No er det mogleg å dele Hilton Honors-poeng

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Tidlegare i år annonserte Hilton Honors ei rekke endringar i programmet. Namnet vart endra, hotellkategoriane vart avskaffa og «points pooling» vart annonsert. Det siste betyr at medlemmane kan samle poenga på ein felles konto for hurtigare å kunne oppnå ei awardnatt. No er point pooling tilgjengeleg og vi forklarar korleis det fungerar.

Points pooling

Først må du setje saman din «pool», det vil seie den gruppa av medlemmar som du skal dele dine poeng med. Det kan du gjere via denne lenka. So snart dei andre medlemmane har bekrefta at dei vil vere med i poolen er kontoane knytt saman. Deretter kan alle overføre poeng til poolen, eller ta imot poeng frå dei andre medlemmane i gruppa og betale med desse.

Kvar overføring må bestå av minst 1000 poeng og du kan ikkje dele meir enn 500.000 poeng i året. Kvart medlem kan ikkje ta imot meir enn 2 millionar poeng. Det aller beste med alt saman er at det er heilt gratis å dele poeng!

Ein annan stor fordel, i forhold til mellom anna Starwood SPG, er at deltakarane i gruppa ikkje treng å bu på same adresse. Du kan dele poeng med dine vener, kollega eller nokon du kjenner frå vårt forum.

Det er ei avgrensing på seks transaksjonar per medlem per år. Du må også ha hatt aktivitet på kontoen din dei siste 30 dagane for å kunne overføre poeng. Alle vilkåra kan du finne her.

Fordelar

Dette er ein veldig god tilførsel til programmet. Både fordi det ikkje kostar noko og fordi du kan gje poenga til akkurat kven du vil. Det er perfekt for familiemedlemmar som har samla poenga på separate kontoar, eller vener som skal på tur ilag. Ved å kunne dele poeng vert det enklare å kunne oppnå fantastiske opplevingar på ein av dei mange hotella i Hiltonkjeda. Hugs også at du kan opptene poeng ved å melde deg på nyheitsbrevet eller ved å svare på eit spørjeskjema. Om du nyttar deg av slike kampanjar kan neste overnatting vere nærare enn du trur.

Har du testa points pooling? Du kan dele dine erfaringar med Hilton på vårt forum.

Denne artikkelen vart først publisert av The Flying Dutchboy å vår systerside, Insideflyer.nl.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *