Air Berlin innstiller alle langdistanseflygingar innan 15. oktober

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Air Berlin har sendt ut ei pressemelding der dei bekreftar at alle langdistanseflygingar vil bli innstilte innan 15. oktober 2017. Flygingar mellom Düsseldorf og Los Angeles vart avslutta 25. september.

Air Berlin vil avslutte sine langdistanseflygingar innan 15. oktober 2017, ettersom leasingselskapa gradvis hentar tilbake sine Airbus A330. Flygingane mellom Dusseldorf og Los Angeles vert difor innstilte frå og med 25. september 2017. Fleire kanselleringar vil følgje 16. oktober 2017.

Avslutning av fleire langdistanseflygingar har tidlegare blitt annonsert, dette inkluderar:

  • Berlin – Abu Dhabi
  • Berlin – Chicago
  • Berlin – Miami
  • Berlin – New York
  • Berlin – Los Angeles
  • Berlin – San Francisco
  • Düsseldorf – Boston

Nokre kortdistanseflygingar vert også innstilte denne veka og fleire annonseringar kjem snart:

Den 29. september vil airberlin innstille flygingar mellom Hamburg og München og mellom Køln/Bonn og Munchen. Fleire justeringar på rutenettet vil følgje dei neste dagane. Stabile operasjonar er viktig i forbindelse med den føreståande transaksjonen og overføringa av selskapet til nytt eigarskap.

Pressemeldinga gjev oss ei oppdatering på prosessen rundt Air Berlin sin konkurs, både Lufthansa og EasyJet skal vere interesserte i å kjøpe delar av flyselskapet sine operasjonar. Thomas Winkelmann, CEO i Air Berlin seier følgjande:

Vi er i ferd med å sørgje for sikre jobbar for rundt 80% av våre kollegar hjå dei potensielle kjøparane.

Det er ikkje lenge til vi ser slutten av Air Berlin, vi får håpe at Thomas Winkelmann har rett og at so mange jobbar som mogleg kan reddast.

Diskuter gjerne Air Berlin sin konkurs på vårt forum.

Denne artikkelen vart opphavleg skriven av Joe Deeney på vår systerside Insideflyer.co.uk.

Framsidebilete: airberlin

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *