Til ICN for å dusje og tappe øl frå botnen av glasa – eit farvel til LH F og FCT

Tråd i 'Reisebrev' startet av oleredv, 20. april 2024.

  1. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    895
    Likes mottatt:
    4,114
    Bonuspoeng:
    93
    Reiselysta går i bølgedalar hos underteikna. Det som påvirkar er gjerne sesong, arbeidspress og andre ytre faktorar. Men det som betyr mest i denne samanheng er saldo i poengbingen samt om ein har CTar liggande på lur.

    Når det vart kjent at SAS forlet Star Alliance brakte det opp ei rekke sterke kjensler hos underteikna. Dels fordi ein lurte på om løpet mot LTG var verdt å fortsette, men mest av alt fordi dette betydde at Lufthansa First og First Class Lounge og Terminal vart ein saga blott! Det siste halvåret har eg difor hatt gleda av å fly First Class T/R Chicago og Mexico City som turar utan reisebrev for å tømme nevnte poengbinge, bruke CTar og få oppleve reiser i førsteklasse hos Lufthana.

    Når den siste turen var tatt på slutten av 2023 hadde eg i grunn innfunne meg med at med 15 000 poeng på konto og ingen CTar så var det siste runde. Men opptjeninga har vore god i det siste og for knapt to veker sidan trilla det ein ny CT inn. Leitinga begynte umiddelbart!
     
    Kristian, AirMags, kjeeli and 20 others like this.
  2. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    895
    Likes mottatt:
    4,114
    Bonuspoeng:
    93
    Facinasjonen for Lufthansa First tok for alvor laust etter at eg fekk smaken på reiser i førsteklasse tilbake i 2019. Gjennom mykje research og lesing fann eg ut at det var mogleg å ta seg ein snartur til Mexico City for å oppleve LH F i 24 timar med tid til å meske seg i First Class Terminal i Frankfurt. Sidan den tid har det vorte ytterligare to gongar t/r Mexico City, ein veg til San Fransisco, ein veg til Tokyo, ein veg til Boston og nevnte t/r Chicago i Lufthansa First. Med totalt 11 enkeltturar i LH F vart det denne gongen klart for at ICN og Sør-Korea vart målet for ein snartur.


    Hyppig bruk av Awardfares avdekka ledige seter på returen ICN-FRA i F, så i utgangspunktet vart det booka. BGO-OSL-FRÅ-ICN i business med SAS første leg og resten LH. Eg hadde i grunn slått meg til ro med at upperdeck på 747en ville funke nedover. Setekartet på AF viste at på ruta nedover var det eit tomt sete i F-kabinen, men her antok eg at sjansane var små. Avreise var sett til å vere 10.04 med retur etter eit par tima i ICN.

    Om morgonen dagen før fekk eg varsel om eit ledig sete på nevnte flight i F, så eg kasta meg på CT-telefonen på slaget kl 09. Joda, det var ledig, og samtidig fekk eg plass på fakirflyet frå BGO direkte til Frankfurt. Det betydde ein time tidlegare avreise, men også meir tid til å nyte First Class Terminal i Frankfurt. Bli med på tur!
     
    Last edited: 20. april 2024
    Kristian, AirMags, kjeeli and 26 others like this.
  3. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    895
    Likes mottatt:
    4,114
    Bonuspoeng:
    93
    Turen starta med avreise frå Sunnfjord tysdag kveld, her hadde eg ikkje tatt høgde for at det var rikelig med vegarbeid innover mot Bergen, så først kl 0100 var det innsjekk på Comfort Hotel Bergen Airport. Etter å ha lukka auga kjapt var det på tide å komme seg opp, i dusjen og komme seg avgårde. Rett inn på Bergen Lounge for litt lett frukost og vipps var ein på plass på første rad.



    20240410_080125.jpg


    Turen nedover til Frankfurt gjekk radig, og drøye 1,5 time etter at vi tok av frå Flesland var vi på bakken etter å ha landa på 25R. Alltid kjekt med påminning om kva som er i vente seinare


    20240410_082639.jpg

    Porscha stod klar og venta ved parkeringa:

    20240410_083102.jpg

    Kort tid etter var ein på plass i First Class Terminalen:

    20240410_085255.jpg

    Sidan eg hadde ca 7 timar på meg benytta eg dei første to til å ta meg ein høneblund på eit av soveromma. Etter dette vart det dusj, og så var det berre å komme i gang med champisen. «Påske-gakk» blei utlevert:

    20240410_150729.jpg

    Etterkvart var det på tide med lunsj. Her har eg lagt meg til ein vane der eg et Schnitzel på veg ut og biff på veg heim. Ein knallgod tradisjon!


    20231110_151611.jpg

    Eit par glas til med bobler og så var det på tide å komme seg i bilen for å boarde 747’en der sete 3G venta. Å stå på bakken så nært desse store fuglane gir alltid ei viss form for andektigheit. Også tydeleg at fleire var facinert, for det var reine foto-sesjonen blant mine medreisande i dei eleverte klassane.

    20240410_152613.jpg

    Vidare gjekk turen smidig opp i heisen på brua og inn i flyet utan stress.

    20240410_153650.jpg

    Ein full kabin her der det bl.a var ein familie med to små barn her framme. Dei skal få spele ei aktiv rolle seinare!
     
    Last edited: 20. april 2024
  4. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    895
    Likes mottatt:
    4,114
    Bonuspoeng:
    93
    Som alltid hos Lufthansa blir ein møtt av ei hyggeleg, men korrekt betjening. Nokre gongar har eg opplevd at kapteinen kjem og underheld dei reisande i F før avreise, men ikkje denne gongen. Nøtter og Champis var kjapt på plass. Eg hadde ein kjapp passiar med «Doktor Nabo» på 3D, der vi vart enige om at når vi kom opp i lufta så kom skilleveggen opp. Ein anna tradisjon eg har vendt meg til er å skifte til pysj ved første anledning, så den kom på umiddelbart etter at setebelteskiltet blei skrudd av.

    Eg gjekk som vanleg for kaviaren.

    20240410_173942.jpg

    Vidare gjekk eg for biff til hovudrett.

    20240410_183313.jpg

    Biffen var ok minus vil eg seie. Men etter dette var eg så mett at eg etter kvart berre tok eit par glas med vin og så la eg meg til å sove. Nokre timar seinare vakna eg av eit lurveleven utan like. Det viste seg at ein av mine medpassasjerar hadde fått nok av at det eine barnet til familien der framme hadde holdt leven ei stund. Enden på visa var at far og barn måtte flytte seg bakover i flyet og ei stund etter var normaltilstand oppretta. Her må eg seie at eg er litt forundra over at folk tar med seg små barn i første klasse. Eg har små barn sjølv og om eg hadde hatt råd til det hadde eg ikkje hatt samvittighet til å havne i ein sånn situasjon som dei gjorde her. Her blei det ein klassisk skvis av at foreldra argumenterte for at dei hadde like stor rett til å vere der som oss andre, mens medpassasjeren argumenterte med at han var der for ro. Ingen god opplevelse for nokre av sidene og kabinbesetninga måtte mekle. Ro vart som nevnt gjennoppretta og for min del sovna eg og sov til eg blei vekt eit par timar før ankomst. Frukosten til Lufthansa er alltid veldig god med eggerøre, bacon, musli, yoghurt, te, frisk juice og anna.

    20240410_192806.jpg

    20240411_020136.jpg

    20240411_020405.jpg
     
    Last edited: 20. april 2024
  5. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    895
    Likes mottatt:
    4,114
    Bonuspoeng:
    93
    Ved ankomst ICN var det ein kjapp securityscan og framvising av pass i transfer og vipps var ein i avgangshallen. Eg hadde opprinnelig tenkt at eg skulle få stempel i passet og ta runda rundt, men med to store Lufthansa fly som kom samtidig og køen i immigrasjon så tok eg ikkje sjansen. Vi var også ca 30 min forsinka, så eg hadde berre knapt 2 timar på meg. Rett før ankomst vart det i flyet opplyst at det var strengt forbode å ta bilder på flyplassen i Seoul, så eg turte kun å ta bilder utover oppstillingsplassen frå Silverkris-loungen og eit bilde av flyet "mitt".

    20240411_110158.jpg

    I Silverkrisloungen var eg i ca 30 min fram til den stengde, så bevega eg meg vidare til Asiana sin. Her rakk eg ein herleg dusj og så fekk eg testa dei berømte tappemaskinene for øl, der tappinga skjer frå botnen. Det tok si tid og litt lekkasje var det, eg likte nok betre automtatane i ANA-loungen på Haneda!

    20240411_113434.jpg

    20240411_113438.jpg

    Med ca 30 min til avgang rusla eg ned til gaten som var eit par minutt unna loungen. Her var det ei form for prioritering og eg havna i kø med ein hyggelig norsk familie. Kjekt å veksle nokre ord før dei forsvann bak i businessclass, mens eg sikta meg inn på 1A!
     
    Last edited: 20. april 2024
    kristiaan, Kristian, AirMags and 29 others like this.
  6. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    895
    Likes mottatt:
    4,114
    Bonuspoeng:
    93
    Litt yngre betjening her og kun halvfull kabin. Det betydde at det vart raskt klart at 1K ville bli redd opp for meg slik at eg berre kunne bevege meg dit om eg trengde ein lur. For å holde meg nokelunde i slag tenkte eg at eg skulle begrense sovinga her til ein liten nap midt på «dagen». Nøtter og champis på plass som vanleg.

    20240411_122316.jpg

    Vi kom oss etterkvart avårde bak Asiana sin A350 som skulle til Barcelona, denne flaug vi om kapp med heilt til vi nådde Turkmenistan då passerte vi og la den godt bak oss!

    20240411_124442.jpg

    Screenshot_20240411_212255_Flightradar24.jpg


    Det nærma seg middagstid, men underteikna var langt frå svolten. Så eg bad om å sette måltidet på hold, men tok gjerne nokre glass med rødvin. «You are the master of time Mr *” var svaret frå betjeninga. Klasse!

    20240411_152701.jpg

    Etter kvart kom Gobi-ørkenen til syne og då var matlysta også på plass.

    20240411_154332.jpg


    Sidan eg er ei enkel sjel vart det biff denne gongen også med ei slags ostekake med innslag av sjokolade som dessert.

    20240411_165651.jpg

    20240411_171652.jpg

    Underholdning blei det når eg sa at eg gjerne fortsette med vinen eg hadde hatt heile vegen, men då kunne dei muntert fortelje at den eine flaska dei hadde var tom, kjapp rekning tilsa at dette var underteikna sin feil. Eg fekk anbefalt eit godt alternativ som eg levde fint med resten av turen!

    På dette tidspunktet passa det godt å sige over i 1K for ein liten høneblund. Og eit par timar seinare var ein atter ein gong på plass i 1A. Stemninga i kabinen var avslappa og det var kun herremannen på 2A og meg sjølv som var vakne på dette tidspunktet. Etter kvart som vi nærma oss Europa vart det klart for meir mat, så her bad eg om burger.

    20240411_224905.jpg

    Og dette stod slettes ikkje tilbake for biffane smaksmessig! Turen vidare forløp veldig rolig og ca 10 min etter skjema var vi på bakken i Frankfurt. Her var ein først av flyet, og dermed gjekk turen smidig over til First Class Lounge igjen.

    20240411_184449.jpg
     
    Last edited: 20. april 2024
    kristiaan, Kristian, AirMags and 30 others like this.
  7. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    895
    Likes mottatt:
    4,114
    Bonuspoeng:
    93
    Gleda var stor når det var same personen som stod og tok i mot som var den som hadde stått og sagt farvel dagen før. Eg fekk bedt om nok ein «påske-gakk» før eg etter kvart bega meg over i restauranten for biff. Her var eg i grunn ikkje svolten ,men denne biffen saman med litt Champis og ein god Bordeux høyrer med!

    20240411_190601.jpg

    Etter dette var det berre å slappe av og nyte den siste tida i FCT før ein etter kvart vart henta for å ta turen med Porscha ut i A319en som stod på remote parking.

    20240411_192202.jpg

    20240411_204012.jpg

    20240411_205027.jpg

    20240411_205826.jpg

    Her har eg opplevd litt forskjellig, men denne gongen kom eg mellom to av bussane. Var nok ein del som lurte fælt på kor eg kom i frå mutters aleine! Eg tok det som eit tegn at vi i business vart servert musserande vin før avgong, det har eg aldri opplevd før på intra-Europeiske flightar med LH tidlegare.

    20240411_210153.jpg

    Nok ein gong fekk ein servert eit godt måltid hos Lufthansa, og etter ca 1t40min fekk vi ei flott overflyging over Bergen sentrum før vi landa frå nord på Flesland.

    20240411_215844.jpg

    20240411_230751.jpg

    Klokka nærma seg midnatt og det var å begi seg til Comfort Hotel Bergen Airport igjen for ei god natts søvn før reisa gjekk tilbake til heimstaden dagen etter.

    Til slutt eit bilete av samlinga av badeender. Mange gode minner på den hylla der!

    20240412_125511.jpg

    Takk for følget!
     
    Last edited: 20. april 2024
  8. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,818
    Likes mottatt:
    26,287
    Bonuspoeng:
    183
    Takk for at vi fekk vere med på tur! Blir ikkje mindre lysten på LH F av å lese slikt.
     
    Woodswing and oleredv like this.
  9. oddA

    oddA Senior Medlem

    Innlegg:
    939
    Likes mottatt:
    3,275
    Bonuspoeng:
    93
    Så ut som en morsom tur!
    En imponerende samling badeender også..
     
    oleredv liker dette
  10. Wiolenze

    Wiolenze Fastboende

    Innlegg:
    5,122
    Likes mottatt:
    35,988
    Bonuspoeng:
    293
    Opplagt men bildet er ikke av en A350
     
    oleredv liker dette
  11. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    895
    Likes mottatt:
    4,114
    Bonuspoeng:
    93
    Du har sjølsagt rett! Tenk at eg brukte tid på å spore feil fly :D Det der er sjølvsagt ein 777 som var på veg til Roma. Vi tok igjen den og!
     
  12. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    16,466
    Likes mottatt:
    34,121
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for turen :)
     
    oleredv liker dette
  13. LaDuden

    LaDuden Senior Medlem

    Innlegg:
    532
    Likes mottatt:
    1,654
    Bonuspoeng:
    93
    Takk for turen :)
     
    oleredv liker dette
  14. ccurrahee

    ccurrahee Ikke helt statusløs da……

    Innlegg:
    10,522
    Likes mottatt:
    38,249
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for turen :)
     
  15. Sykkelthor

    Sykkelthor Aktivt Medlem

    Innlegg:
    407
    Likes mottatt:
    894
    Bonuspoeng:
    93
    Takk for rapport!

    Men i alle dager.. Hvor langt bak må man da? Business? Økonomi? Bak på bakerste dass eller skal man slenge ungen i cargo? Jeg har en mini på vei og jeg har med den største selvfølgelighet tenkt å ta med ungen både på business og First. Det er ikke optimalt med unger som gråter, men det er dessverre en del av livet. Det er jo heller ikke greit for de som sitter lenger bak at det kommer uromomenter rekende dit heller - hvorfor skal de ha mindre rett på stillhet? De har jo at på til dårligere eller ingen støydemping i sine headset. Hvis han ene passasjeren skapte seg så mye at ungen måtte flyttes kunne han jo funnet seg et ledig sete på business for å sove der.
     
  16. oggaman

    oggaman Aktivt Medlem

    Innlegg:
    271
    Likes mottatt:
    224
    Bonuspoeng:
    43
    hvorfor skal de ha mindre rett på stillhet?

    En første klasse billett koster vel ganske mange ganger mer enn en business/øko-billett.
     
    NoLimit liker dette
  17. ccurrahee

    ccurrahee Ikke helt statusløs da……

    Innlegg:
    10,522
    Likes mottatt:
    38,249
    Bonuspoeng:
    293

    Men en betaler altså for plass og service, ikke fraværet av barn. Ei heller av pratsomme naboer. Eller Fulle bonusnisser som synger Gabrielle i fylla...

    Undertegnede kan på mystisk vise være seg å være en sånn en.....

    Når det er sagt, kan en faktisk forvente at alle oppfører seg som passasjerer og ikke plager andre unødig. Og at foreldre gjør alt de kan for at barna deres skal oppføres seg så bra som en kan forvente ut fra alder.
     
  18. Sykkelthor

    Sykkelthor Aktivt Medlem

    Innlegg:
    407
    Likes mottatt:
    894
    Bonuspoeng:
    93
    Jeg har aldri hørt noen snakke om stillhet som en av fordelene på First (eller business). Fra et "best mulig for flest mulig"-perspektiv er det best om ungen forblir i First for der plager den færrest folk. Ellers er jeg selvsagt enig i at alle skal oppføre seg som best de kan.
     
  19. jgroneng

    jgroneng Fastboende

    Innlegg:
    5,368
    Likes mottatt:
    18,284
    Bonuspoeng:
    293
    AB69, AirMags, Eddie47 and 3 others like this.
  20. Woodswing

    Woodswing Aktivt Medlem

    Innlegg:
    303
    Likes mottatt:
    1,506
    Bonuspoeng:
    93
    Gøy å lese. Ekstra moro siden det var close på at jeg og bror min hang oss på returen hjem. Så det er ikke fritt for at det angres nå.
     
    oleredv liker dette

Del denne siden