Reisebrev: Amundsen-genet fører to karar til Argentina

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 23. mars 2018.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 4: Sundag 18/2-18 – første akt: Ei avkjøling i verdsrommet
    Sidan vi ikkje hadde gått meir enn nokre få små kilometer (kanskje ei mil) dagen før, var det naturleg å leggje ut på ein ny vandringsdag denne sundagen. Vi hadde begge stupt i seng kvelden i forvegen, men ti timars søvn gjorde susen.

    0031.jpg
    Iglesia de Nuestra Señora del Pilar

    Denne dagen var det over +30 i Buenos Aires. Det stoppa ikkje to friskusar frå Trondheim. Målet var Galileo Galilei-planetariet. Det skal seiast at eg, som har beina godt planta på jorda – eller var litt sløv – tenkte at dette var noko i retning av ein botanisk hage.

    0032.jpg
    Det gule bygget på biletet huser Hard Rock Café

    0033.jpg
    Planetariet som ber namnet til Galileo Galilei

    Tusleturen til planetariet var nokså lang, men vi fekk med oss den lokale nipsmarknaden rett ved Iglesia de Nuestra Señora del Pilar. Det tok oss ein time (eller kanskje det var to) å kome fram til planetariet. Dette var akkurat nok tid til for meg å forstå at det kom til å bli lite bruk for botanikkunnskapen. Då vi kom fram, fekk vi fortalt at det var filmvisning tre kvarter seinare. Det høvde oss bra. Vi fann oss litt skugge for å slappe av og sjå på folket.

    0034.jpg
    Bussane i Buenos Aires har eit slags retropreg over seg

    Det beste med planetariet var nok den kjølege lufta i kinosalen. Eg sleit hardt med å halde meg vaken under den cirka tre kvarter lange filmvisninga. På eit tidspunkt gav eg nok opp, òg, men det synst no eg er greitt. Alt gjekk føre seg på spansk, ikkje eitt ord vart ytra på engelsk.
     
    Last edited: 27. mars 2018
    Avixlo, SAJblue, Are and 16 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Ein argentinar ville kanskje i avsky kalle deg for ein anglofil bytting, men eg er jo frykteleg diplomatisk og ville aldri gått så langt! For å unngå å dø valde eg i Argentina å bruke namnet Islas Malvinas. I Storbritannia snakkar eg sjølvsagt om Falklandsøyene ;) Elles takk for triveleg tilbakemelding!

    Du bad om det og det spørs om du ikkje kjem til å angre :D
     
    mathiasfe and Stuttfeiten like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 4: Sundag 18/2-18 – andre akt: Februartimar via til mai og juli
    Overskrifta skulle vel kanskje tyde på at skribenten har fått eit alvorleg tilfelle av solstikk, men så ille er det ikkje. Vi tar oss tid til ein liten historieleksjon undervegs i byvandringa.

    Som nemnd finn vi namnet San Martin, etter frigjeringshelten i sjølvstendekampen mot Spania, i mange argentinske byar. Likeins er stader, torg eller gater med mai og juli i namnet slett ikkje uvanleg.

    0037.jpg
    Maiavenyen i Buenos Aires med Evita på den store kvite bygningen i midten

    Både Maiavenyen [Avenida de Mayo] og Maiplassen [Plaza de Mayo] har namn frå Mairevolusjonen 25 mai i 1810 som starta prosessen mot argentinsk sjølvstende frå Spania. 6. juli 1816 erklærte Argentina sjølvstende. Begge datoane blir rekna som nasjonaldagar i landet.

    0035.jpg
    Maiplassen i Buenos Aires. Då vi var der, gjekk det føre seg byggearbeid

    I Argentina er det få plassar som er viktigare for folket enn nettopp Maiplassen:
    0036.jpg
    Casa Rosada, presidentpalasset. Maiplassen ligg på andre sida av bygninga

    I nyare tid har Maiplassen òg synt seg som ein viktig samlingsplass for folk:
    Presidenten i desember 2001, Fernando de la Rúa, gjekk av på kvelden den 20. desember og såg ingen annan utveg enn å forlate presidentpalasset med eit helikopter frå taket av palasset. Han turte ikkje å gå ut til hordane på Maiplassen som han berre nokre timar tidlegare hadde gitt ordre til ordensstyremaktene om å slå hardt ned på. Dei neste to vekene skulle Argentina skifte president fem gongar.

    0038.jpg
    Juan Domino Peron på statue ikkje langt unna Maiplassen i Buenos Aires

    Etter at Evita døydde av kreft i 1952, vart mannen, Juan Perón, stadig meir upopulær. I 1955 hadde han kome på kant med den katolske kyrkja som tidlegare hadde vore ein viktig støttespelar ved å tillate horehus, gjengifte etter skilsmisse og abort:
    Nokså snart blei det klart at flaggbrenninga hadde gått føre seg på ein politistasjon på marsjruta:
    0039.jpg
    Cabildo de Buenos Aires har vore vitne til alt som har skjedd på Maiplassen

    Å gå rundt Maiplassen med denne kunnskapen er nok til å fylle meg med eit aldri så lite snev av ærefrykt. Her har det skjedd ting som er svært viktige for ein heilt nasjon, for eit heilt folk.
     
    Avixlo, SAJblue, Are and 13 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 4: Sundag 18/2-18 – tredje akt: Mat og overnatting i BA
    Ifølgje andre reisebrev eg har lese, er det visstnok skikk og bruk å skrive litt om mat og hotell. Verken reisefølgjet eller eg er spesielt kresne når det kjem til overnattingsstaden og vedrørande mat gjeld for min del visdomsordet om at alt går i grisen.

    For å finne ein stad som kunne tilfredsstille eventuell heimlengsel, gjekk vi for tre netter på Dorá hotel Buenos Aires. Det betalte vi 1 460 kroner for – per rom (reisefølgjet påstår at eg bråkar om natta – og at privatliv kan vere greitt innimellom).

    Dersom du ikkje forstod kvifor namnet på hotellet kunne stille heimlengsel, spør ein trondheimar eller ein tysk soldat som var utstasjonert i Drontheim i perioden 1940–1945.

    Her er rommet, interiør og eksteriør:
    0040.jpg
    0041.jpg
    0042.jpg
    0043.jpg

    Argentina er kjent for vin og biff. Eg drikk ikkje vin og kjøt er liksom ikkje livretten. Desse to dagane valde vi matplassar på måfå og vi var sånn midt på treet heldige. Salaten under var best:
    0044.jpg
    0045.jpg

    Moralen er: Legg ned ein liten innsats i å leite fram gode matplassar!
     
    Last edited: 26. mars 2018
    Avixlo, SAJblue, Are and 13 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Med fly frå Buenos Aires til Ushuaia
    - Jomfruturen med LATAM
    Ettersom eg har skrive litt generelt om innanriksflygingar tidlegare, skal eg her prøve å ikkje repetere meg sjølv. Dei fleste innanriksflygingane i Argentina går frå Aeroparque Jorge Newbery som ligg nesten midt i sentrum av Buenos Aires. Drosje frå hotellet kosta 250 pesos.

    AEP–USH: Innsjekk og slikt
    Både LATAM og Aerolíneas Argentinas krev at du møter opp i god tid før avgang. Bagasjen skal vere levert seinast seksti minutt – ein heil time – før avgang. Begge selskapa har tydeleg oppmerka innsjekkingsområde på Aeroparque, men Aerolíneas har definitivt flest avgangar:
    0050.jpg

    0051.jpg

    AEP har separat sikkerheitskontroll for utanriksflygingar og for innanriksflygingar. Det er faktisk ganske mange serveringsstader før du går gjennom kontrollen. Vårt inntrykk er at tilbodet nok er betre før du går gjennom sikkerheitskontrollen.

    Ikkje for det, ein kan få i seg både vått og tørt innanfor òg. Korkje eg eller reisefølgjet har status i Oneworld-alliansen, som LATAM er medlem av. Det finst ein LATAM-lounge på AEP, men synfaringa må andre stå for.

    Mitt inntrykk er at Aeroparque er ein ganske travel flyplass. Det var stadig fly som tok av og landa. Mange fekk tilgang til gate, andre måtte bruke busstransport inn til terminalbygget. Her følgjer nokre bilete:

    0054.jpg

    0053.jpg
    Austral klar for avgang, Aerolíneas på bussgate og LATAM klar for to trønderar
     
    Avixlo, SAJblue, Are and 10 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    AEP–USH: Flyturen – fire timar i økonomi
    Vi kan gå gjennom dei tekniske detaljane for flyturen vi skulle ha denne dagen:
    - Frå: AEP (Aeroparque Jorge Newbery)
    - Til: USH (Aeropuerto Internacional de Ushuaia Malvinas Argentinas)
    - Avgang: 11:00
    - Landing: 14:45
    - Dato: 19/2-18
    - Flytype: A320-200
    - Sete: 19J (D/E/F er erstatta av J/K/L)
    - Pris: 1 700 kroner

    Ombordstiginga skjedde slik at dei med flotte fargar på Oneworld-korta sine fekk gå om bord først. Deretter var det fritt fram for røkla. LATAM operer innanriksflygingane sine med berre éin klasse. Her var vi alle apekattar.

    Som du kan sjå av bileta under var dette ein heilt ordinær økonomiklasse. Flyturen var i seg sjølv òg heilt grei og det var vel eigentleg ingenting å skrive heim om. På ei såpass lang flyging tilbydde LATAM noko som kunne minne om kavring og alkoholfri drikke – gratis.

    0055.jpg
    Kavringen smakte heilt greitt. Alt som er gratis er jo bra…

    0057.jpg

    0056.jpg
    Det var ikkje rare tumleplassen, som du ser. Knyttnevetesten var umogleg å gjennomføre


    Der SAS køyrer éi servering og deretter gøymer seg bak gardina, var LATAM-personellet meir på tilbodssida. Dei var gjennom kabinen to gongar. Rett nok, det skulle berre mangle når ein er i lufta i nesten fire timar. Den siste timen eller så trur eg at dei slappa godt av, den eine av dei kika på film på mobilen sin.

    Vel framme på USH var temperaturen meir leveleg enn hovudstadens +30. For barske nordbuarar som oss var +12 rett og slett herleg. Flyplassen var ganske liten og det at folk stod heilt klint inntil bagasjebandet gjorde akkurat den biten av reisa litt kaotisk.

    Heldigvis kom bagasjen vår og alt var fint, inkludert eksteriøret til Ushuaia lufthamn:
    0058.jpg

    Etter å ha henta ut leigebilen vår, ein yppig, men tilårskomen Chevrolet, var vi klare til å utforske Eldlandet [Tierra del Fuego]. Med bilkøyring følgjer det sjølvsagt med ein del radiolytting og her er ein av songane vi høyrde fleire gongar – med akkurat så komplisert spansk at sjølv ein nordbuar kan synge med – i alle fall litt:



     
    Avixlo, SAJblue, Are and 9 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Porten til Antarktis
    – Eldlandet

    Dag 5: Måndag 19/2-18 – eit drama i éi akt: Eit iskaldt møte
    Etter å ha funnet overnattingsplassen vår i Ushuaia og ete litt mat, stakk vi litt ut av byen for å gløtte på ein isbre, Glaciar L’Martial. Dette tenkte vi kunne bli ein fin kveldstur og sanneleg fekk vi rett! Frå sentrum og opp til parkeringsplassen var det rundt eit kvarters køyring.

    0060.jpg

    0061.jpg
    Eldlandet liknar litt på Noreg med fjordar og sund som ligg rundt høge fjell

    Vi fekk litt regn på turen. Faktisk vurderte vi å snu, men så vart regndropane færre og vi nærma oss toppen. Faktisk fekk ein tur som innebar ei stigning på 500 høgdemeter. Det hadde vi ikkje heilt førestilt oss. Landskapet var flott og litt ‘heimleg’:
    0062.jpg

    0063.jpg

    Det var tydeleg at isbréen hadde trekt seg tilbake for der det stod at isbrestien var slutt var det framleis eit stykke igjen til sjølve bretunga. Og då vi snudde oss fekk vi ein fin-fin utsikt nedover dalen vi nettopp hadde gått opp:
    0065.jpg

    0064.jpg

    0066.jpg
    Av og til treng ein ei påminning om at ein ikkje er på nordlege breiddegradar…
     
    Avixlo, SAJblue, Are and 14 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    No mistenkjer eg at dette reisebrevet blir så vanvittig langt at herren kanskje heller blir lei av Argentina før han har kome seg av garde :eek: Det blir fleire bilete og mindre tekst herifrå og ut :)
     
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Du ser no kanskje konturane av kor langt dette reisebrevet kan finne på å bli. Eg er på dag fem av tjue... Difor innhaldslista, så kan folket klikke seg direkte dit dei ønskjer å lese :)
     
    Avixlo and WannaBeFrequentFlyer like this.
  10. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    1,907
    Likes mottatt:
    12,903
    Bonuspoeng:
    183
    Du skal ikke være redd for lengden, jeg er både tålmodig og utholdende. Især når det serveres kvalitet. Faren kan derimot være at jeg til slutt har lest og sett så mye interessant at jeg tror jeg allerede har vært der!
     
    Last edited: 26. mars 2018
    Kristian and Eddie47 like this.
  11. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,362
    Likes mottatt:
    7,559
    Bonuspoeng:
    183
    Hahah ja, i så fall skal jeg sole meg i glansen av å bli kalt anglofil ;) Men noen ganger er vel diplomati en fordel også...

    Masse fine bilder og spennende lesing så langt, fint med både historie og hvordan ting henger sammen den dag i dag :)
     
    Kristian liker dette
  12. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,181
    Likes mottatt:
    869,714
    Bonuspoeng:
    293
    Jeg synes du har en glimrende "start" ... vi gamle holder nok ut og vi hadde ikke o-fag på skolen og har derfor hørt om både planetarium og Galilei ...

    Liker historiefortellingene og grundigheten i påskelektyren, gleder meg til fortsettelsen.

    (Kanskje vi skulle tatt en fellestur til Eldlandet ....?)
     
    Avixlo, Kristian and RoadKing like this.
  13. FFlyer

    FFlyer Senior Medlem

    Innlegg:
    620
    Likes mottatt:
    2,081
    Bonuspoeng:
    93
    Må si jeg er imponert over hvordan du fordøyde det som må ha vært en gedigen skuffelse...fikk du noen kompensasjon for nedgraderingen?
    Veldig artig lesing så langt og jeg gleder meg til resten. Du pirrer reiselysten til et spennende land!
     
    Kristian liker dette
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Det er sant, men du får huske på i tekst- og bildeflommen at selv om det du ser på holder kvalitet, så gir det enormt mye bedre livskvalitet å oppleve det på nært hold – ved å ta turen selv :)
     
    Berlioz liker dette
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for det :) Jeg tror at jeg har skjønt utviklinga sånn noenlunde riktig. Heldigvis er dette et reisebrev og ikke en doktorgradsavhandling :)
     
    Earl liker dette
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Hvordan jeg kunne tro at et planetarium kunne ha et snev av forbindelse med planter og botanikk, det veit jeg ikke. Muligens får de 14 timene på KLM i økonomi ta skylda?

    Oh, MR-/IF-tur til Eldlandet hadde virkelig vært noe! Jeg drar gjerne tilbake :)

    Tusen takk for skryt :) Mer kommer plutselig :)
     
    Last edited: 27. mars 2018
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Lufthansa har forklart meg at de har eksepsjonelt mange henvendelser inne per nå og at derfor er svartiden noe lenger enn vanlig. Kompensasjonskrav er med andre ord levert. Kanskje kommer det svar før sommeren en gang (jeg sa ikke hvilken).

    Den største skuffelsen var å bli ombooka til et fly som ville ha tatt fra oss nesten all tid i Buenos Aires. Jeg ble nemlig automatisk booka om til et fly via Sao Paulo to dager etter opprinnelig avgang. Da LH-dama fikk hamra ut billetter som kun gav ett døgns forsinkelse, var det egentlig en lettelse.

    Så alt er relativt :)

    Tusen takk for hyggelig tilbakemelding på skriveriet :)
     
    Last edited: 27. mars 2018
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 6: Tysdag 20/2-18 – eit drama i éi akt: Til verdas ende
    Planen for denne dagen var å ta ein tur med verdas sørlegaste jarnbane og deretter køyre til Estancia Harberton, som ligg tett ved verdas ende. Fordi vi ikkje hadde sjekka togtabellen, så gjekk turen til Harberton i håp om å ta ettermiddagstoget.

    Frå Ushuaia til Harberton er det berre 85 kilometer og vi tenkte at dét kan ikkje ta så lang tid. Vel, det tok over to timar. noko som gjorde at togturen vart utsett til neste dag. Vegen hadde ikkje autobahnstandard, akkurat:
    0067.jpg

    0073.jpg

    I staden for å stresse for å nå toget same dag, la vi heller inn nokre stopp for å sjå oss rundt i flotte omgjevnader. Vi hadde jo tid til å ta tog neste dag. Dessutan hadde eg sidan møtet med Schiphol slite med noko som likna influensa. Difor levde eg etter visdomsordet ‘Ein paracet om dagen er bra for helsa’. Under ser lesaren den flotte bilen vår, ein skikkeleg fartsjegar:
    0068.jpg

    0069.jpg
    Eldlandet er på mange måtar eit mektig syn og ein må gjerne ta seg tid til å la det søkke inn

    Estancia Harberton vart oppretta allereie i 1886 og blir framleis drive av familien. I dag er det turisme som er hovudinntekta, men det er spor av kvalfangst og gardsbruket har sitt eige museum. Staden ligg idyllisk plassert ved Beagle-kanalen som òg fungerer som grensa mellom Argentina og Chile:
    0075.jpg

    0074.jpg

    0070.jpg

    Dersom du ikkje har med deg matpakke, så finst det ein kafeteria som serverer brukbar mat rett ved garden – til ein høveleg fornuftig pris. Vi var òg innom muséet som fokuserer på marine dyr i antarktiske farvatn. Her drivast det òg visstnok forsking på havlivet.

    Visste du at sjøløva har nokså velutvikla bakbein? Sjå her:
    0071.jpg

    0072.jpg

    Etter å ha sett oss ferdige på Estancia Harberton kom vi på den geniale idéen å køyre heilt til enden av vegen. Det viste seg at det slett ikkje var verdt det. Vegen var lang, svingete og av elendig kvalitet. Og kva låg i enden? Ein argentinsk kystvaktstasjon. Punktum.

    Vi køyrde vel i godt over ein time for å oppleve denne nedturen… Dermed var det berre å snu og køyre tilbake til Ushuaia. Heldigvis hadde vi god musikk på bilradioen… Nei, det hadde vi ikkje, Harberton ligg så langt unna alt anna at ikkje ein gong langbølgesignala når hit. Likevel, det er utruleg fint og vel verdt turen til Harberton, men køyr for Guds skuld ikkje lenger.
     
    Avixlo, SAJblue, Are and 11 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Eit lite sidetrinn: Evita
    Før vi går vidare i reisebrevet, la oss stoppe litt ved dama som svært mange forbind med Argentina, Eva Perón – eller Evita. Den spanske diplomaten José María var på slutten av 40-talet spansk ambassadør i Buenos Aires. Han har gitt ei god skildring av arbeidsjarnet Eva Perón:
    Og han stoppar ikkje der, han godeste José:
    Og avslutningsvis:
    Evita_color.jpg
     
    Last edited: 27. mars 2018
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Vel, no tilbake til saka!
     

Del denne siden