Påskekrim 2019: Skriket frå fangekolonien «down under» (eit reisebrev)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 13. april 2019.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    To netter i Alice Springs – «Kriminelt mistilpass»
    Det er vel ingen grunn til at Alice Springs skulle bli ein by, men så vart det ei slags knutepunkt for jarnbanelinja mellom Melbourne i sør og Darwin i nord. Sjølve byen er kanskje ikkje så mykje å sikle etter, men det finst i alle fall tre gode grunnar til å ta turen innom. Dei kjem vi (rojalt fleirtal) tilbake til.
     
    watchaddicted, Avixlo, paron and 2 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Overnatting: Aurora Alice Springs, Alice Springs
    1 300 kr for to netter. Ingen frukost. Greitt rom, litt motellaktig. Ikkje direkte usentralt (gangavstand til det meste). Bil er praktisk likevel, men det er mest fordi det er i omlandet rundt Alice Springs attraksjonane ligg.

    20190204_180757.jpg

    20190204_180811.jpg
     
    watchaddicted, Avixlo, paron and 6 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Australia i krig
    Vi rusla oppom ei høgde med minnetavler over australiarar som har omkomme i krig. Det fekk meg til å tenkje at det må vere rart å dra i krig når ditt eige land aldri har vore under direkte åtak (bortsett frå spreidde japanske flyåtak mot nordkysten i 1942):


    Det var litt rart å støyte på eit krigsminnesmerke i Alice Springs etter fleire dagar i øydemarka:
    20190204_193032.jpg

    20190204_193126.jpg
    Krigsminnesmerket i Alice Springs
     
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Det aboriginske Alice Springs
    Medan eg var i Alice Springs gjorde eg denne oppføringa i loggboka:
    Eg hadde trudd at Alice Springs var urbefolkninga sin by:
    Det er kanskje feil å samanlikna lagnaden til ulike urfolk, men ein kan i alle fall spørje seg kvifor den australske urbefolkninga har lidd så mykje – og gjer det den dag i dag. Mykje ligg nok i det faktum at «den kvite mann» ikkje ønskjer eller ikkje greier å forstå det aboriginske levesettet, som jo framstår som ganske framand.

    20190204_182618.jpg

    20190204_192758.jpg
    Litt av Alice Springs
     
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    20190205_065725.jpg
    Som vanleg varmt i Alice Springs
     
    watchaddicted, Avixlo, paron and 3 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Alice Springs ørkenpark
    Då vi var på stranda ved Huskisson på vår tur mellom Melbourne og Sydney trefte vi på ei tøtte som varmt tilrådde oss å ta turen innom Alice Springs desert park. Heilt ærleg hadde vi ikkje gjort rare undersøkinga for å finne ut kva dette var. Det viste seg at på eit nokså stort område er det masse å sjå. Her kan ein bruke nesten ein heil dag.

    Gjennom dagen blir det gjennomført korte føredrag om diverse dyr som ein finn i vill tilstand i Australia. Vi var med på dingo- og kengurupraten. Dette var kortfatta saker på rundt 20 minutt. Absolutt lærerikt og vel verdt å få med seg.

    20190205_085850.jpg
    Dingo, ser ut som ein hund, men er meir som ein ulv
     
    watchaddicted, Avixlo, paron and 7 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    To transportmuseum
    Mellom Alice Springs by og Alice Springs lufthamn ligg to transportmuseum – vegg i vegg. Det eine er via historia om jarnbanestrekninga mellom Melbourne og Darwin som er kalla The Ghan. Det andre transportmuseet er ei gigantisk samling køyretøy. Alt er samla under paraplyen National road transport hall of fame. Eg har så mange bilete frå denne plassen at eg knapt veit kva eg skal ta med her:
    20190205_130045.jpg

    20190205_125549.jpg

    20190205_134612.jpg

    Vi trudde at dette var noko vi kom til å gå gjennom på ein dryg time, men her kan du lett glo i timesvis. Området er rett og slett digert. Det er berre å setje av godt med tid og ta med mykje vatn.
     
    Last edited: 19. aug 2019
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Alice Springs telegrafstasjon
    Den siste kvelden i Alice Springs tok vi turen til telegrafstasjonen, Alice Springs Telegraph Station. Det var ganske varmt, nesten +40 grader, men vi rusla litt rundt før vi kika på solnedgangen:
    20190205_185534.jpg Landskap rundt Alice Springs telegrafstasjon

    20190205_191526.jpg

    Australias raude midte hadde vore fantastisk!
     
  9. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    2,175
    Likes mottatt:
    15,557
    Bonuspoeng:
    183
    Vel blåst @Kristian! Laud, igjen.
    The Red Centre er en uslåelig opplevelse. Og da blir det lett som Peter Wessel Zappfe sa i en av sine bøker: " Flere og flere søker stillhet og ro i ...dal". Det går ikke helt ihop lenger. Vi hadde heldigvis mye alenetid da vi gikk soloppgangsrunden rundt Uluru.
    Nok en gang takk for bilder og historier (som også skapte bilder :)).
     
    Kristian liker dette
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Herren gir ut delkarakterar, altså? Takk for det! Og helt enig, Australsambandes raude midte er verkeleg noko for seg sjølv :)
     
  11. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,710
    Likes mottatt:
    25,706
    Bonuspoeng:
    183
    Framifrå lesnad. Skuggen din har forresten noko westernfilmaktig over seg.
     
    Kristian liker dette
  12. anders82

    anders82 Veteran

    Innlegg:
    2,913
    Likes mottatt:
    9,427
    Bonuspoeng:
    183
    Dette må være årets reisebrev! Flotte bilder og god tekst. Som historienerd så er det ekstra gøy med disse små anekdotene.
    Vel blåst mister. Man kan jo pådra seg komplekser av mindre
     
    Kristian liker dette
  13. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,429
    Likes mottatt:
    8,041
    Bonuspoeng:
    183
    Fortsatt flott skrevet, virker som om dette var en strålende tur :)
    Men dere burde jo faktisk tatt the Ghan og ikke bare gått på museum og lært om det ;) Skjønner at dere nok hadde fullt program mesteparten av tiden, men vurderte dere togtur?
     
    Kristian liker dette
  14. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,053
    Likes mottatt:
    875,743
    Bonuspoeng:
    293
    Fantastisk @Kristian .... helt ubegripelig at jeg har fulgt med på dette selv om det er skrevet på sidemål ... du skriver underholdende, faktaboxene krydrer det hele sammen med flotte bilder!

    Takk for turen!
     
    Kristian liker dette
  15. Finnks

    Finnks Banushare

    Innlegg:
    239
    Likes mottatt:
    1,052
    Bonuspoeng:
    93
    Jeg tror dette er årets beste reisebrev, hvis ikke det beste noensinne her inne. Humor, betraktninger, fine bilder og veldig informativt i tillegg - vi andre på IF burde crowdfunde (beklager mangelen på norsk ord) reiser slik at du kunne skrive reisebrev langt oftere! Om du i tillegg hadde skrevet trøndersk eller bokmål i stedet for grautmål.. Eller nei, ikke forandre på noe - du har funnet suksessformelen her. Takk! :D
     
    Kristian liker dette
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Takksemd for varmande ord! Skilnadene på livet i Det ville vesten og Aust-Finnmark er ikkje stor, så her får ein støtt og stadig øvd seg på westernkulturen!
     
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Takk og ja, turen var slett ikkje ille! Ja, vi vurderte togtur, men då hadde vi jo måtte kutte noko av det andre og vi kom vel fram til at Australia ikkje skal nokon veg med det første, altså at det kanskje er rom for ein togtur der sørpå ein gong seinare :)
     
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for at du heng med!
    No er det vel du som skriv på sidemål, @Eddie47? Eg skriv jo på hovudmål! Eg trudde ikkje ærverdige ingeniørar var i stand til å bringe til torgs vranglære?
     
    Eddie47 liker dette
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Reisebrev kjem i mange variantar, korte og lange, breie og smale. Mangfald er bra! Difor ingen grunn til kompleksar! Og så tenkjer no eg at det er lenge igjen av dette året, så vi skal vere svært varsame med å allereie no kåre årsvinnarar, men takk for varmande ord :)
     
    anders82 liker dette
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Eg trur 'crowdfunding' skal omsetjast til 'gjengfinansiering' ;)

    Grautmål? Det er vel det orkane snakkar i Tolkiens romantriologi 'Ringdrotten'? Nei, takke meg til! :rolleyes:

    Takk for varmande ord og hald ut litt til, vi er faktisk ikkje heilt ferdige o_O
     

Del denne siden