Oneworld introduserar Connect Partners

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Oneworld utvidar portefølja si med ein ny kategori: Oneworld Connect Partners. Første medlem vert Fiji Airways.

Connect Partner vert ikkje fullkomne alliansemedlemmar men deltek i nettverket slik at reisande for fleire moglegheiter for ruter og fordelar. Det innefattar også at ein kan nytte desse partnerane på alliansen sine Round The World-billettar. Alliansen skriv sjølv at dei er i forhandlingar med andre flyselskap frå både Amerika, Asia og Europa om å slutte seg til partnerskapet. Connect Partner-ane vil ha ein anna status enn Oneworld sine «airline affiliates». Sistnemnde er ofte dotterselskap av fullverdige partnerar, slik som Iberia Express og Cathay Dragon.

Fordelar for deg som passasjer

Alle elitemedlemmar av Oneworld sitt program kan nytte prioritert innsjekk når ein reiser med ein Connect Partner. Emerald- og Sapphiremedlemmar kan også boarde med prioritet. I tillegg er det ytterlegare gjensidige fordelar mellom ein Connect Partner og deira Oneworld-sponsor. Dette omfattar vidaresending av bagasje og opptening av miles. Loungetilgang vil også følgje på nokre av flyplassane. Fiji Airways sine sponsorar er Qantas, Cathay Pacific, British Airways og American Airlines. Dette tyder at du ikkje vil får desse «sponsorfordelane» dersom du har elitestatus hjå t.d. Iberia, men med British Airways Executive Club vil du få dette. Dette vil fort kunne bli litt uoversiktleg etterkvart som det kjem til fleire partnerar.

Fiji Airways vert nok på som eit litt kuriøst flyselskap for oss her i Europa, men det vert spanande å sjå kva fleire partnerar som kjem til i dette programmet. Det vert også interessant å sjå på kva selskap som er inne på «sponsorsida», då dette vil ha mykje å seie for om du får nytta statusen din til det fulle.

For kort tid sia skreiv vi om at Singapore Airlines har gått inn eit samarbeid med Fiji Airways.

Denne artikkelen vart opphavleg skriven av The Flying Dutchboy for vår systerside Insideflyer.nl.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *