Loungenyheit: Eventyr Lounge er no med i Priority Pass

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Den beste loungen på København Lufthavn, Menzies Eventyr Lounge, har no blitt med i Priority Pass. Dette er ein god nyheit for alle utan status hjå flyselskapa og dei som eventuelt ynskjer å prøve noko nytt.

Ei oppdatering av Priority Pass-appen viser at du no har tilgang til tre forskjellege loungar på Kastrup via Priority Pass.

Tidlegare har det berre vore Aviator Lounge og Aspire Lounge som har vore tilgjengelege med Priority Pass. I den nyaste oppdateringa har også Eventyr Lounge blitt med.

Dette er eit fint tilskot, vi i InsideFlyer har besøkt loungen fleire gongar og meiner at det er den klart beste loungen på København Lufthavn.

Har du besøkt Eventyr Lounge? Del gjerne dine erfaringar på vårt forum eller i kommentarfeltet.

Du kan sjå bilete frå loungen i denne artikkelen på vår danske systerside.

Hugs at du får gratis Priority Pass-medlemsskap dersom du har SAS American Express Platinum. Diskuter gjerne Priority Pass på vårt forum.

Denne artikkelen vart først skriven av Henrik Olsen for InsideFlyer.dk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *