Påskekrim 2019: Skriket frå fangekolonien «down under» (eit reisebrev)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 13. april 2019.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Verken monsieur Poirot, miss Marple eller herr Gribb var nokon gong i Australsambandet for å løyse kriminalsaker. Det er jo i seg sjølv kriminelt, spør du meg. Vel, eg allierte meg med ein kamerat og i lag reiste vi til den staden som England i si tid brukte som fengselskoloni.

    Som kongens sendemenn ville vi etterforske Australia for å finne ut om landet utgjer ein trussel mot norske interesser i Sørishavet (Bouvetøya, Peter Is øy og Dronning Mauds land).

    20190204_062938.jpg
    Uluru (tidlegare omtalt som Ayers Rock), Australsambandet
     
    Last edited: 14. april 2019
    SAJblue, Avixlo, Upsaker and 19 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Litt om reisebrevet og ei åtvaring til lesaren
    Som den observante lesar som du er, har du skjønt at vi skal «down under» til Kengurustan eller Convict colony land, eventuelt Australsambandet om du vil. Kjært barn har mange namn.

    Dersom du har lese nokre av mine andre reisebrev, så veit du at eg ikkje kan skildrast som ordknapp. Ei heller denne gongen, men eg prøver meg på ein liten vri: Dersom du har tjue postar som standardvisning per side her på IF, vil den første sida forsøksvis innehalde heile reisa i kortversjon med overnattingsstader, reiserute og litt om flyturane.

    Sjølve reisebrevet startar altså i post nummer tjueein.

    På denne førstesida er det lagt inn direktelenke til dei relevante delane av reisebrevet der du kan lese fleire detaljar frå akkurat den delen av reisa – i fall det skulle vere ønske om det.

    Elles har eg brukt følgjande tre kjelder til bakgrunnsinformasjon:
    Marsh, Bill: Great Australian flying doctor stories.
    Wold, Sissel: Warra! Warra! Da de hvite kom til Australia.
    Økland, Nils Arne og Ingun: Nedenunder. Australia i sol og skygge.
     
    Last edited: 04. mai 2019
    SAJblue, Avixlo, Upsaker and 14 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Førstereisgut i SQ C
    Singapore Airlines har eg flyge med før. Då i økonomiklasse og det var slett ikkje verst. Seinare har eg lese mykje om både SQ C og SQ F. Eg bestemte meg for at min første CT-tur skulle gå i businessklasse. Elles er eg ikkje så verst fornøgd med reiseruta heller:
    upload_2019-4-13_13-28-38.png

    Reiseruta i tekstformat:
    1) Gardermoen – Heathrow (SK «C»)
    o A320 Sharklets, sete 1C

    2) Heathrow – Changi, Singapore (SQ C)
    o Boeing 777-300ER, sete 17K

    3) Changi, Singapore – Brisbane (SQ C)
    o A350-900, sete 11A

    4) Brisbane – Changi, Singapore (SQ C)
    o A350-900, sete 14A

    5) Changi, Singapore – Malpensa, Milano (SQ C)
    o A350-900, sete 21A

    6) Malpensa, Milano – Frankfurt (LH C)
    o A320neo, sete 4C

    7) Frankfurt – Gardermoen (LH C)
    o A320neo, sete 2C

    8) Gardermoen – Værnes (SK «C»)
    o Boeing 737-700, sete 1C
     
    Last edited: 19. mai 2019
    Avixlo, Upsaker, Stuttfeiten and 11 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Nokre generelle tankar om SQ C – del I
    På dette eminente forumet kan ein lese til auga blir stort og vått om Singapore Airlines sin businessklasse. For det meste er det berre godord å lese. Her kan eg heilt kort seie at eg føyer meg inn i rekkene.

    På to av fire SQ-flygingar vart eg konsekvent tiltalt med mister pluss etternamn. Det er både stas og uvant. Litt småprat med personellet vart det òg på nokre av flygingane. Det som likevel imponerer meg mest er effektiviteten og farta personellet har.

    Til alle SQ-flygingane hadde eg vald ut mat på førehand, altså «Book the Cook»-konseptet. Utan å gå i detaljar her, så er mi erfaring at dette kan slå begge vegar. Det beste eg fekk, var nydeleg sushi på veg ut frå Heathrow. Pannekakene som eg tok til frukost før landing på Malpensa var òg gode. For min del var nok litt vanskeleg å sitje heime ein sein januarkveld og forstå kva eg sjølv ville ha til middag eller lønsj mange veker seinare – oppe i eit fly.

    20190117_104831.jpg
    Nydeleg sushi servert på SQ305 som lønsj
     
    Last edited: 13. april 2019
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Nokre generelle tankar om SQ C – del II
    Det største ankepunktet for min del er stolen. Ja, han er stor, han er romsleg og alt det der. Problemet er at ein omtrent må vri på seg prolaps i korsryggen for å få lagt føtene på den der fothylla framom deg. Dette var eigentleg ikkje eit kjempestort problem, men eg irriterte meg over dette på alle flygingane.

    Og når vi først er inne på dette med stolen: Eg skjønte ikkje korleis stolen kunne bli til ei seng, men kabinpersonalet var på pletten og hjelpte til – med eit smil, raskt og effektiv. Dei damene og karane hos SQ kan ikkje vere vande til kvile.

    20190208_141208.jpg
    SQ, A350-900, på Brisbane internasjonale lufthamn
     
    Last edited: 13. april 2019
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Australsambandet – litt om reiseruta
    Australia er – som dei fleste veit – eit stort land. Tidleg i planleggingsprosessen vart det klart at det var umogleg å gape over alt. For vår del vart fokuset lagt til dei sørvestlege delane av landet med ein avstikkar inn mot midten.

    Litt kart:
    20190410_110011.jpg
    Kengurustan presentert av Cappelens skuleatlas frå 1966

    Vi flaug inn til Brisbane og hadde nokre dagar i området der med leigebil. Deretter flaug vi Qantas sørover til Melbourne. Etter eit par netter der henta vi ut ei ny leigebil og køyrde Princes Highway austover og etter kvart nordover til Sydney med ein og annan avstikkar undervegs.

    To netter i Sydney vart følgd av ei ny Qantas-flyging, denne gongen til Alice Springs. Der gjorde vi unna ein rundtur på rundt 1 600 km før vi returnerte med Qantas frå Alice Springs til Brisbane der vi slappa av før SQ skulle ta oss heim til gamlelandet igjen. Sett i etterpåklokskapens lys kunne vi ha tatt retur frå ein annan by, men sånn vart det ikkje.
     
    Last edited: 13. april 2019
    SAJblue, Avixlo, Upsaker and 16 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Australsambandet – nokre generelle tankar – del I
    Forumet er fullt av kunnskapsrike folk som kan mykje om Australia. Slik sett skal eg ikkje prøve å gå dei i næringa, men samstundes har eg kanskje gjort meg nokre erfaringar som kan vere til nytte for andre.

    Først og fremst må eg få seie at Kengurustan er eit ekstremt lett land å vere turist i. Vi hadde lenge planar om å berre halde oss i området mellom Brisbane og Melbourne, men etter kvart fekk vi snike inn ein tur inn til det sentrale Australia noko eg er veldig glad for at vi fekk til.

    I ettertid er det kanskje områda mellom Alice Springs og Uluru (Ayers Rock) som gjorde dei sterkaste inntrykka, men det var ikkje området åleine som skapte dei sterke inntrykka, men heller kontrastane frå storbyane og det frodige landskapet i søraust langsmed kysten. Så mitt råd vil kanskje vere å oppsøkje ulike delar av Australia på same tur – i alle fall om du ikkje har vore der før.

    20190123_185348.jpg Melbourne, Victoria
     
    Last edited: 13. april 2019
    SAJblue, Avixlo, Upsaker and 15 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Australsambandet – nokre generelle tankar og tips – del II
    Bilkøyring på ukjente stader krev helst litt hjelp av kart. Papirkart er vel og bra. Google tilbyr òg ei grei teneste. Kva med ein kartapplikasjon på din smarte mobiltelefon som fungerer så lenge du har GPS-funksjonen kopla på? Både i New Zealand, Jugoslavia, Argentina og no Australia har vi brukt ein gratis kartapplikasjon som heiter Navigator.

    I forkant av avreise lastar ein ned kart for det landet eller området ein skal til. Deretter legg du inn ruta med delstopp og sluttdestinasjon (litt jobb) og vips har du ei dame på telefonen som fortel deg om avkøyringar, fartsgrenser osv., osv.

    Kartappen fungerer i offline-modus, altså treng du ikkje å aktivere mobildata eller slikt. Alt du behøver er ein aktiv GPS-funksjon på mobiltelefonen. Ulempa med Navigator er at adressesøk ofte er litt vanskeleg, men litt motstand skal ein ha her i livet.

    I vårt tilfelle er passasjeren alltid kartlesar og held oversikt over kor langt det er til neste avkøyrsel og passar på at ein ligg i riktig fil på motorvegen. Sjåføren har ansvaret for å følgje instruksane og ikkje minst unngå å kollidere eller køyre av vegen.

    20190204_133603.jpg
    Bilkøyring i Sentral-Australia

    På dei aller fleste vegane i Australia går det (i teorien) heilt fint med ein Fiat Punto, men så fort du skal køyre på vegar utan fast dekke i området rundt Alice Springs og Uluru, til dømes, krev leigebilselskapa at du har ein solid firehjulstrekkjande doning.

    Og når vi først er inne på dette med køyring i rurale delar av Australia, så kan det vere lurt å faktisk ha med seg ein god del vatn og kanskje noko salt (potetgull) fordi avstandane er store og det er ikkje artig å bli tørst to timar før du kjem fram til destinasjonen.

    Bryt skroget saman, kan det fort ta mange timar før hjelpa kjem. Vi var ute og køyrde 300 km på éin dag og såg fem andre bilar, inkludert vår eigen doning og denne kjerra:
    20190202_115055.jpg
    Er det slik det kan gå om hjelpa ikkje kjem? The Australian Outback
     
    Last edited: 14. april 2019
    SAJblue, Avixlo, Upsaker and 19 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Den flygande kenguru’ – nokre tankar om Qantas
    Det nasjonale flyselskapet i Australia er Qantas. Bokstavane i namnet kjem av akronymet QANTAS som stod for det originale namnet Queensland and Northern Territory Aerial Services.

    Vi hadde fire flygingar i økonomiklasse med Qantas:
    - Brisbane – Melbourne (flytid: 2 timar og 20 minutt)
    - Sydney – Alice Springs (flytid: 3 timar og 10 minutt)
    - Alice Springs – Sydney (flytid: 2 timar og 50 minutt)
    - Sydney – Brisbane (flytid: 1 time og 30 minutt)
    o Alle flygingane skjedde med Boeing 737-800

    upload_2019-4-13_13-39-2.png
    Strekningar flyge med Qantas

    Som nemnd flaug vi med Qantas på økonomiklasse. På bestillingstidspunktet var businessklasse svinedyrt og kosta tett opp til åtte–ti tusenlappar mot éin eller to bak i bussen. Likevel fekk vi alkoholfri drikke og noko å tyggje på kvar gong vi var i lufta.

    To ting imponerte meg stort med Qantas var

    - 1) At på tre av fire flygingar stod kabinsjef og ynskte alle – kreti og pleti – rubb og rake – fillefrans og dressmafia – velkomen om bord ved bruk av både tiltaleform og etternamn. Kabinsjefstillinga hos Qantas må tydelegvis innebere krav om å kunne lese ombordstigningskort lynraskt – opp ned.

    - 2) Kabinpersonalet var trivelege og genuint interesserte i oss raringar som var ute og flaksa. Dei slo av ein spøk, serverte fleire gongar, spurde om kvar vi skulle og kvar vi kom frå. Ved eitt tilfelle kom éi av flyvertinnene bortom berre for å slå av ein prat. Eg kunne ha gifta meg med dei alle saman!

    På alle våre fire flygingar sa kapteinen ‘Welcome on board to this Kangaroo service’ og selskapet har ein kenguru som logo – noko som gir det passande kallenamnet ‘The flying kangaroo’.

    20190206_120723.jpg
    Kengurufly på Alice Springs lufthamn
     
    Last edited: 04. mai 2019
    Hanen, SAJblue, Avixlo and 21 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    «Du er røysta» – eit lite intermesso
    Mitt besøk til Australsambandet vil, reint musikalsk sett, bli assosiert med John Farnhams kraftballade ‘You’re the voice’. Denne melodien vart spelt opp og ned in mente på diverse australske radiostasjonar, særleg fram til nasjonaldagen. Bodskapen i teksten kan det kanskje vere vanskeleg å vere usamd i:

    We're all someone's daughter

    We're all someone's son
    How long can we look at each other
    Down the barrel of a gun?

    You're the voice, try and understand it
    Make a noise and make it clear
    We're not gonna sit in silence
    We're not gonna live with fear


     
    Last edited: 13. april 2019
    Avixlo, Upsaker, Stuttfeiten and 8 others like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Brisbane og omeign
    Vårt første møte med Kengurustan skjedde i Brisbane. Etter ei lang reise var vi begge litt slitne og døgnville, så førsteinntrykket var litt så som så. I tillegg var vi ikkje vande med varmen. Å gå rett frå –15 til +28 var heftig!

    Overnatting:
    - 1) Mantra Richmont Hotel, Spring Hill. 1 200 kr for to netter. Ålreit plass når ein berre skal vera på hotellet for å sove. Ingen frukost. Litt usentralt, men roleg område.
    - 2) Spice Apartments, South Brisbane. 2 100 kr for to netter. Ein nydeleg leilegheit med fleire soverom og basseng på taket. Ingen frukost. Framleis litt usentralt, men ålreit område.

    Høgdepunkt:
    – Lone Pine Koala Sanctuary og Australia Zoo.

    Ad notam:
    – Vi burde hatt meir tid både med koalabjørnane og i The Irwins' rike.

    20190119_120449.jpg
    Brisbane
     
    Last edited: 21. april 2019
    Avixlo, Upsaker, Stuttfeiten and 10 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Gold Coast og omeign
    På den australske gullkysten ligg ferie- og strandmekkaet Surfers Paradise. Her hadde vi to netter. Dette er plassen for dei som har laga surfebrett på sløyden. I tillegg er det fine naturområde.

    Overnatting:
    - Mantra Legends Hotel, Surfers Paradise. 1 500 kr for to netter. Ingen frukost. Greie rom i ok storleik for éin person og ikkje langt frå verken stranda eller matplassane i «bygda».

    Høgdepunkt:
    – Å kjenne på krafta som er i havet med bølgjer og understraumar.

    Ad notam:
    – Dette burde ha vore stopp nummer éin for sløving etter flyturen.

    20190122_110921.jpg
    Surfers Paradise ved Gold Coast, ein dryg times køyretur sør av Brisbane
     
    Last edited: 21. april 2019
    Avixlo, Upsaker, Stuttfeiten and 14 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Melbourne
    Frå Brisbane tok Qantas oss til Melbourne. Der i førstnemnde by dei store attraksjonane delvis glimra med sitt fråvær, hadde sistnemnde meir å by på. Vi tok oss tid til å vere turistar og var innom fleire museum. I tillegg kom vi oss på stranda og hadde det eigentleg ganske så fint.

    Overnatting: City Tempo, Melbourne. 2 700 kr for tre netter. Ingen frukost. Ålreit rom, litt lite. Mykje bråk frå A/C-en og mykje gatestøy om eg opna vindauga. Nokså sentralt, i alle fall plassert innanfor den slynga der ein har gratis trikk.

    Høgdepunkt:
    – Tre museum og benkesløving v/elva m/konsertmusikk i bakgrunnen.

    Ad notam:
    – Det kan bli varmt i Melbourne. Veldig varmt. Vi hadde +40 grader.

    20190124_200927.jpg
    Melbourne sett frå St. Kilda
     
    Last edited: 21. april 2019
    Avixlo, Upsaker, drsyk and 10 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Frå Melbourne til Sydney langs landevegen – del I
    Planen var å køyre frå Melbourne til Sydney på fem dagar, ein tur på rundt 1 200 km.

    - Dag 1: Grunna kluss med leigebilen på dag 1 kom vi fram nokså seint til Foster der vi hadde éi natt. Det gjorde at vi berre fekk eit par timar i nasjonalparken Wilson Promontory.

    - Dag 2: Med eit bad i nydeleg solskin ved 90 Mile Beach først på dagen og koalajakt (med kameralinse) på ettermiddagen vart dette ein ålreit dag. Ein del køyring, men ok.

    Overnatting:
    - Dag 1: Prom Country Lodge, Foster. 950 kr for éi natt. Grei frukost og middag som kjøpast utanom overnattingsprisen. Eg fekk eit gigarom med seks–sju sengeplassar. Litt valdsamt.
    - Dag 2: Mitchell on Main Motel & Apartments, Bairnsdale. 850 kr for éi natt. Frukost inkludert. Ålreit storleik på romma. Motellstil, men det ligg i namnet. Ikkje motbydeleg.

    Høgdepunkt:
    – Koalabjakt på Raymond Island og middagen like ved.

    Ad notam:
    – Pingvinane på Philip Island er berre aktive dei siste to–tre timane før solnedgang.

    20190126_183026.jpg
    Koala på Raymond Island ved Bairnsdale
     
    Last edited: 04. mai 2019
    SAJblue, Avixlo, Upsaker and 12 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Frå Melbourne til Sydney langs landevegen – del II
    Det blir fort ein del lenger enn 1 200 km med diverse avstikkarar mellom MEL og SYD.

    - Dag 3: Første stopp i Lake Entrance i gråvêr før turen nokså raskt gjekk vidare til Gipsy Point for ein liten luftetur opp over tretoppane. Mykje køyring i tett skog denne dagen.

    - Dag 4: Meir variert landskap. Starta med tusletur ved Bournda før ispause i Tilba Tilba. Så kom vi til Pebbly Beach der fleire titals kenguruar hoppa fram frå skogen på kvelden.

    Overnatting:
    - Dag 3: Mallacoota’s Shady Gully Caravan Park. 400 kr for éi natt (to snuter i éi hytte). Ingen frukost. Enkel standard, nesten litt som ei campingvogn eller -bil. Det gjekk greitt.
    - Dag 4: The Huskisson, Huskisson. 130 USD [sic] for éi natt. Ingen frukost. Ok storleik og eigentleg ingenting å utsetje på rommet etter at eg kverka ein edderkopp som verka svolten.

    Høgdepunkt:
    – Kenguruane på Pebbly Beach (klappa dei ikkje).

    Ad notam:
    – Nokså lange avstandar og mykje skog tett inntil vegen på strekninga.

    20190128_173310.jpg
    Hopalong Knut med familie på Pebbly Beach i Murramang nasjonalpark
     
    Last edited: 04. mai 2019
    SAJblue, Avixlo, Upsaker and 13 others like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Frå Melbourne til Sydney langs landevegen – del III
    Sjarmøretappen inn til Sydney vart ganske variert. Morgonbad i herleg, avkjølande vatn, fottur i nesten +40 grader i Kangaroo Valley og bilkøyring i storbytrafikk. Timane gjekk fort!

    Overnatting: Sjå under Sydney.

    Høgdepunkt:
    – Morgonbadet på Hymes Beach, Jervis Bay.

    Ad notam:
    – Kiama Blowhole var lite imponerande, kanskje grunna fjære sjø?

    20190129_094858.jpg
    Hyams Beach, Jervis Bay
     
    Last edited: 04. mai 2019
    Avixlo, Stuttfeiten, drsyk and 11 others like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Sydney og omeign
    Plutseleg var ein tilbake i storbyen der alle glor på mobilane sine og folk er generelt stressa. Ikkje vi. Vi hadde god tid og rusla rundt. Overraskande nok var ikkje operahuset i Sydney spesielt fint i dagslys. Det vart både museum, mat og ikkje minst ein tur til eit par namngjetne strender.

    Overnatting: Park Regis City Centre, Sydney. 425 USD [sic] for tre netter. Ingen frukost. Greitt rom eit stykke opp i etasjane. Sentralt. Mystisk nok ingen bilete herifrå, men eg overlevde.

    Høgdepunkt:
    Rusleturen frå Coogee Beach til Bondi Beach og sushien på Rio S.

    Ad notam:
    – Sjøfartsmuséet er gratis, men du betalar ågerpris for å kome om bord i fartøya…

    20190131_145748.jpg
    Mystisk nok er det eit digert badebasseng rett ved Bondi Beach
     
    Last edited: 04. mai 2019
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Ein rundtur i Sentral-Australia – del I
    Det var ein stor overgang frå storbylivet i Sydney til rurale strok rundt Alice Springs.

    - Dag 1: Etter å ha hamstra vatn og salt potetgull i Alice Springs gjekk turen nesten rett frå flyplassen i retning Glen Helen. Eit par fine stopp undervegs for å bade og nyte naturen.

    - Dag 2: Ut på vegen tidleg om morgonen og artig køyring på veg utan fast dekke. Vel framme i Kings Canyon vart det tid til ein rusletur i varmen. Mykje vatndrikking!

    Overnatting:
    - Dag 1: Glen Helen Lodge, Mount Zeil. 975 kr for éi natt. Ålreit matservering til middag og frukost (betaling i tillegg). Blanding av turist- og trailersjåførstopp. Fascinerande, men ok.
    - Dag 2: Kings Canyon Resort, Kings Canyon. 1 900 kr for éi natt. Frukost inkludert. Stort rom. Fint område. Veldig snål «sørvis» på restauranten ved hovudvegen, men mat fekk vi.

    Høgdepunkt:
    – Ingen tvil for min del: Køyringa på ikkje-asfaltert veg – og landskapet.

    Ad notam:
    – Du er åleine i dette området. Ha med vatn. Mykje vatn. Stopp. Pust. Sjå. Nyt.

    20190202_095933.jpg
    Larapinta-vegen mellom Glen Helen og Kings Canyon, Red Centre Way
     
    Last edited: 04. mai 2019
    SAJblue, Avixlo, Upsaker and 12 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Ein rundtur i Sentral-Australia – del II
    For å unngå varmen midt på dagen, står ein gjerne opp før soloppgang her i Sentral-Australia.

    - Dag 3: Før fanden fekk sko på beina, vandra vi langsmed kanten og rundt Kings Canyon. Nydeleg! Deretter gjekk turen til Yulara før vi møtte solnedgangen ved Walpa-kløfta. Fint!

    - Dag 4: Igjen tidleg oppe, denne gongen for å møte soloppgangen ved Uluru (Ayers Rock). Etterpå tok vi turen rundt fjellformasjonen med mange stopp før vi køyrde til Alice Springs.

    Overnatting:
    - Dag 3: Ayers Rock Campground, Ayers Rock Resort, Yulara. 90 AUD [sic] for éi natt. Ingen frukost. Ålreit campinghytte, slett ikkje luksuriøst. Vi overlevde, null stress.
    - Dag 4: Sjå under Alice Springs.

    Høgdepunkt:
    – Morgonturen rundt kanten av Kings Canyon og å lære om Uluru (Ayers Rock).

    Ad notam:
    – Minstetemp var +31 grader. Fysisk aktivitet er nesten ikkje tilrådeleg etter kl. 1100. Vi gjekk berre korte turar i lågt tempo med mykje vatn då drygt +40 i skuggen er varmt.

    20190203_192145.jpg
    Reisebrevforfattaren lar augo kvile på Walpa-kløfta, Kata Tjuta, i solnedgangen

    Verdt å vite:
    – Både Glen Helen og Kings Canyon tilbyr datapakker med oppkopling til Rural Australia Internet (eller noko sånt) mot ein neve dollars. I Yulara har dei sitt eige Internett-system så det er ingen grunn til å kjøpe for mykje data i Glen Helen eller Kings Canyon.
     
    Last edited: 05. mai 2019
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Alice Springs
    Lang køyretur frå Uluru til Alice Springs via eit par sideveger, men det var fint. Tilbake i det urbane vart det ein tur innom transportmuséet og ørkenparken. Fint landskap rundt byen.

    Overnatting: Aurora Alice Springs, Alice Springs. 1 300 kr for to netter. Ingen frukost. Greitt rom, litt motellaktig. Ikkje direkte usentralt (gangavstand til det meste). Bil er praktisk likevel.

    Høgdepunkt:
    – Central Australian Transport Heritage Preinct og Alice Springs Desert Park.

    Ad notam:
    – Attraksjonane ligg spreidd utanfor byen. Det er difor greitt å ha bil.

    20190205_133551.jpg
    Transportmuséet i Alice Springs, mange vrak, men òg så mykje, mykje meir
     
    Last edited: 05. mai 2019
    Avixlo, Upsaker, Stuttfeiten and 10 others like this.

Del denne siden