Slutt for Bergen – Providence

Norwegian Boeing 737 MAX

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

For knapt eit år sia lanserte Norwegian to ruter mellom Bergen Flesland og USA. Rutene, som har gått til Providence og Newburgh, har blitt marknadsført som hhv. Boston og New York. No er det slutt for ruta til Providence, Rhode Island.

Begge rutene, som har hatt to avgangar i veka, har blitt drifta med dei nye Boeing 737MAX-flya til Norwegian. Desse flya har vore meint til å operere mellom flyplassar der det ikkje har vore grunnlag for tradisjonelle langdistansefly, tydelegvis var det heller ikkje grunnlag for dette flya på ruta til Providence.

Når ruta vart etablert sa kommersiell direktør i Norwegian, Thomas Ramdahl, følgjande:

– Vi er opptatt av å gi vestlendingene et godt rutetilbud, og er derfor godt fornøyd med å lansere to nye USA-ruter fra Bergen. Våre nye direkteruter vil bidra til at tusenvis av nordmenn og amerikanere kan fly billig og komfortabelt mellom USA og Vestlandet. Både New York og Boston er populære reisemål og blir nå tilgjengelig for både korte helgeturer og lengre reiser. I og med at byene ligger såpass nær hverandre, kan man enkelt kombinere de to ved å fly til Boston og returnere fra New York. Jo flere turister som besøker Vestlandet og Norge, jo større blir verdiskapingen og sysselsettingen lokalt. Det er takket være lokale myndigheter i USA at disse rutene nå har blitt en realitet.

Reiseavstanden mellom Theodore Francis Green State Airport og Boston er 1,5-2 timar, samanlikna med Logan International Airport som har 15 minutt reisetid. Kanskje er dette ein medvirkande faktor til at ruta ikkje har vore attraktiv nok. Ein annan grunn kan vere den avgrensa frekvensen på berre to avgangar i veka som gjer det lite fleksibelt.

NBC 10 News melder at flya som har gått mellom Bergen og T.F. Green no vil gå mellom Shannon og T.F. Green. Dei som allereie har bestilt billettar kan få tilbake pengane eller få leggje reisa via ein annan flyplass.

Bergen lufthavn Flesland

Bergen har den siste tida fått fleire gode rutenyheiter, Air France annonsert at dei vil starte ei rute mellom Paris og Bergen, medan Wizz Air lanserte rute mellom Bergen og Wien.

Det er alltid synd når det forsvinn ruter, forhåpentlegvis klarar Norwegian å halde liv i ruta mellom Bergen og Newburgh.

Diskuter gjerne saka på vårt forum.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *