DNB svarar på dei nye American Express-korta – no med statuspoeng

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Det er ikkje lenge sia American Express bekrefta detaljane rundt korta dei han tenkt å lansere i november. No tydar ting på at DNB også vi lansere oppdaterte kort.

For nokon dagar sia kunne vi avsløre detaljane rundt dei nye korta til American Express, no ser det ut til at DNB vil gje American Express kamp om kundane. Eit skjermbilete frå DNB tydar på at dei er i ferd med å oppdatere vilkåra for korta dei tilbyr i dag. Det ser ut til at både SAGA og Private Banking vert devaluert i forhold til dagens opptening, men at du vil kunne opptene statuspoeng på korta. Dette vert då det tredje kortet som gjev opptening av statuspoeng. Dersom du har både SAS Amex Elite, SAS Mastercard Premium og DNB SAGA/Private Banking vil du kunne opptene 52.000 statuspoeng i året, utan ein einaste flytur.

Devaluering

I følgje skjermbilete som har blitt delt på forumet vårt vil SAGA-kundar få redusert opptening frå 20 ekstrapoeng per 100 kr til 15 ekstrapoeng. Private Banking-kundar vil få redusert opptening frå 25 til 15. Du vil rett nok få 20 poeng når du omset i utanlandsk valuta.

I tillegg til dette vert prisen auka frå kr 99 per månad til kr 149 på SAGA.

Ting tydar også på at DNB vil tilby eigendelsforsikring for leigebil på alle korta. Dette har dei også fram til no tilbydd på SAS American Express Platinum, men ting tyda på at denne fordelen ikkje ville halde fram når American Express sjølv tok over desse korta. American Express har no bekrefta at det vil følgje med leigebilforsikring på American Express Elite. Skjermbiletet viser også at DNB vil tilby Lounge Key med to gratisbesøk og kjøpsforsikring.

Skjermbilete DNB

Ubekrefta

DNB har no fjerna desse vilkåra frå nettsidene sine, men det er tydeleg at noko er på veg. Om dette vert dei endelege vilkåra eller ikkje får vi nok snart vite. Det er uansett kjedeleg at den vanlege oppteninga av ekstrapoeng vert redusert. At vi no får endå eit kort som tilbyr statuspoeng er interessant. I utgangspunktet vil nok mange av dei som vurderar desse poenga opptene ein del poeng uansett, det er difor ikkje sannsynleg at loungane vert mykje fullare grunna dette. Det vil nok derimot gjere at vegen til diamantstatus vert mykje kortare. Om nokon er villeg til å betale for alle dei tre nemnde korta vil du allereie vere over halvvegs.

Det vert spennande å sjå kva DNB kjem med når dei skal lansere desse korta. Du må gjerne diskutere saka på forumet vårt. Vi kjem tilbake med meir når fleire detaljar vert lanserte.

Kommentar

  1. Ingar sier

    Vedrørende DnB Saga MasterCard. Er det noen som vet om PAYR betalinger blir medregnet når man skal nå omsetningsmålene som gir statusbyggende poeng?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *