Flukt eller eventyrlyst?
Kva er det beste å ta seg til når mørketida er like rundt hjørnet i Aust-Finnmark? Jo, å pelle seg til helvete vekk. Denne gongen går turen sørover. Langt sørover. Heldigvis kunne Amex sin CT-billett hjelpe meg av garde.
Ikkje for det, eg likar mørketida og vinteren. Det er noko med lyset og det å rusle på ski. Samstundes er det kjekt å oppdage nye plassar her i verda. Denne gongen står eit nytt land på blokka: Sør-Afrika.
Reiserute i tekst
KKN–OSL SK E
OSL–FRA LH C
FRA–ZRH LX C
ZRH–JNB LX C
JNB–CPT SA C
CPT–ADD ET C
ADD–OSL ET C
OSL–KKN SK 'C'
Reiserute i kart
Litt om dette reisebrevet
Opplevinga på sluttdestinasjonen, Kappstaden (Cape Town) m.m., vil bli skildra i eit eige reisebrev (direktelenke kjem plutseleg). Dette skriveriet vil i hovudsak ta føre seg flygingane med potensielt rom for litt tant og fjas.
Det eg er mest spent på er LX C. Det ser ut til at eg har fått kapra meg eit nokså ålreit sete i dressmafiakabinen hos Swiss, men meir om det seinare. Før den tid er det fleire flygingar ein må kome seg gjennom...
Først må ein posisjonere meg til Høybuktmoen (KKN). Om det skjer med Hurtigruten eller Widerøe er enn så lenge uvisst. Det valet tar eg onsdag 20/11 som òg er avreisedag.
***
Vel, vil du vere med, så heng på!
Vis alt...