Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
Eit Airbus A320 frå airberlin er no stranda på Island grunna det faktum at dei ikkje har betalt dei avgiftene det kostar å nytte lufthamna.
Dette er nok den første av fleire liknande situasjonar vi vil sjå dei neste dagane. Fram til airberlin avsluttar alle operasjonar den 28. oktober kan vi berre råde våre lesarar til å nytte andre flyselskap.
Flyet det er snakk om er D-ABDX. Vi kan sjå på Flightradar24 at dette flyet framleis står på Island etter at avgangen til Düsseldorf vart kansellert den 20. oktober.
Det kan no også bli slik at kapteinane på flya må ha med seg kontantar til enkelte destinasjonar. Dette er for å kunne betalte for reingjering, drivstoff og catering.
I denne situasjonen er det Isavia, lufthavnsoperatør på Island, som skriv:
Air Berlin filed a petition of the opening of insolvency proceedings in August and the unpaid airport charges incurred prior the insolvency period.
Isavia will have additional member of staff located at the airport to assist those who will be affected by this action if needed.
Det var nettsida AirLive som først melde om denne situasjonen.
Siste veka
No vert det interessant å sjå korleis det vil gå med airberlin den siste veka dei skal ha drift. Det er nok grunn til å tru at også andre lufthamner kan velje å halde tilbake fly.
Diskuter gjerne airberlin sin konkurs på vårt forum.
Legg igjen en kommentar