Utflukt til Vietnam med CA, CX og SQ F

Tråd i 'Reisebrev' startet av afirm, 01. juli 2019.

  1. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Sia @haakonks og @Bernd no er på veg heim er det vel på tide at nokon andre tek over stafettpinnen på CX F.

    Eg hadde eigentleg store planar om å starte reisebrevet før eg starta turen, men tida vart knapp. Når denne introduksjonen vert skriven har eg allereie kome meg til Hanoi.

    Som fleire andre slo også eg til på CX sitt flotte nyttårstilbod, i styrtregn klarte eg å få knota meg til å bestille ein billett via telefonen. På det tidspunktet tenkte eg at det var lurt å bestille ei helg, med den ulempa at eg i praksis ville mista fleire dagar av veka både før og etter. Satsar difor på to veker fri og ei litt utvida utforsking av Vietnam. I New York skal eg ha omtrent eit døgn.

    Reiseruta

    SOG-OSL - WF eco
    OSL-WAW - LO biz
    WAW-LHR - LO biz

    OSL-LHR - SK plus
    LHR-PEK - CA F
    PEK-SGN - CA biz
    SGN-HAN - VJ eco
    HAN-HUI - VN eco
    HUI-DAD - tog
    DAD-HKG - KA biz
    HKG-(YVR)-JFK - CX F
    JFK-HKG - CX F
    HKG-DAD - KA biz
    DAD-SGN - VJ eco
    SGN-SIN - SQ biz
    SIN-CPH - SQ F
    CPH-BGO - SK plus

    Til saman hamnar vi då på denne ruta:
    SOG-JFK.gif

    OSL-SGN-BGO er booka på ein CT som gjekk ut 15. januar i år. På dette tidspunktet hadde ikkje eg byrja å tenkje noko på reiserute i Vietnam, det hadde nok blitt gjort justeringar om eg hadde hatt anledning.

    Reisebrevet kjem til å bli bygd opp omtrent på same måte som reisebrevet frå feb/mars, eit livereisebrev som eg satsar på å fullføre omtrent samtidig som eg kjem heim. Denne gongen vert det eit litt rolegare tempo på turen med berre 15 flyturar og 35.000 miles på 14 dagar.
     
  2. Travellingalf

    Travellingalf Ut på tur - aldri sur InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    5,685
    Likes mottatt:
    10,234
    Bonuspoeng:
    293
    Du din galne mann! :) God tur - blir kjekt å følge deg (her også)!
     
    Baldrick, haakonks and afirm like this.
  3. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Advarsel: Denne posten som eigentleg berre består av ting som ikkje gjekk bra vart mykje lenger enn eg hadde tenkt. Det er difor lov til å hoppe over den og vidare til ting som faktisk er moro.

    Start på turen


    I desse miljøtider ville eg gjerne bidra med mitt, bestemte meg difor for å nytte kollektivtransport til Sogndal Haukåsen. Grunna ferje og bussbytte kan dette vere litt klønete, men litt må ein då ofra. På grunn av berre fem min køyring etter ferje tenkte eg heller ikkje at det var mogleg å misse connectionen på Kaupanger. Frå Lærdal sentrum er det ca 10 min til ferja, når det var 8 min igjen til ferja gjekk byrja eg å ana uråd. Tok difor ein telefon til Nor-Way som kunne bekrefte at bussen var 30 min forsinka grunna ei utilsikta vegstenging mellom Bergen og Voss. I Lærdal var det denne helga festival, Jordeplerock.

    Eg var difor ikkje optimistisk når eg ringte det lokale drosjeselskapet, dei kunne bekrefte at det var null sjans for transporthjelpt frå den kanten. På grunn av nemnde festival hadde eg snike til meg eit aldri so lite vorspiel før eg skulle leggje ut i verda og det var difor ikkje so veldig aktuelt å ta bilen til Haukåsen. Nattbuss til Gardermoen verka å vere einaste alternativ, med dei ubehagelegheiter dette måtte medføre. Akkurat når eg plukka opp sekken og sette kursen mot leiligheita kom det ein buss rundt hjørnet. Ein kjapp titt på klokka viste at det var gode sjansar for å rekke ferja etterpå. Eg bestemte meg difor for å hoppe på og satse på at det fans ei ledig drosje på andre sia av fjorden.

    Frå bussen fekk eg teke ein telefon til Sogndal Taxisentral som bekrefta at dei kunne ha ei drosje ventande på meg på Kaupanger kl 20.20. Med eitt såg alt plutseleg veldig lyst ut. Sogndal Taxi leverte varene og eg var på plass på flyplassen kl 20.35. Kl 20.50 var boarding unnagjort og vi kom oss avstad før tida.

    20190628_202210.jpg 20190628_204516.jpg

    Meir problem

    Etter ei overnatting i nærleiken av Gardermoen møtte eg opp på flyplassen i god tid før LO482 skulle ta oss til WAW. Skjermane viste etterkvart forseinkning før flyet til slutt vart kansellert. I loungen kunne ikkje SAS hjelpe til med ombooking då Lot hadde funne ut at dei heller ville ordne slikt sjølv. Utan agentar på bakken på OSL måtte kommunikasjon takast via telefon. Det kom melding på høgtalaren om at Lot hadde sett opp ein hotel desk ved innsjekkingsområdet der ein kunne gå for å få tildelt hotellrom, ikkje eit særleg godt teikn. Samtidig som eg ringte inn til Lot sendte eg ei melding til Lot på Facebook om at eg ynskja ombooking.

    Etter nærare ein time kom eg igjennom til Lot på telefon, det kan vere lurt å høyre ut heile menyen for innvalg 5 var for *A G og businessklasse, første gong trykte eg rett vidare når eg haurde 3 "existing reservations". Sjølv med innvalg 5 fekk eg beskjed om at det var 44 personar i kø, akkurat same som på innvalg 3, men etter 5 sekund kom eg igjennom til ein kundehandsamar. Ho skulle sjå kva ho kunne ordne. Samstudes fekk eg svar på Facebook at eg kunne ombookast til SK809, noko som sjølvsagt var heilt supert. Eg sa at eg gjerne ville dette men opplyste om at eg var på hold med ein telefonagent slik at dei måtte koordinere slik at det ikkje vart noko gale. Vel, etter 20 min på hold kom telefonagenten tilbake. Eg hadde fulgt med på checkmytrip i tillegg til SAS-appen og der hadde det vore mykje action. Ombooking via både QR og TK såg ut til å ha vore aktuelt. Forslaget ho la fram var ombooking til TK via IST, eg sa at eg ikkje var veldig interessert i å bytte ut ein førsteklassebillett med TK biz. Eg trur eigentleg ikkje agenten skjønte forskjellen på førsteklasse og businessklasse, og ho om TK biz at "it's very comfortable, sir". Eg har testa TK fleire gongar og eg er heilt einig i at det er ganske bra, det var dog ikkje heilt godt nok denne gongen. Eg spurte om det ikkje var mogleg å få kome med SK til LHR slik at eg kunne ta igjen den originale routingen, fekk opplyst at ho ikkje kunne ordne dette og at eg måtte ta kontakt med dei som hadde utstedt billetten. Dette er sjølvsagt feil, men eg fann ut at eg ikkje kom nokon veg, vi avslutta difor denne samtalen og eg sette min lit til agenten på Facebook. Etter eit par meldingar (med ca ein halvtimes mellomrom) med bekreftingar frå agenten på Facebook vart eg ombooka til SK482.

    Vi var likevel ikkje heilt i mål. I SAS-skranken fekk dei berre sjekka meg inn til LHR, men dette skulle ikkje vere noko problem, berre gå i transfer desk på LHR. 1 stk lite innsjekka kolli vart tagga heilt fram til SGN. På LHR gjekk eg i CA-skranken og dei kunne ikkje finne nokon billett. Billetten eg hadde var no reissued på 082-stock og segmenta vidare frå LHR var ikkje teke med. Vart difor sendt vidare til Lot sin skranke. Det var vel eigentleg ingen her som ville ta noko ansvar men det var ein kar som tok ein telefon til Lot ticketing og fekk lovnad om at dei skulle ringe tilbake. Deretter forsvann han for å handtere ei boarding. Eg vart difor ståande å vente. Plutseleg dukka det opp ein engel med lyst hår, ho spurte kva som var status og eg gav ho denne statusen. Deretter byrja å faktisk å halde nokon ansvarlege, ho sprangt litt fram og tilbake mellom bakromma til Lot og CA og kom tilslutt tilbake og sa at eg skulle kome tilbake om 30 min, då skulle eg spørje etter Andy som var supervisor og alt skulle vere ok. Eg tok meg ein tur opp i Lufthansaloungen, utan nokon gyldig billett, men eg hadde boardingpasset frå den originale Lot-flyginga der eg også var sjekka inn på CA F. Agenten i skranken scanna boardingpasset og såg rart på skjermen, deretter såg ho på boardingpasset og trekte litt på skuldrane. Eg slepte i alle fall inn.

    Når eg kom tilbake til Lot etter ein halvtime fekk eg beskjed om at alt var ok og at eg skulle gå til CA sin skranke. Dette viste seg å stemme, der låg ein lapp med nytt billettnummer og original reiserute. Diverre var flightane framleis booka i klassene I og O (award). Eg hadde mista vindaugsseta og to timar med loungetid på LHR, men det kan eg leva med. Skulle gjerne hatt namnet på ho agenten som faktisk tok ansvar og fekk ordne på ting, ho såg eg ikkje igjen.

    Etter dette har ting gått betre, eg skjønar i alle fall ikkje enkelte sin skepsis til CA F, eit produkt eg tykte leverte bra. Meir om dette i neste post.
     
    drsyk, Robert H, Rune and 25 others like this.
  4. watchaddicted

    watchaddicted Reisende fant

    Innlegg:
    1,945
    Likes mottatt:
    3,902
    Bonuspoeng:
    113
    Hadde fått hjertestans av det der:eek:

    Gleder meg til å følge denne fantastiske galskapen!!

    God tur ønskes:):cool:
     
    afirm liker dette
  5. Sonictravel

    Sonictravel Veteran

    Innlegg:
    2,625
    Likes mottatt:
    24,745
    Bonuspoeng:
    183
    God tur! Bra det ordnet seg, men for et stress... :)
     
    afirm liker dette
  6. MadsVaHa

    MadsVaHa Veteran

    Innlegg:
    2,508
    Likes mottatt:
    5,541
    Bonuspoeng:
    183
    Blir en fryd å følge deg på tur igjen @afirm :) Håper resten av turen flyter uten alt for store problemer.
    God tur!
     
    afirm liker dette
  7. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,186
    Likes mottatt:
    869,728
    Bonuspoeng:
    293
    Jeg er helt sikker på at dette hadde vært kjempegøy å vært med på, men hadde jeg fortalt om en slik reise til mor så hadde hun ringt en (eller alle) av mine fastleger og fått meg innlagt ...

    Litt komplikasjoner gjør jo slikt mer spennende ....

    Litt artig når problemer oppstår når jeg er ute og flyr med mor, da setter hun seg godt til rette i loungen, tar frem strikketøy og sier ganske enkelt «dette er flyselskapet sitt problem, jeg har både mat og drikke»
     
    drsyk, anders82, veeegard and 5 others like this.
  8. Insomnia4u

    Insomnia4u Veteran

    Innlegg:
    2,839
    Likes mottatt:
    2,411
    Bonuspoeng:
    113
    Litt av en thriller i starten! Noterer meg å aldri fly LOT hvis det er slik de håndterer ombooking. Ser frem til å følge deg videre :)
     
    afirm liker dette
  9. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Eg hoppar over WF og SK, dei fleste er kjende med kva desse tilbyr. Kuben frå SK809 finn dokke her. Eg vil ikkje ha på meg å vere nokon militant kjøtetar, men eg er sterk tilhengar av valfriheit og likar ikkje å bli prakka på politisk korrekte rettar. Det kan også godt hende at det er konseptet New Nordic Kitched som ikkje treff meg. Eg tykkjer ein del av rettane vi har fått i kuben har vore heilt ok, laks fell stort sett i smak. Denne veganar-retten fall definitivt ikkje i smak. Det vart servert smør til brødet, so samla sett bevegar vi oss kanskje over i vegetarland.

    Uansett, Air China

    Når billetten endeleg var ordna rakk eg ein liten time i Singapore sin F lounge, tok ein liten sushirett, eit par glas champagne og ein singapore sling.
    LRM_EXPORT_36924770434779_20190701_221833064.jpeg LRM_EXPORT_36909325716598_20190701_221817619.jpeg

    Air China F har vore diskutert mykje meir enn det har vore testa og blant dei som har testa produktet verkar også meiningane å vere delte. Hit and miss på crew kan nok vere ein faktor, på flyginga mi var crew proaktive og eg følte aldri eg mangla noko. Dei fleste prata greit engelsk, og ho som kanskje var litt begrensa tok det att på sjarmen. Ho var heller på ingen måte dårleg i engelsk, men mangla nokre ord i vokabularet.
    LRM_EXPORT_36904294644871_20190701_221812588.jpeg LRM_EXPORT_36899644299759_20190701_221807937.jpeg LRM_EXPORT_36783931872303_20190701_221612225.jpeg
    Eg rakk ikkje å ta bilete av heile menyen, tok berre bilete av dei to sidene som omhandla champagne. Matbestillinga vart teke før avgang og flyvertinna tok med seg menyen når dette var gjort.
    LRM_EXPORT_36791341614490_20190701_221619635.jpeg LRM_EXPORT_36767917559892_20190701_221556211.jpeg
    Før avgang vart det servert nøtter og champagne. Air China serverar Bollinger La Grande Année 2007 som pre departure drink. Dette var betydeleg betre enn kva eg hadde sett føre meg. I tillegg til denne hadde dei også Mailly Extra Brut Millesimé Grand Cru 2011 i første klasse.
    LRM_EXPORT_36779921477806_20190701_221608215.jpeg
    Air China har åtte seter i første klasse på sine B777, desse er fordelt på to rader. På denne flyginga var det sju personar i første klasse. Fem tilhaurde same familie medan den siste var ein eldre kar. Ved landing vart dei fem førstnemnde henta av ein eigen buss. Dette er også det punktet Air China får trekk på. Vi to andre måtte dele buss med minst heile businessklasse, men det føltes også som om vi delte med heile økonomi. Det var i alle fall trangt!

    Eg gjekk for kinesisk meny og maten var god. Måtte hoppe over ostar og is, men smakte litt på eit kakestykke. Dette var ei av dei betre kakene eg har smakt. Sjølv om dei gjerne ville eg skulle ta meir mat kom vi til eit kompromiss med at vi kunne gå for champagnesmaking i staden. Flyvertinna sprang bak i business og henta ei flaske med Pol Roger slik at vi skulle ha tre forskjellege å samanlikne.
    LRM_EXPORT_36864643528938_20190701_221732937.jpeg LRM_EXPORT_36888171257536_20190701_221756465.jpeg LRM_EXPORT_36775126204540_20190701_221603419.jpeg LRM_EXPORT_36877033833429_20190701_221745327.jpeg LRM_EXPORT_36771517806351_20190701_221559811.jpeg LRM_EXPORT_36872559046278_20190701_221740852.jpeg
    Bollinger gjekk av med ein klar siger. Mailly på ein fin 2. plass og Pol Roger på tredje. Det var vel omtrent slik det skulle vere ut frå klasse i menyen og pris.
    LRM_EXPORT_36800666061407_20190701_221628959.jpeg LRM_EXPORT_36854384126714_20190701_221722677.jpeg LRM_EXPORT_36795863444102_20190701_221624156.jpeg LRM_EXPORT_36787773967031_20190701_221616067.jpeg
    Før landing gjekk eg for kinesisk frukost. Eg har ikkje noko bilete av denne, men det var heilt ok. Eg var framleis stappmett etter middag so år ikkje noko særleg.

    Eg kjem i alle fall ikkje til å vegre meg mot å fly CA F igjen og kvir meg ikkje for å anbefala andre å teste produktet.
     
    Last edited: 01. juli 2019
    drsyk, flying_all, SAJblue and 27 others like this.
  10. Insomnia4u

    Insomnia4u Veteran

    Innlegg:
    2,839
    Likes mottatt:
    2,411
    Bonuspoeng:
    113
    Mener å huske fra andre reviews at maten fra utestasjoner med CA F kommer bedre ut enn utreise fra Kina. Usikker på om den Kinesiske maten likevel ble lastet fra Kina?

    I følge SAS-Crew (ARN-HKG) er det visst regler for hvor lenge en kan oppbevare mat på fly, så de fikk ikke lov å laste mat fra ARN til retur-flight. Usikker på om andre selskap praktiserer annerledes. Når jeg f.eks flyr TG F fra FRA/CDG mistenker jeg grønn karri for å ha blitt lastet i Thailand.
     
    magnusant liker dette
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Dæven døtte! Artig :D

    Elles godt å sjå at du kom deg av garde. Det såg jo litt mørkt ut der med buss og ferje i byrjinga. God tur vidare! :)
     
    afirm liker dette
  12. Upsaker

    Upsaker Fastboende

    Innlegg:
    7,759
    Likes mottatt:
    21,957
    Bonuspoeng:
    293
    God tur videre, håper ikke fortsettelsen blir like spennende. Bollinger Grand Année er veldig god etter min mening.
     
    afirm liker dette
  13. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,243
    Likes mottatt:
    22,482
    Bonuspoeng:
    183
    God tur vidare. Mykje bussing i Sogn og Fjordane på forumet um dajin. Bra du kom deg fram i tide.
     
    oleredv and afirm like this.
  14. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Det anar eg ikkje, har heller ikkje samanlikningsgrunnlag frå andre vegen, men får det kanskje i november om eg ikkje gjer om på planane.

    Heilt einig, den fall definitivt i smak.

    Ein ting eg kan påpeike er at Air China serverar champagne i veldig små glas. Til gjengjeld fekk eg påfyll fem gongar før avgang (flyet var noko forsinka).
     
  15. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Beijing

    Vel framme i Beijing skulle eg ta meg ein liten tur inn til byen for å treffe ein kjenning. Oversåg skiltet med skranken der ein skulle skaffe seg transit visa og stilte meg rett i immigration kø. Vart difor ei strafferunde for å få orden på papira. Transit visa vart fiksa på 2 min. Meiner at @mathiasfe skreiv om at

    Tok airport express train til Sanyuanqiao der eg trefte kjenningen og deretter metro vidare til Tuanjiehu. Effektivt og greit, flytoget gjekk kvart 10. min. På veg innover stoppar toget innom T2, og det tek difor 10 min ekstra, returen til T3 tek 15 min frå Sanyuanqiao. Ein kan kun betale togbilletten med kontant, og eg fekk difor enno ei strafferunde tilbake til terminalen for å skaffe dette tilvege. Alle minibankane i tredje etasje var ute av stand, men Bank of China i fjerde fungerte.

    Vel framme i Tuanjiehu fann vi ein restaurant og det vart bestilt hot pot. Definitivt eit interessant konsept. I Kina vert ein ofte pressa på risbrennevin og denne smakte omtrent like gale som sist eg var i Kina..
    20190630_160143.jpg

    Etter litt over to timar var det på tide å returnere til flyplassen. Dette gjekk kjapt og greit, rett igjennom immigration og eg hadde ein time til rådigheit før boarding. Etter uavgrensa mat var eg eigentleg berre interessert i ein dusj. Tok ein tur innom Air China sin F-lounge, her var dusjane ute av stand. Vart difor sendt vidare til businessklasseloungen. Loungane såg eigentleg ganske like ut. Fans ein nuddelsuppestasjon i F-loungen, kan hende dette var forskjellen i tillegg til kanskje noko drikkevarer. Eg fekk meg i alle fall ein dusj i businessloungen og bestilte ein GT i baren, deretter var det tid for å trekke mot gate.
     
    drsyk, Bernd, KRS and 14 others like this.
  16. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Ankomst Vietnam

    Flyturen til SGN skulle gå med ein B737 og eg sat i sete 2A. Flyet hadde to rader i C og vi var tre pax. Breie seter som ikkje kunne leggjast noko særleg bakover. Kunne velje mellom beef og chicken (sovidt eg hugsar) til middag og eg bestilte beef. Var framleis ikkje særleg svolten, men åt retten og lag meg deretter til å sove. Vakna omtrent når vi landa i SGN.

    Eg hadde eigentleg tenkt å satse på å nytte den visumfrie innreisa for mi første innreise og deretter ha eit invitation letter for single entry for innreise nr 2. Rapportar frå Flyertalk tilseier at dette skulle gå greit. I samråd med nokon andre fann eg likevel ut at det kanskje var like greit med multiple entry visa. Dumt å få noko kluss fordi ein skal spare kr 300. Eg bestilte difor invitation letter for multiple entry på vietnamvisapro.com. Når eg kom til SGN var det berre å fylle ut eit skjema, gå i skranken for å betale 50 USD og so var visum klart på 2 min.

    Det fins diverre ingen bilete frå verken Air China flyginga eller den neste som går med VJ. Air China flyet landa ca kl 01.00, og eg hadde planar om å flyge vidare til Hanoi kl 05.00 med VietJet. Planen var difor å berre opphalde meg på flyplassen. Det enda med at VJ kansellerte denne flyginga og eg vart booka om til fly kl 07.45. Innenriksterminalen var stengd og eg hadde difor ikkje nokon lounge eg kunne opphalde meg i. Ute var alt for varmt for ein stakkars vestlending. Kl 02.00 booka eg difor eit rom på eit flyplasshotell som låg 10 min gange vekke og som berre kosta nokon få hundrelappar. Berre air conditionen på rommet var verdt prisen eg betalte.

    Etter tre timar søvn var det på tide å trekke tilbake til flyplassen. Eg prøvde meg på automatinnsjekk, men den sa at eg hadde uteståande balanse og at eg måtte henvende meg i billettskranken. Der fekk eg opplyst at eg hadde ein uteståande balanse på VND 40.000. Dette skuldast setereservasjon på den nye avgangen. Eg kunne ikkje heilt forstå at eg på nytt skulle betale for det setet (7A) som eg hadde reservert på den flyginga som var kansellert. Agenten kunne ikkje forstå at eg trudde eg skulle få to setereservasjonar for prisen av ein.. Etter mykje fram og tilbake gjekk ho til slutt med på å slette ein av setereservasjonane. Det var vel strengt talt berre 15kr vi krangla om, men det fins då grenser for kva eg går med på å betale for.. No fungerte innsjekk på automat stråande og eg fekk levert bagasjen. Det var fire skrankar opne og i skranke 1-3 var der rundt 10 personar i kø. I skranke fire var det ein og eg fekk levert bagasjen på eit par minutt. Kjøpte meg ein Banh Mi inne i avgangshallen og etter 15 min var det klart for boarding.

    VietJet kan oppsummerast med eit ord, det var trangt. Eg trudde ingen selskap skulle kunne matche opplevinga knea mine hadde då eg flaug Nouvelair til Monastir for 6-7 år sia, men dette klarte VietJet. Eg har gleda av å skulle fly VietJet frå DAD til SGN i neste veke, so får kome tilbake med bilete frå den flyginga.

    Fram til Hanoi kom eg meg i alle fall. Dei fleste skryt av maten i Hanoi og eg må seie meg einig i dette. Maten har blitt plukka opp frå tilfeldige serveringsstadar langs vegen og alt har falle i smak.
    20190701_200738.jpg 20190702_201855.jpg
     
    drsyk, Rune, Bernd and 22 others like this.
  17. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Ha Long Bay

    Det vert lagt ned litt innsats i å halde seg framfor @Bjartne i tal besøkte Unesco verdsarvstadar og når eg først var i Hanoi fann eg ut at eg fekk ta ein tur til Ha Long Bay. Advarselane var mange, stappfullt av turistar og liknande. Eg booka likevel ein dagstur via hotellet. Alternativa var Large Group tour, Small Group tour og Private tour. Eg gjekk for small group tour, som sikkert kan reknast som økonomi extra. Dei kunne då skilte med "Limousine luxury van" i staden for shuttle bus. Prisforskjellen var vel berre kr 250 og eg betalte USD 85. Turen var operert av Genesis Cruises og guiden heitte Ben.
    LRM_EXPORT_38882708257528_20190702_222257678.jpeg LRM_EXPORT_38796267833744_20190702_222131237.jpeg LRM_EXPORT_38822743787379_20190702_222157713.jpeg
    Eg vart plukka opp på hotellet kl 08.15 og turen til Ha Long Bay tek rundt to timar. Det var lagt inn eit 10 minutt stopp halvvegs. Vi stogga også innom ein perlefarm dei dei fortalte om korleis dei dreiv med muslingar og produserte perler. Her selde dei også smykker og diverse anna. Dei selde også skeier av mother of pearl til ein brøkdel av prisen varene du skal putte oppå skeia kostar.

    Vi kom etterkvart fram til terminalen der båtane går ifrå og vi kom oss bra kjapt ombord. Guiden kunne fortelje at det i helgane er fullt av både vietnamesiske og kinesiske sturistar, medan det i veken er mykje rolegare. Advarslane om at det var alt for mykje turistar her var i alle fall noko overdrivne denne dagen.
    LRM_EXPORT_38812704916117_20190702_222147675.jpeg LRM_EXPORT_38789814903479_20190702_222124785.jpeg
    På båten vår var vi 10 personar og det starta med lunchservering. Maten heldt god kvalitet.
    LRM_EXPORT_38856786404047_20190702_222231756.jpeg LRM_EXPORT_38861013014736_20190702_222235982.jpeg LRM_EXPORT_38904666006089_20190702_222319636.jpeg LRM_EXPORT_38826454622684_20190702_222201424.jpeg LRM_EXPORT_38845954923401_20190702_222220924.jpeg LRM_EXPORT_38793145122208_20190702_222128115.jpeg LRM_EXPORT_38885983998257_20190702_222300954.jpeg
    Ha Long Bay er definitivt ein spesiell attraksjon og eg vil definitivt seie at det vart verdt å ta turen. Det er sommar og regnsesong no og vi fekk nokon byger, men ikkje noko ein vestlending tek skade av. Eit av stoppa som var lagt inn på cruiset var Sung Sot Cave, dette var ei tørr grotte vi skulle gå igjennom. Her var veldig folksomt og vi gjekk i kø. Dette stoppet kunne gjerne utgått for min del.
    LRM_EXPORT_38898848525786_20190702_222313818.jpeg LRM_EXPORT_38873572637766_20190702_222248542.jpeg LRM_EXPORT_38869372139615_20190702_222244342.jpeg LRM_EXPORT_38819566608150_20190702_222154536.jpeg LRM_EXPORT_38816240316999_20190702_222151210.jpeg LRM_EXPORT_38808113428966_20190702_222143083.jpeg LRM_EXPORT_38805651384199_20190702_222140621.jpeg LRM_EXPORT_38799550910511_20190702_222134521.jpeg

    Og då er vi ájour med reisebrevet. I morgon tidleg går turen med VN til HUI. Optiontown seier at eg er oppgradert subject to availability.
     
    drsyk, Robert H, Bernd and 28 others like this.
  18. Travellingalf

    Travellingalf Ut på tur - aldri sur InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    5,685
    Likes mottatt:
    10,234
    Bonuspoeng:
    293
    Imponerende mat på den skuta da! Fortsatt god tur og takk for at du deler med oss!
     
  19. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    O'Gallery Premier Hotel & Spa, Hanoi
    Status: Expedia Gold

    Dette vart staden for overnatting i Hanoi. Vart ikkje lagt ned noko særleg research i hotell, men eg gjekk for eit VIP-hotell på Expedia. Fekk lov til å sjekke inn 2,5t tida. Bestilte billegaste romkategori og skal ha blitt oppgradert noko, fekk i alle fall eit rom i øvste etasje som var heilt greit. Beliggenheiten var grei med kort avstand til det meste eg hadde behov for. Hanoi er ein stor by som eg ikkje fekk utforska i veldig stor grad.

    Bileta er frå dag to. Det låg roseblad på senga første dagen pluss at den var reidd opp noko betre.

    LRM_EXPORT_38890792255292_20190702_222305762.jpeg LRM_EXPORT_38877912616262_20190702_222252882.jpeg LRM_EXPORT_38830347765412_20190702_222205317.jpeg LRM_EXPORT_38894344123866_20190702_222309314.jpeg LRM_EXPORT_38851505881127_20190702_222226475.jpeg
     
    Insomnia4u, drsyk, Bernd and 14 others like this.
  20. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Vietnam Airlines
    HAN-HUI
    VN1543 - A321Neo
    Sete: 2G (business)
    Flytid: 55 min

    Avgangen med Vietnam Airlines var kl 08.30, eg tok ein Grab (Søraustasia sitt svar på Uber) til flyplassen. Sjåføren stoppa plutseleg for å kjøpe seg frukost, men elles var det ein effektiv og grei tur.
    LRM_EXPORT_90583614470499_20190703_175748604.jpeg
    Denne flyturen var eigentleg booka i økonomi. Fann for ei stund sia ut at Vietnam Airlines låg inne på Optiontown. La difor inn eit bod. Når eg i går byrja å tenkje på dette prøvde eg å finne igjen ein bekreftelsesmail, men denne har eg ikkje funne. Eg fekk heller ikkje nokon mail om oppgradering. Har difor konkludert for meg sjølv med at eg mest truleg må ha lagt inn feil e-post. I går klarte eg uansett å få logga inn og der sto det upgraded subject to availability. Når eg søkte opp flyginga var fire av åtte seter ledige og eg tenkte difor at det måtte vere håp. Kva eg betalte for oppgraderinga er eg veldig usikker på, har ikkje gått tilbake i amexhistorikken, men hugsar at det ikkje var veldig mykje (kanskje rundt kr 200).

    Etter å ha venta 5 min på at dei to karane som sto framfor meg i businesskøa skulle bli ferdige med å sjekke inn 10 kolli vart eg vinka til sides av ein representant for VN som opna ein eigen skranke for meg. Ho fullførte oppgraderinga og eg fekk velje kva sete eg ynskte. Fast track på flyplassen fungerte fint, men det var heller ikkje noko kø i den vanlege. I loungen vart eg derimot avvist. Ingen tilgang med oppgraderte billettar.. Gjekk difor vidare til Song Hong Premium Lounge som tok Priority Pass. Ein heilt grei lounge som serverte heilt grei mat og drikke. Når eg ankom var det berre eg og tre andre i loungen. På det meste var vi vel oppe i ti. Rikeleg god plass i alle fall.
    LRM_EXPORT_90580464248540_20190703_175745454.jpeg LRM_EXPORT_90569779170509_20190703_175734769.jpeg LRM_EXPORT_90587009143381_20190703_175751998.jpeg LRM_EXPORT_90577155188157_20190703_175742145.jpeg LRM_EXPORT_90566597817473_20190703_175731587.jpeg
    Boarding skulle byrje kl 07.55, og eg trekte nedover mot gate i dei tider. Klokka var litt over 08.00 då boarding starta. Før avgang vart det servert drikke, ingen champagne på denne flyginga og eg takka ja til eit glas eplejuice. I tillegg vart det delt ut kalde klutar i businessklasse. Eg hadde kanskje trudd at det vart servert noko frukost på flyginga, men det vart kun servert tre konfektkakestykker. Før landing vart der delt ut nye klutar, denne gongen var dei varme. Eg fekk også tilbod om eit glas vatn der eg svarte "No, I'm good, thank you". Dette vart i alle fall tolka som eit ja, eit glas vatn skadar vel uansett aldri. Alt i alt ei heilt grei flyging, ganske behagelege seter og hyggeleg betening, kunne vore servert noko meir mat. Vi var fem pax i business, dei fire andre sat på rad 1. Ved ankomst fekk vi eigen buss til terminalen.
    LRM_EXPORT_90558075820210_20190703_175723065.jpeg LRM_EXPORT_90623945049278_20190703_175828934.jpeg LRM_EXPORT_90632055697041_20190703_175837045.jpeg LRM_EXPORT_90597048394297_20190703_175802038.jpeg LRM_EXPORT_90628112414736_20190703_175833102.jpeg LRM_EXPORT_90618482031897_20190703_175823471.jpeg
     
    drsyk, Rune, Bernd and 20 others like this.

Del denne siden