Reisebrev: Amundsen-genet fører to karar til Argentina

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 23. mars 2018.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    I nordlege del av Patagonia
    – Fjell og sjokolade

    Dag 11: Sundag 25/2-18 – eit drama i éi akt: Heim til generalen
    Som nemnd finst det mange gater, plassar og torg med namn etter frigjeringshelten frå 1816 José Francisco de San Martín y Matorras. Etter å ha landa på Bariloche lufthamn, henta vi ut leigebilen vår og la ut på dei 190 km nordover til San Martin de los Andes:
    kart-patagonia.jpg

    Vi følgde riksveg 40 [Ruta nacional 40]. Denne vegen er mange stader berre ein grusveg, men på denne strekninga er han asfaltert og køyrekomforten var som på ein god finnmarksveg. Så vidt vi såg, var vel omtrent ingen av sidevegane asfalterte.

    Det tok vel nesten tre timar å køyre dei 190 kilometrane, så i staden for å kjede lesaren med fleire detaljar om denne turen, så legg vi heller inn litt god køyremusikk som stadig vekk dukka opp på argentinsk radio – der vi hadde dekning:


    0181.jpg
    Ein god banandrikk høver alltid på kvelden

    San Martin de los Andes med sine rundt 30 000 innbyggjarar ligg idyllisk til i ein dalbotn ved Lácar-sjøen [Lago Lácar] ikkje langt frå grensa til Chile. Der tømmerindustri var hovudinntekta då byen vart grunnlagt i 1898, er det nok turisme inn i Lanín nasjonalpark [Parque Nacional Lanín] som er hovudinntektskjelda i dag. Byen liknar ein alpelandsby, men av ein eller annan grunn har eg ingen bilete av sjølve San Martin de los Andes bortsett frå av stranda:
    0182.jpg
     
    Avixlo, Are, pgaa and 6 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 12: Måndag 26/2-18 – første akt: Tur til Colorado
    Guideboka mi og det lokale turistkontoret tilråda å ta turen til Colorado. Vel, det er jo ein stat eg har til gode å gjeste, så kvifor ikkje. Det viste seg fort at det ikkje var så langt heller. Etter ein liten halvtime på ein grusveg av tvilsam kvalitet stod vi ved inngangsporten til Colorado:
    0183.jpg

    Etter at vi hadde kome over nedturen over at vi ikkje fekk setje beina i ein ny stat, starta ein knallfin opptur – det vart 900 fantastiske høgdemeter opp til Cerro Colorado. Utsikten var super i alle retningar, så vi sleit med å finne noko å klage på:
    0184.jpg

    0185.jpg

    Skiltet og turistkontoret sa at vi kom til å bruke rundt fem timar på turen, noko som stemte bra for oss. Tid til ein god mat- og drikkepause på toppen samt fleire femminutt undervegs hadde vi òg. Ja, det er bratt oppover, men toppturar fører gjerne med seg ein oppoverbakke eller to.

    0186.jpg

    0187.jpg

    Det er jo sjølvsagt litt snurrig at ein tar turen heilt frå Noreg for å gå i fjell i Sør-Amerika, men det er jo viktig å utvide horisonten litt. Det gjer ein jo lett frå ein topp – anten han ligg i Argentina eller her heime.

    Etter fjellturen vart det lønsj før vi tenkte å ta ein tur på stranda for å slappe av. Vi fann ein plass som låg lagleg til for strandhogg, men etter å ha køyrd ein liten halvtime oppdaga den talentlause kartlesaren [det var eg] at vegen til stranda ifølgje kartet var berre for firehjulsdrivne bilar. Heldigvis fekk vi ikkje noko problem med skjegg i postkassa:
    0188.jpg

    Ikkje at stranda var heilt super, men det var utruleg fint å berre sløve medan bølgjene frå den lokale innsjøen skvulpa inn mot land. Eg trur vi brukte to timar på berre å puste og sjå på alt og ingenting. Vi var jo trass alt på ferie:
    0189.jpg
     
    Avixlo, Are, kjeeli and 10 others like this.
  3. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,150
    Likes mottatt:
    869,612
    Bonuspoeng:
    293
    Min første tur til Tanzania i 1985 var med SAS DC8, tok et morgenfly fra FBU til CPH.
    Der entret vi SAS maskinen som fly oss først til den gamle flyplassen i Athen og videre til JED før vi til slutt, sent på kvelden landet i DAR.
    Vi fløy i datidens Busines klasse og fikk varm middag tre ganger på turen.
    Innimellom drikke og mat røykte vi og leste aviser og bøker ..
     
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Dette må ha vore tider! I gode gamle dagar... Alt ein har gått glipp av berre fordi fødeåret vart 1984... Eg får trøyste meg med å vere gammal til sinns :)
     
    helged, Eddie47 and RoadKing like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 12: Måndag 26/2-18 – andre akt: Mat og overnatting i CPC
    Kvelden før avreise frå San Martín de los Andes vi aldeles himmelsk mat. Dei som dreiv staden verka genuint interesserte i å servere god mat og hadde eit godt vinutval. Dei to var ikkje mindre argentinske enn at dei tok seg tid til ein liten klinerunde på bakrommet, men det må då vere lov! Det er berre å ta turen til Rosas Cocina Patagónica. Vi åt fantastisk fisk:
    0191.jpg

    San Martín de los Andes skulle setje djupe spor, kanskje spesielt hos reisefølgjet som etter eit tilfeldig møte med ein ufin hamburgar, fekk ei utriveleg natt med lekkasjar i alle retningar. På same stad fekk eg servert ein heller tvilsam pastarett, men eg greidde å halde på maten i etterkant:
    0190.jpg

    Denne gongen hadde vi to netter på hotellet Rosa de los Viajes og vi betalte 1 390 kroner for to netter. Det var ein grei plass og overraskande stille til å vere eit hotell som låg i hovudgata, Aveninda San Martín. Så mykje meir å seie om det hotellet er det vel ikkje. Reint og fint:
    0192.jpg
     
    Avixlo, Are, Edin and 9 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 13: Tysdag 27/2-18 – første akt: Spor etter det tredje rike
    Som nemnd var reisefølgjet i dag noko prega av at gårsdagens lønsj ikkje gjekk heilt heim i systemet. Heile natta var full av rammeavtalar, for å seie det slik. Difor vart alle planar skrota og vi køyrde rett til Bariloche der neste rammeavtale venta for reisefølgjet. Sjølv følte eg meg fin og lett og nett denne dagen var vel min første utan paracetomol sidan eg kom til Argentina.

    0200.jpg

    For å gi turfølgjet litt kvalitetstid på ramma, tusla eg ut i Bariloche sentrum. Byen ser unekteleg ganske tysk ut og det har samanheng med at Juan Domingo Perón etter andre verdskrigen skal ha ønska spesialistar velkomne til Argentina for å hjelpe til med den utviklinga av landet:
    Mot slutten av 1990-talet kom det fram at under Peróns styre var oppretta eit organ kalla Peralta-kommisjonen som skulle rekruttere talentfulle forskarar og entreprenørar som på eitt eller anna vis hadde samarbeidd med naziregimet i Tyskland og fascistane i Italia før og under andre verdskrigen:
    Kor mange som kom til Argentina for å sleppe unna fortida si rett etter andre verdskrigen er omdiskutert:
    0201.jpg

    Detaljane for Bariloche og området rundt, stiller karane i «Top Gear» opp med:

    – frå 09:56 til 10:49

    0202.jpg

    Eg tok turen innom bymuséet. Interessant nok blir ikkje konsentrasjonen av europeiske etterkommarar med ei heller tvilsam ideologisk tilbøying nemnd med eitt ord der. Vel, den delen som handla om faunaen i Patagonia var veldig interessant.

    0203.jpg
     
    Avixlo, Are, Edin and 11 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 13: Tysdag 27/2-18 – andre akt: På oppdagingsferd
    Etter å ha fått i meg litt mat og is, samt sjekka om reisefølgjet var i live og korleis det stod til med ting, tok eg bilen fatt og køyrde ut av Bariloche til Nahuel Huapi nasjonalpark [Parque Nacional Nahuel Huapi].

    Etter ein liten halvtimes tid var eg framme ved det som i teorien verka som ein flott fottur. Det var uvant å måtte vere både navigatør og sjåfør samstundes, men det gjekk utruleg nok heilt greitt. Heldigvis skulle eg ikkje drive med avansert navigering.

    0204.jpg
    Bariloche ligg fint til ved Nahuel Huapi-sjøen [Lago Nahuel Huapí]

    Turen gjekk opp til eit fjell som heiter Cerro Llao Llao. Det var ein fin tur gjennom tett skog før eg kom opp til ein topp som gav utsikt over nasjonalparken. Sjølve fotturen tok berre eit par timar og var ein fin ettermiddagssyssel.

    0205.jpg

    0206.jpg
    Dette må vere eit av dei tjukkaste trestammane eg har sett

    0207.jpg

    0208.jpg

    0209.jpg
    Etter å ha rørt på liket var eg tilbake i Bariloche meir enn tidsnok til å gjere unna ein veldig viktig handlerunde: Byen er nemleg sjokoladehovudstaden i Argentina. Her vart det handla inn til både slekt, vener og kollegaar. I byen er det fleire sjokoladeutsal, men det største er dei som produserer merket «Turista» og dei har god sjokolade. Det er berre å ta turen!

    I etterpåklokskapens lys kunne vi kanskje spart oss turen til San Martín de los Andes all den tid Bariloche har mykje å by på, men det var frykteleg fint rundt San Martín òg. Slik sett så heller eg nok helst til å påstå at her gjeld nok uttrykket «Ja, takk – begge delar».
     
    Avixlo, Are, kjeeli and 7 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 13: Tysdag 27/2-18 – tredje akt: Mat og overnatting i BRC
    Årsaka til at vi tok ei natt i Bariloche var rett og slett at vi neste dag hadde flyavgang kl. 12:05 og vi hadde lese oss til at bagasjelevering skulle skje to timar før avgang. Å køyre frå San Martín allereie i otta gadd vi simpelthen ikkje. Ikkje tenkte vi på å sjekke om San Martín hadde sin eigen flyplass. Argentina liknar litt på Nord-Noreg med ein flyplass til kvar ei bygd.

    Difor tok vi inn ei natt på Crans Montana hotel i Bariloche. Vi betalte 700 kroner per rom for éi natt her. Dette hotellet var det første som tilbydde noko meir enn loff med skinke og kvitost til frukost. Her var det faktisk eggerøre og pølse i tillegg til den evinnelege loffen. Standarden på rommet var god, så dette var slett ingen dårleg plass.

    0212.jpg

    0213.jpg

    Bariloche har fleire sjokoladeutsal. Dei har òg fleire isbarar. Her er det berre å slå seg laus! Denne kvelden vart det middag til argentinsk tid, altså rundt kl. 2300. Maten var god, men sørvisen var slett (det var mykje folk og få servitørar). Eg åt her:
    0210.jpg

    0211.jpg
    Ein god brus som eg oppdaga i Bariloche
     
    Avixlo, Are, kjeeli and 6 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Med fly frå Bariloche til Salta:
    – Ein tårevåt tur med LATAM

    BRC–AEP–SLA: Nokre ord om flyturen
    Så var vi tilbake på ein argentinsk flyplass igjen. Etter innlevering av leigebil og bagasje hadde vi god tid til at eg igjen skulle på ei lang rekke dundrande tap i UNO. På dette tidspunktet lurte eg på kvifor i verdas namn og rike eg med all denne uflaksen i kortspel framleis hadde til gode å ha hell i kjærleikslivet. Vel, nok om det. Bariloche lufthamn tilbyr generøst nokre kjipe kyrkjebenkar etter sikkerheitskontrollen. På dette tidspunktet hadde vi vorte så reisevande at vi tok ventinga før kontrollen.

    0215.jpg

    Vi kan gå gjennom dei tekniske detaljane for den første flyturen denne dagen:
    – Frå: BRC (Aeropuerto Internacional San Carlos de Bariloche Teniente Luis Candelaria)
    – Til: AEP (Aeroparque Jorge Newbery)
    – Avgang: 12:05
    – Landing: 14:11
    – Dato: 28/2-18
    – Flytype: A320-200
    – Sete: 9J (K/L/M erstattar D/E/F)

    LATAM tilbyr altså gratis (alkoholfri) drikke til alle passasjerar. Dei opererer med berre éin klasse innanriks i Argentina. På turen frå BRC til AEP tilbydde dei kavring og drikke:
    0216.jpg

    Av flyvertinna fekk eg skryt for spansken min og ho gav meg jamvel påfyll av drikke. Det var ikkje fritt for at det vart litt småfuktig i augekroken. Der og då tenkte eg: «SAS Plus, ta deg ein bolle!» Rett nok takka eg høfleg nei til meir juice, ein kan då ikkje gå heilt bananas heller!

    0214.jpg

    Og så dei tekniske detaljane for den andre flyturen denne dagen:
    – Frå: AEP (Aeroparque Jorge Newbery)
    – Til: SLA (Aeropuerto Internacional de Salta "Martín Miguel de Güemes")
    – Avgang: 15:55
    – Landing: 18:15
    – Dato: 28/2-18
    – Flytype: A320-200
    – Sete: 8C
    – Pris: 2 800 kroner

    0217.jpg

    0218.jpg

    Om dagens andre flyging er det ikkje så mykje så seie, men vi hadde ein kjendis om bord og kabinsjefen annonserte vedkomande medan ho vart kledeleg raud i kinna og førte seg litt ekstra kokett. Diverre fekk eg ikkje med meg namnet, eg var framleis i gledesrus over det flyvertinna på førre fly hadde tilbode meg meir drikke og skrytt av spansken min.

    Ja, eg er nok av den lettrørte typen. Denne musikkvideoen, som eg vart kjend med i Argentina, bringer kvar gong fram ein stor klump i halsen. Historia som blir fortald er nok universell, men ho er vakkert framstilt (og vel verdt fire minutt av ditt liv (med mindre du er kjenslelaus)):
     
    Avixlo, Are, Edin and 11 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Kontrastfylte dagar
    – Storbyliv, salt i grauten og djevelske saker


    Dag 14: Onsdag 28/2-18 – eit drama i éi akt: Ein vill kveld
    Etter ein nokså lang reisedag som starta frå hotellet i Bariloche kl. 0900 om morgonen og enda på hotellet i Salta kl. 2000 om kvelden, var vi vel ikkje akkurat spesielt opplagte til noko som helst. All den tid reisefølgjet enno ikkje hadde inntatt fast føde på over eit døgn, så valde vi å ta det veldig roleg denne kvelden. Reisefølgjet heldt meg med selskap medan eg trykte i meg ein pizza på hjørnet.
     
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 15: Torsdag 1/3-18 – første akt: Uvant urbanitet
    Etter kanskje reisebrevets kortaste underkapittel, skal du kjære lesar få litt meir i denne delen.

    Salta er folksamt og stort og denne dagen var via til å utforske Argentinas åttande største by (Argentina er som nemnd verdas åttande største land, så det var ein viss logikk i at vi tok turen innom nettopp denne byen) med sine rundt 600 000 innbyggjarar, altså omtrent som Oslo.

    0220.jpg

    Som den observante lesaren ser av bileta, er dei fleste bygningane sett opp i det som blir kalla kolonistil. Vi tusla for det meste rundt i området frå sentrum og bort til fjellet Cerro San Bernardo som med sine 1 454 m.o.h. ligg omtrent 300 meter høgare enn sjølve Salta sentrum.

    Av museum vil eg tilrå ein tur innom Salta høgfjellsarkeologimuseum [Museo de Arqueologia de Alta Montaña de Sala] viser kva for spor ein finn av inkasivilisasjonen og eldre samfunn i høgder frå 3 500 m.o.h. til 6 500 m.o.h. Å drive med arkeologisk utgraving så høgt til fjells må vel nesten reknast for å vere ekstremsport.

    0221.jpg

    0222.jpg
    Utanfor og inni Catedral Basilica de Salta i nyklassisistisk stil frå 1882

    På muséet lærte vi at det i andeskulturen var vanleg å ofre ungar frå eliten til gudane for å bringe lykke over folket. Det fanst til alle tider ungar som vart fostra opp for å bli ofra. Det skjedde ved at ungane vart gitt ein drikk som bedøvde dei og så vart dei levande grave ned.

    0001.jpg

    I isen på det høgste fjellet i Salta-området vart det i 1999 funne tre mumifiserte born som hadde vorte ofra rundt år 1400, ikkje lenge før spanjolane tok over området. Muséet viser fram dei meir enn 150 gjenstandane som ungane skulle få med seg til dødsriket samt dei tre borna. Det er vel verdt å ta turen innom og mykje av informasjonen er tilgjengeleg på engelsk.

    Somme stader i Salta var det så folksamt at eg rett og slett ikkje fekk meg til å ta bilete. Slik sett var det ein stor overgang å kome hit frå Eldlandet og Patagonia. Vi tusla oss gjennom byen og kom etter kvart til den nemnde taubanen som vi hoppa på.

    0224.jpg

    0223.jpg

    0225.jpg
    Iglesia y Convento San Francisco frå 1870

    0226.jpg

    0227.jpg


    Vi tok taubanen opp, men sidan eg er litt høgdesvak, så tusla vi trappene ned. Dersom det er ønskeleg med litt trim, så er trappevegen ein ypparleg opptur. Det var fin utsikt frå toppen, då, og derifrå såg vi kor stor Salta er. 600 000 personar treng litt plass:
    0228.jpg

    Etterpå tusla vi tilbake til hotellet for å spørje Avis om det var greitt om vi henta leigebilen vår neste dag i staden for same kveld og det var ikkje noko problem. Leigebilfolket var til og med moglege å kommunisere med på engelsk. Å forklåre resepsjonisten på hotellet som nesten ikkje snakka noko anna enn spansk at vi ville gjere endringar i ei leigebilbestilling vart ein heller tungvindt affære, men det ordna seg. Etterpå vart det middag og vi opplevde at himmelens sluser omtrent bokstavleg talt opna seg:
    0230.jpg

    Regnvêret varte ikkje så lenge og temperaturen låg framleis på rundt +22, så det var ikkje direkte ille med ei lita skur. Det kom berre litt brått på, men vi fann oss eit tak å vente under.

     
    Avixlo, Are, kjeeli and 8 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 16: Torsdag 1/3-18 – andre akt: Mat og overnatting i SLA
    I Salta budde vi på Patios de Lerma hotel og betalte 815 kroner per rom for to netter. Romma var så tronge at eg måtte gå ut for å skifte meining, for ikkje snakke om å skifte klede. Det var så stusseleg at eg ikkje ein gong tok eit bilete. Ligg unna!

    Igjen så åt vi mat etter å ha vald på måfå, men denne gongen trefte vi veldig bra. Servitrisa vår var kjempeskjønn. Trass i at ho ikkje kunne eitt ord på engelsk, tok ho seg bryet verdt med å forklåre menyen til oss med miming og lydar. Ho fekk godt med tips. Eg gjekk for fisk:
    0231.jpg

    Det grøne opplegget på biletet fekk eg sjå på nytt nokre timar seinare då det kom i retur. Kroppen slit med andre ord med latinamerikansk bakteriekultur innimellom. Fisken var aldeles nydeleg og trass i at salaten kom i tilbake ut av truten, så angra eg ikkje på valet av matrett eller restaurant.
     
    Avixlo, Are, kjeeli and 8 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 17: Fredag 2/3-18 – første akt: Leigebiltjuveriet
    Etter nok ein av desse dølle frukostane med loff, skinke og kvitost som vi til no hadde fått nesten over alt i Argentina, gjekk turen ut til flyplassen der vi skulle hente ut vår neste leigebil. No skulle turen gå ut til dei rurale strok.

    Igjen tok det å hente ut bilen sju lange og sju breie. Dette gav oss god tid til å prate med dama i skranken. Ho var nytilsett, men kunne fortelje at trass i sjefen hennar hadde lovt henne ein jobbtelefon og ein jobb-PC, måtte ho bruke sitt eige utstyr fordi sjefen ikkje hadde oppfylt sin del av lovnaden enno. Heile Avis-kontoret såg nokså improvisert ut, men det fekk vi ei forklåring på av dama i skranken: Nyss hadde alle ved kontoret slutta og dei hadde teke med seg alt av møblement og utstyr. Dei hadde rett og slett rundstole Avis-kontoret. Difor sat vår veninne der utan skannar, telefon og datamaskin…

    0235.jpg

    Avis-dama kunne fortelje at Argentina i Buenos Aires var alle fullstendig supergærne og hadde konsekvent dårleg tid, men vi kom i fellesskap fram til at dette var kanskje eit storbyfenomen. Her i nordvest, sa sama, at var alle veldig avslappa og vi forsikra om at vi ikkje hadde noko problem med akkurat det. Som eit slags hjartesukk nemnde dama at landet var fult av uærlege folk og til slutt siterte ho ein kjent song – «Don’t cry for me, Argentina» – og vi samstemte alle i eit håp om ei betre framtid for landet.

    På dette tidspunktet hadde vi vorte vande med at det å hente ut leigebil er ein ganske omstendeleg prosess. Her på Salta lufthamn brukte vi tre kvarter, noko som verkar å vere heilt normalt. Sidan Avis-dama kunne engelsk og snakka både på innpust og utpust, så var det for så vidt 45 trivelege minutt.

    Målet for dagens køyretur var Quebrada de Humahuaca. Dette er eit dalføre som kanskje kan skildrast som geologiporno med steinformasjonar i mange fargar. Her er det rett og slett veldig fint. I tillegg ligg det ein del landsbyar i området som ifølgje guideboka held i hevd gamle urinvånartradisjonar. Vi skulle bu i Tilcara, dit var det 190 km:
    0237.jpg

    Som dei uvitande nauta vi er, valde vi å køyre riksveg 9 [Routa nacional 9]. Dette viste seg å vere eit svingete helvete som fekk tidsbruken til å skyte i taket. Vi var ikkje framme i Tilcara før kl. 1600. Då hadde vi brukt fem timar på 190 km… Dermed rauk nokre av ettermiddagsplanane, men vi fekk sjå biff på vegen:

    0236.jpg
     
    Avixlo, Are, kjeeli and 7 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 17: Fredag 2/3-18 – andre akt: Ein tur til djevelen
    Etter ein kjapp siesta og slikt følte vi at skrottane våre trengte å få rørt litt på seg, så då tok vi turen til ein lokal attraksjon: Djevelkjeften [Garganta del Diablo]. Tilcara ligg på snasne 2 461 m.o.h. Turmålet ligg på 2 980 m.o.h. Det er småfrekke 500 høgdemeter som kom ganske brått på to veltrimma karar frå trønderhovudstaden. Like fullt var det ein kjempeflott tur i eit landskap vi ikkje finn her til lands:
    0240.jpg

    0241.jpg

    0242.jpg

    0243.jpg
    Den eigentlege djevelkjeften

    0244.jpg

    0245.jpg


    Etter fotturen, fekk vi i oss eit betre måltid og jamvel fekk vi nyte levande musikk til maten. Det kom nemleg ei lokal gruppe inn og aldri hadde eg trudd at panfløytemusikk skulle vere så fint! Akkompagnert av ein bassist, ein gitarist og ein trommespelar fekk panfløyta ein fengande lyd. Dei var riktig så flinke, så det var ei gledeleg overrasking.

     
    Avixlo, Are, kjeeli and 8 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Dag 18: Laurdag 3/3-18 – første akt: Salt i såret
    Denne dagen blir vel i det store heile best skildra med bilete. Rundt 70 km unna Tilcara ligg saltsletta Salinas Grandes. Vegen er asfaltert og brillefin å køyre, men det tok oss rundt to timar å køyre dei 70 km. La meg seie det slik: Han var ikkje heilt bein…

    0246.jpg

    0247.jpg

    0248.jpg

    0249.jpg
    Dette var ein heilt nydeleg køyretur!

    0250.jpg

    0251.jpg

    0252.jpg
    Jøss, kva er det kvite der i det fjerne? Snø?!

    0253.jpg
    På Salinas Grandes drivast saltutvinning. Bilen vår her i stealth-modus

    0254.jpg

    0255.jpg
    Dette er altså ikkje snø, men salt. Tru meg, eg smakte!

    0256.jpg
    Salinas Grandes er kanskje ikkje verdas navle

    Saltsletta var eit aldeles nydeleg syn. Det var faktisk vanskeleg å ta inn over seg at alt ein såg i mils omkrins var salt. Og ja, eg smakte på fleire gongar. Alt eg såg var salt i veldig store flak, type grovt ‘havsalt’. I tillegg var det litt fukt, nokre stader var det rundt ein kvart centimeter med vatn over saltet, andre stader ikkje. Fascinerande!

    Staden der vi hadde hotell, Tilcara, ligg på 2 461 m.o.h. Salinas Grandes ligg på 3 450 m.o.h. Køyreturen dit tok oss heilt opp til 4 170 m.o.h. På returen frå saltsletta såg vi igjen lama og ikkje minst ein svær alpakkaflokk på mange titals dyr. På 4 170 m.o.h. var det forresten mogleg å merke at lufta er litt tynnare enn nede dei høgdene ein vanlegvis vandrar rundt på.

    0257.jpg
     
    Avixlo, wilhelm, Are and 12 others like this.
  16. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,150
    Likes mottatt:
    869,612
    Bonuspoeng:
    293
    Fantastisk å følge med ...
     
    Kristian liker dette
  17. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    16,880
    Likes mottatt:
    57,477
    Bonuspoeng:
    293
    Dette er et reisebrev til etterfølgelse!
    Føler nesten at jeg er med på tur..

    Det merkes at dere hadde planlagt godt! Hvordan fant dere frem til ruten dere reiste?
     
    Kristian liker dette
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk! Det er veldig triveleg å ha herren med på tur :)
     
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk! Du har vel (dersom ein skal dømme etter morgonhelsingane frå hovudstaden) etter kvart opparbeida deg ein aldri så liten trang til å komme deg ut på tur, så det er kjekt at eg kan stagge bittelitt av den verste reisefeberen :)

    Til planlegginga:
    Vi to som reiste gjorde søk på Internett og leita litt i reisehandbøker for å sjå kva som kunne vere av interesse – kvar for oss. Deretter la vi fram forslaga våre til kvarandre og vart einige om kva som vi begge ville sjå.

    Deretter var det å finne ut kor ting er plassert geografisk. I denne prosessen er det alltid ein plass eller to som ryk fordi ikkje alt ligg langs 'motorvegen', så å seie.

    Etter alt dette, legg vi opp ein slags 'dagsplan' som reelt sett hjelper oss med å sjå kor mange reisedagar vi får og kor mange netter vi kan ha på kvar stad. Her òg ryk det gjerne ein plass eller to fordi ønskelista er alltid lenger enn det tida gir oss rom for å få med oss.

    Same strategi brukte vi i Japan, New Zealand og Jugoslavia, men der planla vi med kva for attraksjonar vi ville sjå på kvar plass. For denne Argentina-turen var vi meir på at 'dette området vil vi sjå' og så tok vi resten då vi kom fram.

    Det er alltid frustrerande å sjå at lista over ønskemål og kva som reelt er mogleg ikkje samsvarar, der ønskelista gjerne er veldig lang... :rolleyes:

    Forhåpentlegvis var dette svar på spørsmålet :)
     
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,325
    Likes mottatt:
    35,284
    Bonuspoeng:
    293
    På dette tidspunktet oppdaga eg at éin post kan maksimalt ha 10 000 teikn og dette inkluderer linkar (i hyperkoplingar), så dersom folk synst at det er mange 'delkapittel' som manglar direktelenke i innhaldsoversikten i starten, er det rett og slett fordi med alle linkene, blir det for mange teikn. Vi (rojalt fleirtal) ber audmjukt om orsaking!
     

Del denne siden