Forbetra Holland Boulevard på Schipol Amsterdam Airport

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Forrige veke gjenopna den forbetra Holland Boulevard på Amsterdam Schipol.

Holland Boulevard ligg mellom lounge 2 og 3, ved E- og F-gates i Non-Schengen-området, og er innretta slik at dei reisande kan «stige ut av reiseprosessen». På den måten kan reisande slappe av eller få ei oppleving av nederlandsk kunst og kultur. Målet er å inspirera reisande til å besøke Nederland i framtida.

Forbetra Holland Boulevard

I det nye Aiport Library er det mogleg å velje ei bok frå eit utval av 500 bøker av nederlandske forfattarar omsett til 40 språk. Der er også ei avdeling av det velkjende Rijksmuseum, der du kan beundra meisterverk frå 1700-talet. Også vitskapsmuseet NEMO har ei utstilling, dersom du føretrekk vitskap og teknologi.

Rijksmuseum Schipol

I dei forskjellege sitjeområda er det mogleg å slappe av mellom to flygingar. Her er det også tenkt på barnefamiliar.

I to av restaurantane, Taste of the Lowlands og Dutch Kitchen & Bar, finn du typiske nederlandske rettar. Det kan til dømes vere poffertjes eller ertesuppe. Kebaya Asian byr derimot på moderne asiatiske rettar.

Har du lest vår test av Andaz Prinsengracht i Amsterdam?

Denne artikkelen vart skriven av The Flying Dutchboy for vår systerside, Insideflyer.nl.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *