Store oppgraderingar for Lufthansa si businessklasse i 2018

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Lufthansa har annonsert solide oppgraderingar i sitt businessklasseprodukt allereie frå 2018.

For nokon dagar sia skreiv vi om Lufthansa si nye businessklasse som vil bli rulla ut frå år 2020 når selskapet får sine nye Boeing 777-9X. Den nye konfigurasjonen vil bli installert i alle Lufthansa sine langdistansefly. Den nye kabinen kjem med direkte tilgang til midtgangen for alle seta i 1-2-1- og 1-1-1-konfigurasjon.

Ein ting som ikkje var annonsert i den første tweet’en frå Lufthansa vart at dei også vil oppgradera sitt «soft product» tidleg i 2018. I ei pressemelding annonserte dei no at:

“There will already be some innovations in the existing Business Class in the upcoming year that will significantly improve the comfort level for passengers. Mattresses that have been developed exclusively for Lufthansa will be provided on long intercontinental flights as of early 2018. They will ensure pleasant sleep on board. On request, passengers will also be provided with sleeping sweaters. So far, these have only been available in First Class. Lufthansa will also be offering its Business Class passengers new blankets. They are lined, but still light, and will keep the passengers warm at night.”

Du kan lese heile pressemeldinga her.

Her vert det altså annonsert at Lufthansa vil introdusere både madrasser, pysjamas og dyner i businessklasse. Tidlegare har dette vore forbeholdt første klasse og det vil vere ei solid oppgradering i forhold til kva dei tilbyr i dag.

Det er framleis uklårt om Lufthansa sine Boeing 777-9X vil innehalde første klasse (det er verdt å hugse at dei nye A350 ikkje har første klasse). Eg spurte Lufthansa sitt presseteam på Twitter og det ser ikkje ut til at dei har bestemt seg endå:

Til slutt

Korleis står det nye produktet seg mot det eksisterande businessklasseproduktet? Det er definitivt eit forbetring! Dei nye pysjamasane, madrasser og dyne er ei stor oppgradering og det vil definitivt leggje grunnlaget for ei meir komfortabel reise.

Det skal likevel seiast at det er på høg tid med ei oppgradering. I pressemeldinga annonserar Lufthansa at «The new, ultra-modern Lufthansa Business Class creates a new global benchmark». Eg er usikker på om ein kan seia at den nye 1-2-1- og 1-1-1-konfigurasjonen set ein ny standard for businessklasseprodukt. Fleire andre selskap tilbyr allereie liknande konfigurasjonar og inkluderar også pysjamas og madrasser. Det ser heller ut til at Lufthansa prøvar å ta igjen dei andre. Det vert spennande å sjå korleis dette produktet står seg mot Qatar sitt Qsuite produkt, som verkeleg har sett ein ny standard for businessklasse. Du kan lese vår test av Qsuite her.

Eg håpar verkeleg ikkje at Lufthansa fasar ut første klasse, men det er nok ein god sjans for at dei går for ein tre-klassekonfigurasjon (businessklasse, premium economy og økonomiklasse) slik dei har gjort på A350. Dette vil medføre færre moglegheiter for å nytte poeng på første klasse i framtida.

Kva trur du om det nye produktet? Ta gjerne diskusjonen på vårt forum.

Denne artikkelen vart opphavleg skriven av rewardscollector for vår systerside Insideflyer.co.uk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *