Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
Priority Pass har akkurat sendt ut ein e-post der dei informerar om at prisen for loungebesøk vil auke til 20 pund. Tidlegare har det kosta 15 pund per besøk.
Endringa vil gjelde frå 1. oktober 2018. Gratisbesøk du måtte ha i medlemsskap vil ikkje bli påverka av endringane.
Priority Pass grunngjev det heile med at det er ti år sia sist dei auka prisen og at det no var nødvendig med ei justering.
Priority Pass
Priority Pass tilbyr flyplassloungar ved stadig fleire flyplassar. I dag har dei totalt 1200 loungar i tilbodet sitt. Nyleg har dei også lansert ein app som gjer det endå enklare å finne ut kva lounge dei kan tilby på forskjellege flyplassar.
Ein del nordmenn har medlemsskap i Priority Pass via bankavtalar eller via kredittkortavtalar. Mange bonusjegarar har nok fått Priority Pass-medlemsskapet sitt via SAS American Express Platinum. Diverre har det akkurat blitt annonsert at dette tilbodet vil falle vekk når American Express sjølv tek over korta i Norge. DNB, som fram til no har levert American Express i Norge, vil framleis tilby Priority Pass til sine Private Banking-kundar.
Eit ordinært Priority Pass-medlemsskap kostar 99 dollar. Det andre alternativet er Standard Plus som gjev ti gratis besøk i året og kostar 249 dollar. Det siste alternativet er Prestige som gjev ubegrensa tal loungebesøk, dette kostar 399 dollar i året.
I Norge har vi ingen Priority Pass-loungar, men i januar vart det annonsert at Eventyr Lounge på Kastrup vart med.
Kommentar til endringane
For min del er det forståeleg at Priority Pass no må auke prisen. Prisen på alt anna i samfunnet har auka sia 2008 og det er også naturleg at Priority Pass må tilpasse seg dette. Priority Pass har vore ein fordel eg har sett pris på med mitt SAS American Express Platinum, og eg kjem nok til å sakne tilbodet når forsvinn frå nyttår. Mest truleg vil det ikkje svare seg for meg å betale 99 dollar får eit medlemsskap då prisforskjellen mellom Priority Pass-pris og ordinær pris ofte er mindre enn to hundrelappar. Eg håpar likevel at det vil kome inn som ein fordel på eit anna kredittkort no når Amex kuttar det.
Kva syns du om endringane på Priority Pass? Ta gjerne diskusjonen på forumet vårt.
Legg igjen en kommentar