Reisebrev: Amundsen-genet fører to karar til Argentina

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 23. mars 2018.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    For to år sidan publiserte eg påskekrim frå New Zealand. Dette året kan herskapet ta del i eit påskedrama frå Argentina. Eg kan love latterleg mange bilete og ulideleg store mengder tekst.

    20180223_130529.jpg

    Dette kan bli eit reisebrev for dei spesielt interesserte...

    Du er herved åtvara!
     
    DanH, Candy, pgaa and 27 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Reisebrevinnhald

    Diverre kan eg maks ha 10 000 teikn per post, og av ein eller annan grunn blir teikna i hyperlinkar rekna med, så herifrå blir det linka til utvalde plassar i reisebrevet.

    01 Kvifor Argentina? Litt om planleggingsfasen
    02 Korleis ta seg rundt i verdas åttande største land?
    – Litt om reiseruta
    03 LATAM eller Aerolíneas Argentinas?
    – Om å fly «standsmessig»
    04 Bilkøyring – eit dødsprosjekt?
    – Litt om mysteriet med nødblinklys

    05 To forventningsfulle karar på tur: Kva kan gå gale?
    06 Dag 1: 15/2-18: Fram med nødknappen
    07 Dag 1: 15/2-18: Tastaturhamringsmaraton

    08 På veg sørover: Ei uventa reise
    09 Dag 2: 16/2-18: Frå respatex til fuglekvitter
    10 Dag 2: 16/2-18: I lag med bleiebrukande franskmenn

    11 Nuestra Señora Santa Maria del Buen Aire:
    – To døgn i Buenos Aires
    12 Dag 3: Laurdag 17/2-18: Ezeiza-massakren
    13 Dag 3: Laurdag 17/2-18: Vitne til plyndring frå drosjen
    14 Dag 3: Laurdag 17/2-18: Byvandring med noko attåt
    15 Dag 3: Laurdag 17/2-18: Pengelens
    16 Dag 4: Sundag 18/2-18: Ei avkjøling i verdsrommet
    17 Dag 4: Sundag 18/2-18: Februartimar via til mai og juli
    18: Dag 4: Sundag 18/2-18: Mat og overnatting i BUE

    19 Med fly frå Buenos Aires til Ushuaia: Jomfruturen med LATAM
    20 AEP–USH: Innsjekk og slikt
    21 AEP–USH: Flyturen – fire timar i økonomi

    22 Porten til Antarktis: Eldlandet
    23 Dag 5: Måndag 19/2-18: Eit iskaldt møte
    24 Dag 6: Tysdag 20/2-18: Til verdas ende
    25 Eit lite sidetrinn: Evita
    26 Dag 7: Onsdag 21/2-18: Pingu og venene hans
    27 Dag 7: Onsdag 21/2-18: Togtur i forbrytarklasse
    28 Dag 7: Onsdag 21/2-18: By og land – hand i hand
    29: Dag 7: Onsdag 21/2-18: Mat og overnatting i USH

    30 Med fly frå Ushuaia til El Calafate: Transportetappe med LATAM
    31 USH–FTE: Litt generelt om flyturen

    32 I sørlege del av Patagonia: Is og lama
    33 Dag 8: Torsdag 22/2-18: Er Kalle feit?
    34 Dag 9: Fredag 23/2-18: Lama-rama
    35 Dag 10: Laurdag 24/2-18: Gi mæ is!
    36 Dag 10: Laurdag 24/2-18: Mat og overnatting i FTE

    37 Med fly frå El Calafate til Bariloche: Jomfruturen med Aerolíneas
    38 FTE–BRC: Innsjekk og sørvis om bord
    39 FTE–BRC: Flytur med utsikt

    40 I nordlege del av Patagonia: Fjell og sjokolade
    41 Dag 11: Sundag 25/2-18: Heim til generalen
    42 Dag 12: Måndag 26/2-18: Tur til Colorado
    43: Dag 12: Måndag 26/2-18: Mat og overnatting i CPC
    44 Dag 13: Tysdag 27/2-18: Spor etter det tredje rike
    45 Dag 13: Tysdag 27/2-18: På oppdagingsferd
    46 Dag 13: Tysdag 27/2-18: Mat og overnatting i BRC

    47 Med fly frå Bariloche til Salta: Ein tårevåt tur med LATAM
    48 BRC–AEP–SLA: Nokre ord om flyturen

    49 Kontrastfylte dagar: Storbyliv, salt i grauten og djevelske saker
    50 Dag 14: Onsdag 28/2-18: Ein vill kveld
    51 Dag 15: Torsdag 1/3-18: Uvant urbanitet
    52: Dag 16: Torsdag 1/3-18: Mat og overnatting i SLA
    53 Dag 17: Fredag 2/3-18: Leigebiltjuveriet
    54 Dag 17: Fredag 2/3-18: Ein tur til djevelen
    55 Dag 18: Laurdag 3/3-18: Salt i såret
    56 Dag 18: Laurdag 3/3-18: Urbanitet i passeleg mengde
    57: Dag 18: Laurdag 3/3-18: Mat og overnatting i Tilcara

    58 Med fly frå Salta til Puerto Iguazú: Jomfruturen med Austral
    59 SLA–IGR: Ein tur i E190

    60 Eit fuktig klima: Vatn, vatn, vatn
    61 Dag 19: Sundag 4/3-18: Jungeltaxi
    62 Dag 20: Måndag 5/3-18: Eksotisk fauna
    63 Dag 20: Måndag 5/3-18: Æ bli’ pessatrængt!
    64 Dag 20: Måndag 5/3-18: Mat og overnatting i IGR

    65 Med fly frå Puerto Iguazú til Buenos Aires: Nok ein transportetappe
    66 IGR–AEP: Siste innanrikstur i Argentina

    67 Harald, du er konge! Å Sonja, din stil og din sjarm!
    68 Dag 21: Tysdag 6/3-18: Å leve som ein konge
    69 Dag 22: Onsdag 7/3-18: Vår siste time er nær

    70 Eit etterlengta møte: Lufthansa – her er vi!
    71 Innsjekk og lounge på EZE
    72 EZE–FRA: Sørvis om bord
    73 FRA–OSL og OSL–TRD: To transportetappar

    74 Argentina: Nokre oppsummerenda ord
     
    Last edited: 03. april 2018
    Avixlo, DanH, Candy and 10 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Kvifor Argentina?
    - Litt om planleggingsfasen

    Når to karar har for mykje fri, så lokkar det å ta turen til eit framand land og sjå seg omkring. Frå kvar av oss vart det lagt inn eitt krav: Reisefølgjet ville dra til eit land som byrja på A og eg ville dra til eit land sør for ekvator.

    Ettersom Angola aldri dukka opp i diskusjonen, stod valet mellom Australia og Argentina. For to år sidan var vi på New Zealand og difor tenkte vi at Argentina måtte bli ein bra kontrast. Som sagt, så gjort: Vi bestilte oss ein trevekers tur til Sølvlandet (som er det Argentina betyr).

    Dagen før eg reiste frå Aust-Finnmark, såg det omtrent slik ut:
    20180204_121102.jpg

    Ikkje for det, det ser slik ut her no òg. Einaste forskjellen er at biletet er tatt i rundt –25 grader. No er det vel rundt –5.

    Dette blir eit slags multimediereisebrev med tekst, bilde og lyd. Det er utruleg kva ein kan få til med moderne teknologi i våre dagar! Tanken er å dele opplevingar frå turen samt gi nokre tips til andre som ønskjer å ta turen sørvestover.

    For å setje stemninga: I februar 2018 må dette ha vore den absolutt mest spelte songen i Argentina:
     
    Last edited: 17. april 2018
    SNG, Avixlo, DanH and 18 others like this.
  4. Chrisbgg

    Chrisbgg Veteran

    Innlegg:
    1,612
    Likes mottatt:
    2,657
    Bonuspoeng:
    113
    Dette kommer til å bli alt for gøy!

    Multimedia reisebrev.... Herrejemini, what a time to be alive!

    DETTE kommer til å bli påskens lesestoff...

    God tur!

    C
     
    Upsaker, Robert H, mofser8 and 5 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Korleis ta seg rundt i verdas åttande største land?
    - Litt om reiseruta

    Korleis skal vi farte rundt i Argentina? Vi kan jo ta tog, tenkte vi. Feil! Tidlegare hadde landet eit velfungerande jarnbanenett, men det er no redusert – litt overdrive sagt – til nokre pendlartog i og rundt Buenos Aires.

    Det finst langdistansebussar som tilbyr frakt til ein ganske ok slump pengar, men vi fann ut at den beste løysinga for oss var å fly til utvalde stader og så ha leigebil der. Under ser du reiseruta slik ho til slutt vart:
    20180303_102301_ddd.jpg

    Lista over ting som ein har lyst til å sjå å gjere i Argentina kan fort bli lang. Sidan eg likar ytterpunkt og reisefølgjet likar pingvinar, hamna Ushuaia og Eldlandet veldig tidleg på lista. Eit anna reisemål som hamna tidleg på lista var saltsletta Salinas Grandes nordvest i landet.

    Ifølgje Googles kartteneste er det småfrekke 3 100 kilometer frå Buenos Aires til Ushuaia. Same kartteneste kunne informere oss om at det frå Ushuaia til Salinas Grandes var tett oppunder 4 200 kilometer. Jau, Argentina er verdas åttande største land.

    20180225_120317.jpg
    LATAMs A320 og Aerolínas Argentinas’ B737-800 på El Calafate (FTE)

    Prismessig var ikkje det å fly så dyrt som vi frykta. Ved kjøp av billettar rundt to–tre månader før reisa, kom kvar flytur på rundt 1 000 norske kroner per billett.

    Meir om det å fly innanriks i Argentina i neste avsnitt.
     
    Last edited: 17. april 2018
    Avixlo, Are, DanH and 17 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Ja, eg har oppdaga noko som heiter EDB (nei, ikkje EBD)!
     
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    LATAM eller Aerolíneas Argentinas?
    - Om å fly «standsmessig»

    I februar 2018 var det i hovudsak to flyselskap som opererte i Argentina. Med andre ord: Herr Kjos var ikkje heilt på plass enno. Meir om den karen seinare. Det eine selskapet er LATAM, som er resultatet av ei samanslåing mellom det chilenske LAN og det brasilianske TAM og inngår i Oneworld-alliansen. Det andre er Aerolíneas Argentinas, delvis statseigt igjen (etter ein periode på private hender) og medlem i Skyteam-alliansen.

    Før vi kjøpte billettar, undersøkte vi begge selskapa. Begge opererer ein ganske ordinær flyflåte, LATAM flyg mykje Airbus. Vi kom berre om bord i A320-200. Aerolíneas flyg ei blanding av Airbus og Boeing, førstnemnde på langdistanse. Vi såg stort sett berre B737-800.

    20180219_101543.jpg
    LATAM og Aerolíneas Argentinas på Aeroparque Jorge Newbery (AEP), som er namnet på innanriksflyplassen i Buenos Aires (i motsetnad til Ezeiza)

    Ifølgje Internett har Aerolíneas til tider vore plaga av mykje streikeavvikling. Dette var vel kanskje den einaste grunnen til at vi valde LATAM der vi kunne. Det skal seiast at den argentinske økonomien er hakket meir stabil no enn for nokre år sidan, så det er kanskje færre streikar reint generelt. Difor burde vi kanskje ikkje ha vektlagt dette i særleg grad.

    Prisskilnaden mellom dei to selskapa var marginal. Av og til var LATAM billegast, andre gongar Aerolíneas. Sistnemnde har klårt det største rutenettet internt i Argentina og klårt flest avgangar per dag og til flest destinasjonar. I etterpåklokskapens lys burde vi kanskje ha flyge Aerolíneas litt meir enn vi gjorde.

    20180225_114900.jpg
    Austral flyg ruter for Aerolíneas, her på El Calafate lufthamn (FTE)

    For begge selskapa treng du å møte opp rundt to timar før avreise, stå i ei lang kø for å få sjekka inn bagasje seinast 90 minutt før avreise, deretter slå i hel tid utan loungetilgang og så gå om bord i lag med resten av bermen, med mindre du har alliansestatus.

    Der LATAM opererer med rein økonomiklasse for alle innanriksflygingar, har Aerolíneas både ein businesskabin og ein økonomikabin, jamvel på underbruket Austral Líneas Aéreas som flyg Embraer 190 operer dei med skilje mellom ape- og fiffklasse.

    Her er det verdt å nemne at LATAM tilbyr eit trådlaust nettverk om bord med tilgang til ei stor mengde filmar og fjernsynsprogram via selskapets eigen app. Dette kostar visstnok ikkje pengar, men du må laste ned appen før du går om bord. Aerolíneas har ikkje dette tilbodet.

    Meir om korleis våre flyturar var, kan du lese om litt seinare i dette reisebrevet.
     
    Last edited: 17. april 2018
    Avixlo, Are, DanH and 15 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Bilkøyring i Argentina, eit dødsprosjekt?
    - Litt om mysteriet med nødblinklys

    I reisehandboka mi stod det at å køyre i Buenos Aires var tilnærma det å ha eit dødsønske. Det hadde ingen av oss. I andre delar av Argentina er det visstnok ikkje like skummelt å vere bilist. Rett nok fekk vi begge to dødsangst då drosjesjåføren valde å ignorere 40-sonen gjennom jungelen ved Puerto Iguazú og gjekk inn for at 100 km/t var eit fornuftig fartsval.

    20180303_102301.jpg

    Køyrekomforten i Argentina kan vere både brillefin og noko mindre god. Spesielt er det mange grusvegar og der kan steinane til tider vere ganske grovkorna. Kort sagt: Utleigefirmaa sa at det var heilt normalt med ein del skrammer på bilane. Vi prøvde å unngå å lage nye…

    Vi opplevde det som ganske lett å navigere i Argentina. Reisefølgjet lasta ned kart til mobiltelefonen før avreise frå Noreg og vips hadde vi GPS utan å måtte betale for det og utan å måtte bruke datatrafikk.

    Bortsett frå at fartsgrenser blir ignorert over ei låg sko (dobbel fart er ikkje uvanleg), at dobbelttrekt midtlinje heilt fint kan kryssast om du skal køyre forbi nokon og at motgåande trafikk kan finne på å bruke litt av fila di, spesielt i svingar og slikt, så er det å køyre bil i Argentina kliss likt bilkøyring her heime.

    Det er berre éin liten ting som er forskjellig: Bruk av nødblinken. Han brukast til følgjande:
    – For å signalisere at du har til hensikt å stoppe på vegskuldra eller parkere i byen
    – For å signalisere at du har tenkt til å svinge av vegen – til høgre eller venstre
    – For å signalisere at bilen bak deg gjerne kan køyre forbi – sjølv i svinger

    Kort sagt gir nødblinklys deg carte blanche til å gjere akkurat kva du vil.

    Desse karane brukte garantert nødblinklysa heile vegen:


    No har vi gjort oss ferdige med det innleiande pliktløpet. Let's go!
     
    Last edited: 17. april 2018
    Avixlo, Are, DanH and 22 others like this.
  9. Baldrick

    Baldrick Cunning Planner

    Innlegg:
    1,793
    Likes mottatt:
    4,523
    Bonuspoeng:
    113
    Herlig start! Gleder meg til fortsettelsen! :D
    Argentina, inkl. Ushuaia osv. står på bucket-listen her også.. :)
     
    Kristian liker dette
  10. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    1,909
    Likes mottatt:
    12,913
    Bonuspoeng:
    183
    Måtte bare legge ut at dette var gøy. Og det til og med før jeg har lest mer enn innledningen! Forrige gang fikk jeg/vi lyst til å reise til New Zealand, og gjorde det. Risikerer nok tilsvarende smitteeffekt nå også.
     
    Kristian, Eddie47 and ArthurDent like this.
  11. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,690
    Likes mottatt:
    32,597
    Bonuspoeng:
    293
    Fenomenalt. Planlegger en roadtrip på MC der nede om snaut to år, så dette passer jo bra :)
     
    Kristian and Eddie47 like this.
  12. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,188
    Likes mottatt:
    869,731
    Bonuspoeng:
    293
    Hvis bilkjøring i Argentina er et mulig dødsprosjekt, hva er da MCkjøring ... ??
     
    Are liker dette
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Guideboka mi nemnde berre Buenos Aires spesielt som eit dødsprosjekt. Vi såg ganske mange på tohjuling. Dei fleste hadde eit svært avslappa forhold til hjelmbrukt, så då må det jo vere veldig trygt på tohjuling i Argentina... :rolleyes:

    Det skal seiast at dei tohjulingane eg siktar til her ikkje var motorsyklistar, men mopedistar. Eg skal ikkje ha noko formeining om kor trygt eller utrygt det er med MC i Argentina, men det er veldig mange vegar som er gruslagt. Det er kanskje ikkje direkte ypparleg når ein er ute på to hjul i svingen...o_O
     
    Stuttfeiten liker dette
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Med det in mente skal eg sørgje for å skrive eit reisebrev som ikkje blir altfor fristande. Eller, eg skal i alle fall prøve ;)

    Takk for det! Vi hadde ein fin tur, så det er berre å finne ei tidsluke for reise til den kanten av verda :)
     
    Berlioz and Baldrick like this.
  15. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,690
    Likes mottatt:
    32,597
    Bonuspoeng:
    293
    Life! :)
     
    Are, Petter B-C and Blaa like this.
  16. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,690
    Likes mottatt:
    32,597
    Bonuspoeng:
    293
    Grus er ikke noe problem bare man tilpasser kjørestilen.
     
    Kristian liker dette
  17. Blaa

    Blaa Veteran

    Innlegg:
    1,533
    Likes mottatt:
    2,625
    Bonuspoeng:
    113
    Bare ikke kjør R-sykkel så går det bra.
     
  18. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,690
    Likes mottatt:
    32,597
    Bonuspoeng:
    293
    Definitivt ikke R sykkel :)
     
  19. WannaBeFrequentFlyer

    WannaBeFrequentFlyer EBD (Lifetime Gold), Strawberry Platinum Lifetime

    Innlegg:
    1,232
    Likes mottatt:
    1,358
    Bonuspoeng:
    113
    Her settes det definitivt en ny og høyere standard for reisebrev! Link til dette reisebrevet legges herved på bucketlista under Argentina.. :)
     
    FFlyer and Kristian like this.
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Eg meiner at herr @Are brukte det i eitt av sine reisebrev, så eg kopierer utan skam :)
     

Del denne siden