Ryanair kansellerar fleire fly

Tråd i 'Øvrige flyselskap' startet av afirm, 27. sept 2017.

  1. afirm

    afirm Veteran Moderator

    Innlegg:
    1,908
    Likes mottatt:
    5,833
    Bonuspoeng:
    183
    Ryanair kansellerar fleire fly i perioden november til mars.

    No er ikkje Ryanair det meste populære flyselskapet her på Insideflyer, men eg vil kome med litt skryt.

    Eg hadde bestilt ein t/r med Ryanair til London rundt nyttår. Sia eg var usikker på om eg skulle ta turen var kr 179 kvar veg ei rimeleg forsikring. I dag fekk eg melding om at morgonflyet den 29. desember var kansellert. Eg hadde valgt det fryktelege morgonflyet fordi det var rimelegast.

    I mailen med informasjon om kanselleringa sto det noko informasjon om at eg kunne endre til andre avgangar. Akkurat dette viste seg å vere betre enn eg hadde venta. Sjølv om berre utreisa var endra fekk eg også endre returen gratis. Resultatet er at eg fekk endra mine to 179kr-avgangar til to avgangar som til saman kosta 2400kr. Eg hadde moglegheit til å endre datoar både fram og tilbake (eventuelt få refundert heile greia).

    I tillegg tikka det akkurat inn ein voucher på 80 EUR som plaster på såret.

    Eg er i alle fall strålande fornøgd, no har eg faktisk attraktive reisetidspunkt. Korleis eg i utgangspunktet fann på å bestille retur kl 06.30 er eg ikkje sikker på..
     
  2. bor_i_en_koffert

    bor_i_en_koffert Senior Medlem

    Innlegg:
    975
    Likes mottatt:
    1,396
    Bonuspoeng:
    93
    retur 0630 fra stansted?

    Galskap, eller veldig stor interesse for strikkhoppende vinkelnere.
     
    afirm liker dette
  3. Insomnia4u

    Insomnia4u Veteran

    Innlegg:
    2,948
    Likes mottatt:
    2,555
    Bonuspoeng:
    113
    Haha, fin referanse til Radisson :D
     
  4. afirm

    afirm Veteran Moderator

    Innlegg:
    1,908
    Likes mottatt:
    5,833
    Bonuspoeng:
    183
    Ja, med det flyet er ein i alle fall avhengig av å bu på Radisson. Returflyginga var på nyttårsafta, so tanken var vel å kome seg tidleg heim til Norge.
     

Del denne siden