Påskekrim 2019: Skriket frå fangekolonien «down under» (eit reisebrev)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 13. april 2019.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Ein rundtur i Australias raude midte – del I – «Brennheite spor»
    Vel framme på Alice Springs lufthamn henta vi ut leigebilen vår i Avis-skranken. Deretter køyrde vi inn til sjølve Alice Springs for å hamstre vatn og snacks til å ha på bilturen. Vi hadde nemleg ikkje tenkt til å bli i det urbane lenge, vi skulle rett ut i bushen!
     
    watchaddicted liker dette
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Hamstring i Alice Springs
    Dei neste dagane var det meldt rundt 40 varmegrader i skuggen. Sidan vi skulle køyre Red centre way visste vi at det kom til å vere langt mellom forsyningsdepota (les: butikkar). Av loggboka ser eg at vi for dei neste fire dagane kjøpte 30 liter vatn, fire boksar med Pringles potetgull og eit par pakkar med uspesifisert bakverk.

    I tillegg kjøpte underteikna seg to hattar for å hindre at hårtustane i for stor grad skulle bli solbleika. Det er viktig å ta var på den kommunegrå fargen ein har på topplokket. Deretter gjekk turen ut i det australske baklandet, the Australian outback.

    20190201_130604-02.jpg

    20190201_144359.jpg
    Innfallsporten til Red centre way, ikkje altfor langt unna Alice Springs
     
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Ellery Creek
    Så fort bukskinnet var stramma (les: vi åt lønsj) og hamstringa var unnagjort, så la vi i veg.

    20190201_144422.jpg
    Gliset som skulle ta oss gjennom Australsambandets raude midte

    Første stopp gjorde vi ved Ellery Creek. Her er det eit vatnhòl som vi duppa skrottane våre i:

    20190201_152158.jpg

    20190201_154320.jpg

    Som kanskje ein del fekk med seg, var Australia i år – som mange gongar tidlegare – råka av bush- og skogbrannar. Her ved Ellery Creek fekk vi verkeleg nærkontakt med akkurat dette fenomenet. Det lukta nemleg svidd i lufta og rundt vatnhòlet var det fleire plassar der det ulma i terrenget.

    20190201_154331.jpg
    Sperreband for å hindre folk å trø inn i brannområdet
     
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Ormiston Gorge
    Vi køyrde vidare og neste stopp i varmen vart Ormiston Gorge. Òg her lukta det svidd og her og der rauk det frå ulmebrannar i terrenget. Vi rusla oss ein liten runde inn i terrenget langsmed ein tydeleg oppmerka sti og byrja å skjøne kvifor ein omtalar området som «The red centre»:
    20190201_165001.jpg
     
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Overnatting: Glen Helen lodge
    975 kr for éi natt. Ålreit matservering til middag og frukost (betaling i tillegg). Blanding av turist- og trailersjåførstopp. Fascinerande, men ok plass i fine omgjevnader. Stille og roleg.

    20190202_062322.jpg
    Nesten militær justis ved Glen Helen lodge

    20190201_191152.jpg
    Nokre lastebilar og ei bensinpumpe ved Glen Helen
     
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Mitt inntrykk er at standarden på plassen er enkel. Romma var nett så store som dei treng å vere med dei fasilitetane ein treng når ein berre skal overnatte ein stad på veg frå A til B. Det same kan seiast om matservering. Frukosten smakte betre enn middagen for min del.

    20190201_183811.jpg
    Det smakte godt med mat og litt doggfrisk sider attåt

    20190201_175225.jpg
    Pingvinen Olav tykte at senga var god. Han ville posere ved, ikkje med, hattane mine
     
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Red_Centre_Way_Map.png
    Greitt oversiktskart over Red centre way
     
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Intermesso frå det australske baklandet – «Kriminelt dumt»
    Tilbake i 1960 eller 1961 var det den godaste Harry som var sjefen på kvegstasjonen Durham Downs. Etter lang tids hardt arbeid ute i bushen, reiste han og resten av karane på kvegstasjonen inn til «nærmaste» pub for å slå ut håret. Her kom karane i drikk – mildt sagt.

    Vel, fyllekula tok slutt og arbeidet venta. Alle klatra om bord på doningen som skulle ta dei tilbake til kvegstasjonen, Harry la seg på taket. Alle sov snart så tungt som det berre er mogleg etter fleire dagar «på livet»:
    Det tok ei god stund før sjåføren Frozella oppdaga at Harry mangla. Til slutt vart Harry funnen – liggjande livlaus på vegen. Eit glas bringebærsyltetøy hadde knust utover Harry og det såg ut som om fyren var innsmurd med blod. I reint sjokk, utan å sjekke Harry noko nærmare, trudde Frozella det verste og heiv seg i køyretøyet og kom seg til ein gard i «nærleiken» og herifrå vart den australske ekvivalenten til luftambulansen, Royal Flying Doctor Service, varsla.
     
    Upsaker, KRS, Avixlo and 3 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Vakthavande lege, den lett oppfarande iren Tim O’Leary, fann eit køyretøy og ein sjåfør. Turen skulle gå gjennom eit område der det nyss hadde regna mykje:
    Medan lege O’Leary kjempa seg gjennom sølehelvetet på vegen for å redde Harry, hadde sistnemnde kome til hektene og sat ved eit bål der han prøvde å tørke jakka si. Alt som var feil med den karen, var ei litt småilter hovudpine.

    Då lege O’Leary etter over fem timar på eit helvete av ein veg kom fram til garden som hadde tatt kontakt med luftambulansen og fekk høyre at han hadde køyrd bomtur, gjekk iren i fistel:
     
    SAJblue, Finnks, Avixlo and 7 others like this.
  10. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,362
    Likes mottatt:
    7,559
    Bonuspoeng:
    183
    Hahaha litt av en historie fra den australske villmarken der med legen og pasienten som hadde vært på fyllekule :D

    Ser dere testet vannet i bushen. Antar dere sikret at vannet ikke var befolket av dinosaurenes slektninger først, ellers kunne dette blitt litt i overkant spennende muligens?
     
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Moralen er: Sørg for å bli spent fast dersom du sovner på taket av et kjøretøy etter ei real fyllekule. #lifehack

    Det var eit par andre sjeler i vatnholet og dei meldte alle mann alle, så då satsa vi på at krokoane ikkje var svolte den dagen...
     
    Sunnfjordingen, Upsaker, Earl and 2 others like this.
  12. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    1,905
    Likes mottatt:
    12,880
    Bonuspoeng:
    183
    Da var jeg ajour igjen, enn så lenge.
    Nøyaktig 20 år siden vi besøkte Alice og Uluru. Allerede på den tiden var vi godt voksne. Takket være vår mye yngre sønn var vi booket inn på en minibusstur i traktene du nå er iferd med å angripe. Fantastisk tur: Veidrap (ikke kriminelt, bare normale roadkills) i oppblåst konfigurasjon og ørner som ikke brydde seg om tilskuere, et nydelig rødt landskap som kombinerte ensformig variasjon på en unik måte, og soloppgangsvandring rundt Uluru.
    Dette er det Australia vi gjerne hadde sett igjen, og vi har forventninger til dine neste visuelle og verbale epistler :). På førehand takk. (De fleste yter enda bedre (som om det skulle være nødvendig!) under press, ikke sant!)
     
    Last edited: 01. mai 2019
    Kristian, Sonictravel, Avixlo and 2 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Det er nesten sånn at eg no gjekk i dørken av forventningspresset, men eg tar sjansen på å halde fram skribleriet likevel. Så får herren plassere meg framom eksekusjonspelotongen i fall eg ikkje innfrir forventningane.
     
    Berlioz liker dette
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Ein rundtur i Australias raude midte – del II – «Kriminelt ville vegar»
    Neste dag vakna eg like før sola kika fram. Eg gjekk meg ein liten tur i nærområdet. Ikkje langt unna såg eg korleis flammane hadde herja. Folket på Glen Helen hadde vore urolege, men var veldig letta over at brannane ikkje kom og tok husa.

    20190201_191713.jpg
    Det lukta svidd i lufta òg ved Glen Helen

    Etter frukost starta ein køyretur som ifølgje Google er langdryg:
    20190202_062322-02-02.jpg

    Det skulle vise seg at i realiteten var ikkje turen så dryg som Google meinte.
     
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Frå Glen Helen til Tnorala
    Av loggen ser eg at eg har vore særs ordknapp denne dagen. Landskapet rundt oss var rett og sett for storslått for noko så simpelt som ord. At vi i planleggingsfasen heldt på å skrote heile dette området framstod no som fullstendig hårreisande.

    20190202_090921.jpg

    20190202_093843.jpg
    Langsmed vegen i retning Tnorala

    20190202_095933.jpg
    Den raude jorda var utruleg artig å køyre på
     
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Denne teksten stod å lese då vi kom fram til Tnorala, eit krater i eit fjellmassiv som aboriginane har brukt som jaktområdet og ein stad for seremonielle samlingar. Det kvilte ein slags fred over staden utan at eg var i stand til å peike på kvifor.

    20190202_101844.jpg

    20190202_101853.jpg
    Tnorala (eller Gosse Bluff på engelsk)
     
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Frå Tnorala til Kathleen Springs
    No var vi inne på den delen av Red centre way som heiter Mereenie loop road. Her fekk vi verkeleg kjenne på dette med at det australske baklandet er aude. På knappe 300 km møtte vi berre tre–fire bilar. FM-signala hadde forsvunne lenge før vi kom til Glen Helen og no datt pinadø AM-signala òg ut. Men, kva gjorde det? For eit landskap!!!

    20190202_105605.jpg
    Hest er best på midten, sånn midt i mellom kjeften og d****en

    20190202_111836.jpg
    Mereenie loop road

    20190202_115055.jpg
    Hit, men ikkje lenger…

    20190202_131341.jpg
    Kamel
     
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    20190202_132656.jpg
    Ja, det var 14 km rett fram til utsiktspunktet…

    20190202_134055.jpg
    Utsikten frå Ginty’s lookout
     
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Ganske tidleg på ettermiddagen, rundt klokka to, kom vi fram til Kings Canyon resort, men vi bestemte oss for å ta turen rett til Kathleen Springs som ligg ein kort køyretur unna. Her kan ein gå nokre få kilometer til fots i eit fint område. Temperaturen var på godt over +30 grader, men vi var heldige med ein fin bris og at sola heldt seg bak nokre skydottar.

    20190202_162453.jpg

    20190202_165039.jpg
    Området ved Kathleen Springs, ikkje langt unna Kings Canyon
     
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Overnatting: Kings Canyon resort, Kings Canyon
    1 900 kr for éi natt. Frukost inkludert. Stort rom. Kings Canyon resort dekkjer eit ganske stort område, det tar fint ein dryg halvtime å gå rundt heile greia. Fint område, litt bush-aktig. Fleire stader står det at ein ikkje skal mate dingoar…

    20190202_143430.jpg

    20190202_143446.jpg
    Pingvinen Olav meinte at senga var god nok

    20190202_144224.jpg

    20190202_143657.jpg

    Då vi var på Kings Canyon resort var det berre restauranten ved hovudvegen som var open. Vi fekk mat her, men sørvisen var veldig snål. Kelneren verka å vere ganske så syrleg, men det kan ha vore humor som vi ikkje oppfatta. Etter middag glana vi på Kings Canyon i solnedgang:

    20190202_185121.jpg

    20190202_185305.jpg

    20190202_191924.jpg

    Vi hadde hatt ein brillefin dag.
     

Del denne siden