Vi tek litt sjølvkritikk for dårlig oppdateringsfrekvens, og det einaste vi kan unnskulde oss med er at vi har det morsomt.
Immigrasjon gjekk fort og greitt. Intervjuet mitt gikk omtrent som slik:
"How long are you staying Sir?"
"27 hours."
"You're leaving tomorrow?" (Med eit skrått blikk mot underteikna)
"Yes, at 11 tomorrow night."
"Aha? And what's the purpose of your stay?"
"We're here to drink beer."
"We?"
"See that guy over there? We travel together."
"So you're here just for the beer?"
"And miles. And I'm going to see my cousin."
"All right. Have a nice stay, welcome to New York!"
Det tok ca 25 sekund.
Etter 1,5 time i drosje på veg inn frå flyplassen i går kveld stod vi fortsatt fast i trafikken på Manhattan. Så til slutt betalte vi sjåføren og gjekk resten. Vi gikk tilbake i dag tidleg med ei flaske vatn, men då var heldigvis sjåføren og drosja vekk.
Innsjekk på Westin New York, Times Square gikk relativt smertefritt, og etter bag-drop og ein tur på toalettet var det rett ut. Vi fikk sett siste 10 min av Stanley Cup-finalen (kamp 5 av 7) på fjernsyn på Smith's Bar, og rakk eit par GT på irsk pub etterpå. Anthony, som bur utanfor puben vart eit nytt bekjentskap.
Når klokka nærma seg 2 i natt var det sengetid, og i dag har vi vore på babybesøk i Long Island City, og drukke gin fleire plassar i byen. No på Manhatta. It's a hard life.
View attachment 53020
Vis alt...