Icelandair er kankskje ikkje det selskapet folket her inne brukar mest, men dei har eit høveleg greitt rutetilbod over dammen, samt at dei kan vere eit hyggjeleg alternativ til SK og DY når ein skal ut og inspisere Noregsveldet I alle høve: Det har kome nokre endringar i billettstrukturen. Om eg har forstått det riktig, er Saga class no delt opp i Saga Premium og Saga Premimum Flex. Bak i bussen forsvinn konseptet Economy Comfort og Icelandair tilbyr heretter Economy Light, Economy Standard og Economy Flex. I tillegg ser det ut til å vere endringar i poengopptjeninga og i oppgraderingstilbodet, utifrå det eg kan sjå. Dette utifrå det Icelandair opplyste om i ein e-post i dag: Meir informasjon om den nye 'klassekampen' kan vi lese her. Om dette er til det betre eller til det verre, skal eg ikkje ha noko formeining om, men det er no ei endring. Endringane skjedde visst frå 7/4-18... EDIT: Denne informasjonen er å finne på heimesida til Icelandair:
Iceland Air har vel operert med Economy, Premium Economy og Saga Class. Premium Economy har like seter som Saga Class men begrenset servering. Har kunne fløyet KEF - OSL i Saga Class men er kanskje likt konsept over dammen?