Qatar Airways kåra til verdas beste flyselskap

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Trass Qatar Airways sine utfordringar med dei politiske forholda i Midtausten held selskapet fram å vinne kåringar. I år vann dei tittelen som verdas beste flyselskap og tek over trona frå fjorårets vinnar, Emirates, som fell ned til 4. plass.

Det er Skytrax som arrangerar den årlege World Airline Award under Paris Air Show. Det er ei kåringar som dei sjølv beskriv som «the Oscars of the aviation industry». Det er kundane som stemmer på dei forskjellege flyselskapa.

Du finn også SAS på lista, men då må du heilt ned til 65. plass. Norwegian finn du på 28. plass. American Airlines og United Airlines er å finne på høvesvis 74. og 78. plass.

Topp ti lista over verdas beste flyselskap

Du kan sjå topp ti lista her:

  1. Qatar Airways
  2. Singapore Airlines
  3. ANA All Nippon Airways
  4. Emirates
  5. Cathay Pacific
  6. EVA Air
  7. Lufthansa
  8. Etihad Airways
  9. Hainan Airlines
  10. Garuda Indonesia

Du finn heller ikkje i år mange av dei europeiske selskapa på lista, igjen er det selskapa frå Asia og Midtausten som dominerar. Lufthansa har, som beste europeiske flyselskap, kome inn på ein 7. plass.

Du kan sjå heile topp 100 lista her.

Du kan også lese meir om Qatar Airways sine problem her.

Denne artikkelen vart først skriven av Henrik Olsen for vår systerside Insideflyer.dk

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *