Eit jomfrueleg MR (OSL--CPH--ARN)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 16. okt 2021.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Rapport frå eit jomfrueleg MR
    Eg har aldri skjønt poenget med å fly for å fly. Ei heller har eg skjønt heilt poenget med å fly utelukkande for å sanka bonuspoeng. Eg ønskjer nemleg å sjå og oppleva noko på bakken, men eg kan gjerne ha ei mellomlanding ekstra på vegen.

    Så kom dagen då eg fann ut at eg kanskje måtte testa dette MR-opplegget (mileage run (fly for å få bonuspoeng). Hadde eg misforstått noko? Altså, ein kan kanskje ikkje uttala seg veldig negativt om noko slikt utan å ha prøvd.

    Dette blir eit slags sjølvgranskande lite reisebrev.
     
    Flymunda, drsyk, kjeeli and 21 others like this.
  2. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    16,908
    Likes mottatt:
    57,574
    Bonuspoeng:
    293
    Det gledes!
    Her kommer det nok velformulerte setninger, og flotte anekdoter om fly og folk. :)
     
    ArthurDent and Kristian like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Bestillinga
    Det var i sambandet med ein Oslo-tur at tanken på eit MR oppstod. Då SAS lanserte sin 4x-kampanje vakna bonusnissen i meg for alvor. Sidan pandemien framleis herjar, så enda reisa opp med å bli innanfor Skandinavia.

    Korleis maksimera strekningar? Med CPH som vendepunkt vil SAS berre gi deg direktefly. Med ARN som vendepunkt er det mange variantar med mellomlanding på CPH. Så då vart turen bestilt t/r ARN (frå OSL via CPH).

    Pris: 3 800 kr.
    Grunnpoeng: 4x 937 poeng
    Statuspoeng: 12x 937 poeng

    Ja, eg var litt i tvil om dette, men eg fekk eit spark bak av ein medforumist. Om det var god eller dårleg påverknad? Sjå det, det er eg sanneleg ikkje sikker på.
     
    Flymunda, drsyk, kjeeli and 15 others like this.
  4. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,188
    Likes mottatt:
    869,731
    Bonuspoeng:
    293
    Det er ikke ulovlig å kombinere MR med opplevelser på destinasjonen …. ser jo at du skal til utlandet.
    Mine stopp har vært fra 26 t (HKG) til 72 t (MIA)…
    Neste stopp blir i LAX … 67 t 45 min
     
    kaijoar, Earl, Sunnfjordingen and 3 others like this.
  5. freddyen

    freddyen Senior Medlem

    Innlegg:
    1,368
    Likes mottatt:
    1,286
    Bonuspoeng:
    113
    Bare fordeler slik jeg ser det...
    Da er det mulig å fortelle om turen til andre enn oss på IF (uten å bli sett på som gal...) :confused: :D
    Muligheten til å handle (lovlig) tax free er en ekstra bonus.
     
    Kristian liker dette
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    MR -- kva er det?
    Det er nok mogleg å definera MR på ulike vis, men eg definerer MR som ein type flyreise der du snur i døra på endedestinasjonen (utan å forlata flyplassen).

    Med andre ord: Å fly med ei ekstra mellomlanding på veg til ein destinasjon for å så å oppleva reisemålet meiner eg ikkje kvalifiserer til definisjonen MR. Her er det nok lov til å vera ueinig.
     
    Last edited: 16. okt 2021
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Lounge på OSL og CPH
    Dei fleste av forumistane har vore i SAS-loungane både på Gardermoen og Kastrup. Difor nøyer eg med å seia at det for meg var triveleg å vera tilbake både på SAS Gold Lounge på Gardermoen og SAS Lounge på Kastrup. På Kastrup var mellomlandinga på litt over fire timar, meir enn nok til å få sett heile lufthamna.

    Fire flygingar i SAS Plus
    SAS Plus, som eg spøkefullt kallar 'polarrullklasse', er på forumet velkjent og treng inga grundig skildring. På desse flygingane fekk eg ulike polarrullar (rein, og to ulike ostetypar) og elles høveleg god sørvis. Ingenting å klaga på! Litt småprating med kabinpersonalet var det òg rom for. Triveleg!
     
    Last edited: 18. okt 2021
    Flymunda, drsyk, kjeeli and 13 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Tankar om MR i forkant av eige MR
    I forkant av dette MR-et hadde eg ikkje særleg høge tankar om fenomenet. Som nemnd er det ønsket om å oppleva noko nytt på ein destinasjon som gjer at eg er ute og flyr. Sagt med andre ord: Fly er eit transportmiddel.

    Og misforstå meg rett: Eg synst det er stas å fly, altså, men fram til no har eg tenkt at det ikkje er så lukrativt at eg kjøpar flyreiser der målet er å dra inn bonuspoeng.

    Likevel, etter å ha vore svoltefôra på reising på generelt grunnlag sidan pandemiutbrotet, så tenkte eg at eg no måtte testa MR-livet. Som bonusnisse kan ein jo ikkje la slikt vera uprøvd!
     
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Tankar om MR undervegs i eige MR -- 1
    Gullstueopphaldet på Gardermoen, polarrullmumsinga og Ringi-bælminga ned til Kastrup var standard prosedyre og eg tenkte ikkje tanken på at eg var på eit MR. Eg var på tur! På flytur! Bonuspoenga som snart ville koma på konto, det var berre ein, ja, bonus...

    Ruslinga rundt på Kastrup og robbinga av matbaren i SAS-kantina der har òg standard prosedyre. Slafs-slafs, slurp-slurp! Åh, dette er livet! Bonusnissene har det fint, tenkte eg! Og snart var det dags for ein ny runde polarrull!

    Flyginga til Arlanda skjedde i same stil som den til Kastrup. Eg slurpa i meg Ringi, mumsa i meg sjokoladeballen og trødde ein polarrull i trynet. Standard prosedyre. Eg hadde ingen tankar om kvar eg var på veg. Eg var i lufta. Airborne! Herre, det å fly er nydeleg!

    20211016_174609.jpg
     
    Last edited: 16. okt 2021
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Tankar om MR undervegs i eige MR -- 2
    Vel framme på Arlanda. Tid til neste fly er 40 minutt.

    Noko er rart. Neste fly er ikkje neste fly, men same fly. Kabinpersonellet er dei same. Eg føler at eg må forklåra kabinsjefen kvifor eg flyg tur/retur ARN frå CPH. Kabinsjef ser ikkje rart på meg. Likevel føler eg meg som ein raring.

    På veg frå ARN til CPH spør eg meg sjølv kva eg har oppnådd med denne flyturen. Har eg oppnådd noko som helst? Har eg berre helt bensin på klimabålet? Spytta på framtida til Moder Jord?

    Alle slags tankar fyk gjennom hovudet på veg tilbake til Kastrup frå Arlanda. Er tvilen rettmessig? Er hans grobotn eit korrekt fundament? Eg veit ikkje. Så kjem serveringa: Ringi blir byta ut med Cola. Ny smak på polarrullen. Sjokoladeballen er den same. Er smaken meir emmen no enn på førre runde?

    20211016_192058.jpg
     
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Tankar om MR undervegs i eige MR -- 3
    Lenge, kanskje alltid, har eg vore ein tenkjar, i alle fall sidan eg ein gong i tenåra kom fram til at den såkalla heteronormative verda ikkje var noko som eg følte meg heilt heime i. I prosessen med å akseptera det vart det tenkt mykje. Veldig mykje. Heldigvis er kjeften kjappare enn hjernecella, så ikkje absolutt alt er gjennomtenkt.

    Okke som, det er kanskje all denne tenkinga som gjer at eg har kvalar med MR-turar. Samstundes, med dagens fjerde polarrull på tur ned i magesekken, slår det meg at eg kanskje har tenkt feil om MR.

    Tidlegare har eg altså meint at å fly berre for å fly er litt dustete. Reint objektivt, folkens, så er det jo det, kanskje. Eller? Det gir jo glede. Då er det kanskje ikkje så dustete likevel?

    Dette MR-et medførte drygt fire timar på Kastrup. Eg trur eg må tenkja annleis enn før. Sjølv ein flyplass kan reknast som ein destinasjon. Med tilgang til lounge og litt butikkmysing så er det jo eit blikk inn i ei anna verd, ei avveksling frå heimelivet. Slikt er viktig, ikkje dustete.

    Om eg kjem til å gjera dette igjen? Kanskje ikkje, men selskapet på denne turen var bra (den nemnde medforumisten som sparka meg i ræva i forkant av bestillinga). Og eg ser føre meg at MR med fleire i IF-gjengen hadde vore kjekt! Så aldri sei aldri! Likevel blir det nok ei god stund før mitt neste MR, men eg håpar at eg ikkje bannar i kyrkja når eg seier det.

    20211016_085107.jpg

    Her må eg få føya til at eg slett ikkje synst at andre som tek seg eit MR i ny og ne er dustete. Snarare tvert om. Dette MR-et har fått meg til å forstå den delen av bonusnissefamilien litt betre.
     
    Last edited: 16. okt 2021
  12. Flyingdutchman

    Flyingdutchman Veteran

    Innlegg:
    3,412
    Likes mottatt:
    21,239
    Bonuspoeng:
    183
    Det var meget bra å lese at MR er en fin greie. Har enda til gode å gjøre det selv, men det blir.
    Lyst å bli med til LAX? ;) Du virker som en grei reisekompanjong.
     
    watchaddicted, holmen and Kristian like this.
  13. Fiskefjes

    Fiskefjes Nytt Medlem

    Innlegg:
    27
    Likes mottatt:
    30
    Bonuspoeng:
    13
    A27E4E37-1555-4994-BC44-EFD70566B6E2.jpeg

    Takk for reisebrev! Hadde imidlertid satt pris på om du hadde informert forumet her om at du valgte Ringi istedenfor cola på siste leg fra CPH til OSL. Hilsen 2C
     

    Attached Files:

    Flymunda, holmen, Eddie47 and 4 others like this.
  14. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,362
    Likes mottatt:
    7,559
    Bonuspoeng:
    183
    Godt å se man har omvendt deg til å være litt mer enig i at en MR er verdt turen i seg selv ;)
    Selv om jeg tilbrakte siste etappe på 3F, og dermed ikke kunne sparke deg fysisk i ræva på den siste etappen så har det jo absolutt vært en fin dag på tur :)
     
    sutenai, holmen, obay and 1 other person like this.
  15. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,188
    Likes mottatt:
    869,731
    Bonuspoeng:
    293
    Tur er tur …
    Takk for turen!
     
    Earl and Kristian like this.
  16. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,690
    Likes mottatt:
    32,597
    Bonuspoeng:
    293
    Kristian liker dette
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Og så strekte du ikkje fram labben og helsa på? Dævven schteike, mannj! :D Neidå, det er lov å vera litt sjenert :)
     
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Eit etterord med nokre konkluderande tankar blir publisert plutseleg :)
     
  19. Fiskefjes

    Fiskefjes Nytt Medlem

    Innlegg:
    27
    Likes mottatt:
    30
    Bonuspoeng:
    13
    Haha, fikk ikke wifi til å fungere på flyet, men synes jeg så at du hadde mobilen oppe og virret inne på IF forumet. Tok et bilde i tilfelle det kunne brukes til noe i etterkant. Var først da jeg satt på flytoget at jeg oppdaget denne tråden og la sammen to og to :)
     
    Spielhaug, Kristian and Travellingalf like this.
  20. drsyk

    drsyk Dr. Bonusnisse

    Innlegg:
    6,825
    Likes mottatt:
    21,409
    Bonuspoeng:
    293
    Dette var en fin MR, humor og fly er en fin kombinasjon :)
     
    Kristian liker dette

Del denne siden