Påskekrim 2019: Skriket frå fangekolonien «down under» (eit reisebrev)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 13. april 2019.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,195
    Bonuspoeng:
    293
    To netter i Brisbane – «kriminelt negativ»
    – Warra! Warra! roper stammefolket igjen og igjen. Skjønner ikke de fremmede at de ikke skal komme på land? – Warra! Warra!

    Med ett smeller et skudd. En av inntrengerne har tatt fram en rifle, og han skyter en løspatron mot flokken. Skrekkslagne løper spydkasterne mot bushen, mens de om og om igjen roper de første ordene som ble utvekslet mellom britiske koloniherrer og urbefolkningen i Australia:
    – Warra! Warra! – Gå vekk! Gå vekk!


    Like dramatisk vart ikkje vårt møte med Brisbane. For å få litt blodomløp i våre gamle skrottar, rusla vi ein liten runde i nabolaget rundt hotellet vårt i Spring Hill. Sidan det var fredag, var det fullt av liv på barane og mange av dei hadde eit godt utval av svært lettkledde damer. Vi var likevel såpass slitne etter reisa, at vi tok tidleg kveld.
     
    Upsaker, Avixlo, Kvalvaag and 9 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,195
    Bonuspoeng:
    293
    Overnatting: Mantra Richmont Hotel, Spring Hill
    1 200 kr for to netter. Ålreit plass når ein berre skal vera på hotellet for å sove.

    20190118_214315.jpg

    20190118_214333.jpg

    20190118_214256.jpg
     
    Last edited: 16. april 2019
    SAJblue, Upsaker, Avixlo and 14 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,195
    Bonuspoeng:
    293
    Utforsking av Brisbane
    Det vart åtte gode timars søvn i denne senga. Det gjorde godt for ein gamal skrott.

    Etter frukost på ei sjappe i nærområdet, rusla vi inn mot sentrum av Brisbane. På eit tidspunkt dreidde vi av og hamna nede ved elva som sig saktmodig gjennom byen. Etter ein times roleg tassing var vi midt inne i den botaniske hagen.

    20190119_094626.jpg

    20190119_093457.jpg

    20190119_094639.jpg

    20190119_094531.jpg
     
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,195
    Bonuspoeng:
    293
    Det var ikkje så grueleg varmt, eigentleg, men +26 grader og litt høgare luftfuktigheit enn det som er vanleg i Aust-Finnmark gjorde at huda vart litt småblaut til tider. På rein måfå navigerte vi oss over frå den botaniske hagen til sørsida av elvesida, South Bank. Her vart det spontanbading. Herleg, rett og slett!

    20190119_102717.jpg

    Vi var òg innom Brisbane-hjulet, pariserhjulet med navnet The Wheel of Brisbane. Det var heilt greitt for oss å sjå litt av nyen medan vi sat på ræva. Om det var verdt nesten 20 AUD? Tja… Kanskje ikkje. Det kom eit solid knippe fotografi ut av turen, om ikkje anna. Her er eitt:
    20190119_114852.jpg

    På eit tidspunkt hadde reisefølgjet lagt inn ønske om å sjå kunst. Det skal seiast at nett dét kultursegmentet kan eg frykteleg lite om. Så kanskje ein kan lære litt? Turen gjekk i alle høve til Galleriet for moderne kunst (Gallery of Modern Art (GOMA)). Kort sagt, her var det mykje rart. Gratis var det òg.

    20190119_133152.jpg
     
    Upsaker, Avixlo, Kvalvaag and 17 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,195
    Bonuspoeng:
    293
    Det er spennande å vere i eit nytt land. På dette tidspunktet hadde eg rett nok ikkje forstått kor stort landet var og eigentleg så var eg nesten litt usikker på kvar i verda eg var. Det gjorde det svært underleg å lese desse setningane i ei bok eg hadde med meg:
    Avstandane i Finnmark blir berre småtteri til samanlikning.

    Frå kunstgalleriet rusla vi over elva igjen og tok turen opp i klokketårnet til rådhuset, eller City Hall om du vil. Her kunne guiden stolt fortelje at Brisbane er den einaste australske byen med City Hall. Alle dei andre kan berre skilte med Town Hall. Omvisinga varte i rundt 20 minutt og kosta ikkje all verda, meiner eg å hugse. Igjen vart eit par bilete knipsa.

    20190119_160639.jpg

    20190119_155409.jpg
     
    SAJblue, Upsaker, Avixlo and 14 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,195
    Bonuspoeng:
    293
    20190119_173317.jpg

    Fram til no hadde vil vel livnært oss på vatn og iskrem. Spesielt svolten var eg i alle fall ikkje denne dagen, men ein god salattallerken med diverse sunne saker høver godt innimellom. Diverre ikkje 15 % Trumf-bonus… Litt meir væskebalanserande vart inntatt før vi kryssa elva igjen.

    20190119_172837.jpg

    20190119_182344.jpg

    Vi kryssa elva med rutebåt og tusla opp på Kangaroo Point. Akkurat kvifor vi gjorde det, er vel litt uklårt, men når navigering skjer etter måfåprinsippet, så kan slikt skje. For all del, her var det ålreit utsikt utover byen og eg trur sanneleg at vi tok oss ein iskrem.

    Loggboka, skrive av ein sliten kar, skildrar Brisbane slik:
    I ettertid meiner eg at eg dømde byen for hardt denne dagen.

    20190119_193212.jpg
    God natt, Brisbane!
     
    SAJblue, Upsaker, Avixlo and 16 others like this.
  7. LN-FHU

    LN-FHU Freaked out member InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,910
    Likes mottatt:
    10,274
    Bonuspoeng:
    183
    Dette er bra @Kristian , innledningen på turen, med flytrøbbelet er en påskekrim verdig.
    Skildringene og kommentarene dine øker bare leselysten og jeg leser til øyet blir stort og vått :):) Siden du også er reservetrønder blir jeg ikke mindre stolt av en med dine talegaver "på laget" :D:D:D

    Ser fram til fortsettelsen !
     
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,195
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for varmande ord! Hugs at EDB-utstyr er litt ømfintleg for fukt ;)
    Det er mogleg at eg har misforstått omgrepet reservetrønder (trudde det vart sagt om folk som ikkje er frå Trøndelag, men som ønskjer at dei var derifrå). Sjølv ser eg på meg som ein representant for Trønderbataljonens eksilkontigent, TBEK, som har følgjande motto: Verda blir ein betre stad der trønderar er til stades :)
     
  9. Arvid1410

    Arvid1410 Veteran

    Innlegg:
    1,531
    Likes mottatt:
    6,716
    Bonuspoeng:
    183
    «Reservetrønder» er slik jeg har oppfattet det, brukt om folk fra Nord-Møre.

    Ellers fant jeg denne overskriften i en avis:

    A0000832-3E62-4013-BF59-B82CE286C486.jpeg
     
    Tore, jgroneng, drsyk and 2 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,195
    Bonuspoeng:
    293
    Ein tur inn i dyras rike – «Eit (av)brekk»
    Vi sjekka ut av hotellet i Brisbane, tok frukost på ei sjappe rundt hjørnet og tusla inn til byen der Avis utstyrte oss med ein leigebil. Reisefølgjet hadde plotta inn reiseruta vår på Navigator-appen og med militær presisjon à la navigasjonslauget på «Helge Ingstad», vart det bestemt kven som skulle vere sjåfør på dagens første strekning.

    Vi valde å ta første stopp på utsiktspunktet Mount Coot-tha. I ettertid innsåg vi at vi kunne ha droppa dette og berre peisa på vidare til dagens første hovudattraksjon: Lone Pine Koala Sanctuary. Rett nok vart det ein is og eit fint bilete på Mount Coot-tha, men det var alt.

    20190120_105905.jpg
     
    SAJblue, kjeeli, Upsaker and 12 others like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,195
    Bonuspoeng:
    293
    Lone Pine Koala Sanctuary
    Det er ganske tilfeldig at vi fekk høyre om Lone Pine Koala Sanctuary. Det var nemleg ei dame på turistinformasjonen i Brisbane som tilrådde oss ein båttur frå byen til koalaparken. Vi tenkte at det kunne vere noko for oss, men fann ut at for oss passa det best å køyre innom. Avstanden frå Brisbane via Mount Coot-tha var berre på 25 km.

    Vårt besøk hos koalaane bar preg av at vi ikkje hadde løfta éin finger for å finne ut kva som var fornuftig tidsbruk, kva slags stad dette var osv. Vi tenkte at dette var ein stad med litt skog og ein del lòdne karar og damer som lever eit nokså roleg liv. Vel, det er det òg, men det er så mykje, mykje meir, noko oversikten over dagleg aktivitet vitnar om.

    20190120_114251.jpg

    20190120_115203.jpg

    Lone Pine Koala Sanctuary er staden for deg som vil sjå dyr som høyrer heime i Australia. Ja, hovudattraksjonen er koalaane, men både kenguruar, tasmanske djevlar, slangar, fuglar og andre representantar for australsk fauna er å finne her. Og du kan lett bruke meir enn dei knappe tre timane vi på eit blunk hadde oppheldt på denne rett så fine plassen.

    20190120_123126.jpg
     
    kjeeli, Upsaker, Avixlo and 15 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,195
    Bonuspoeng:
    293
    Australia Zoo
    Rundt 80 km nord for Brisbane ligg dyreparken som Steve Irwin gjorde kjent for resten av verda, Australia Zoo. Der Lone Pine Koala Sanctuary berre har dyr frå Australia, stiller Australia Zoo med ein solid dose dyr frå andre verdsdelar.

    Sidan vi vart hefta bort i koalaparken, kom vi ganske seint til Irwins rike, rundt klokka to på ettermiddagen. Australia Zoo dekkjer eit digert område. Her finn ein alt frå marekattar og sjiraffar til koalaar og ferskvasskrokodiller. Vi hadde knappe tre timar til å utforske staden før stengetid kl. 1700.

    Det første som slo meg då vi kom til Australia Zoo er kor sterkt til stades Steve Irwin er i form av bilete og omtalar. Som dei fleste kanskje hugsar, døydde han i 2006 og etterlét seg kone og to ungar. Min tanke var at det må vere vanskeleg å bli minna om eit familiemedlem som ikkje er der lenger – kvar dag – heile tida. Når det er sagt, verkar det heller som at heile familien og verksemda er stolte av å halde fram arbeidet Steve Irwin starta:


    20190120_150819.jpg

    20190120_164850.jpg

    20190120_162046.jpg

    20190120_162903.jpg

    20190120_163402.jpg

    Kommentaren frå loggboka denne dagen i Lone Pine Koala Sanctuary og Australia Zoo er eg framleis einig i:
    I ettertid ser eg at vi burde ha starta tidlegare ut frå Brisbane for å kunne skrape på døra allereie ved opningstid. Både Lone Pine Koala Sanctuary og Australia Zoo har per april 2019 open frå 0900 til 1700. Timane på begge plassane gjekk skremmande fort!

    Etter å ha sett dyr med og utan pels – opp og ned in mente, gjekk turen frå Australia Zoo til Surfers Paradise, Gold Coast, ein køyretur på rundt 160 km.
     
    kjeeli, Upsaker, Avixlo and 15 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,195
    Bonuspoeng:
    293
    To netter i Surfers Paradise – «Eit fuktig mordforsøk»
    20190122_085111.jpg

    20190122_085539.jpg

    20190121_091430.jpg

    20190122_092134.jpg

    Vi, Harald Rex' sendemenn, var på plass på den australske gullkysten for å utfordre den mordariske dekadensen.
     
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,195
    Bonuspoeng:
    293
    Overnatting: Mantra Legends Hotel, Surfers Paradise
    1 500 kr for to netter. Det var omtrent 400 meter bort til ei ålreit strand (sjå bileta over). Rommet var ganske så stort og det var god utsikt utover nabolaget.

    20190120_194848.jpg

    20190120_194857.jpg
     
    Kalsnes, drsyk, Upsaker and 9 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,195
    Bonuspoeng:
    293
    Utflukt til Springbrook nasjonalpark
    Ingen av oss i reisefølgjet er strandløver og begge er litt rastlause av natur. Vi hadde kome over nokre omtalar av at Springbrook nasjonalpark, ein dryg times køyring frå Surfers Paradise, kunne vere ein stad å slå i hel litt tid. Vel, så sagt, så gjort. Først gjekk turen til ei såkalla naturleg bru, her sett frå under «brukaret»:
    20190121_124435.jpg

    For å få sett brua på biletet over, måtte vi gå ein liten rundtur på eit par kilometer. Med tanke på temperaturen, så var det greitt. Termometeret viste rundt +30 grader.

    Neste stopp på denne utflukta gjekk til området ved og rundt fossefallet Purling Brook Falls. Her finst det tre vandreruter, den eine på 4 km, den andre på 6 km og den siste på 54 km. Det var varmt og vi tenkte at vi ville sløve litt på stranda til kvelden, så vi gjekk for den kortaste. Det er både oppover- og nedoverbakkar på runden, så ein får testa blodpumpa bittelitt.

    20190121_142335.jpg

    20190121_143437.jpg
     
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,195
    Bonuspoeng:
    293
    På vår ruslerunde denne dagen var det lite dyreliv å sjå. Derimot var den subtropiske skogen full av lydar frå fuglar som ein aldri har høyrd før til rasling i lauv og tørre kvistar på bakken der fuglar og andre nok surra med sitt. Til slutt svippa vi innom Wunburra utsiktspunkt:
    20190121_134007.jpg

    På eit eller anna tidspunkt vart det òg inntatt rista mjølk (les: milkshake) og ein liten skvett Solo. Og det må seiast at den australske Solo, var slett ikkje ueffen som leskedrikk. Altså, det er ikkje noko feil med sjampanje, men denne rakkaren var ikkje dum, spør du meg.

    20190121_210056.jpg

    20190121_205426.jpg

    Etter at vi var tilbake ved kysten igjen, vart det eit kveldsbad før vi åt middag på den iranske sjappa i byen, Shiraz. Maten var god – etter min ringe smak – og det var ein triveleg stad.
     
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,195
    Bonuspoeng:
    293
    Skydeck observatory
    Natt nummer to i Surfers Paradise gjekk føre seg utan vidare dramatikk. Etter frukost, vart det ein morgondukkert. Vel, dukkert og dukkert, fru Blom. Bølgjene her ved Surfers Paradise er ganske heftige og understraumane likeså. Faktisk er det nesten litt slitsamt å stå i mot understraumane som vil dra deg til havs samstundes som at tunge bølgjer dundrar ned over brystet eller ryggtavla di, men kva gjer ein ikkje for konge og fedreland?

    Etter treningsrunden nede på stranda, tok vi Australia-opphaldet vårt til nye høgder: Skydeck observatory. Vi ber om orsaking for kriminelt dårleg humor i førre setning. La oss heller sjå på utsikta:
    20190122_110921.jpg

    20190122_110047.jpg

    20190122_105139.jpg

    Og vips vart vår tid på Surfers Paradise omme. Vi skulle nå QF625 frå BNE kl. 1510.

    20190122_085545.jpg
     
    Last edited: 19. april 2019
  18. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,076
    Likes mottatt:
    68,746
    Bonuspoeng:
    293
    Flott bilder .. og en fin tur ... leser til øyet blir stort og vått ...
     
    Kristian liker dette
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,195
    Bonuspoeng:
    293
    Og som nemnd ein annan stad i dette reisebrevet. Sidan det er berre ein dryg time frå flyplassen i Brisbane til Gold Coast og Surfers Paradise, så er kanskje dette den ideelle startplassen når ein kjem til denne Australia etter ei lang flyreise. Her kan ein hente seg litt inn, nyte sol og strand før ein kastar seg over resten av landet. Vel, det var no ein tanke eg gjorde meg der og då.
     
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,195
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for at du (framleis) heng med :)
     
    Hanen and Eddie47 like this.

Del denne siden