Reisebrev: Eit møte med Gluntan på Færøyane

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 23. sept 2018.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    3,571
    Likes mottatt:
    15,058
    Bonuspoeng:
    183
    20180913_183004-kopi.jpg
    Kunoy bygd, Færøyane

    Færøyane – eit reisebrev
    I Atlanterhavet, omtrent midt mellom Shetland og Island, ligg ei øygruppe som nordmenn har søkt seg til sidan 800-talet. Den siste 'bølgja' av nordmenn kom til Færøyane som flyktingar under andre verdskrigen. Alle (?) har vel høyrt om Shetlands-Larsen, men færøyingar som vi møtte kjente til mange norske etternamn som dukka opp på øygruppa i perioden 1940–1945.
     
    Last edited: 19. des 2018
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    3,571
    Likes mottatt:
    15,058
    Bonuspoeng:
    183
    Til lesaren – ei slags åtvaring (eller introduksjon)
    Som alle (?) hugsar agerte eg som juniorinspektør i følgje med opphavet som då fungerte som seniorinspektør då vi tok føre oss tilstanden på Svalbard.

    Etter å ha brukt eit par år på rapportskriving etter den inspeksjonen kom juniorinspektøren i fellesskap med seniorinspektøren fram til at no trengte vi ein ferie.

    Sidan vi er samvitsfulle borgarar av Kongeriket Noreg tenkte vi at Harald Rex ville setje pris på at vi gjennomførte ein slags førehandsinspeksjon av Færøyane for å undersøkje om ein grundig inspeksjon trengst. Som sagt, så gjort fordi dei to glade inspektørane lever etter same motto som ein av skobutikkane i Tórshavn:
    20180915_103830-kopi.jpg
     
    Last edited: 23. sept 2018
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    3,571
    Likes mottatt:
    15,058
    Bonuspoeng:
    183
    Færøyane – tips og triks
    Fordi @Edvard og andre kan finne på å setje pris på ein eigen seksjon for tips, triks, råd og slikt skal eg gjere det. Denne bolken finn du her.
     
    Last edited: 19. des 2018
    Henrik liker dette
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    3,571
    Likes mottatt:
    15,058
    Bonuspoeng:
    183
    Litt om Færøyane (faktabolk)
    Øygruppa ligg omtrent 600 km vest av Bergen og har utstrakt sjølvstyre under Danmark. I lag med Grønland inngår Færøyane i Rigsfællesskabet:
    Færøyane, der første ledd kjem av det same ordet som 'får' eller 'sau' om du vil, inngjekk i det store landnåmet som nordmenn sette i stand i tidleg vikingtid. Rett nok er termen landnåmatida hovudsakleg brukt om busetjinga av Island, men la oss no vere litt rause.

    0000000001.jpg
    Færøyane, Shetland og kysten av Vestlandet

    For dei som er mest komfortble med flykart:
    0000000002.jpg

    Hovudstad på Færøyane er Tórshavn og her bur cirka 20 000 av dei totalt 50 000 menneska på øygruppa.
    Vel, eg tenkjer det kan vere nok fakta i denne runden :)
     
    Last edited: 19. des 2018
    MadsVaHa, Upsaker, Henrik and 10 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    3,571
    Likes mottatt:
    15,058
    Bonuspoeng:
    183
    Del 1: Korleis kome seg til (og frå) Færøyane
    Du kan kome deg til Færøyane anten sjøvegen eller med fly.

    Kjem du sjøvvegen er det vel Smyril Line som gjeld (frå København eller Reykjavik). Før gjekk det visstnok båtar frå Bergen òg, men det er no ein saga blott...

    Kjem du med fly kan du per i dag velje mellom to flyselskap:
    – Det færøyske selskapet Atlantic Airways
    – Tanta i Frösundavik SAS

    Atlantic Airways opererer til fleire destinasjonar, deriblant BGO. SAS flyg berre til/frå CPH. Då SAS opna denne ruta smilte ikkje sjefane i Atlantic Airways, akkurat... Ikkje lenge etter gjekk Atlantic Airways ut av Eurobonus-samarbeidet og dei to glade inspektørane såg ingen veg utanom å fly SAS til Færøyane. Ingen av oss har sanka veldig mykje Súlubonus opp gjennom åra...

    Del 2: Kort om reisa vår til Færøyane
    Vi hadde bestilt følgjande rute i SAS Plus:
    0000000003.jpg

    Kvelden før avreise fekk vi ein SMS frå SAS om at flyet til ARN ikkje var aktuelt for oss. Det viste seg seinare at flyet vart rundt to timar forseinka, så då hadde vi aldri i verda kome fram til Færøyane same dag. Vel, så då fekk vi denne ruta:
    0000000004.jpg

    Alle (?) er vel godt kjent med SAS Plus. Både på veg til OSL og til CPH fekk vi servert frukost. I lag med frukost i bollebua på TRD, i gullstova på OSL og i oppussingsstova på CPH fekk vi til slutt i oss omtrentleg fem frukostar:
    20180912_062856-kopi.jpg

    Servering til Færøyane:
    – Europeisk servering (altså kube).
    20180912_114133-kopi.jpg

    Poengopptening til Færøyane:
    – Som intraskandinavia.

    Flytid mellom CPH og FAE:
    – Rutetida er på 2 timar og 15 minutt.
    – Reell flytid kan klemmast ned til 1 time og 45 minutt.

    Færøyane har berre éin flyplass som kan ta ned fly, Vágar lufthavn. Bestemt form, eintal, der altså.

    Skaff deg vindaugesete for innflyginga til Vágar:
    20180912_131326-kopi.jpg

    Vágar (FAE) er ein liten flyplass. Du kjem rett inn i tollfributikken (kvifor kallar vi det for tax free når sjølv danskane greier å bruke lokal terminologi?) og det er éitt bagasjeband.

    Passkontroll og slikt: Nei. Færøyane er ikkje med i verken EU eller Schengen, men har opne grenser til Schengen, så det er ingen passkontroll verken på Kastrup eller på Vágar.

    20180912_132137-kopi.jpg
     
    Last edited: 23. sept 2018
  6. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    5,606
    Likes mottatt:
    23,120
    Bonuspoeng:
    293
    Fem frokoster er en god start på dagen ....
    .. og det var Smyril Line som trafikkerte Bergen - Torshavn, siste gang Smyril Line var i Bergen var i 2008.

    https://no.m.wikipedia.org/wiki/Smyril_Line
     
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    3,571
    Likes mottatt:
    15,058
    Bonuspoeng:
    183
    Del 3: Klaksvík
    Vi hadde totalt fire netter på Færøyane og for alle desse dagane hadde vi leigebil. Vi var litt usikre på vegstandarden, men der vart tvilen gjort til skamme. Statens vegvesen og Samferdsledepartementet kan ta seg ein studietur vestover.

    Første køyretur sendte oss langsmed denne ruta:
    0000000005.jpg

    Vi valde å ikkje gjere nokre stopp på denne ruta då vi skulle køyre mykje av denne seinare og prioriterte no å kome fram til overnattingsstaden vår i Færøyanes nest største by, Klaksvík der fiskeindustrien er hovudnæringa for dei 5 000 innbyggjarane. .

    Klaksvík: Overnatting
    Det er ikkje flust med overnattingsstader, men på Hotel Klaksvík, eller Sjømannsheimen, har dei greie rom. Ikkje forvent kjempestandard, men det er reint:
    20180912_161112-kopi.jpg

    På eigne nettsider tilbyr ikkje Hotel Klaksvík booking, men det går fint å sende ein e-post. Vi nordmenn kan skrive på norsk. Dei svarar på det innehavaren kallar 'skandinavisk' (ein slags dansk med ein del norsk i). At dette er ein sjømannsheim såg vi til frukost der røffe arbeidskarar dukka opp i full mundur. Alt gjekk roleg føre seg utan sjøslag.

    Innsjekkinga var alt anna enn effektiv. Sjefsvertinna krangla godt med datasystemet for å få oss inn, men ho var veldig triveleg, snakka mykje med oss og med seg sjølv, og vi hadde ikkje dårleg tid. Etter 10–15 minutt fekk vi nøkkelen vår og rusla opp til toppetasjen.

    Klaksvik: Fiskeribyen
    Klaksvík ligg fint til inst i ein fjord. Sjå berre her:
    20180912_173021-kopi.jpg
    I Klaksvík har dei eit bryggeri (Føroyar)

    20180912_173024-kopi.jpg
     
    Last edited: 25. sept 2018
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    3,571
    Likes mottatt:
    15,058
    Bonuspoeng:
    183
    Det tøffa stadig vekk eit fiskefartøy ut eller inn av hamna i Klaksvík. Ikkje langt utanfor byen låg det òg ein god del laksemerdar. Det er ingen tvil om at det er livet i havet som gir liv til byen.
    20180913_153224-kopi.jpg

    20180913_153124-kopi.jpg

    To be continued :)
     
  9. Are

    Are EBD - Eurobonusekspert? InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    11,820
    Likes mottatt:
    15,537
    Bonuspoeng:
    293
    Ser frem til fortsettelsen her.
    Ser unektelig ut som Svarbard enkelte steder.. Veldig spennende :)
     
    Kristian liker dette
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    3,571
    Likes mottatt:
    15,058
    Bonuspoeng:
    183
    Det var det første seniorinspektøren sa òg. Litt meir grønfarge på Færøyane, men det skulle berre mangle når ein er så langt sør – midt i Gulfstrømmen :)
     
    Last edited: 24. sept 2018
  11. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    602
    Likes mottatt:
    1,669
    Bonuspoeng:
    93
    Så var vi igang igjen, fortelleren og hans publikum! Takk så langt, og ikke drøy for lenge med fortsettelsen, pliis.
     
    Avixlo and Kristian like this.
  12. OttoL

    OttoL Veteran

    Innlegg:
    2,246
    Likes mottatt:
    4,666
    Bonuspoeng:
    113
    Gleder meg til fortsettelsen :) Planlegger selv en tur over til FAE i 2019
     
    Kristian liker dette
  13. jvsandem

    jvsandem Veteran

    Innlegg:
    1,552
    Likes mottatt:
    3,636
    Bonuspoeng:
    113
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    3,571
    Likes mottatt:
    15,058
    Bonuspoeng:
    183
    By popular demand held vi fram.

    Klaksvík: Kampen for sjølvstende – regionalt og lokalt
    Vi er framleis i Klaksvík og det er tid for bittelitt fakta:

    Sjølvstendedebatten på Færøyane er ikkje direkte ny, men det er først under andre verdskrigen at prosessen verkeleg får opp tempoet.

    Frå Danmark nekta ein færøyingane å bruka sitt eige flagg, Merkið. Det var Dannebrog som skulle vaie i vinden, meinte ein i Keypmannahavn (det færøyske namnet på København). Så kom 9. april og Danmark (samt Sør-Noreg) vart okkupert av Nazi-Tyskland. Andre verdskrigen hadde nådd Skandinavia:
    Sjølvstenderørsla såg på den britiske statsministeren W. Churchills dekret og godkjenning av det færøyske flagget som ein gigantsiger.

    800px-Flag_of_the_Faroe_Islands.svg.png

    Óg Klaksvík har spelt ei rolle i sjølvstendekampen. Som vi alle (?) hugsar vart Færøyane i 1948 gitt indre sjølvstyre gjennom Hjemmestyreloven:
    Med andre ord kan det sjå ut som at færøyingane var luta lei av at Danmark skulle blande seg inn i alle saker. Dei ville ordne opp sjølve. Berlinske har skrive ein kort artikkel om Klaksvik-affæren som har overskrifta 'Helvede brød løs i Nordatlanten'.
     
    Last edited: 24. sept 2018
    Are, watchaddicted, SAJblue and 8 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    3,571
    Likes mottatt:
    15,058
    Bonuspoeng:
    183
    Eg kan ikkje svare på alle spørsmåla, men Gluntan-referansen i overskrifta vil det plutseleg kome ei forklaring på – forhåpentlegvis :) Gode spørsmål stiller du, det skal du ha :)
     
    RoadKing and Avixlo like this.
  16. Earl

    Earl Senior Medlem

    Innlegg:
    1,390
    Likes mottatt:
    2,215
    Bonuspoeng:
    113
    Ser flott og grønt ut på bildene, og ser da ut som om dere hadde greit vær så det er jo fint når man er på tur :)
     
    Kristian liker dette
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    3,571
    Likes mottatt:
    15,058
    Bonuspoeng:
    183
    Klaksvik: Museums- og kyrkjebesøk
    Så, kva gjer ein i Klaksvík? Du treng berre ein føremiddag for å gjere byen utrygg, men sidan muséet og kyrkja berre held ope mellom 1300 og 1600 så er det best å gjere byen utrygg på ettermiddagstid.

    Norðoya fornminnissavn ligg omtrent rett rundt hjørnet frå Sjømannsheimen, Hotel Klaksvík. Museumet er bittelite og ligg i det gamle handelshuset i byen og inneheld to rom:
    – Eit apotek slik det såg ut på 1950-talet.
    – Ei samling fangstutstyr frå området

    Det er ikkje slik at det her er så ufatteleg interessant, men museumsvertskapet var trivelege og fortalde om både dette og hint. Så fort færøyingane finn ut at du er norsk, så blir dei ganske så vennlege.

    Vel, apoteket liknar ei litt støvete utgåve av officinet på Trøndelag folkemuseum, Sverresborg. Her inne fekk vi fortalt historia om huset og litt andre ting, mellom anna om apotekarinna som vart så harm då Noreg og Danmark fall i tyske hender i april 1940 at ho like så godt knuste glaset i inngangsdøra.

    Av fangsutstyr var det denne saken som vekte mest merksemd hos meg, ei fiskebøye tilverka av katteskinn:
    20180913_145218-kopi.jpg

    Nabokatta, Monster (ja, det dyret med edelsteinsinnsatt Pandionkort til mine gemakkar) skal sleppe å sjå dette..

    Elles er det fleire her inne som kanskje hugsar desse Eple-produkta som var på moten for berre nokre få år sidan:
    20180913_144807-kopi.jpg

    Etter å ha gløtta oss ferdig på muséet, rusla vi bort til Christianskirkjan. Kyrkja stod ferdig i 1963 og kosta då 2 millionar danske kroner. Helvta av pengane kom frå Christian Xs gåvefond (farfaren til dronning Margrethe). Kyrkja er ikkje direkte tradisjonell sett frå utsida:
    20180912_173529-kopi.jpg

    Kyrkja er teikna og konstruert for å romme den vakre altertavla 'Den store natverd' som først var å finne i Viborg domkirke i Danmark. Motivet viser korleis Jesus og disiplane inviterer alle sjuke og fattige til nattverd fordi alle dei andre er opptekne med sitt eller ikkje ønskjer å ta del i nattverden:
    20180913_161645-kopi.jpg

    Oppunder det nærmast himmelhøge taket heng ein færøysk robåt som vart brukt av ei prest i området samt som kvalfangstbåt. Ein svært triveleg kar fortalte oss alt dette. Han kunne òg fortelje at før hang båten lenger ned, men dei sleit med at konfirmantane kasta kvarandres klær og søppel oppi båten, så dei heva båten lenger opp mot taket. I dag ville dette neppe ha vore eit problem, meinte vår kunnskapsrike guide, for i dag sit ungdommen berre og glor på telefonane sine... Der som heime i Noreg, altså...

    20180912_173728-kopi.jpg
    Christianskirkjan, Klaksvík

    EDIT: Det er plass til 1 500 personar i kyrkja. Vanlegvis kjem det rundt 300 personar til dei regulære gudstenestene, eit tal mange norske kyrkjer berre kan drøyme om.
     
    Last edited: 24. sept 2018
    Are, watchaddicted, Upsaker and 10 others like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    3,571
    Likes mottatt:
    15,058
    Bonuspoeng:
    183
    Når vêret skiftar annakvart minutt, så greier ein alltids å få fiska fram fotografiapparatet når sola gløttar fram :)
     
    Eddie47, Earl, RoadKing and 2 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    3,571
    Likes mottatt:
    15,058
    Bonuspoeng:
    183
    Klaksvik: Ein tur opp på byfjellet
    Ein brillefin fottur er ruslerunden opp til toppen av fjellet Klakkur. Vi var så frekke at vi køyrde nesten så langt den vedlikehaldsforsømte vegen går. Her kan du fint slå i hel eit par timar.

    Vi lar bileta tale for seg:

    20180912_195433-kopi.jpg
    Stien opp til Klakkur er tidvis blaut – som alle stiar her ute

    20180912_202027-kopi.jpg
    Klaksvík sett frå Klakkur – utsikt sørover mot Borðoyarvik

    20180912_193338-kopi.jpg
    Klaksvík og utsikt nordover mot Haraldssund

    20180912_203205-kopi.jpg
    Sørspussen av Kunoy og laksemerder sett frå Klakkur

    20180912_202013-kopi.jpg
    Toppen av Klakkur, 413 m.o.h., Kalsoy nordover

    Det heiter seg visstnok at den beste måten å oppleve Færøyane på er å ta seg fram til fots. Mange av fjella er bratte og krev at ein ikkje berre har emfysem i lungane. Atter andre turar er perfekte for dei som har med utforskingslystne ungar.

    Vi henta mange av våre turtips i turhandboka 'Færøerne til fods' som du får gratis hos turistinformasjonskontora. Vi henta vårt eksemplar på Vágar lufthavn, men ein digital versjon finn du her.
     
    Last edited: 07. okt 2018
    Are, Upsaker, SAJblue and 8 others like this.
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    3,571
    Likes mottatt:
    15,058
    Bonuspoeng:
    183
    Klaksvík: Øl, Vårherre, mat og nokre bymotiv
    Kor mykje tid går det an å bruke i ein by med 5 000 innbyggjarar, spør du deg kanskje no. Vi er langt inne i reisebrevet og enno har vi vore berre éin plass!

    Vel, frykt ei, mitt barn! Dette er nok siste innlegg om Klaksvík i denne omgang. Vi hadde to netter her, så vi tusla naturleg nok litt rundt i byen, men dei to glade inspektørane letta på stumpen og søkte ut òg. Vi kjem dit – snart.

    Først er det på tide å få seg noko å drikke:
    20180913_174140-kopi.jpg

    Sitatet over er ikkje mine ord, difor [sic]-markeringane. Vi kom oss aldri innom her, men det skuldast at desse to inspektørane ikkje er så glade i øl. Kanskje andre kan vere seg sitt ansvar bevisst? For konge og fedreland!

    Vel, litt mat må ein òg ha. Vi åt to måltid hos Frida. Ja, kafeteriaen/restauranten heiter det. Rause porsjonar med mat som er plukka opp frå havet rett utanfor. Vi prøvde rettane med reker og med laks. Heilt innafor, spør du oss:
    20180912_182020-kopi.jpg

    Nesten alle bygdene på Færøyane har minnesmerke over dei som har mista livet til sjøs. Litt flosklete kan ein seie at havet gir og havet tar. Alle kystsamfunn veit kor sant akkurat det munnhellet er. Likeså på Færøyane:
    20180913_162502-kopi.jpg

    Ein annan ting med Færøyane er at religionen står ganske sterkt. Den lutherske trua held seg godt. Eg skal ikkje ein gong prøve å forklåre kvifor fordi eg sit ikkje inne med noko godt svar, men vi konstaterte at Herren var til stades på mange vis:
    20180913_162513-kopi.jpg

    Her kjem mitt hjelpeslause forsøk på omsetjing:
    Menneskjas dagar er som graset,
    som blomar på markene blømer ho.
    Når vinden fer over henne, kverv ho
    og heimstaden hennar kjenner henne ei meir.
    Men Herrens miskunn for alltid og æveleg
    over dei som vyrder Honom rekk heilt til barneborna,
    for dei som held og minnast Hans bod.


    Vel, litt andeleg oppbyggjing har vi sikkert ikkje vondt av.

    Til slutt eit bilete av ei tøtte på halv tolv (eller ti på tre?) som held til utanfor betri, den lokale banken: 20180913_162641-kopi.jpg
     
    Are, Upsaker, SAJblue and 12 others like this.

Del denne siden