opp «lokket» på armlenet fann eg tilkoplingspunktet:
    0331.jpg

    Dersom du stiller med eige lytteutstyr, så er det ein kontakt i underkant av skjermen i seteryggen foran deg (både USB og minijack):
    0325.jpg

    Apropos marsjhøgde: No starta utdelinga av rikdommen som løyner seg i trallene. I første omgang fekk vi alle i premium economy ein pose med noko à la mini-prätzel og drikke. Eg gjekk for vatn, juice og sprudlevatn (nei, Farris og Ramlösa er ikkje sprudlevatn). Drikken vart servert i plastikkglas. Krystallet er vel berre til bruk for dei eleverte klassar:
    0332.jpg

    Denne serveringa kom altså ganske fort etter at kapteinen sløkte setebelteskiltet. Det drygde litt før middagsserveringa kom i gang, men eg tenkte det var greitt å gi kokken arbeidsro og stressa ikkje så mykje med det. Kabinpersonalet var i gang med å dele ut mat rundt ein time etter avgang, så det er det ikkje noko å seie på. Eg gjekk for pastaen, altså alternativ nummer to i menyen. Etter kva eg forstod hadde reisande i bermeklasse valet mellom dei same rettane:
    0334.jpg

    Pastaen var god og sidemannen, ei triveleg tøtte frå Hannover, var skjønt einig. Ho dreiv visst med noko som hadde med inseminering å gjere. Jobben førte henne i alle fall ut på reise i ny og ne og det tykte ho var stas. Ikkje lenge etter middagsserveringa kom det tilbod om konjakk og kaffi til desserten. Væskebalansen er det viktig å oppretthalde, så eg takka ja til konjakken.

    På flyginga vår mellom Buenos Aires og Ushuaia skal visst ho eine dama bak meg å daska til medpassasjeren sin. Den høglytte diskusjonen som oppstod i etterkant på spansk forstod eg lite av, men diplomateigenskapane hos personellet om bord stoppa ytterlegare eskalering.

    Denne flyginga var heller ikkje fri for dramatikk: Tre timar inn i flyginga kom kapteinen på lufta og minna om at røykeforbodet gjeld toalettet. Kabinpersonalet hadde nyss ferska ein dust som hadde utløyst brannalarmen innpå der. Vi kunne høyre at kapteinen var indignert – mildt sagt.

    Ikkje nok med det, eit par timar før landing vart legepersonell etterlyst. Den neste halvtimen hadde kabinpersonalet grei fart gjennom flyet og passasjerar vart bestemt dytta unna. Det viste seg at det her var snakk om ein passasjer som rett og slett hadde fått hjartestans i lufta, men kabinpersonalet hadde fått i gang blodpumpa. Mest truleg ville dei kanskje ha folk med medisinsk erfaring som kunne ta litt ekstra vare på stakkaren.

    Frukosten som kom til bords cirka halvannan time før vi landa var langt mindre dramatisk:
    0335.jpg

    Dette var heilt standard med omelett, potet, tomat, litt frukt og ein brødbit. Altså, alt går i grisen, men dette åt eg mest fordi eg var svolten. Eller som eg har skrive i notata mine: Ordinært, men godt på smak. Det er mogleg at eg kanskje var litt snill der. La meg heller moderere meg sjølv litt og seie at det ikkje var vondt på smak.

    Som nemnd er dette ei flyging som er over 13 timar lang. Eg fekk sju timars søvn, noko som tyder på at eg hadde det komfortabelt hos Lufthansa i premium economy. Eg synst at LH leverte eit godt produkt og at dette kanskje liknar litt på det SAS tilbydde i Plus (til USA/Asia) sist gong eg flaug med dei (for to–tre år sidan).

    Flyet skulle lande på Frankfurt kl. 1120, men allereie kl. 1050 stod vi på bakken. Stakkarane i F-klasse mista ein heil halvtime av sjampanjegaloppen sin… Huff og huff!

    0333.jpg
     
    Avixlo, Are, Kvalvaag and 10 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    FRA–OSL og OSL–TRD: To transportetappar
    Etter å ha landa på Frankfurt hadde vi ein del timar her før flyet vårt gjekk vidare, då Lufthansa til Gardermoen. Dette gav oss 4 ½ time til mellom anna å spele UNO. Igjen gjekk eg på ei lang rekkje tap. Sluttstillinga vart 2 247 minuspoeng til reisefølgjet og 3 152 minuspoeng til meg. Dette må vel vere ei opplysing eg kan leggje ut på Tander (eller kva no den der sjekkeapplikasjonen heiter) og så rasar vel tilboda inn?

    0336.jpg
    Frankfurt flughafen ein torsdag føremiddag

    Det er ikkje så mykje å seie om dei siste to etappane heim anna enn at kabinsjefen hos Lufthansa tiltalte meg ved etternamn og passa på at eg hadde noko i glaset, noko som gav ein fin tur i 2D:
    0337.jpg

    Akkurat denne retten har eg fått servert fleire gongar hos Lufthansa. Eg greier ikkje heilt å bli einig med meg sjølv om dette er godt eller ikkje. På veg til eller frå Lisboa i fjor smakte den veldig godt. Ein annan gong var eg meir i tvil og no var det godt igjen.

    0338.jpg

    Vel framme på Gardermoen var det berre å ta turen ned gjennom tollkontrollen fordi Lufthansa er ikkje med på dette «übergeniale» opplegget ‘Connecting Norway’. Her kom vi inn i ei innanriksbu som var så smekkfull at eit lyskryss i Tokyo…. Vent no litt, den samanlikna har eg vel brukt før? Vi kom i alle fall til pendlarrushet ein torsdag ettermiddag…

    Heldigvis fekk vi sjuska til oss eit bord godt hjelpt av loungevertinna som kunne fortelje om den gongen ho reiste rundt omkring i Argentina. Vi fortalde litt om vår tur og ho fekk eit lett drøymande uttrykk i augo, så ho lengta nok plutseleg tilbake til reisa si på andre halvdel av 1980-talet.

    Vi fekk litt ekstra tid på Gardermoen fordi flyet kom seint inn frå Flesland og mannskapet kom seint inn frå Langnes. Vel heime vart det gåveoverlevering til opphavet og deretter ti timars samanhengande søvn etter det som må seiast å ha vore ein brillefin tur.

    0339.jpg
    Kanskje ein skal kjøpe inn bananene til SAS-loungen. Kor lang tid tar det då før ein har nok poeng til ei reise i F? Det kan då ikkje vere mange vekene...
     
    Avixlo, wilhelm, Are and 16 others like this.
  9. LaDuden

    LaDuden Aktivt Medlem

    Innlegg:
    444
    Likes mottatt:
    1,423
    Bonuspoeng:
    93
    Tusen takk for fantastisk påskelektyre! Drømmen/ønske om tur til Argentina blir ikke mindre etter dette :)
     
    Kristian liker dette
  10. MadsVaHa

    MadsVaHa Veteran

    Innlegg:
    2,508
    Likes mottatt:
    5,541
    Bonuspoeng:
    183
    Strålende, aldeles strålende @Kristian :)
    Takk så mye for turen, kan nesten krysse av Argentina på listen etter det reisebrevet her :)
     
    Kristian liker dette
  11. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,660
    Likes mottatt:
    32,508
    Bonuspoeng:
    293
    Kristian liker dette
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for triveleg tilbakemelding :) Ingen grunn til å la Argentina-turen forbli ein draum :)
     
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for følgjet! :) Og sagt på trøndersk: Næsten bekke' itj præsten av hæsten ;) Ser fram til ditt reisebrev frå Argentina! :)
     
    MadsVaHa liker dette
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Argentina: Nokre oppsummerende ord

    Det blir kanskje vanskeleg å seie noko fornuftig utan å bruke for mange ord, men litt sjablongmessig kan eg glatt tilrå ei reise til Argentina. Buenos Aires er ein nydeleg by, Eldlandet har mykje å by på – m.a. pingvinar, Patagonia er fantastisk og både saltslettene i nordvest og Iguazú-falla i nordaust er vel verdt å få med seg.

    Å pugge inn litt spansk kan vere eit godt tips. Stort sett får du svar på spansk, sjølv om du snakkar engelsk til folk. Stort sett er folk veldig venlege og hjelpsame, men det stoppar gjerne fordi språkbarrieren er stor. Vi opplevde at dei aller fleste forstod engelsk til ein viss grad, men kunne ikkje nok til å svare oss, difor spanskbruken.

    Ha solkrem, immodium og gnagsårplaster lett tilgjengeleg samt pesos i små setlar. Kjem du med ein 500-lapp, himlar folk gjerne med augo og spør om du ikkje har mindre. Argentina er stort sett eit kontantsamfunn. I Buenos Aires opplevde vi fleire litt innpåslitne tiggarar, medan dette var fullstendig fråverande andre stader i landet.

    Og for innanlandsreiser er fly det mest effektive. Kanskje held eg ein knapp på Aerolíneas Argentinas fordi dei har flest avgangar og destinasjonar, men LATAM har òg sine sider. Bortsett frå at det å få ut leigebilar tar lang tid, så er det ein genial måte å få utforska eit område. Det går ikkje buss overalt.

    Kort sagt: Basert på dette 'one case'-studiet konkluderer eg slik:
    – Ta turen til Argentina!

    Vi avsluttar heile dette reisebrevet med eit musikalt innslag som opptil fleire gongar dukka opp på diverse musikkanalar både i radioen og i fargefjernsynet:
     
    Last edited: 17. april 2018
    Avixlo, wilhelm, Are and 13 others like this.
  16. funkenstein

    funkenstein Senior Medlem

    Innlegg:
    1,013
    Likes mottatt:
    6,496
    Bonuspoeng:
    183
    Et fantastisk reisebrev, Kristian, takk for underholdning og opplysning!
     
    Kristian liker dette
  17. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,362
    Likes mottatt:
    7,559
    Bonuspoeng:
    183
    Takk for en flott tur og en innholdsrikt og morsomt reisebrev. Merker det rykker i bookingfingeren etter å ha lest dette så må nok sette opp Argentina som et reisemål for fremtiden :)

    Edit: oj oj oj dette ble visst min post nr 1000 på forumet, må vel feire med litt sprudlevann da ;)
     
    Kristian and holmen like this.
  18. Tore

    Tore Milehunter Offisiell Representant Admin

    Innlegg:
    5,111
    Likes mottatt:
    114,460
    Bonuspoeng:
    350
    Dette var aldeles enestående og en de fyldigste og beste reisebrev noen sinne!
    Artig med musikk og humor innimellom også.

    Well done sir. Well done!
     
    Kristian liker dette
  19. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,145
    Likes mottatt:
    869,598
    Bonuspoeng:
    293
    Dette er en nesten 29 år gammelt MD83 som i over 15 år fløy for SAS datteren Spanair. Leveransedato 21.04.1989 og har i dag registreingsnummer LV-BEG.

    Det skulle ikke undre meg om noen her inne har vært på chartertur med denne maskinen.
    Jeg har i alle fall reist med Spanair i "gamle dager" både som charter og som ordinært rutefly.
    Den gikk ut av Spanairs rekker i oktober 2004.
     
    sutenai and Kristian like this.
  20. WannaBeFrequentFlyer

    WannaBeFrequentFlyer EBD (Lifetime Gold), Strawberry Platinum Lifetime

    Innlegg:
    1,230
    Likes mottatt:
    1,358
    Bonuspoeng:
    113
    Dette har vært stor påskelektyre! :) Påskekrim kan ta seg en bolle.. :p
     
    Kristian and Eddie47 like this.

Del denne siden