Tindertur til Gibraltar

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 18. mai 2023.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,535
    Likes mottatt:
    36,998
    Bonuspoeng:
    293
    Fire dagar i Gibraltar
    Det er tidleg morgon 18. mai. British Airways skal ta meg med på tur til eit for meg terra inkognito: Gibraltar. Dette reisebrevet vil handla litt om flyturen, men mest om opplevingane på destinasjonen.

    Du undrar deg, kjære lesar, kanskje på kvifor dette er ein tindertur? Er det snakk om den namngjetne sjekkeappen? Er det snakk om å sjå dei tindrande bølgjene ved det vetle sundet mellom Atlanteren og Middelhavet? Er det sola som tindrar frå blå himmel? Eller er tittelen berre ei klikkhore?

    20230518_064120.jpg
    Tidleg morgon på LHR T3
     
    Last edited: 18. mai 2023
    AirMags, EndreD, Calling and 23 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,535
    Likes mottatt:
    36,998
    Bonuspoeng:
    293
    Med British Airways til Gibraltar
    20230518_064603.jpg

    BA492 (LHR--GIB) med avgang 0655 er operert av ein fjorten år gamal A320-200 og eg har snuska til meg sitjeplass i sete 2A. Innflyginga til Gibraltar lufthamn skal vera verdt å få med seg, så då vart det vindaugesete denne gongen.

    Flybilletten er i det British Airways kallar 'Club Europe', altså europeisk businessklasse. Prisen t/r var på litt over 7 000 kr (LHR--GIB), men ein god slump avios gjorde at prisen kom på rundt 6 000 kr. BA tilbyr servering og blokkert midtsete. I tillegg er det tilgang til ein ålreit BA-lounge, som slår gullstuene SAS tilbyr.

    Sidan avgangen er i pysjamasleitet måtte eg overnatta her ved Heathrow. Valet fall på Hilton Garden Inn ved Hatton Cross. Rommet kosta rundt ein tusenlapp og ligg dryge fem minutts vandring frå Hatton Cross t-banestasjon på Picadilly-linja. Sidan t-banen er gratis mellom LHR-terminalane pluss til Hatton Cross, så var dette ei ålreit og stressfri overnattingsstad.

    Litt meir om flyturen etter kvart. No skal vi stabla innpå resten av bermen og så skal vi sjå om ikkje sjåføren har fått kalibrert kompasset sitt nok til å finna ein eller annan sørleg kurs.

    Heng med, om du vil!
     
    Last edited: 18. mai 2023
    AirMags, Points4Fun, Calling and 23 others like this.
  3. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,741
    Likes mottatt:
    872,549
    Bonuspoeng:
    293
    Voldsomt så du reiser … kom du ikke nettopp fra Makedonia?
    …. og hvordan kom du deg fra Oslo til London?

    God tur, håper det er en Tinder-tur og at vi da får riktige beskrivelser!
     
    Kristian liker dette
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,535
    Likes mottatt:
    36,998
    Bonuspoeng:
    293
    Personen på 1A er ein skikkeleg hestkuk (på godt engelsk: a proper twat) i tweedjakke. Han spør om kvifor vi er forseinka. Kabinsjef forklårer tolmodig at flyet vart taua frå terminal 5 til terminal 3 og det tok litt ekstra tid pluss at ein passasjer til er på veg. Då seier 1A: Ikkje vent! Kabinsjef forklårer at det vil ta lenger tid fordi då må bagasjen takast av. 1A responderer at han har ein så smaragtinnsmurt medlemsskap i BA at han ikkje bryr seg og at han gjerne vil ta med seg alle reisene sine til eit anna selskap fordi BA alltid er forseinka og det går åt skogen med alt og alle. Kabinsjef taklar det fint, men kvifor er folk så forbanna dustete? Kvifor kan ikkje vaksne menneske berre oppføra seg?

    20230518_071351.jpg
     
    Last edited: 18. mai 2023
    AirMags, Lillegutt, McBuljo and 24 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,535
    Likes mottatt:
    36,998
    Bonuspoeng:
    293
    Joda, men ein må jo ut og sjå seg om her i verda! Og den jobben gjer seg ikkje sjølv...!

    Det vart ei kveldsvending med SAS via Kastrup. Derifrå var det absolutt ingenting å rapportera om...

    Tusen takk! Alle skildringar skal eg halda på eit nivå som toler dagens lys! Trur eg...!
     
    Last edited: 18. mai 2023
    AirMags, Flymunda, Finnks and 5 others like this.
  6. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    2,116
    Likes mottatt:
    15,007
    Bonuspoeng:
    183
    Det er gutten sin det, ligger ikke hjemme og sover burt sumarnatta. God tur.
     
    Kristian liker dette
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,535
    Likes mottatt:
    36,998
    Bonuspoeng:
    293
    20230518_075401.jpg
    Mange BA-fly på LHR

    Då vi endeleg var oppe i marsjhøgde byrja serveringa. Kabinsjef tok i mot mat- og drikkebestilling frå kvar passasjer og henta drikke fortløpande. Her var det inga tralle å sjå!

    Til frukost kunne ein velja mellom ein kontinental variant, full engelsk frukost og eit vegetaralternativ. Eg følte meg kontinental i dag og fekk dette:
    20230518_083731.jpg
     
    AirMags, Calling, veeegard and 16 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,535
    Likes mottatt:
    36,998
    Bonuspoeng:
    293
    Maten som BA serverte smakte godt og sørvisen var tilstadesverande. Her kan ein berre få og få og få! I tillegg brukte kabinsjef tittel pluss etternamn på alle passasjerane i C. Det er ikkje verst! Etter kvart var eg mett og utørst, så eg lukka augo og vakna ikkje så lenge før landing.

    Vel nede på bakken måtte vi sjå på representantar for bermen. Det sto nemleg to EasyJet-fly på bakken og dei skulle lastast til randa med folk og fe... Heldigvis var det mogleg å halda trygg avstand til plebeiarane!

    20230518_111544.jpg
    BA framføre Gibraltar-klippa
     
    AirMags, EndreD, Calling and 18 others like this.
  9. ccurrahee

    ccurrahee Jobb jobb jobb

    Innlegg:
    10,261
    Likes mottatt:
    36,922
    Bonuspoeng:
    293
    Lykke til med Netflix og chill i Gibraltar.
     
  10. phileas

    phileas «Thanks upgrade»

    Innlegg:
    690
    Likes mottatt:
    3,485
    Bonuspoeng:
    93
    Kult bilde av BA ved «the rock» Herlig at forumet får en del skildringer med One world. Nyt ferien og pass deg for apene :)
     
    Kristian liker dette
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,535
    Likes mottatt:
    36,998
    Bonuspoeng:
    293
    Hah, jo, takk! Underleg at det vart eit uttrykk som betyr noko heilt anna enn fjernsynstitting og kvilepuls...!
     
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,535
    Likes mottatt:
    36,998
    Bonuspoeng:
    293
    Takk! Og eg skal vera varsam med å visa mat medan eg er ute i naturen! :)
     
    Earl and phileas like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,535
    Likes mottatt:
    36,998
    Bonuspoeng:
    293
    Eit krypinn i Gibraltar
    Overnatting i Gibraltar viste seg å vera svinedyrt. Hotell låg på rundt 8 000--10 000 kr for fire netter.

    Til slutt fann eg ein variant med leige av eittromsbustad, type leligheit, i utkanten av bygda til rundt 5 000 kr for fire netter via Expedia på ein stad som blir kalla E1.

    Då eg låste opp døra vart eg positivt overraska! Her er deg god plass!

    20230518_152821.jpg
    Staden for 'Netflix & chill'?

    20230518_152843.jpg
    Matbordet og staden for vanleg Netflix

    20230518_152858.jpg
    Eit fullt utrusta kjøken

    20230518_152932.jpg
    Eit romsleg bad
     
    AirMags, Lillegutt, Calling and 19 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,535
    Likes mottatt:
    36,998
    Bonuspoeng:
    293
    Første kveld i Gibraltar
    Med eit tindrande blått blikk gjekk eg ut i det som for meg enn så lenge var ei ukjent verd! Det viste seg at det skulle bli mykje meir tindring denne ettermiddagen enn venta. Meir om det etter kvart.

    Det fine med Gibraltar er at alt er i gangavstand. Frå flyplassen til overnattingsstaden er det rundt tjue minutts gange. Inn til sentrum er det eit lite kvarter ekstra. Difor vart eg overraska over biltrafikken, det var heilt villt!

    Første stopp vart Gibraltar krigsminnesmerke. Her er eit monument reist til minne om dei som vart drepne i første og andre verdskrig. På veg inn til byen (les: sentrum) måtte eg forbi, så eg knipsa likesågodt eit bilete:
    20230518_123351.jpg
     
    AirMags, EndreD, Calling and 17 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,535
    Likes mottatt:
    36,998
    Bonuspoeng:
    293
    Vi hugsar vel alle (?) at @Stuttfeiten reiste til Singapore for å kjøpa seg ein paraply? Vel, eg reiste til Gibraltar for å sleikja sol, men plutseleg opna himmelens sluser seg.

    Gatene som hadde vore stappfulle av folk vart tømt på ein augneblink og erstatta av styrtregn og ein hissig vårflaum nedetter gatene. Over oss drønna tora og på det heftigaste var det under sekundet mellom lynglimt og toreskrall. Dette var naturens tindring i form av elektrisk utlading!

    På dette tidspunktet kjøpte eg ein paraply. Ikkje at det hindra meg frå å bli blaut, men det hindra at heile eg vart gjennomblaut. Vêrmeldinga framover lover litt regn alle dagane, så investeringa er nok ikkje så dum.

    20230518_135924.jpg
    Regn så heftig at det sprett opp igjen

    20230518_135931.jpg
    Hovudgata i Gibraltar

    Folk søkte ly alle moglege stader, jamvel inne i ein raud telefonkiosk stod det folk som prøvde å unngå å spontanutvikla gjeller!
     
    Last edited: 18. mai 2023
    AirMags, EndreD, Calling and 20 others like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,535
    Likes mottatt:
    36,998
    Bonuspoeng:
    293
    Medan regnet silte ned tok eg ein sein lønsj på Tramonti, ein italiensk restaurant som serverte god pasta og tiramisu til 25 £. Sørvisen var først litt seindrektig, men kom seg veldig og maten var brillefin.

    20230518_143554.jpg
    Pasta på Tramonti

    20230518_145045.jpg
    Tiramisu på Tramonti

    Etter eit godt måltid fann eg ut at eg likesågodt kunne gå til krypinnet mitt og rydda ut av kofferten og slikt. Regnet tok ein liten pause slik at eg ikkje vart dyvåt. Sanneleg vart det ein liten dupp, òg. Ferie er fint!
     
    AirMags, Calling, veeegard and 17 others like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,535
    Likes mottatt:
    36,998
    Bonuspoeng:
    293
    Regnet gav seg etter kvart, så eg tar turen ut i bygda. Her følgjer nokre bilete frå kveldsvandring i Gibraltar.

    20230518_204343.jpg
    Stor båt i hamneområdet
     
    NorFlight, AirMags, Calling and 11 others like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,535
    Likes mottatt:
    36,998
    Bonuspoeng:
    293
    Etter å ha gått inn Prins Edvards port fann eg ei trapp og så utsikt. Måfånavigering pågår!

    20230518_205840.jpg
    Prins Edvards port

    20230518_210316.jpg
    Opp ei trapp og voila...

    20230518_210534.jpg
    Solnedgang over tankbåtane

    20230518_211316.jpg
    Gibraltar i aftanslys
     
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,535
    Likes mottatt:
    36,998
    Bonuspoeng:
    293
    20230518_212504.jpg
    Det heilage hjartas kyrkje
    (Sacred Heart Church)

    Etter dette fann eg ut at det var på tide å få seg litt søvn, så med 22 000 skritt i bagasjen vart kursen retta inn mot krypinnet og senga inntatt.
     
    Last edited: 19. mai 2023
    NorFlight, AirMags, Calling and 13 others like this.
  20. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,410
    Likes mottatt:
    7,907
    Bonuspoeng:
    183
    Den gang jeg var i Gibraltar i 2019 hadde jeg 0 dråper regn, så du må ha hatt litt uflaks med tidspunktet muligens... uansett en paraply er kjekt å ha, så får vi tro du får minst mulig bruk for den. Ser fint ut nå i kveld så får tro det fortsetter slik. Nyt turen videre :)
     

Del denne siden