Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
World of Hyatt har lansert ein kampanje der du kan få doble poeng for overnattingar fram til slutten av året.
Du må registera deg i perioden 15. november til 30. november. Kampanjen frå World of Hyatt gjeld for overnattingar i perioden 15. november til 31. desember 2017.
Det er ingenting i vilkåra som seier at bestillinga må skje etter at du har registrert deg før du bookar hotellet. Det er difor godt mogleg at du kan få doble poeng på overnattingar som allereie er bestilt. Overnattingane må bestillast på Hyatt.com eller via World of Hyatt-appen.
Det er berre «Base Points» som vert dobla, og desse vert registrert som «Bonus Points». Du får også doble poeng for mat og spa, dersom du er på ei kvalifiserande overnatting. Du finn alle Frequently Asked Questions her.
Du kan registrera deg for kampanjen her.
Har du lest vår test av Andaz Prinsengracht i Amsterdam? På Insideflyer.no kan du også finne ein test frå det legendariske Park Hyatt Tokyo, spesielt kjend frå filmen Lost in Translation.
Legg igjen en kommentar