Reisebrev: Fem strekningar, fire loungar og tre hovudstader på éin dag!

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 31. mai 2018.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    I staden for å pakke til tre vekers ferie, skriv eg heller denne reisebrevintroduksjonen. Så lenge det ikkje blir buss for fly har eg god tid!

    Her i det høge nordaust har ein jo det ganske fint til tider:
    20180525_162145.jpg

    Det er alltid greitt å gløtte på Barentshavet i solskin:
    20180525_162248.jpg

    Likevel kan utferdstrangen innimellom bli veldig stor, for det er mykje der ute i verda som lokkar:
    20180526_181544.jpg

    Dette reisebrevet skal ta lesaren med på reise frå Aust-Finnmark til Trøndelag via fem flystrekningar, fire loungar og tre hovudstader. Dette er rett og slett resultatet av galskapen som råka meg då denne turen vart bestilt og det var altfor lenge sidan førre flytur og altfor lenge til neste flytur...

    Vi (royalt fleirtal) satsar på laiv-oppdateringar undervegs. No skal eg berre få pakka kofferten... To timar til avreise og nedteljinga har starta!
     
    Last edited: 31. mai 2018
    Petter B-C, Upsaker, Edin and 18 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Det er LN-WIG (takk til @Eddie47 for research) som flyg WF970-ruta i dag. 39-setarane tar seg godt ut:
    LN-WIG.jpg

    No ser eg av rutehistorikken til flyet at det ikkje er så altfor lenge sidan LN-WIG var på Værnes, det skjedde 26/5. Så i teorien kunne eg vel ha tatt flyet heim til Trøndelag, men då måtte eg ha besøkt veldig mange loungefrie flyplassar...
     
    Upsaker, SAJblue, Stuttfeiten and 2 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Og pakkinga går strålande:
    20180531_072401.jpg

    Éin time til avreise... Blir dette dramatisk?

    Og kva skal ein ha med for å halda ut i tre veker som omfattar hytteliv med fjell- og fisketurar på trøndelagskysten, ei langhelg på Orknøyene og byliv i Trondheim og London... Dette blir ikkje lett! Og ja, eg tenkjer på vekta òg!
     
    Stuttfeiten, RoadKing, OttoL and 2 others like this.
  4. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    16,305
    Likes mottatt:
    33,876
    Bonuspoeng:
    293
    Det du glemmer kan kjøpes. Husk pass, telefon og kredittkort, så kan det ikke gå galt.
     
    Eddie47 and Kristian like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    For å få det beste ut av kabinpersonalet, må ein sjølv møte opp velflidd, så no er denne karen nydusja og iført reine klede.

    No har eg ein gryande mistanke om at det er eit eller anna viktig eg har gløymd...:
    20180531_082828.jpg
     
    chrt, TigerTravel, Kvalvaag and 4 others like this.
  6. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    16,305
    Likes mottatt:
    33,876
    Bonuspoeng:
    293
    God reise til den fineste byen forresten :)
     
    Kristian liker dette
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Det takkast og bukkast! :)
     
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Her i det høge nord har vi ein rik flora av radiokanalar på FM-nettet. Finske YLE stiller med fem kanalar og i tillegg har vi Bol'sjoe radio (Большое радио) som sender frå Murmansk.

    Sistnemnde kanal spelte nyss ein song som har ein tittel som kan skildre korleis eg kjenner meg når eg skal ut på flytur: Ja svoboden (Я свободен) -- Eg er fri! Nydeleg melodiøs rock. Og sidan eg nesten skal innom russisk luftrom, så deler eg den sangen med herrane og damene:
     
    Last edited: 02. juni 2018
    chrt, Ursa, Stuttfeiten and 2 others like this.
  9. Mg15

    Mg15 Medlem

    Innlegg:
    122
    Likes mottatt:
    244
    Bonuspoeng:
    43
    God tur
     
    Kristian liker dette
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Strekning 1: WF970: VDS--KKN
    - Kiby internasjonale lufthamn -- Høybuktmoen

    Som vanleg ei effektiv og triveleg innsjekking. Eg stilte med 25 kg bagasje, det var ikkje noko problem. Tøtta i skranken skulle berre festa på lapp for tung bagasje :)

    'Loungen' for mindreårige på VDS:
    20180531_091232.jpg

    Gråvêr over Varangerfjorden i dag;
    20180531_091245.jpg

    LN-WIG, eit prakteksemplar:
    20180531_091311.jpg

    Tøtta i skranken fekk ei konsentrert rynke i panna då ho såg reiseruta mi og braut ut: Det e litt av tur du skal på! Du skal jo gjænnom hele Skandinavia!

    Oh, yes, baby!

    Intra-Skandinavia lounge run er i gang!
     
    Petter B-C, Upsaker, SAJblue and 9 others like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    VDS--KKN har rutemessig avgangstid kl. 09:41. Kapteinen har alt vore på lufta og ønska velkomen og sagt at vi er klåre til eit 10 minutt langt hopp. Litt papirarbeid gjenstår i cockpit.

    20180531_092156.jpg
     
    Upsaker, SAJblue, Stuttfeiten and 3 others like this.
  12. OttoL

    OttoL Veteran

    Innlegg:
    4,364
    Likes mottatt:
    12,513
    Bonuspoeng:
    183
    Gøy :)
     
    Kristian liker dette
  13. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,025
    Likes mottatt:
    875,505
    Bonuspoeng:
    293
    Får du vestlandslefse?
     
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    I døropninga vart eg blidt ønska velkomen om bord av flyvertinna. Det er så kjekt å bli møtt av eit varmt og breidt smil!

    Menyen hos Widerøe er som han alltid har vore:
    20180531_092645.jpg

    20180531_092657.jpg

    Inga servering i dag fordi setebelteskiltet var påskrudd heile vegen, som vanleg, men den blide flyvertinna tilbydde sjokolade ved avstigning:
    20180531_094347.jpg
     
    Petter B-C, Upsaker, kjeeli and 4 others like this.
  15. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,426
    Likes mottatt:
    8,025
    Bonuspoeng:
    183
    God tur ut i den store verden og frem til endelig reisemål i Stiftsstaden, er jo fint flyvær hele veien i dag ser det ut til så dette blir nok bra :)
    Du får sørge for å forsyne deg grovt av loungene rundt omkring ;)
     
    Kristian liker dette
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Det fine med Widerøe er at dei droppar utanlandsk om det berre er fjellaper om bord. Så òg i dag. Lesestoffet er òg på heimlandsk
    20180531_092630.jpg

    Elles er det greitt med plass hos Widerøe. Eg sat på bøllerada, altså femsetaren heilt bakerst og hadde plass til både lår og kne:
    20180531_093705.jpg
     
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for det! Og trallene om bord hos SAS skal òg tømmast :)
     
    Stuttfeiten and Earl like this.
  18. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,025
    Likes mottatt:
    875,505
    Bonuspoeng:
    293
    Sitter du i midten kan du sparke sjåføren i ræven ....
     
    Kristian liker dette
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Kapteinen hadde ikkje vaska vindauga mitt i dag, men eg fekk tatt eit par bilete likevel. Her frå Kiby ved avreise:
    20180531_093029.jpg

    Her er ytre del av Bøkfjorden som går frå Varangerfjorden og inn til Kirkenes:
    20180531_093517.jpg

    Og her er Kirkenes sett frå lufta:
    20180531_093801.jpg

    Alt i alt ein flott flytur!
     
    Petter B-C, Upsaker, RoadKing and 3 others like this.
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Ja, men eg prøve å lære meg 'dannet framferd og høflig tale' og det har vorte meg fortalt at plassering av fottøy i andre personar sitt bakre parti ikkje er heilt innafor norma for skikk og bruk. Dessutan var kapteinen trønder.
     
    Earl and Eddie47 like this.

Del denne siden