Moroa på St. Maarten kan snart vere over

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Destinasjonen St. Maarten står på dei fleste flynerdar sine «bucketlister» – no kan det snart vere over for den kjende attraksjonen på den karibiske øya.

Mange flyinteresserte har St. Maarten som ein drøymedestinasjon – ikkje på grunn av dei lange kvite sandstrendene, ikkje på grunn av sol og palmetre – men på grunn av moglegheita til å stå på enden av ei rullebane og kjenne «jetblasten» frå eit jetfly som landar eller tek av frå øya si rullebane. Ein spesielt stor attraksjon har vore KLM sine Boeing 747 som dessverre slutta å fly til øya for snart eit år sia.

Sist veke døydde ei kvinne på tragisk vis, etter å ha blitt kasta vekk frå gjerdet i «jetblasten» frå eit fly på rullebana. Myndigheitene på St. Maarten melder no at dei planlegg å byggje om området på enden av rullebana, slik at det vert umogleg å bli råka av jetblasten.

Det er ikkje noko nytt at det er farleg å stå i «jetblasten» frå store jetfly, og store fareskilt prydar strendene rundt rullebana. Fram til no har det vore opp til kvar enkelt om ein vil ta risikoen ved å henge fast i gjerdet.

Mange flyinteresserte har allereie byrja å ta sorgene på forskot og delar sin frustrasjon over omlegginga rundt rullebana. Kva tenkjer du? Er det best å halde alle vekke frå faresona, eller skal ein oppretthalde denne attraksjonen for turistane?

Har du vore på Saint Maarten? Del gjerne dine erfaringar og tips i denne forumtråden.

Denne artikkelen vart først skriven av Peter Krogh Frausing for vår systerside Insideflyer.dk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *