KLM Flight Upgrader: Artig Virtual Reality-app

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Kampen om kundane er hard i flybransjen, KLM tek no i bruk utradisjonelle verkemiddel. KLM Flight Upgrader er ein Virtual Reality-app, der du får opplevinga av å reise med eit fullservice-selskap, sjølv om du flyg med eit lågprisselskap.

Dei tradisjonelle flyselskapa, som SAS og KLM, er under hardt press frå lågprisselskapa. Innan Europa kanskje mest frå Ryanair og EasyJet. Også på dei lange rutene vinn selskap som Norwegian og WOW Air stadig større marknadsandel. For å minne passasjerane på kva du får i ein «all inclusive billett» hjå KLM har selskapet utvikla ein app til iOS og Android. Ideen bak Flight Upgrader er at passasjeren når han flyg med eit lågprisselskap kan starte appen og fly med KLM i Virtual Reality. Bileta framhevar at det nederlandske selskapet tilbyr eit underhaldningssystem ombord, aviser og tidsskrifter i KLM Media App og ikkje minst inkluderar billetten mat og drikke. Også deira «caring crew» vert presenterte i appen. Det er også mogleg å nytte Flight Upgrader i ein nettlesar.

Service hjå KLM

Kampanjen er hovudsakleg retta mot den amerikanske marknaden. Det er gjerne eit teikn på at dei fryktar dei interkontinentale lågprisselskapa. Dette er forståeleg, flyselskapet skil seg ikkje særleg mykje frå lågprisselskapa på dei korte flyrutene innanfor Europa. Bagasjen er ikkje nødvendigvis inkludert i dei rimelegaste bilettane, og sjølv om KLM er eit av få selskap som framleis tilbyr gratis mat og drikke innan Europa, so er dette skore kraftig ned på. Kampanjen er uansett eit artig påfunn.

Har du fått med deg at KLM no tilbyr sjølvbetent registrering av tapt bagasje?

Denne artikkelen er opphavleg skriven av The Flying Dutchboy for vår systerside Insideflyer.nl.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *