Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
Etihad sin First Class Lounge i Abu Dhabi er kjend som ein av verdas mest eksklusive. No kan du kjøpe deg inn for $200.
Dersom du flyg Etihad i økonomi- eller businessklasse kan du no kjøpe deg inn i denne loungen ved mellomlanding i Abu Dhabi. Inngang til loungen kostar frå $200. Prisen er noko stiv, men om du ynskjer å unna deg litt luksus kan det vere verdt å vurdera.
Loungen kan by på både fine dining og spa. Med ein gong du passerar sikkerheitskontrollen vil du bli møtt av ein vert som viser deg vegen til loungen. Verten vil gje deg ei personleg omvisning i loungen og vise deg alle fasilitetane. Her vil du kunne nyte både Champagne, snacks og heile måltid i loungen sine lukseriøse omgjevnadar. Loungen inneheld også den eksklusive The Residence Lounge, her får du ikkje anledning til å kjøpa deg inn. Vil du ha meir eksklusivitet kan du derimot kjøpe deg «VIP Room experience». Dette kostar $100 ekstra, og du får tilgong til ein eigen privat lounge.
Etihad prioriterar sjølvsagt sine første klasse-passasjerar og du kan berre kjøpe deg inn dersom det er ledig kapasitet. Har du ei mellomlanding i Abu Dhabi kan dette vere verdt å vurdera, om du slår i hel nokon timar vert ikkje timeprisen so aller verst.
Les også: Eurobonus forbetrar programmet for sine sølvmedlemmar.
Artikkelen vart opphavleg skriven av Peter Krogh Frausing for vår systerside Insideflyer.dk.
Legg igjen en kommentar