Reisebrev: Helgetur for å kryssa av eit nytt land — LUX i sus og dus?

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 17. april 2026 kl 12:44.

Tags:
  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,947
    Likes mottatt:
    41,937
    Bonuspoeng:
    293
    20260417_122700.jpg
    Tigeren på Gardermoen

    Endeleg skal denne guten på flytur igjen!

    SAS eurobizz frå Gardermoen via Kastrup til Luxembourg-Findel. Overnatting på Park Inn by Radisson Louxemburg City.

    Ein heilt ny stad for meg, ja, nytt land, faktisk! Har du tips til ting å finna på og plassar med god mat, så legg gjerne igjen ein kommentar! :)

    Vil du vera med, så heng på!
     
    Upsaker, EndreD, paron and 11 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,947
    Likes mottatt:
    41,937
    Bonuspoeng:
    293
    Frå Noreg til Luxembourg med SAS
    Første flyging er med SAS i C-klasse. Som vanleg vil SAS ha oss ombord tidleg, men med innlagt bløming utanfor flydøra så dumpa eg ned i setet mitt på SE-ROY knappe tjue minutt før avgang. Så får vi sjå kva som kjem av mat og drikke i dag!

    20260417_130402.jpg
    Screenshot_20260417_130640_Flightradar24.jpg
    Dagens fugl frå OSL til CPH
     
  3. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    5,193
    Likes mottatt:
    29,123
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk for at du tek oss med på tur. Eg trur ikkje eg har sett reisebrev frå Luxemburg her inne endå. Dette vert spennande!
     
    Kristian liker dette
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,947
    Likes mottatt:
    41,937
    Bonuspoeng:
    293
    Earl, kjeeli, Flymunda and 2 others like this.
  5. Calling

    Calling Veteran

    Innlegg:
    1,559
    Likes mottatt:
    16,839
    Bonuspoeng:
    183
  6. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    16,503
    Likes mottatt:
    886,525
    Bonuspoeng:
    293
    Du må på sedvanlig vis komme med en utførlig rapport om Luxembourg siden jeg kommer etter i november….
    Jeg gleder meg
     
  7. kjeeli

    kjeeli Veteran

    Innlegg:
    2,890
    Likes mottatt:
    33,440
    Bonuspoeng:
    183
    Da har jeg fikset at det er litt mer søkbart :)
     
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,947
    Likes mottatt:
    41,937
    Bonuspoeng:
    293
    For å sitera hovmeisteren med det skjelmske smilet vi alle ser 23/12: I'll do my very best!
     
    Eddie47 and Earl like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,947
    Likes mottatt:
    41,937
    Bonuspoeng:
    293
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,947
    Likes mottatt:
    41,937
    Bonuspoeng:
    293
    Ryktet skal ha det til at det per 1500 er lang kø gjennom sinnerheitskontrollen på Gardermoen, men då eg kom dit rundt kl. 1230 var det roleg og eg smatt gjennom på to—tre minutt. Utanlandsloungen hadde mat som såg litt kjedeleg ut, men det smakte godt. Der var det litt pasta, brokkolisalat og anna moro. Det sklei ned på høgkant!

    Serveringa ombord på SE-ROY frå Gardermoen til Kastrup i dag var i beste fall kjip. Og då tenkjer eg smaksmessig. Salaten til forrett trefte ikkje mine smakslaukars preferansar og oliven som var i hovudretten er ikkje for meg. Osten i hovudretten var òg litt rar, men skinka var god og operakaka til dessert var god. Likevel, alt i alt var dette ei servering som ikkje fungerte heilt for meg.

    20260417_140135.jpg
    Servering frå OSL til CPH 17/4-2026
     
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,947
    Likes mottatt:
    41,937
    Bonuspoeng:
    293
    20260417_151944.jpg
    Godvêr over København

    For å spara meg sjølv nesten halvanna tusen kroner flaug eg litt tidleg frå Oslo slik at eg fekk rundt tre timar på Kastrup. Så stor var prisskilnaden på avgangen kl. 1335 mot den kl. 1505.

    Københavns lufthamn er jo ikkje den verste staden å vera, sånn bortsett frå svensken som høglydt — over telefon — gir instruksar til ein kollega om korleis han skal rekna saman tal i reknearket hans, han får det ikkje til sjølv trass i at han gjorde det på Stockholms school of economics i 1985...
     
  12. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,546
    Likes mottatt:
    9,009
    Bonuspoeng:
    183
    Riktig god tur, blir gøy å lese om en helg i Luxembourg.
    Og angående han svensken, gå bort og si jag e inte sjuk, jag e bara svensk ;)
     
    Sunnfjordingen and Kristian like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,947
    Likes mottatt:
    41,937
    Bonuspoeng:
    293
    Det ble eit relativt kort opphald i loungen på Kastrup, litt for å snakka med pappa på telefonen og litt fordi pølsefesten og den andre maten ikkje var så forlokkande i dag.

    Likevel, det var ålreit å lesa Berlingske (på papir, altså!) som eg synst er ei god avis, særleg på utanriks, politikk og samfunn i eit større europeisk perspektiv enn kva fjeldabebladfykene er i stand til å få til heime.

    20260417_165636.jpg
    Inngangspartiet til loungen på Kastrup
     
    Last edited: 17. april 2026 kl 17:50
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,947
    Likes mottatt:
    41,937
    Bonuspoeng:
    293
    20260417_172946.jpg
    Screenshot_20260417_161728_Flightradar24.jpg
    Dagens andre fugl

    Flyet til Luxembourg Findel har avgang frå E2, det vil seia fjernbarkering og bussfrakt ut til flyet. I løpet av tida har reisefølgjet dobla seg så no er vi to på tur. Det er EI-FPW som skal fly den halvannan timen som er rutetid på strekning CPH—LUX. Så er eg spent på serveringa her!
     
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,947
    Likes mottatt:
    41,937
    Bonuspoeng:
    293
    Og sanneleg kom kabinsjef rundt med ei lita flaske vatn no før avgang. Det er jo koseleg!

    20260417_174112.jpg
    Vatn servert på bakken på Kastrup
     
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,947
    Likes mottatt:
    41,937
    Bonuspoeng:
    293
    Ein blidspent kabinsjef delte ut mat på ruta mellom CPH og LUX som hadde ei flytid på 1:15. Ein ålreit flytur og denne serveringa passa mine smaksløkar betre med ost til forrett, laksesalat av noko slag og ostekake til dessert. Og elles fint å lesa litt i boka mi og til slutt kom det sjokolade.

    20260417_181927.jpg
    SAS leverte (mat)varene til LUX
     
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,947
    Likes mottatt:
    41,937
    Bonuspoeng:
    293
    20260417_191501.jpg
    Innflyginga til Luxembourg Findel

    20260417_192839.jpg
    Luxair regjerer på LUX

    20260417_194039.jpg
    Nytt land registrert!
     
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,947
    Likes mottatt:
    41,937
    Bonuspoeng:
    293
    Vel nede på bakken sjekka eg poengsaldoen og det såg fint ut etter den første flyginga, ingen tvil:
    Screenshot_20260417_150722_SAS.jpg

    Så hadde eg heilt gløymt at eg hadde meldt meg på den poengdoblingskampanjen i julekalenderen for sanneleg kom det dobbelt dose av poeng for neste flyging:
    Screenshot_20260417_191918_SAS.jpg

    Dermed er det igjen nokre poengslantar å finn på botna av poengbingen som var nær på tom etter ein del bestillingar og ikkje minst etter oppstart av ny innteningsperiode.
     
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,947
    Likes mottatt:
    41,937
    Bonuspoeng:
    293
    Overnatting i Luxembourg
    Det som framstod som eit greitt alternativ for slumring nattestid var Park Inn by Radisson Luxembourg City. Prisen kom på cirka 1 800 kr natta. Rommet var stort, men på bakkeplan, så ikkje veldig skjerma for innsyn av forbipasserande. Frukosten var ikkje overdådig, men meir enn grei nok.

    20260417_202251.jpg
    Dusjområdet

    20260417_202234.jpg
    Toalettområdet

    20260417_202146.jpg
    Sovearealet

    20260417_202205.jpg
    Snorkoramadelen

     
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,947
    Likes mottatt:
    41,937
    Bonuspoeng:
    293
    To døgn i Luxembourg
    Turen frå flyplassen til sentrum skjedde med offentleg transport. Buss nr. 29 brukte 20 minutt. All kollektivtransport i Luxembourg er gratis.

    Etter å ha sjekka inn og slik så gjekk turen ut i byen. Førsteknntrykket var ikkje heilt heldig. M.a. vart eg litt overraska over kor mange tilsynelatande heimlause det var å sjå. No er no dette eit problem i alle land. Og det er ikkje så lett å finna vegen tilbake til samfunnet når ein først har hamna på utsida av det. Ikkje langt unna sat det nokre ungdommar og førebudde neste heroindose. Det må seiast at dette førsteinntrykket ikkje stemte overeins med det vi såg neste dag. Slett ikkje.

    20260417_205837.jpg
    Mørket senkar seg over Luxembourg

    20260417_204520.jpg
    Tøffe løvar på kumlokka!
     

Del denne siden