Qatar Airways 20 år – feirar med kjempesal

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Qatar Airways feriar i desse dagar 20 år og har i den anledning lansert ein interessant kampanje.

Kampanjen er ein «Companion offer» og gjeld difor for to eller fleire personar som reiser i lag i businessklasse. Alternativt tre eller fleire som reiser saman i økonomiklasse. Spesielt ein destinasjon skil seg ut, det er Aukland som kostar kr 14.000 per person i businessklasse. Elles kan vi nemne Singapore for kr 11.000 per person og Bangkok for kr 14.000. Det er verdt å nemne at Qatar Airways har 2-2-2 konfigurasjon i Boeing 777-200LR, som dei nyttar på ruta til Aukland. Turen frå Aukland til Doha er 9032 miles, tek nærare 18 timar og er framleis verdas lengste kommersielle flyrute.

Skjermbilete frå Qatar Airways sine nettsider, prisen er for to personar i businessklasse.

Reiseperioden for kampanjen er frå 1. november 2017 og heilt fram til 31. oktober 2018. Du kan bestille billettane fram til 10. november, men det kan fort bli utseld for dei billegaste kampanjebillettane, vi vil difor anbefale deg å vere rask med å bestille dersom du ikkje er særleg fleksibel på datoar.

Tips

Hugs at du kan få 1% Trumf dersom du nyttar Viatrumf når du bestiller billettane direkte frå Qatar Airways sine nettsider. Les heile vår guide til Trumf og Viatrumf her.

Vi har tidlegare skrive ein omtale av Qatar Airways Business Class i Boeing 777-300ER, den kan du lese her. Qatar Airways har også nyleg lansert Qsuites som underskrivande kan gå god for at er eit strålande produkt, dessverre må du foreløpig til London, Paris eller New York for å få testa dette produktet. Du kan lese meir om dette produktet her.

Har du funne eit tilbod du kan tenke deg å slå til på? Diskuter gjerne kampanjen på vårt forum.

Eit anna tips er at businessklasse med Qatar Airways gjev svært god opptening hjå British Airways. Dersom du tek ein tur/retur i businessklasse i tillegg til fire segment med British Airways har du allereie opptent British Airways Executive Club Silver, som tilsvarar SAS Eurobonus Gull.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *