Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
Dei fleste flyselskapa er noko restriktive med kva champagne dei serverar på bakken i forhold til i lufta. Eit unnatak er kanskje British Airways som serverar Laurent Perrier Grand Siecle i Concorde Room. No har American Airlines bestemt seg for å teste ut Krug Champagne i Flagship loungane sine.
Det var View From the Wing som førre veke kunne melde om dette. Foreløpig er det snakk om eit prøveprosjekt fram til mars 2019, men dersom responsen er bra so er dei opne for å vidareføre tilbodet. Tilbodet vil gjelde i Flagship First Dining, som er eit tilbod for reisande i American Airlines si første klasse. Tilbodet gjeld både på internasjonale flygingar og på flygingar mellom JFK og både Los Angeles (LAX) og San Francisco (SFO) som har tre klasser.
Foreløpig tilbyr American Airlines Flagship First Dining i utvalde Flagship Lounges. Foreløpig gjeld dette New York JFK, Miami (MIA) og Los Angeles (LAX). Snart vil dei også opne Flagship First Dining på Dallas / Fort Worth (DFW) og London Heathrow (LHR).
Dersom du har British Airways Avios kan du booke ei flyging i første klasse mellom New York og San Francisco eller Los Angeles for 50.000 Avios og under 100 kroner i avgifter.
Krug i lufta
Det er gode tider for norske Krug-elskarar. Tidlegare i år opna Singapore Airlines for at Eurobonuskundar kan bruke poenga sine til å bestille flygingar i første klasse. Singapore Airlines er kjende for å servere både Krug og Dom Perignon i lufta. For tips til korleis du kan få nok poeng til å bestille ei slik reise kan du lese nybegynnerguiden vår.
Er det nokon som har testa American Airlines Flagship First Dining? Del gjerne dine erfaringar i kommentarfeltet eller på forumet vårt.
Legg igjen en kommentar