Spøkelseskodde i havet og regn i Tigerstaden, det var ikkje måte på negativitet i dagstråden i dag...
150 grader (kjennest det ut som, er nok nærmare 40 enn 150, men godt og varmt) i Antalya i dag. The winter is coming! Men den varar ikkje evig. Der er lys i enden av tunnelen folkens!
Ha ein strålande fin dag alle sammen!
Redigert:
Om nokon plutselig finn seg sjølv på jakt etter ein fin plass på Konyaalti beach i Antalya så kan eg absolutt anbefale Roxy's (#5). Var her fyrste gongen for 28 år sidan, og standarden har heva seg år for år sidan eg for fyrste gong knekte ribbebein ved "fall frå badering" (slept etter speedbåt i 45 knop i rufsete sjø. Har elles to andre ribbebeinsbrudd på sjøen og fire på fastlandet, men åtte år sidan sist, så håpar det betyr at haldnings/handlings-endringar har vore til hjelp.)
Uansett ikkje Roxy sin feil. Personalet var raskt på plass med fyrstehjelp-Efes den gong då.
Vanvittige prisar på champagne, men mat og drikke elles er ok. God service, virkar reint og fint (få klistrete overflater, luktar skyllemiddel av madrasser og handdukar), og reine toalett.
Edit 2: Om det spelar nokon rolle, så er det veldig lite russisk popmusikk her i år som i fjor. Dama som servar DJ-maskina i dag fokuserar på mest tyrkisk (og mykje sør-amerikansk) musikk. Elles få naboar frå aust her, mulig det heng saman med champagneprisane (3750 for ein Moet Ice
), men absolutt greit å kvile øyrene litt.
Last edited: 05. aug 2026