Sao Tome og Principe: Ei reise til Afrikas nest minst befolka land

Tråd i 'Reisebrev' startet av afirm, 10. jan 2023.

  1. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,851
    Likes mottatt:
    5,465
    Bonuspoeng:
    183
    Det er ei stund sia sist eg bidrog med eit reisebrev, so det er på tide å prøve seg på eit nytt. Turen denne gongen går til Sao Tome og Principe. Eg skulle først kalle tråden ei reise til verdas 8. minst besøkte land, men dette temaet er visst oppe til diskusjon. Dei fleste kjelder er i alle fall einige i at det er blant dei 20 minst besøkte landa i verda.

    Reisa vart booka i september, og turen går med SAS og TAP. I tillegg skal STP Airways få lov til å frakte oss mellom Sao Tome og Principe.

    Landet ligg i Guineabukta og består i hovudsak av to øyer, Sao Tome og Principe. Landet har rundt 200.000 innbyggjarar og berre 5000 av desse bur på Principe. Landet er ein tidlegare portugisisk koloni og dei pratar av den grunn portugisisk. So mykje meir fakta skal eg ikkje prøve meg på, då eg ikkje har gjort veldig grundige undersøkingar i forkant av besøket. Det er heller ikkje veldig enkelt å finne mange reiseskildringar frå landet og forhåpentlegvis kan dette reisebrevet bidra til å auke tilgjengeleg informasjon noko. Av den informasjonen som er tilgjengeleg so kan @Lnbre sitt reisebrev frå november anbefalast. Ellers fins det ein podcastepisode frå 198 Land med Erika Fatland, som forøvrig er den vegeterianaren i verda eg stolar mest på. Eg skulle gjerne sett at dei også tilgjengeleggjorde ein litt meir "konevenleg" versjon der dei klipte ut delen om at portugiserane sette ut svart mamba på øyene. Dette er heldigvis berre eit problem på Sao Tome då det var ein større slange som åt opp den svarte mambaen på Principe.

    Turen går denne gongen saman med kona, og ho har uttrykt sin skepsis over at dei fleste bileta syner overskya vêr. Av Lnbre sitt reisebrev framgår det likevel fleire bilete med blå himmel, so vi satsar på dette no når vi også reiser i den tørre sesongen.

    Avreisa er på fredag og vi startar frå AES før vi via ei 50-minutts mellomlanding på OSL avsluttar kvelden på CPH. Deretter går turen med morgonfly kl 05.55 via LIS til TMS. Eg var i går på OSL for å gjere research i forhold til denne korte mellomlandinga, då var det berre ein marginal forsinkelse frå AES. I morgon skal eg innom OSL på veg frå Innlandet til Ålesund, og då skal eg gjere den siste sjekken av landingsforholda i forkant av turen vår. Sjølv om kveldsflyet frå AES til OSL ikkje har vore veldig presist i det siste, so er det i alle fall positivt at heller ikkje flyet frå OSL til CPH har vore veldig presist.

    Dette reisebrevet kjem nok til å ha meir fokus på destinasjon enn på fly, kanskje med unnatak av STP Airways sin innleigde BA Jetstream 32. Forhåpentlegvis får vi TAP sin A321, som har ein heilt ok config utan at eg tykkjer TAP leverar ei veldig godt businessprodukt. SAS sitt Plus-produkt innanlands og til CPH antek eg at er godt nok dokumentert frå før.

    På hotellfronten vil vi starte med to netter på Omali São Tomé før vi flyg til Principe og tek tre netter på Roca Belo Monte Hotel før vi flyg tilbake og tek dei to siste på Pestana São Tomé.

    Då gjenstår det berre å sjå om vi rekk fredagens connection på OSL, eller om vi startar med ein litt amputert ferie.
     
    pgaa, Liza, EndreD and 30 others like this.
  2. indahla

    indahla Flyr for lite...

    Innlegg:
    6,645
    Likes mottatt:
    21,690
    Bonuspoeng:
    293
    God tur!
    Når på fredag går flyet fra OSL?
     
    afirm liker dette
  3. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,851
    Likes mottatt:
    5,465
    Bonuspoeng:
    183
    Takk!
    Vi er (forhåpentlegvis) på SK463 kl 20.15.
     
    indahla liker dette
  4. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,697
    Likes mottatt:
    11,322
    Bonuspoeng:
    183
    Tøft! Me har også høyrd på podcasten til Einar om den svarte mambaen. Så ser absolutt ynskje om ein meir konevennleg versjon. God Tur!
     
    afirm liker dette
  5. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,595
    Likes mottatt:
    32,413
    Bonuspoeng:
    293
    Det gledes :)
     
    afirm liker dette
  6. ccurrahee

    ccurrahee Helt hekta

    Innlegg:
    9,506
    Likes mottatt:
    34,385
    Bonuspoeng:
    293
    Riktig god tur.

    det gledes over mer info til egenplanlegging :)
     
    afirm and furlong like this.
  7. democomputer

    democomputer Senior Medlem

    Innlegg:
    1,205
    Likes mottatt:
    5,295
    Bonuspoeng:
    183
    God tur!

    Har hatt booking til Sao Tome både i mai og november i fjor som ikke lot seg gjennomføre, håper vi får det til i april. Spent på å få rapport fra Omali og Pestana, det er de hotellene vi har vurdert.

    Det er jo tilsynelatende god valuta for poengene med 105k t/r, satser på at det blir bekreftet.

    K
     
    afirm and furlong like this.
  8. furlong

    furlong Senior Medlem

    Innlegg:
    873
    Likes mottatt:
    715
    Bonuspoeng:
    93
    Spent på å følge reisebrevet ditt. Skal selv booke en tur til Sao Tome, og hadde i utgangspunktet tenkt å booke i januar 2024. Ifølge reiseskildringer, så er det visst i den tørre perioden ofte overskyet pga sand som blåser inn fra Sahara. Vurderer selv å dra i regntiden, da sjansen for blå himmel faktisk er størst da det ofte ikke regner mer enn noen korte skurer pr dag. Uansett, håper dere får ett fantastisk opphold:)
     
    afirm liker dette
  9. Scrooge

    Scrooge Medlem

    Innlegg:
    197
    Likes mottatt:
    628
    Bonuspoeng:
    93
    God tur! Kjøp med Claudio Corallo sjokolade:)
     
    afirm liker dette
  10. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,851
    Likes mottatt:
    5,465
    Bonuspoeng:
    183
    I eit lite forsøk på noko ekstra research i forkant av reisa kom eg over Gunnar Garfors si bok Ingenstad. Denne vart bestilt til rabattert pris hos Skald forlag. Etter bestillinga kom eg fram til at denne neppe er på plass i mi postkasse innan fredag. Eit biblioteksøk viste at denne fans både i Ålesund og på Lillehammer. Eg plukka den difor opp på Lillehammer bibliotek og tenkte eg kunne lese den på tog- og flyturen heimover.

    Eg kan vel kort oppsummere med at dette gav meg særs lite. Viss vi skal starte med der positive, boka er på nynorsk.
    Ellers er det følgjande informasjon du får om Sao Tome og Principe:
    - Der er god sjømat
    - Styresmaktene har satsa veldig lite på turisme
    - Du kan surfe der
    - Sjokoladen til Claudio Corallo må opplevast

    Det vert også sovidt nemnd at Principe har enno finare strender enn Sao Tome.

    Denne samlinga av informasjon er vel om lag den som er enklast å finne på førehand andre stadar. Garfors skriv rett nok i innleiinga til boka at det ikkje er ei guidebok, men boka er meint å gje eit lite innblikk i landa. Eg antek at den lukkast med dette formålet, so det kan vere greit å ta med i betraktninga om ein vurderar å investere i boka.

    56D69E02-3382-4E6F-A4C4-918E4DBCAF7C.jpeg 197CCB33-3AB9-47BA-8273-F1C996BF280A.jpeg
     
    pgaa, EndreD, Kristian and 15 others like this.
  11. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,851
    Likes mottatt:
    5,465
    Bonuspoeng:
    183
    Det kritiske punktet på reiseruta er passert. Både AES-OSL og OSL-CPH gjekk som oppsatt og vi har kome oss fram til Kastrup.
    10.000 Stordalenpoeng kombinert med eit platinummedlemsskap gav oss på Comfort det minste Superiorrommet eg har sett. Det er rett nok i øverste etasje med utsikt til flyplassen.

    Vi skal uansett berre vere her rundt sju timar, so det skal vi overleva.
    C85AADC3-F54A-41C2-9312-36A4BAD9A4F7.jpeg
     
    Liza, EndreD, Kristian and 22 others like this.
  12. indahla

    indahla Flyr for lite...

    Innlegg:
    6,645
    Likes mottatt:
    21,690
    Bonuspoeng:
    293
    Fortsatt god tur!
     
    afirm liker dette
  13. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,851
    Likes mottatt:
    5,465
    Bonuspoeng:
    183
    05.50 er alt for tidleg å ha fly, men vi kom oss avstad. På hotellet kunne dei by på frukostpose mellom kl 04.00 og 04.30. Eg plukka opp ein slik kl 04.20. Den inneholdt to muffins, to yoghurt, appelsinjuice og eple. Vi heiv i oss litt av dette for vi traska til flyplassen.

    Boardingkortet hevda at boarding skulle starte kl 05.00. Vi var ved gate rundt kl 05.15 og hadde veldig god tid før boarding.

    Flygninga til LIS var heilt kurant. Det vart servert frukost før crew gøymde seg bak gardina resten av turen. Antek vi kunne fått servering via call button, men foretrekk av crew tek ei runde av og til.

    38A3C2D4-15E0-4F49-83A2-291E3917A6AB.jpeg

    Vi er no framme i Sao Tome. Nokre ord om flyturen frå LIS-TMS følger etter at vi har fått noko middag.
    FAFE6908-D2B7-4F50-9412-90DEC79FD934.jpeg
     
    pgaa, Liza, EndreD and 24 others like this.
  14. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,851
    Likes mottatt:
    5,465
    Bonuspoeng:
    183
    Turen frå LIS til TMS var grei. Ein del turbulens undervegs, og «fest setebeltet»-lyset sto vel på 85% av tida, utan at det betydde so mykje i praksis.

    Turen gjekk med A321neo, konfigurasjonen er heilt fint for eit narrowbody-fly. Det må dog bemerkast at det ikkje er veldig god plass om ein er over 185 cm.

    Serveringa av første måltid gjekk greit, men i staden for portvin ynskte eg ein gin tonic. Flyvertinna presiserte 3-4 gongar når ho gjekk forbi at eg ikkje var gløymd, men det må ha teke 40 min før den dukka opp. Denne vart heller aldri rydde vekk og med turbulensen var eg litt bekymra for at tonicen som vart til overs skulle hamne i setet medan eg prøvde å få litt søvn.

    Gjekk for biff til hovudrett, den var seig men smakte greit.
    59F4589F-4763-41F8-B020-F10DA3039181.jpeg
    Det vart også servert eit enkelt måltid før landing.

    D399FA6D-42F1-4F08-B8B2-2DB36347508C.jpeg 37A1373F-76CC-4770-90AC-72F2331FF9F9.jpeg

    Eg har testa TAP business ein gong tidlegare og inntrykket då var litt det same som no. Dei leverar eit heilt ok businessprodukt. Setet er bra, men servicen kunne vore nokre hakk betre. Det er forsovidt heilt ok at eit flyselskap ynskjer å servere vin frå eige land og Portugal har definitivt mykje å by på. Skulle dog gjerne sett at dei gjekk litt opp i kvalitet på det musserande alternativet.

    D2504E76-EC74-4C51-B6CD-7ADE907BDE3D.jpeg 075EC02F-3642-4D0E-A1D6-BABA275CCC3E.jpeg
     
    pgaa, Liza, EndreD and 19 others like this.
  15. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,851
    Likes mottatt:
    5,465
    Bonuspoeng:
    183
    Vi landa på TMS litt før tida. Sia vi var blant dei 10 første av flyet kom vi tidleg i køa til covid-sjekk. Her sto det to personar for å sjekke at vi hadde covid-sertifikat. På førehand hadde eg kryssa av på at denne mappa på Dropbox’en skulle lagrast lokalt på telefonen. Det hadde tydelegvis ikkje fungert. Mitt sertifikat hadde eg opna på førehand for å sjekke, men kona sitt var ikkje blitt lasta ned. Heldigvis godtok vedkomande at eg berre viste mitt sertifikat. Ellers kunne eg vel ha funne det fram på datamaskina eg hadde i sekken.

    Priority-tags fungerar fint her, og våre to koffertar kom som to av dei aller første. Deretter sto det ein mann ved utgangen og sjekka at vi hadde riktig bagasje i forhold til bagasjetaggane på boardingkortet.

    Dei to første nettene skal vi bu på Omali Sao Tome. Dei tilbyr gratis transfer frå flyplassen (må bekreftast på førehand) og når vi kom ut av flyplassen stor der ein kar med stort skilt. Vi vart deretter vist til ein noko sliten minibuss som tok oss og to andre par til hotellet. Eg antek at denne går fram og tilbake, då det nok var fleire som skulle bu på det same hotellet. Omali er berre ein kort køyretur vekke. E3DD66A1-8788-4455-80E9-5FDF4E0E5412.jpeg

    På Omali hadde eg booka rimelegaste romkategori og halvpensjon. Hotellet er eit VIP-hotell i Expedia sitt program, men noko oppgradering kan vi nok ikkje skryte på oss her. Eg tenkte ikkje på å ta bilete før vi hadde begynt å pakke ut, men vi har i alle fall fått eit lite og heilt kurant rom.
    BC233D12-EF7C-4540-84BC-5218E516D64C.jpeg
    Når vi hadde fått lagt tinga inn på rommet var det allereie blitt mørkt ute. Vi gjekk likevel ei runde rundt på hotellområdet og såg at det var potensiale for lys på tennisbana. Vi gjekk so til resepsjonen for å forhøyre oss om dette. Tennisbana kostar 3 euro på dagtid og 5 euro på kveldstid med lys. Vi slo til på det siste og fekk oss ei god økt, sjølv om innsatsen dabba litt på slutten grunna temperaturen som holdt seg ganske bra. Bana hadde litt ujamnt dekke, men fungerte fint som rekreasjon for to amatørar. 891751FB-17B6-4C64-AAF3-FC306E31FF0C.jpeg

    Vi testa deretter restauranten på hotellet. Eg gjekk for grilla fisk og kona tok kyllingen. Fisken var heilt grei, men kyllingen var nok minst like god. ECCD99DD-0B10-4737-A615-6188FFE8D33D.jpeg
     
    Liza, EndreD, Kristian and 22 others like this.
  16. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,595
    Likes mottatt:
    32,413
    Bonuspoeng:
    293
    Er det banan til fisken?
     
    Grooo liker dette
  17. watchaddicted

    watchaddicted Reisende fant

    Innlegg:
    1,940
    Likes mottatt:
    3,897
    Bonuspoeng:
    113
    Tipper det er kokebanan. Mindre søt enn den bananen vi er vant med og brukes mye i matlaging rundt om i verden:)
     
    RoadKing and Lnbre like this.
  18. Lnbre

    Lnbre Senior Medlem

    Innlegg:
    503
    Likes mottatt:
    4,632
    Bonuspoeng:
    93
    Stemmer det. Kokebanan (plantains) og brødfrukt brukes som tilbehør til all mulig mat på Sao Tome.
     
    RoadKing liker dette
  19. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,078
    Likes mottatt:
    68,759
    Bonuspoeng:
    293
    Jeg har fått lapskaus i Tanzania hvor potetene var byttet ut med kokebananer.
     
    RoadKing liker dette
  20. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,851
    Likes mottatt:
    5,465
    Bonuspoeng:
    183
    Som dei andre her kommenterar so var det nok snakk om slik kokebanan.
    Den var i alle fall fritert og smakte heilt fint.
     
    RoadKing liker dette

Del denne siden