Reisebrev: I vesterveg: Dublin og Shetland

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 21. mai 2022.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,306
    Likes mottatt:
    35,173
    Bonuspoeng:
    293
    I vesterveg: Dublin og Shetland
    For første gong sidan mars 2020 skulle ein utanlandstur gå til utlandet. Det er gjort fleire forsøk dei siste to åra, men stadige nye virusvariantar har fått planverket til å klappa saman som eit korthus.

    No er eg jo såpass heldig at eg frå Aust-Finnmark kan skimta Fiskerhalvøya i Russland frå heimtraktene, noko som gjer meg like kvalifisert til utanriksministerposten som Alaskas Sarah Palin.

    Nærkontakt med EU hadde eg sist då eg i 2021 såg Samelandsbrua som krysser Tanaelva ved Utsjok. Då var Finland berre nokre hundre meter unna, men grensa var sjølvsagt stengt...

    Så i samband med denne turen til Dublin og Shetland var det mange rutiner som var rustne og nervene stod omtrent i heilspenn i forkant av ein tur til utlandet som i løpet av pandemien hadde vorte eit slags terra inkognito...

    20220512_222134.jpg
    Utlandet i det fjerne

    Innhald med direktelenker til ulike delar av reisebrevet
    – 1) Flyturen frå Aust-Finnmark til Erie (Irland)
    – 2) Nokre dagar i Dublin
    – 3) Flyturen frå Irland til Shetland
    – 4) Nokre dagar på Shetland
    – 5) Flyturen tilbake til gamlelandet
     
    Last edited: 17. sept 2022
    pgaa, Avixlo, NorFlight and 22 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,306
    Likes mottatt:
    35,173
    Bonuspoeng:
    293
    Frå Aust-Finnmark til Erie (Irland)
    Som vanleg, når ein reiser frå visse plassar på steinrøysa vår, må ein ha eit sjarmørstopp sørpå. Widerøe vispa meg over Varangerfjorden, men delte ikkje ut sjokolade.

    20220519_092210.jpg
    Ein staut 20-åring frå WF

    Deretter følgde to SAS-flygingar heilt utan dramatikk. Togturen frå Værnes inn til byen og bussturen opp til Byåsen var svært dramatisk utan at eg merka det.

    Det viste seg at då eg kom ut frå apoteket så kunne eg ikkje finna ryggsekken min. Han var ikkje på ryggen min! Og oppi sekken var sjølvsagt passet... Der såg eg heile utanlandsturen ut av Schengen ryka til helsike... Febrilsk tankeverksemd og telefonering oppstod!

    Det viste seg at sekken og passet mitt var på veg til Lundamo, men der skulle toget snu og køyra til Steinkjer. På dette tidspunktet hadde eg møtt mor som stilte med bil og vi køyrde ned til Marienborg.

    På Marienborg tok eg kontakt med neste sørgåande tog og spurde om dei kunne kontakta nordgåande tog der sekken min låg. Dei skulle prøva...

    Etter ein nervepirrande time der alternative ferieplanar vart lagt og skrota i utur og uorden, kom togsettet der eg hadde gløymt att sekken min inn på perrongen. Og konduktrisa stod med sekken min i handa. Eg kan ha påstått at ho er ein engel...

    20220519_213033.jpg
    Takksemd til konduktrisa
     
    pgaa, Avixlo, NorFlight and 26 others like this.
  3. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,688
    Likes mottatt:
    11,304
    Bonuspoeng:
    183
    :eek::eek::eek:
    Godt det ordna seg!
     
    Kristian liker dette
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,306
    Likes mottatt:
    35,173
    Bonuspoeng:
    293
    Etter ei sjarmørnatt på guterommet i bartebyen, med passet tett til brystet, gjekk turen til Værnes igjen, no med ein barndomskamerat. Forumet er fullt av skildringar om SAS-flygingar. Eg skal nøya meg med å seia at frå Gardermoen over til Dublin stilte SAS Ireland/Connect opp og serverte i bøtter og spann. Nydeleg!

    20220520_113129.jpg
    SK4603 (OSL--DUB)

    Etter kvart kjem det oppdateringar frå Dublin. På sikt skal eg få delt litt frå Shetland, òg. Så vi (royalt fleirtal, sjølvsagt) prøver oss på såkalla direkteoppdateringar av dette reisebrevet.
     
    pgaa, Avixlo, NorFlight and 20 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,306
    Likes mottatt:
    35,173
    Bonuspoeng:
    293
    Ja, eg burde nok ha levert Lotto-kupong den dagen, òg! Solid med flaks i blodet den dagen!:D
     
  6. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,047
    Likes mottatt:
    68,587
    Bonuspoeng:
    293
    Lotto kan du levere i Dublin .. via Norsk Tipping sin app sjølvsagt!
     
  7. sday

    sday EBS, Avis pres, Hertz pres,Sixt Plat

    Innlegg:
    203
    Likes mottatt:
    154
    Bonuspoeng:
    43
    Kristian and Eddie47 like this.
  8. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,355
    Likes mottatt:
    7,515
    Bonuspoeng:
    183
    Godt dette ordnet seg, mye som tyder på rustne reiserutiner når sekken med passet blir gjenglemt på første etappe, men siden det gikk bra til slutt så kan vi heldigvis le litt av det nå ;)
    Nyt turen videre :)
     
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,306
    Likes mottatt:
    35,173
    Bonuspoeng:
    293
    Første dag i Dublin
    Etter litt vandring på flyplassen vart vi plukka ut for tilfeldig tollkontroll, men det var smil og null stress, og det tok berre eit lite minutt ekstra. Deretter kjøpte vi oss bussbillett (Leap card) og tok rute 16 til hotellet som ligg berre 10 minutt unna der alt skjer. Bussturen tok rundt tre kvarter.

    Etter innsjekk på Dergvale hotell rusla vi ut i typisk irsk vêr: varmt og sol avbrote av vind, regn og kjøleg luft, avbrote av sol og varme osv. Av med jakke, på med solbriller. På med jakke, av med solbriller. Ustanseleg...!
     
    Last edited: 21. mai 2022
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,306
    Likes mottatt:
    35,173
    Bonuspoeng:
    293
    Første stopp var nasjonalmuseet. Reisefølgjet ville sjå på ei stor samling av irske elgar, men vi hamna på ei utstilling om irsk krigsdeltaking opp gjennom åra. Vi hadde hamna på feil del av nasjonalmuseet, som ligg spreidt utover heile byen. Elgutstillinga, viste det seg, held hus på ein del av museumskomplekset som er stengt for ombygging...

    Vi manøvrerte deretter ved hjelp av måfå måfå. På vår veg fekk vi sjå den vetle fjølbua der ein snurrig drikk ved namn Guinness blir laga:
    20220520_160032.jpg
    Eit makrobryggeri?
     
    Last edited: 21. mai 2022
    pgaa, Avixlo, NorFlight and 15 others like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,306
    Likes mottatt:
    35,173
    Bonuspoeng:
    293
    Vår eminente måfånavigering tok oss inn i Phoenix park. Her fann vi det som seiast å vera den største obelisken i Europa. Han er reist til minne om herren av Wellington, som mellom anna sigra over Napoelon ved slaget i Waterloo:
    20220520_172353.jpg

    20220520_161951.jpg
    Wellington (ikkje byen)
     
    Last edited: 17. sept 2022
    pgaa, Avixlo, NorFlight and 17 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,306
    Likes mottatt:
    35,173
    Bonuspoeng:
    293
    Måfånavigering fungerer nok omtrent like godt som kompasshøne (du held ei høne opp og stikk den vegen ho sparkar). Til å finna nytt land, såkalla terra inkognito, så fungerer nok begge metodane brillefint, men vi fekk plutseleg lyst til å finna både eit presidenpalass og eit militært hovudkvarter. Begge delar skulle ifølgje turistkartet vera inne i Phoenix park. Vi gav til slutt opp og søkte oss i retning Dublin sentrum.

    20220520_192609.jpg
    Christ church cathedral

    20220520_183257.jpg
    Fisk&chips

    Diverre veit eg ikkje kva sjappa som serverte ein ålreit fish&chips heiter, men ho ligg ikkje så langt unna Guinness-bryggeriet langsmed elva/kanalen. Vi vart mette. EDIT: I ettertid har eg funne ut at plassen går under namnet Pilsner pub.

    20220520_200903.jpg
    Kanalen gjennom Dublin

    Etter fleire dagar på rad med type fem--seks timar søvn (eg bør helst ha sju--åtte), så var det lite futt i meg utover kvelden og turen gjekk tilbake til hotellet for litt snorking. Det gjorde godt!
     
    Last edited: 17. sept 2022
    pgaa, Avixlo, NorFlight and 20 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,306
    Likes mottatt:
    35,173
    Bonuspoeng:
    293
    Andre dag i Dublin
    Etter ein såkalla full irsk frukost gjekk turen ut i bybiletet. Første mål for dagen var Dublin bys historiske museum, The little museum of Dublin. Før vi kom så langt, oppdaga vi denne hovudlause rakkaren:
    20220521_100453.jpg
    Seinare same dag var venstrehanda løysna

    Vi rusla innom Trinity College, ein del av universitetet for å hausta litt kunnskap og visdom. Om det faktisk er håp for treskallane våre, sjå det veit eg ikkje, men vi hadde i alle fall sett folk som er klokere enn oss, det var vi sikre på. IQ er vel smittsamt, eller kva?

    20220521_102434.jpg
    Trinity college

    Vi tenkte å sjå den irskkeltiske nasjonalskatten Kellsboka, men køa inn til biblioteket der boka ligg var over hundre meter lang, så vi vandra ut i bybiletet igjen -- skada av klokskap.
     
    Last edited: 17. sept 2022
    pgaa, Avixlo, NorFlight and 15 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,306
    Likes mottatt:
    35,173
    Bonuspoeng:
    293
    Så var vi endeleg framme ved The little museum of Dublin. Det blir jamnleg gitt omvisningar og i dette tilfellet vil eg påstå at for å få noko utbytte av besøket så bør ein delta på ein slik runde (omvisninga tar rundt tretti minutt).

    20220521_113540.jpg
    Air Lingus reklamerer for Dublin-reiser

    Til vår omvisning hadde museet spadd fram sjølvaste museumsdirektøren. Han sa sjølv at han til vanleg av svært gode grunnar vart heldt inne på eit lite kontor oppe på loftet -- langt unna folk, no skulle vi få oppleva kvifor. Deretter ønska han britane i gruppa varmt velkomen til Europa, før han rasa gjennom Dublins historie på glimrande vis, levande og ledig, alltid med glimt i auga og ironi på vegner av både seg sjølv og irar generelt.

    20220521_114358.jpg
    U2-utstilling i The little museum of Dublin

    Det er fleire utstillingar i museet som du fint ser på eiga hand, men omvisninga tar føre seg to rom som er nesten utan tekstoppslag, berre bilete. Guiden fortel ei historie som bruker bileta i desse to romma som eit rammeverk og gir kontekst til det du ser. Bli med på omvisning!
     
    Last edited: 17. sept 2022
    pgaa, Avixlo, NorFlight and 17 others like this.
  15. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    1,872
    Likes mottatt:
    12,560
    Bonuspoeng:
    183
    Det skjer ting så fort og så ofte når du er på reise, @Kristian! Allerede flere gode episoder i reisebrevet!
    Hils barndomsvennen, om det er han jeg tror det er. Ja, hils uansett. Be han om å holde øye med passet.
     
    Sunnfjordingen and Kristian like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,306
    Likes mottatt:
    35,173
    Bonuspoeng:
    293
    Du trur heilt rett! Helsingar er vidareformidla og takksemd med nye helsingar blir overbringa i retur til både herren og eksforloveden :)
     
    Berlioz liker dette
  17. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,583
    Likes mottatt:
    32,370
    Bonuspoeng:
    293
    God tur! :)
     
    Kristian liker dette
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,306
    Likes mottatt:
    35,173
    Bonuspoeng:
    293
    20220521_145055.jpg
    St. Patrick

    Etter å ha vorte litt klokare på Dublins historie bestemte vi oss for at neste stopp skulle bli Dublinia, eit museum som viser korleis vikingane har påverka byen. På vegen dit gjekk vi totalt feil og fekk masse frisk luft og sol.

    Etter kvart pensa vi oss inn mot tilnærma riktig område for å finna Dublinia, men vi fann det vettugt å sjå innom St. Patrickskatedralen, eit fint lite avbrekk, spør du meg. Etterpå slappa vi litt av i parken like ved.

    20220521_151156.jpg
    St. Patrick's cathedral
     
    Last edited: 17. sept 2022
    pgaa, Avixlo, NorFlight and 16 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,306
    Likes mottatt:
    35,173
    Bonuspoeng:
    293
    20220521_151752.jpg
    Dublinia ved Chist church cathedral

    Utan at eg heilt greier å setja fingeren på kvifor, så følte eg at Dublinia var noko eg kunne ha stått over. Kan hende var det utstillingane som verka litt barneaktige. Kan hende var heile opplegget litt prega av tanken om at 'alle liker då vikingar, så dette treng vi ikkje å leggja ned så mykje innsats i å fortelja på eit spennande vis'. Ein annan faktor kan ha vore at eg var fysen på fôr og då kopla hjernecella litt ut...
     
    Last edited: 17. sept 2022
    Avixlo, Stuttfeiten, Henrik and 9 others like this.
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,306
    Likes mottatt:
    35,173
    Bonuspoeng:
    293
    Frå Dublinia rusla vi litt vidare, men så kom reisefølgjet på at Irland er gode på whiskey. Eg var ikkje tung å be og vips sat vi i Bang bang bar som utelukkande serverer produkt frå eige destilleri, det ikkje ukjente Teeling whiskey. Ein solid Blackpitts og ein nydeleg whiskey sour seinare såg livet lyst ut.

    20220521_172119.jpg
    Whiskey i Bang bang bar
     
    Last edited: 17. sept 2022

Del denne siden