Påskekrim 2019: Skriket frå fangekolonien «down under» (eit reisebrev)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 13. april 2019.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Skriket frå fangekolonien – etterforskingsgrunnlaget
    Dette er altså forteljinga om to av kongens sendemenn som fekk det føre seg at ein må undersøkje om Australsambandet utgjer ein trussel mot norske interesser i Sørishavet (Peter Is øy, Bouvetøya og Dronning Mauds land).

    Forfattaren av dette reisebrevet hadde ein CT som brann i lomma. Der reisefølgjet lett og ledig kjøpte omtrent den første og beste reisa han fann, måtte eg gjere omstendelege søk etter ledige billettar i C-klasse. Alle alternativa vart sirleg ført i penna på papir før mitt livs første telefon til CT-avdelinga i Tallinn. Kriminelt mykje arbeid!

    20190413_125028.jpg

    20190413_125059.jpg
    Det var ikkje berre éi rute mellom Noreg og Australia som vart sjekka for bonusbillettar…

    Etter nokre rundar på Internett, der eg i hovudsak brukte søkjefunksjonen hos SAS, og eit par telefonar til Tallinn, hadde eg til slutt C-billettar frå Oslo til Brisbane. Vi to kongens sendemenn sat på same fly inn og ut av Australia, men mellom Noreg og Singapore prøvde vi ulike vegar.
     
    Last edited: 13. april 2019
    Lnbre, Upsaker, Avixlo and 11 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Skriket frå fangekolonien – nokre ord om bevisframføringa framover
    På denne reisa skulle det skje kriminelt mykje. Sidan lesaren allereie er presentert for reiseruta i grove trekk, tar vi (rojalt fleirtal) oss no betre tid til å gå litt i djupna. Avreisa frå det høge nord skulle bli i overkant dramatisk, noko vi skal dvele litt ved.

    Vidare skal ikkje den gode lesar sjå bort frå at det blir delt nokre tankar som vart tenkt undervegs. Ein god kriminaletterforskar tar seg nemleg tid til å bruke skolten i ny og ne. Frå tid til anna kan det dukke opp historisk relevante utgreiingar.

    Dette kan, som vanleg, bli drepande langt. Lykke til!
     
    Last edited: 13. april 2019
    Hanen, Avixlo, drsyk and 12 others like this.
  3. Arvid1410

    Arvid1410 Veteran

    Innlegg:
    1,531
    Likes mottatt:
    6,716
    Bonuspoeng:
    183
    Hmmm, vi hadde opprinnelig planer om å dra inn til Uluru da jeg og junior var down under for to år siden, men det ble prioritert bort til fordel for GBR og ski på NZ i stdet. Som deg så innså vi at det ikke er mulig å få med seg alt på et par uker. Men da har man i alle fall en strålende grunn til å reise tilbake :D (for tilbake skal jeg).

    Og så har jeg tydeligvis noe å lære for smartere oppbygning av reisebrev. Får legge seg det på minnet. Dette blir strålende
     
    Kristian liker dette
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Det store barriererevet og ski på Ny-Zealand er då ikkje det dummaste det? :)

    Om denne varianten er smart, det veit eg ikkje, men eg følte for å prøve noko nytt denne gongen. Så får eg sjå om eg nokon gong gjer det igjen.

    ***

    Til alle: No er dei første 20-postane ferdig oppdatert. Resten av reisebrevet kjem plutseleg og når eg (og du) minst anar det :)
     
    drsyk, Earl, kjeeli and 2 others like this.
  5. artanis

    artanis Senior Medlem

    Innlegg:
    690
    Likes mottatt:
    2,101
    Bonuspoeng:
    93
    For et reisebrev! Nå angrer jeg på at vi ikke besøkte sentral Australia på vår tur dit..Men tiden strakk ikke til. Kan si at Lone Pine Koala sanctuary i Brisbane var et høydepunkt for oss også:D
     
    Kristian liker dette
  6. Finnks

    Finnks Banushare

    Innlegg:
    239
    Likes mottatt:
    1,052
    Bonuspoeng:
    93
    Keep it coming - veldig lovende så langt :D Artig lesing! Skal selv Down under om «bare» 275 (nedtelling ja..) dager, så sluker alt jeg kan komme over av inspirasjon for min egen tur. Du var kort tid i Brisbane by - opplevde du byen som kjedelig eller er den verdt to-tre døgn i stedet for å bruke tida på områdene rundt? :)
     
    alexanderberg and Kristian like this.
  7. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,186
    Likes mottatt:
    869,728
    Bonuspoeng:
    293
    Det er mulig du hadde slitt med å få en til å være med Øst-Finnmark ...artig hvis hun i tillegg ville kjørt med Widerøe på Finnmark kysten ...
     
    Earl, alexanderberg and Kristian like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Eg kjem litt tilbake til det etter kvart, men vi hadde to netter i Brisbane rett etter at vi kom til Australia og to nye netter rett før vi reiste heim frå Australia. Då vi kom til Brisbane, var eg litt småsliten etter reisa, så eg var nok kresen. Då vi for andre gong gjesta byen, var eg meir opplagt. Denne gongen kom vi over Roma street park. Brillefin stad å slå i hel nokre timar, spør du meg :)
     
    Ombo and Finnks like this.
  9. Sonictravel

    Sonictravel Veteran

    Innlegg:
    2,625
    Likes mottatt:
    24,745
    Bonuspoeng:
    183
    Takk for spennende reisebrev, Australia er og blir en favoritt for meg etter å ha tilbragt fem måneder på roadtrip der for en haug med år siden! Nå fikk jeg akutt lyst på en tur tilbake :)
     
    alexanderberg and Kristian like this.
  10. Misterix

    Misterix Veteran

    Innlegg:
    3,755
    Likes mottatt:
    3,576
    Bonuspoeng:
    113
    Kristian liker dette
  11. braathens safe

    braathens safe NN

    Innlegg:
    486
    Likes mottatt:
    530
    Bonuspoeng:
    93
    Det bassenget er vel gjerne haifritt.
     
    Kristian liker dette
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Adrenalindramaet – forsøket på å kome seg ut av Noreg
    Mystisk nok er det vanskeleg å få fatt i bonusbillettar frå det norske kortbanenettet og heile vegen til Australsambandet. Difor gjekk eg for ei løysing med separatbillett på strekninga VDS–KKN–OSL der eg ville «klappe til kai» rundt kl. 1340. Turen ut i verda skulle ikkje skje før kl. 2015, då med SK815 til LHR, same kveld, altså drygt sju timar seinare.

    upload_2019-4-14_11-13-36.png

    Med avgang frå VDS kl. 0941, stod eg opp på morgonen og pakka for tre veker i Australia og ei lita veke i Trøndelag. Vel framme på flyplassen, like før kl. 0900 tenkte eg at no har eg tid til å ta eit bilete av Varangerfjorden. Lite visste eg at sørsida av fjorden var gøymd at det som skulle bli min nemesis denne dagen:

    20190116_112554.jpg
     
    Sekon, SAJblue, Upsaker and 11 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Den glade australiafarar vart ikkje reint lite overraska då han oppdaga at det var nesten ti personar i kø framom innsjekkingsskranken. Til alt overmål stod det eit fly ute på stripa. Det skal det ikkje gjere, tenkte eg. Til opplysning: Frå VDS går det fly kl. 0838 og kl. 0941. No var kl. 0900.

    Vanlegvis følgjer eg med på flyavgangane den dagen eg skal på reise, men i dag hadde pakkinga gått såpass kaotisk føre seg at eg rett og slett ikkje hadde oversikt. Minutta gjekk og køa rikka seg ikkje. Og kva gjer det flyet der ute på stripa no?

    Det viste seg at ute på stripa stod 0838-avgangen som skulle direkte til TOS. Akkurat då eg fann ut det, fekk eg med meg at KKN hadde vore i kontakt med VDS og bede VDS om å ikkje sende folk til KKN fordi der var det fullt.

    Korleis kan det vere fullt i Aust-Finnmark, undrar du kanskje? I to dagar hadde skodda hindra KKN å få av garde folk og no var byen smekkfull. Dei hadde ikkje fleire overnattingsplassar å hoste opp.

    For kvar person som skulle sjekkast inn, dreiv den stakkars WF-tilsette i skranken manisk tastaturhamring. Då det var min tur, kom ein annan WF-kar og spurde WF-skranken om det var fleire som skulle bli med 0838-flyet til TOS, noko WF-skranken sa at det ikkje var. Forsiktig meldte eg meg veldig frivillig, men for dauve øyre.

    I staden fekk eg valet mellom å bli med…
    - 1) …0941-flyet til KKN og risikere å bli skoddefast der i fall SK ikkje kom seg ned
    ...eller...
    - 2) …1143-flyet via HFT og TOS til OSL for kanskje å nå 2015-flyet ut frå OSL

    Alternativ nummer to verkar jo for alle som det mest naturlege valet. Det går jo drøssevis av fly mellom TOS og OSL. Problemet var at akkurat denne dagen hadde SAS ein såkalla rutereduksjon. Altså gjekk ikkje SK4423 (kl. 1610) denne dagen. Eg fekk derimot plass på SK4425 (kl. 1730).

    På eit blunk var drygt sju timars ventetid mellom to separatbillettar redusert til femti minutt.

    upload_2019-4-14_11-15-14.png
     
    SAJblue, Upsaker, Avixlo and 11 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Med ny avgang frå VDS kl. 1143 vart det god tid til å «tænders gnidsel» og nervøse tankar i «loungen». Heldigvis greidde WF, etter mykje om og men, å få sjekka inn bagasjen min til LHR der eg skulle ha nattstopp før SQ skulle ta meg vidare neste dag, så då vart det éi bekymring mindre på OSL.

    20190116_112616.jpg
    Loungen på VDS

    20190116_113356.jpg
    Hektisk på stripa på VDS

    Turen mellom VDS via HFT til TOS var vel ganske udramatisk, men eg meiner å hugse at eg nesten pløgde meg veg til den plassen med best beinplass i kanskje heile flyverda – midtsetet på bakarste rad hos WFs 39-setar.

    20190116_113528.jpg
     
    Last edited: 14. april 2019
    Lnbre, Upsaker, Avixlo and 14 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Vel framme i Tromsø tusla eg bort på NAF-stasjonen for å fikse meg internasjonalt førarkort. Opphaveleg plan var å stikke frå Gardermoen inn til Lillestrøm for å gjere dette, men når planverket blir pulverisert, må ein finne gode alternativ.

    På eit tidspunkt byrja febrilsk å finne ut kvar flyet som skulle bli til SK4425 kom frå. Til slutt fann eg ut at flyet skulle kome til TOS frå CPH. Sjeldan har eg følgd eit fly meir nøye!

    Loggboka, som i reint sjokk her er ført i penna på bokmål, viser følgjande oppdatering:
    Altså, all planlegginga i samband med denne turen til Australia, hadde fått meg til å glede meg skikkeleg til turen. Å føle at heile turen var i ferd med å gleppe ut av hendene for meg, var ekstremt trasig. At prisen på ny billett i apeklasse kom på nærmare tredve laken var ikkje medisin det heller, akkurat.

    20190116_134504.jpg
    Utsikt frå TOS i retning Kvaløya og Eidkjosen
     
    Last edited: 14. april 2019
    SAJblue, Upsaker, Avixlo and 13 others like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    CT-billetten starta altså med SK815 frå OSL til LHR. Utifrå SMS-historikken ser eg at det var mykje stress ute og gjekk denne dagen. Her følgjer eit lite utval:

    - Kl. 1717: SK4452 (som skulle bli til SK4425) landar på TOS:
    - Kl. 1758: Vel plassert på 1F om bord på SK4425, men enno på bakken:
    Det er ikkje mykje eg hugsar frå flyginga mellom TOS og OSL denne dagen, men eg snakka med nokre svært trivelege damer som styrte servering og slikt i kabinen med stødig hand. Dei fortalde meg kvar vi landa og prøvde å roe meg etter beste evne. Det er så godt å møte slike folk når ein er livredd for å miste ei reise som denne.
     
    SAJblue, Upsaker, Avixlo and 10 others like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Sjølvsagt kunne vi ikkje lande på OSL nordfrå. Nei, vi måtte omtrent sør til Malmö for å kome inn til den helvetes flyplassen sørfrå. Aldri har den innflyginga kjentest lenger. Faktisk sat eg på 1F og skalv av nervøsitet. Det har eg ikkje opplevd før.

    Kl. 1957 hadde SK4425 bakkekontakt på OSL. SK815 skulle gå kl. 2015. Kabinsjef ønskte meg lykke til før eg beina det eg kunne inn frå A6 til F14. 1 000 meter sprint med innlagt passkontroll førte til at eg kjente blodsmak i kjeften.

    Loggboka viser følgjande oppdatering om Gardermoen-sprinten som eg gjennomførde denne dagen:
    Dramaet var over. Som ein potetsekk seig eg saman i 1F på SK815 og kjente at eg var letta. Eg kan ha vore ganske delirisk for eg ser i loggboka at eg har skildra SK-kuben som god...

    upload_2019-4-14_11-21-26.png

    Først då eg kom fram til rommet på Park Inn by Radisson London Heathrow Airport Hotel innsåg eg at eg var gjennomsveitt og dødssliten. Ikkje får eg la puta på hovudet og hadde trippeltsjekka at eg hadde stilt inn vekkarklokka til neste morgon i tillegg til mobilalarm og vekking på hotelltelefonen, greidde eg å roe meg ned.

    Endeleg kunne turen til Australia for alvor byrje.
     
    Last edited: 14. april 2019
    Hanen, Sekon, Yeager and 24 others like this.
  18. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,186
    Likes mottatt:
    869,728
    Bonuspoeng:
    293
    Takk @Kristian !
    Det er nesten så jeg leser landsmål med glede!
     
    Avixlo, ordnetseg and Kristian like this.
  19. Travellingalf

    Travellingalf Ut på tur - aldri sur InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    5,685
    Likes mottatt:
    10,234
    Bonuspoeng:
    293
    Fytterakkern! Jaggu godt det gikk bra til slutt, men her satt jeg og leste og var virkelig nervøs på dine vegne!
     
    Kristian liker dette
  20. Sonictravel

    Sonictravel Veteran

    Innlegg:
    2,625
    Likes mottatt:
    24,745
    Bonuspoeng:
    183
    Blir stressa bare av å lese beretningen, bra det ordna seg og du kon deg med! :)
     
    Kristian liker dette

Del denne siden