For over eit år sia var kona gravid og vi var inne på egotrip-forhandlingar. Det vart frå kona ytra noko slikt som at om eg skulle på egotrip måtte det skje med ein gong. Eg var sjølvsagt ikkje tung å be. Utflukter til Vietnam med CX F og ei jorda rundt- reise med mykje ymse hadde gitt meg ein god bunke poeng hjå Alaska Airlines. Eg hadde tidlegare forsøkt å bruke desse på JAL F, men var blitt stoppa av Covid. No såg eg på nytt moglegheita. Sjefen (på arbeid, ikkje i heimen) fekk beskjed om at eg måtte ta meg ein ferietur på kort varsel, noko vedkomande også har haurt før - og eg var på tur ei knapp veke seinare. Etter egotrippen har eg ikkje fått lov til å kvile eit minutt, og difor kjem det først no eit lite reisebrev. Sia eg no heller ikkje hugsar veldig mykje fra denne turen, so vert det mest ei samling bileter fra JAL F, men nokre kommentarar. Flyturen gjekk frå Narita til JFK, og skulle gje ein god del timar i lufta - eg kan allereie no avsløre at eg ikkje hadde hatt noko imot fleire timar. Førsteklasseloungen på NRT hadde godvplass, og det var vel berre eg og nokon få andre som var der. Maten skulle bestillast via QR-kode på bordet og det fungerte veldig fint. Kabinen i JAL F er litt gammal, men den nye er kanskje allereie komen i lufta når dette vert skrive. Det står på lista å få testa den.
Japan Airlines serverar Salon 2007 (mogleg ny årgang no) i første klasse med utreise frå Japan. Dessverre lastar dei berre ei flaske på kvar flight. På min flight alle åtte seta tekne. Det starta dårleg når paret på første rad til venstre begge skulle ha Salon. Det var tydeleg at dei visste kva som gjalt på denne flighten, for crew måtte ta bilete av dei saman med flaska. Til mi store overrasking valde alle andre passasjerane anten søvn eller andre drikkevarer. Når flaska endeleg nådde meg passa eg på å skryte godt av champagnen, og det tok ikkje lang tid før påfyllet kom. Når eg skulle få mitt glas nummer fem kom dei med den alternative champagnen, og eg spurte om det no var tomt for Salon. «Let me check, sir» sa flyvertinna og deretter kom ho med den siste resten. Sju glas klarte dei altså å få ut av flaska, og fem av desse hamna i magen min. Tips nummer ein er altså at her må ein ikkje ligge på latsida.. Når Salon’en var tom so gjekk det i Drappier Grande Sendree 2012. Ein champagne til rundt kr 1500 per flaske som i alle fall gjekk an å drikke. Tungt å skulle samanliknast med Salon.
For å vere heilt ærleg so hugsar eg ikkje veldig mykje av matserveringa, men det er mest på grunn av tida som har gått og ikkje på grunn av champagnen. Eg gjekk for den japanske menyen, og hugsar at eigentleg alt var veldig godt - sjølv om det var noko som vart litt «rart». Når presskannekaffien vart servert so fulgte det med eit timeglas som indikerte når du skulle presse ned gruten.